Oslo 1/2-2021, Den tørste byen, uten smil

Tråd i 'Reisebrev' startet av ValdresBjarne, 01. febr 2021.

  1. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Romanen:
    Den tørste byen.

    Ein lei, omreisande bonusjegar møter ein turrlagt by.

    Dette er ein bok full av fjas om saknet etter dei ekte reisebreva der ein kunne glede seg over andre sine fantastiske reiser, og ikkje berre lengte til ei verd der bonuspoeng er verdt noko anna en tomme ord og jakta på vaksiner.

    Forord:
    Verda har stoppa opp. Der ein før kunne reise frå by til by i ein liggestol med store mengder kaviar, champagne og fri tilgang til tannbørster og oppkvikkere, må ein no sette pris på dei små gledene ein har att i livet.
    Dette er historia om ei slik glede, eller var det eit mareritt?

    Denne boka er dedikert til alle tap av bonuspoeng, og knuste draumer om fyrsteklasse.
     
    Last edited: 01. febr 2021
    Points4Fun, Upsaker, Berlioz and 8 others like this.
  2. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel 1:
    Plikten kaller:

    Iblant så må ein berre til pers. Vanligvis så er i Oslo-byen to gonger per måned, men det har vore lenge siden sist. Byen har fått eit preg av stillstand, og av fråfall av våkenetter, lille promille og onenightstand, og attende så står frustrasjon, ansikt uten smil og eit stort ynskje om å handle inn alkohol frå sin lokale dealer, no når tilgangen til den alkoholen der staten ikkje har dyppa sin djupe finger i, ikkje lenger er å få fatt på. Eg må innrømme at eg er litt redd for denne byen. Byen eg ikkje lenger kjenner meg att i, som ikkje har den rike tilgangen på handrista dråper servert på ein grøn oliven eller meininga med livet servert som halvlitere, 0,4 eller snitt. Men eg må diverre dit, og eg må møte nokre av desse som har opplevd å verta innesperra med seg sjølv over lengre tid. Eg undras på korleis dei vil ta i mot ein kar frå landsbygda som fortsatt har lagra litt av varene som staten ikkje har fått legge beslag på noko av, og eg undras på om dei vil sjå gjennom at eg ikkje er nokon dreven brukar av munnbind, og ikkje har vore i karantene.
    Eg er spent, og litt redd, men eg har kasta ut ein huntsman på over 10 cm i Australia, og tenker at eg er tøff nok til dette. Eg er tøff nok til dette! Er eg tøff nok til dette?
     
    Last edited: 01. febr 2021
    mrsB, Points4Fun, Upsaker and 16 others like this.
  3. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel 2:
    Ein turrlagt by.

    Som ein omreisande i ølbransja, og med fleire kasser øl i eit bagesjerom utan trekk, så kjenner eg på det hatet eg såg i onkelen min då tanta mi tømte ut brennevinen hans, då han hadde fått nok. Det er mange historier om Oslo folk, og folk frå Nordre Follo, som har satt liv i fare for sin reise etter dei gyldne dråper og ein draum om å sjå ein rosa elefant. Eg lurer på om det var samme følelse Van Gogh hadde når han skar av seg øyra, etter påfunn av den grøne fe.
    Eg starta på morgosida i Valdres med ein iskald elbil som hadde funnet ut at han måtte ha sørvis, og då måtte han innom sin dealer for å sjekke drivverk og slikt. Alt var tima og tilrettelagt, og leigebil tinga. Bilia på Hønefoss tek forhåpentlegvis Amex, men eg stoler ikkje på alt som blir sagt om dette kortet.
    Men leigebilen var ikkje der, og det såg ut som at eg slapp å ta turen til den turrlagte by. Men iblant så møter du på folk som gjer alt dei kan for å få deg misnøgd, og jammen klarte dei ikkje å få fatt på ein bil på 4 minutt. Så då sto eg der, og måtte flytte over mine to kasser øl, koffert med fleire øl og veska i den nye bilen. Men det var litt kjekt, no fekk eg jo bagasjerom med trekk, og då ville vel bilen min stå fri for den sjukdommen som mangel på alkohol fører til.
    For det må jo seiast at det er ein sjukdom. No veit ikkje om det finnes døme på at imperier har falt på grunn av jakta på alkohol, men Kina gjekk på ein opiumsmell av dei store, og USA i forbundstida var styrt av jakta på dei ulovlige dråper.
    Bilen hadde ikkje trekk, så eg var like langt.
    Eg må møte byen med den uslukkeleg tørst med alkohol synleg, og eg må kjøre gjennom byen fleire gonger for å gjera alt eg skal. Overlessinga går kjapt, og eg får på varme i bilen, og eg sett kursen mot byen.
    I det fjerne ser eg at sola varmer byen, klokka nærmar seg 10, og eg tenker at dette klarer eg. Eg kjem tidleg, eg kjem før at alkoholsuget sett inn, og eg kjem inn før dei tørstaste er vakne. Eg lurer på om det er slik det føles å gå inn i ein zombieapokalyopse.
     
