Det stemmer på ein prikk! SK4472 er i skrivande stund 25 minutt forseinka. Andre fly er vel òg litt etter ruteplanen, men brøyteballetten svinger seg, så dei skal vel få flaksemaskinene av garde litt etter litt...
EDIT 0928:
SK4472 klokkar snart inn ei forseinking på 35 minutt. Har brøyteballetten kome ut av takta? Kanskje dei treng litt Tsjajkovskij???
EDIT 0946:
For veik, for veik er flyets traktor! Det hadde visstnok oppstått spøling då traktoren skulle dytte LN-TUL ut på stripa, så dei måtte finne ein større doning. No er vi nr. 2 inn til avising og systemet seier vel at 'De rykker stadig framover i køen. Vennligst vent.'
EDIT 1002:
No er det brukt ein halv milliard tonn kjemikaliar på dette flyet... Eventuelle co-2-kvoter rinn no ned i sluket her på avisingsstasjonen på OSL.
Last edited: 11. nov 2019