Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    QF791 og QF542 frå ASP via SYD til BNE – «Kriminelt bra – igjen»
    No har eg skrytt Qantas opp i skyene, noko eg har grunn for å gjere igjen. Vi leverte leigebilen på flyplassen og sjekka inn bagasjen raskt og enkelt. Slik såg dagens flyplan ut, to fly – to tidssoner:
    - 12:30 ASP – SYD 16:50, QF791 – flytid 2 timar og 50 minutt
    - 17:30 SYD – BNE 18:00, QF 542 – flytid 1 time og 30 minutt

    upload_2019-5-5_12-47-29.png

    No har eg allereie skrive mykje om Qantas og desse to flygingane var omtrent like bra som dei føregåande. Igjen kunne eg ha gifta meg med alle dei trivelege flyvertane og -vertinnene om bord. Vel, for å spare slitne lesarar, lar eg neste del av reisebrevet igjen bli dominert av bilete.

    20190206_115715.jpg
    Avgangshallen på ASP

    20190206_120642.jpg
    På veg ut til flyet frå terminalbygget på ASP

    20190206_120742.jpg
    Qantas – Spirit of Australia

    20190206_133623.jpg
    Heilt ålreit servering på QF791 frå ASP til SYD

    20190206_181644.jpg
    Grei servering (litt tørt) på QF542 frå SYD til BNE

    Eg skal fly Qantas igjen! Sjølv i bermeklasse var dette brillefint!
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    To netter i Brisbane – «Kriminelt nære heimreise»
    Etter to fine flygingar var vi tilbake i Brisbane og vips var sirkelen slutta. Her skulle vi tilbringe to netter før Singapore Airlines skulle få lov til å fly oss tilbake til Europa. Vi hadde ikkje mykje på blokka for desse to dagane, men litt skulle vi få gjort.

    Overnatting: Spice Apartments, South Brisbane

    2 100 kr for to netter. Ein nydeleg leilegheit med fleire soverom og basseng på taket. Ingen frukost. Litt usentralt, men ålreit område og faktisk gangavstand inn til sentrum.

    20190206_193158.jpg

    20190206_193313.jpg

    20190208_092246.jpg
     
    kjeeli, watchaddicted, Avixlo and 8 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    Roma street park
    Denne siste dagen i Brisbane vart brukt til handling av suvenirar. I tillegg kom vi over eit nydeleg parkanlegg, Roma street park. Her er det verdt å tasse litt rundt. Parken er mykje større enn han ser ut for.

    20190207_120533.jpg

    20190207_144444.jpg
    Roma street park, Brisbane
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    SQ C del III: Frå Brisbane til Singapore – «Kriminelt brillefint»
    Som Jesus vart pint av Pontius Pilatus har eg no pint lesaren med dette etter kvart ulideleg lange skribleriet. No har vi (rojalt fleirtal?) kome til heimreisa og her skal eg ikkje gå i detalj, men heller vise til det eg skreiv i loggboka:


    20190208_122114.jpg
    Brisbane internasjonale lufthamn

    20190208_131326.jpg
    Flyet vårt, A350-900
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    SQ236 hadde avgang kl. 14:45 og flytida frå BNE til SIN er på åtte timar. Med landing på SIN til lokal tid 20:45 blir dette å rekne som ei dagtidsflyging. Her skal eg ikkje gå i detalj om flyturen anna enn å vise kort til loggboka:
    20190208_155334.jpg
    Forrett av laks med ein Singapore Sling-drink attåt

    På Changi skilte reisefølgjet og eg lag. Sidan eg reiste på bonusbillettar hadde eg enda opp med ei litt anna rute heimover. Der reisefølgjet fekk fly direkte til Kastrup, skulle eg på ei litt lengre rute…
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    SQ C del IV: Frå Singapore til Milano – «Kriminelt ineffektivt»
    Det er ikkje så veldig mykje å fortelje frå SQ356 som gjekk frå Singapore kl. 23:45. Rundt tretten timar seinare landa SQs A350-900 på Malpensa, Milano, lokal tid var då 05:45. Igjen vidareformidlar det loggboka har å seie:
    20190209_010951.jpg
    Heilt ålreit hovudrett

    20190209_110008.jpg
    Vaffelkake med iskrem og bær til frukost var nydeleg

    Italiensk grensepassering
    Det mest spennande på heile heimreisa skjedde på MXP, Malpensa internasjonale lufthamn ved Milano. SQ landa 05:45 og omtrent eit kvarter seinare møtte eg på saker og ting som stadfesta fordommar om italiensk framgangsmåte. Passkontrollen inn til Schengen opnar ikkje før klokka sju.

    Ein kar i tollvesenet, som gjekk der og slengde med nevane i lomma, sa at han ikkje kunne hjelpa med å henta folk. Greitt nok, grensekontroll er ei politioppgåve. Det burde ikkje vera overraskande for Milanos politistyrke, avdeling Malpensa (MXP) at det kjem fly hit lenge før 0700 og at folk gjerne skal vidare med nye fly, men det gjer det altså.