    Last edited: 01. febr 2021
    mrsB, Points4Fun, Upsaker and 9 others like this.
  4. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel 3: Lettelse

    Byen tikkar stadig nærmare, den ligg der som eit uvær som du berre venter på, og du veit at du skal gjennom. Eg har fortsatt moglegheita til å snu, og dei fleste heime i dalen vil forstå meg. Dette er folket som tok fram høygaflane når hyttefolket ville rømme frå byen i desse usikre mars-dagane, og som følte at fridomen sto på spel. Eg tenker at var det slik dei tenkte det 9 april 1940? Når tyskerane kom inn med metall, teknologi og terrorvelde? Desse folka kjem berre med 4 par ski kvar, nikkers, tesla, snobberi og mykje pengar som dei vil bruke. Eg trur eg ville valgt byfolk framfor tyskarar. Men kven er eg til å døyme, eg som ikkje har opplevd krig. Men eg kjenner ein kar som har gått frå Afganistan til Tyrkia og har opplevd krigens råskap tett på, og som har vanskeleg for å prate om det no. Eg veit også at oldefar, som var kledd i grønt under krigen, synes det er vanskeleg å prate om. Kanskje me også vil undertrykke denne kjensla me hadde i dei kalde marsdagane, og no i desse endå kaldare januardagane.
    No er byen berre eit steinkast unna, og eg kjører strakaste veg inn til kontroret. Det er heldigvis ikkje mange på jobb, og trafikketaten har også mange kontorplassar. Og det er godt. Parkeringsvakter er jo personar som er blotta for all glede i livet, og vil ikkje sjå kva som er spesielt med ein bil med to kasser øl baki, så lenge den er korrekt parkert. Eg parkerer lovmessig og går i mitt fyrste møte.
     
    mrsB, Points4Fun, SayWhat and 9 others like this.
  5. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel 4: Smilet som manglar.

    Du er ikkje fullt påkledd utan eit smil seiast det i musikalen Annie. Men du er ikkje fullt påkledd uten munnbind seier Høie. Eg vil vel seie at du er for fullt påkledd med eit munnbind.
    Dama i resepsjonen møter meg, for full påkledd, og eg veit ikkje om ho smiler. Eg føler meg som at eg er på tur i Russland, der ein tenker at kvifor skal eg smile når eg ikkje kjenner deg, og ein tanke om at det er ein vestleg propaganda skikk. Men med smil eller ikkje, så kjem eg med inn, og kjem meg inn i møtet, og får satt frå meg mine fyrste 6 flasker med øl. Og her er faktisk folk påkledd, eller kanskje dei er avkledd i følge Høie? Dei er iallefall utan munnbind, men veldig nøgde med å få 6 øl og litt historier om korleis det står til på andre kantar av vårt land. Dei kan nesten ikkje tru meg når eg seier at eg kan gå ut å ete mat, og samstundes få servert alkohol der eg bur. Det verkar som at dei ikkje kan tru at dei får oppleve det att, og eg ser at suget etter dette livet tærar på livsgnisten deira. Eg kjem på historier eg har hørt fortalt frå min heimplass, då det lokale hotellet ikkje serverte alkohol til dei innfødte. Dei måtte stå utanfor glaset å sjå på desse byfolka som hadde råd til å bu på hotell godte seg med denne alkoholen, mens bygdefolket måtte ty til heimbrenten på låven. Det kan vera at det er dette hatet som kjem oppatt, eller at ein no godtar seg over desse byfolka som er i samme båt?
    Det er på tide å reise videre, ein må reise før ein blir for husvarm og kanskje kjem tettare enn ein meter på desse ukjente virusinfiserte byfolket.
    Eg kjem med ut i bilen, og kjem på at Høie har sagt at kanskje ein bør halde to meters avstand. Heldigvis har eg sprit i bilen, og desinfiserer meg så godt eg kan.
     
    mrsB, Points4Fun, Upsaker and 7 others like this.
  6. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel 5: Smilet uten munn

    Når eg får satt meg inn i bilen, så ser eg at har stressa. Alt dette kavet om ein den turre, farlege byen har fått meg til å prøve å bli fortast mogleg ferdig, og eg har ein time til neste møte. Eg bestemmer meg for å da ein sjangse, og eg legg om kursen til hotellet. Her kan eg få satt att kofferten med nokre øl, og eg kan parkere bilen så åpentlyst at ingen tørr å ta øl frå bilen. Oslo er ein vanskeleg by å køyre i for bønder, og spesielt for bønder som var særs gode til å køyre bil i Oslo for 20 år siden. Den tida då ein køyrte så mykje i Oslo at ein viste om dei fleste taxirutene og alle snarvegar rundt om kring. Dette Oslo eksisterer ikkje lenger, og Oslo er ikkje ein by som er satt opp for biler. No er det ein sparkesykkelvenlig by, og det ser ein ved at det ligg, og står syklar over alt. Sjølv på ein dag med frost på bakken og 12 blå. Byen må vera laga for å vera eit utstillingsvindauga for desse på ein vinterdag, stille, då eg ikkje ser ein person som brukar den. Og no finn eg ut at eg ikkje kan bruke navigasjonen i bilen heller. Endringane i Oslo har gjort bilen frå 2020 avlegs også, og eg må finne fram Google, og håpe at Oslo ikkje har vokse seg så fort fram at Google ikkje fungerer.
    Omsider finn eg fram, og eg vonar trafikketaten har heimekontor i dag, eller lunsj, og sett på naudblinken og tek kofferten, legg ei jakke over ølkassene og spring inn. Inn på trygg grunn, inn i det eg kjenner, inn der eg har medlemskap, inn der eg er i dei gyldne rekker, inn der eit deluxe rom venter på meg saman med ein voucher, gratis kaffe og ein farris. Inn på Choice, og Clarion The Hub. Og inne der, gøymt i eit skille mellom eit mørkt, flislagt gulv og ein mørkbeisa vegg, så står dei ei og smiler. Ho har på seg munnbind, men smilet smitter av på reisten av ansiktet, og endeleg så er eg heime, og endeleg så kjem smilet attende.

    Ein heim i det fjerne:
    IMG_20210201_160119.jpg
     
    Last edited: 01. febr 2021
    mrsB, Points4Fun, Upsaker and 15 others like this.
  7. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel 6: Lettelse

    Rommet var så klart, klart, men eg ville ikkje ta sjangsen på å la trafikketaten få lov å legge ei ekstra avgift på bilen min, og etter å ha lagt kofferten på baggasjerommet, så forlot eg min trygge hamn, for å møte den turrlagte by. Bilen sto fortsatt forlatt i den kalde bakgata, og blinka trist med naudblinken på. Ingen hadde forsynt seg av dei dyrebare, forbudte dråper i bagasjerommet. Eg startar opp symaskinmotoren, og beveger meg sakte ut i gata, vekk frå tryggheita i mitt lune rede. No var tida inne for å reise opp mot det raudaste plassen i Oslo, og sjølv om Jan Bøler var blitt Senterpartiet sin mann i Groruddalen, så var det fortsatt blodraudt med smitte. Eg kom på at eg var svolten, og eg var godt på veg inn i tunnelen, og det var for seint å snu. Eg skulle opp i dalen med ein romlande mage, og klingande flasker i bagasjerommet. Men det var godt å tenke på at dette var siste stopp, og flaske skulle bli att der opp, og skulle konsumerast av fagpersoner. Denne gongen så fant navigasjonen i bilen fram, og det var tydeleg at endringane ikkje skjedde så raskt her oppe som nede i bykjerna, og etter litt leiting var eg ved rett port, og eg laste inn min øl. No var bilen tom for øl, eg kunne møte den turrlagte byen med lettare bør, utan at jaget etter kong alkohol vil råke meg.
     
    mrsB, Points4Fun, Upsaker and 10 others like this.
  8. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel 7: Eit tilbakevendane problem

    Når ein møter personar med same interesse, og ein har stor interesse, så går praten kjapt og enkel. Denne gongen så handler det om øl brygga på gamle tradisjonar og med fokus på dei gode råvarene, og ikkje minst frå det sørlige Tyskland. Dette er ein region som ein hører vandrehistorier om barmfagre damer som kan svinge 18 øl i hendene og 4 på sitt bryst, regionen for salte kringler, fermentert kål og mykje rart stappa inn i tarmer og grilla. Otto von Bismarck som i si tid samla dette store landet var klar i sin sak, og synes det var like lite hyggeleg å sjå ein lov bli til, som å sjå kva som gjekk inn i pølsene. For mange år siden fantes det festivaler i sør i dette landet der alt handla om øl, pølser, sang og meininga med livet. Men ingen eg kjenner kunne lenger huska kva dette var.
    Eg i min ulukke, blir påtvinga ei kasse med øl for å smake på dette forbudte brygg, og som den hyggelege valdris eg er, så takkar eg ikkje nei til ei gåve. Og slukøyra går eg ned til bilen, setter dei inn i baksetet, og snur nesa ned mot den turrlagte by. Fortsatt med ein risiko i baksetet, og fortsatt i eit raudt område, og fortsatt med ein følelse i magen som var ei blanding av spaning og svolt.
     
    mrsB, Points4Fun, Upsaker and 12 others like this.
  9. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel 8. Paradiset vender attende?
    Svolten gnager der eg nærmar meg Oslokontoret. I den frostbitte bilen min har vatnet begynt å få isfjell, og det skjærer i tennene når det slår inn i munnen. Turen til den blodraude dalen har gått uten problemer, har ein tatt feil? Den var ikkje fullt av coronasmitta folk som søkte rundt for å spreie sin smitte, og alt forløp rolig for seg. Men no var eg attende på hovedvegen, og kanskje den breiaste motorvegen i Norge meg ein 5-6 felt i kvar retning. Men jakta på veksten hadde ikkje tatt ein jafs av denne vegen, og eg viste kvar eg skulle. Lite viste eg at motstand venta i den tunnelen som har vist seg å bli den dyraste bilturen for ein og kvar, , Vålerrengatunnelen. Køa sto stille, og eg satte på Guri, som er namnet på dama i navigasjonen. Eg hadde hørt om historier på tidleg 2000 tallet, der ein kunne frå Homer Simpsons eller Ozzy Osbourne til å lede deg fram mot målet. Eg var glad eg hadde Guri, då eg viste ho var nøytral og ikkje leda meg innom nærmaste Donutbakeri eller flaggermusgøymestad. Ho tek meg ned forbi Botsen, og eg ser ein plass der ein må plassere dei som må låsas inn i den nedstengte by. Heldigvis er det stille og rolig.
    Bilen får plass utanfor, og det blir satt på lading. Alt er stengt, og det står store oppslag om at folk må halde seg heime, halde stor avstang, og dei få eg ser i vindaugene rundt om kring ser rart på meg der eg står. Eg kan ikkje sjå ansiktet deira, kun dei sinte augene. Då kjem eg på at eg har gløymt munnbind.
    Alt går bra, eg får satt ølet mitt inn på avlåst rom, blir ferdig med forberedingane, og tek meg to øl i veska. Eg er klar for å gå til mi trygge hamn.
    Turen frå Grønland til The Hub går gjennom nærast folketomme gater, og eg har aller nådigs på meg munnbind for å føle ei viss tilhørigheit til innbyggarane i den turrlagte by. Det føles som ei evigheit siden eg budde her, og eg kan berre drøyme om smil, latter og ein liten promille. Eg nærmar meg hotellet, og føler at magen roar seg. Nokre steg til no, og over litt gater. Framfor meg er ein politibil, ein svartemarja, eller heiter det fortsatt det, no som dei er kvite, med gule og blå striper, i motsetning til desse gamle svarte boksene som dei køyrte folk i før. Den har ikkje på lys, og eg tenker den gjer seg klar til å hente desse som fortsatt drikk alkohol fleire en to i lag, og meg kort avstand. Den stopper på raud lys, og eg får grønt. Eg går sakte forbi, og prøver å sjå uskyldigut der eg har med meg to øl i veska.
    Endeleg kjem eg innanfor døra, og eg er attende på hotellet, der ein kan føle seg heime.
     
    Last edited: 08. febr 2021
    mrsB, Points4Fun, Upsaker and 12 others like this.
  10. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,870
    Likes mottatt:
    9,153
    Bonuspoeng:
    183
    Dette er jo som å lese "Sult"!! Som Oslo-borger blir jeg rørt og trist på vegne av egen by.
    Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den
     
    ValdresBjarne and holmen like this.
  11. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,664
    Likes mottatt:
    32,511
    Bonuspoeng:
    293
    Nuja, kan ikke si at jeg opplever å ha fått så mye merker av den da... :)
     
    anders82 liker dette
  12. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,907
    Likes mottatt:
    12,903
    Bonuspoeng:
    183
    Nød lærer naken kvinne å spinne, og Korona får frem de beste forfatterne blant oss!
     
    ValdresBjarne liker dette
  13. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel 9: Ein bonusjegers forbannelse
    Smilet som eg forlot sist eg var innenfor denne gledens tempel ser ut til å ha gått heim. Eg viste lite om korleis det var å komme inn å få lov å jobbe innenfor dette tempelet no når dei andre husa til vår almektige bonusgud er stengde. Men eg tenkte måtte vera rart å gå herifrå og møte gatene med dei tørste blikk.
    Heldigvis fantes det nye personer som hadde løyst hemmlegheita i å smile uten å kunne bruke munnen, og eg får stilt alle dei spørsmåla som ein så før stilte med den største selfølgelegheit. Ein føler desse trivielle kommentarane om gratis mineralvann, oppgradering og poeng blir så gammaldagse, sjølv om dei gjeld fortsatt. Men så kjem ein jo også inn på nye ting, og ein begynner å sjå fram mot ei ny verd etter corona, og etter at tørsten er slokt. Ei ny verd der ein frå 125 kr tilgjengeleg i sin app for å bruke på det ein ynskjer. No kan ein ikkje det, iallefall ikkje om du er tørst. Og eg var tørst. Etter ein dag der ein gjekk rundt med alkohol i kofferten og i ei kasse, så hadde tørsten krøpet opp i meg, og eg gjekk rundt på hotellet å såg på dei stengte barene, dei stengte kranene og dei tomme borda. Eg lurte på om det fantes ein slik hemmeleg bar ein plass, og om denne baren var open. Ein slik bar som lurer deg for pengar, uten å eigentleg lure deg for pengar, for du er din eigen bartender. Ein slik liten bar, ein slik mini-bar. Finnes det på rommet mitt?
    Eg kjem meg gjennom den automatiske dørvakta på The Hub. Denne kjem du ikkje gjennom om du ikkje har adgangskort og kode, men eg hadde begge, og eg kom meg opp i 13 etasje, der eg på nytt måtte gå forbi ein stengt bar. Overalt følger den turrlagt by meg, og der eg går gjennom dei mørke gangane på veg til rommet, så hører eg det klirrer lett i kofferten. Det er håp.
    Men håpet kjem meg ikkje til rommet, der eg går rundt igangen i tussmørket for å finne eit skilt eller noko anna som kan føre meg til rommet. Ein får kjensla av at ein gjer noko ulovlig i desse brune gangane, der det kun mangler røyk av sigaretter og sigarer for å få fram stemninga ein kanskje hadde i forbundstida i USA. Det klinger lett i kofferten, og eg finn rett kurs. Og der i enden av gangen, der inne, ligg mitt paradis, med eigen bar, og eigen dobbeltseng, og eige bad. Mitt deluxerom med utsikt til den turrlagte by!
    IMG_20210201_161010.jpg
    Rommet hadde eigen terrasse
    IMG_20210201_161122.jpg

    Mitt deluxe møter meg med eit iskaldt kyss. Eit slikt kyss som ynskjer deg velkommen, men som ber om at du ikkje blir så lenge. For det er kaldt, ein slik forbannelse av ei kulde du får når du kan velge rom sjølv i appen, og ikkje tenker på at det er 20 blå i denne kalde, turre byen, og du har valgt eit smalt hjørnerom.
    Varmen står på maks, og det er kaldt.
    Ikkje veit eg heilt kvar eg skal få varmen heller, og tenker på om eg skal krype opp i senga
    IMG_20210201_161010.jpg
    Men det er ikkje plass. For inn mellom alle puter, pyntetepper, sandaler og slåbrokker, så er det kun ei smal stripe att til meg. Eg gjer opp, og plukkar opp telefonen for å høyre om smilene nede kan hjelpe. Og det kan dei jo såklart, og etter nokre minutt er smilet på døra med redninga.
    Det blir varmt
    IMG_20210201_190848.jpg
    Ovnen løyser mitt problem på ein augneblink, og eg kan vera på mitt rom i varme. Ein varme som eg desperat trengte etter ein kamp gjennom det turrlagte by. Ein varme etter å ha gått gjennom så kalde gater med kalde smil, som eg eigentleg ikkje viste om var smil.
    Det blir for varmt. Heldigvis hadde eg løysinga på dette sjølv:
    IMG_20210201_192050.jpg
     

    Attached Files:

    mrsB, drsyk, eventyrer and 14 others like this.
  14. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Hehehehe, eg har merker, og saknar byen eg kjente ein gong.
     
    anders82 liker dette
  15. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,870
    Likes mottatt:
    9,153
    Bonuspoeng:
    183
    Er ikke så sikker på det. Du har nok fått ditt du og fra hovedstaden
    Ellers godt levert @ValdresBjarne
     
    ValdresBjarne liker dette
  16. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel X:Ein smittande tørrheit
    Når ein ligg på eit hotellrom med god utsikt over tigerstaden, så er det rart å høyre andre lyder en normalt. Det susande livet av trafikk, livlige menneske, sosialt liv og kultur er erstatta av eit langt sukk etter saknet av det normale. Ein kan nesten sanse saknet etter det livet ein hadde før, med uteliv, alkohol og sosial omgang. Eg ligg inne på hotellet mitt med utsikta mi og eigen bar. Sjølv om eg ligg og er var, kald, så varm, så demper ikkje ølet nok min svolt, og eg må krype til korset og finne noko mat. I utgangspunktet hadde eg booka hotell som har kveldsmat, men har måtte flytte til det hotellet som er ope.
    Eg tvinger meg ut av min varme putehule, som eg har bygd meg av Stordalen sin pynt, og tek på meg middagsantekk for å finne ein av dei få serveringsstadane som er opne i denne turrlagte by. For den moderne by har lagt til rette for at oss som må vitje den, skal kunne få lov å spise på plassen. Eg går ut i gangen, tek døra att bak meg, og føler meg liten i denne brune, mørke gangen. Eg har lært meg vegen til nærmaste utgang, slik at eg skal kunne finne den att i både røyk og fylletåke, men trudde ikkje at eg trengte å ta fram denne kunnskapen etter kun ein Neipa. Eg kjem meg bort til heisen, og møter eit smil i gjennskinnet av den blanke heisdøra, men det er mitt eige. Eg har glømt munnbind, og føler meg litt avkledd. Eg tvinger meg attende til rommet, motvillig tek på meg munnbind og set kursen ned mot restauranten.
    Ein tom frukostrestaurant møter meg
    IMG_20210201_181235.jpg
    Og ein kelner meg god avstand og smilende auge møter meg. Han seier at kylling, curry og ris er dagens. Eg gleder meg ikkje, og det er kun vatn på bordet til å kunne auke positivitetsfaktoren
    IMG_20210201_181135.jpg
    Kyllingen var like tørr som den tørrlagte by, og kjentes som ein kyllingfilet som har stått lenge å venta på gjesten, steikt ein gang til av dårlig kylling. Risen var nok laga av ein skandinaver som ikkje har giddet å prøve å lære seg korleis ein lager is. Eg veit at asiatere ikkje akkurat er imponert over korleis me øydelegger risen i dette landet. Dette var endå verre, og eg kjenner at den turrlagte by gjer preg til maten også. Lite mat var det også, og det er ikkje mykje mat i god drikke.
     
    Last edited: 10. febr 2021
    mrsB, drsyk, eventyrer and 11 others like this.
  17. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,757
    Likes mottatt:
    21,957
    Bonuspoeng:
    293
    Fantastiske skildringer fra Oslo by. Når jeg leser det her er hele landet tørrlagt, men jeg vil gjerne fortsette å lese om "gamle" dager.
     
    ValdresBjarne liker dette
  18. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Kapittel XI
    Alkohol-riddaren vender attende
    Verda går ikkje framover, og ein går med ei konstant kjensle av å sitte i dvale der ein venter på at ei form for normalitet kan komme attende. Eg kunne håpe at ein kunne gått inn i ei form for puppe, og gått gjennom ei metamorfose, og kommet styrka ut når ein har funnet attende til det ein eingong kjente.
    No sit eg på nytt i eit rom i 13 etasje på denne The Hub, som ikkje føles som eit nav eller knutepunkt til noko nett no. Det er det einaste fullsørvis-hotellet som er ope, og den einaste baren ein har tilgang til er denne lille minibaren som ein har gjøymt i eit overprisa kjøleskåp. 13 etasje er også den øverste etasjen dei har om dagen, og det er litt passande, at ein på nytt har endt opp i denne ulukka av ein by, der ein sit i 13 etasje og skuar utover ein by der det ein gong var eit liv. No er byen full av munnbind, og nokre få joggarar og andre som må vera ute.
    Når eg køyrde til byen i dag, så var det kun to kasser med øl med, og dei vart på grunn av dyrekjøpte erfaringer satt att i Asker, sjølv om eg veit at heile landet er turrlagt.
    Eg gløymde så klart å ta med noko øl til meg sjølv, og synes det er i overkant fisefint og betale overpris for noko dårleg øl frå ein minibar, og spesielt når ein skal smake på noko av det beste ein kan lage av frukt frå Noreg i morgon.
    Eg går ut på terrassa ein tur, der utanfor mitt rom i 13 etasje. Den råe, men ganske så vennlege vårlukta av Oslo møter meg. Det luktar litt eksos, litt turr strøsand og litt hav, men den er litt lun. Hadde eg vore her for to år siden, så hadde eg vore og tatt meg ein pils eller kanskje tatt meg ein cocktail. Så kjem eg også på at dette hotellet har vore her siden 1952, og kanskje det satt nokon her for nesten 70 år siden og feira at dei hadde tatt gull i OL, og fekk lov å feire det på erverdige Hotell Viking. Eg tenker det var då menn var menn som jobba i skogen, og at fotball ikkje var ein idrett som trengte penger av nokre lakengubber for å kunne spele kamper på luftavkjølte stadionar midt på vinteren. Det er det vel også turrlagt kom eg på. Men dei får vel sikkert kjøpt Carlsberg?
     
    Last edited: 25. mars 2021
    mrsB, EndreD, Calling and 11 others like this.

Del denne siden