    Til slutt kom det ein politimann, men han gadd ikkje å lytte til nokon som ikkje snakka italiensk… Då måtte eg berre flire. Kva anna kan ein gjera enn å sjå komikken i galskapen? Det er mogleg at dei italienske tollarane ikkje skjønte kvifor eg lo, men eg greidde ikkje å halde meg.

    Det var altså ikkje berre meg som skulle vidare med fly. Ein eller annan som var litt meir språkmektig i vulgærlatin enn meg, fekk til slutt stotra fram «Transito» til grensepolitiet og vips vart systemet rigga slik at vi som skulle inn i Schengen fekk koma inn via slusene som skal tuppa folk ut av passunionen. Stakkarane som skulle ut måtte venta mykje lenger i kø enn dei trudd...

    Alt dette italienske surret kosta meg 40 minutt i tapt loungetid!

    20190209_060841.jpg

    20190209_074341(0).jpg
    Soloppgang på MXP, Milano

    upload_2019-5-5_12-57-59.png
    Reiseruta heim frå Australia

    Siste bit heim frå Milano via Frankfurt og Oslo til Trondheim gjekk utan dramatikk.
     
    Last edited: 05. mai 2019
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    Eit forsøk på konklusjon tre månader seinare
    Kva skal ein seie om Australia? I ettertid hugsar eg turen som ein veldig fin og triveleg runde omkring i eit enormt land. Trass i varmen, det var ikkje mange dagane temperaturen var under +30, hadde vi gode opplevingar.

    Det er lett å samanlikna Australia og New Zealand fordi landa ligg i same område. Kanskje er det urettferdig fordi landa er så utruleg forskjellige. Det må likevel seiast at eg likte meg betre i New Zealand, men eg vil tilbake til begge desse to landa.

    20190122_110921.jpg

    20190203_191721.jpg

    Kjelder
    Om livet til luftambulanselegane i det australske baklandet:
    - Marsh, Bill: Great Australian flying doctor stories. ABC books, 1999/2007

    Om den tidlege australske historia etter at dei kvite kom:
    - Wold, Sissel: Warra! Warra! Da de hvite kom til Australia. Pax forlag, 1999

    Om det moderne Australia (samfunn, økonomi m.m.):
    - Økland, Nils Arne og Ingun: Nedenunder. Australia i sol og skygge. Damm forlag, 2005

    Sluttord
    Postane på første side er oppdatert med direktelenke til aktuelle delar av reisebrevet. Dette for lesarar som ikkje orkar å myse på så frykteleg mange bokstavar i rapp rekkjefølgje. Elles tusen takk for følgjet, folkens! :)
     
    Last edited: 05. mai 2019
    kjeeli, Hanen, SAJblue and 16 others like this.
  8. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,975
    Likes mottatt:
    22,862
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk for et fantastisk reisebrev med fine bilder, tekst og digresjoner i skjønn harmoni!
     
    Kristian liker dette
  9. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,716
    Likes mottatt:
    64,154
    Bonuspoeng:
    293
    Det er bare å bøye seg i støvet.

    Takk for nydelig reisebrev. (Må må jeg kanskje bli ferdig med mitt fra påsken også..)

    Jeg har ikke noe mindre lyst til å dra til Nedenunder nå, men jeg dropper MXP på veien hjem.
     
    Kristian liker dette
  10. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,417
    Likes mottatt:
    7,975
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for ett flott reisebrev, veldig kult at du har latt oss være med på å gjenoppleve reisen :)
     
    Kristian liker dette
  11. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,943
    Likes mottatt:
    29,350
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for et strålende reisebrev! :)
     
    Kristian liker dette
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for triveleg tilbakemelding og takk for at du heldt ut 'to the bitter end' :)
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for varmende ord :)

    Undertegnede må nok en tur nedenunder ved en senere anledning. Altfor mye som måtte prioriteres vekk på denne turen (selv om reisebrevet ikke bærer preg av akkurat det).

    Vel, om valget står mellom SQ C via MXP eller SQ Eco via SVO, så blir det MXP, men nå er det jo bare å bruke sin vulgærlatin og rope ut 'Transito! Transito! Pronto!', så blir det hele en knirkefri opplevelse... Jeg kan i alle fall ikke forestille meg noe annet :rolleyes:
     
    Upsaker and holmen like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for oppoverretta tommeltottar levert ut undervegs og takk for at de heldt ut med dette ordfråtseriet som det heile utvikla seg til å bli :)
     
    Last edited: 19. mai 2019
    Earl liker dette
  15. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member Moderator

    Innlegg:
    3,915
    Likes mottatt:
    10,291
    Bonuspoeng:
    183
    Strålende......bare strålende. Superlativene er så mange, og plassen er så liten...så ifølge Rema1000.... :

    TAKK :):):) !!!

    Ps : neste gang du befinner deg i bartebyen, er du herved invitert på noen kalde på Austman tap-room :D:D:D
     
    Kristian liker dette
  16. Avixlo

    Avixlo Veteran

    Innlegg:
    1,761
    Likes mottatt:
    8,469
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for et fint reisebrev! Helt fantastisk lesing. Som noen her inne har nevnt tidligere kunne dette vært bok slik som du skriver.

    Takk for at vi fikk vært med på reisen. Når jeg engang i framtiden skal reise til Australia skal jeg definitivt bruke inspirasjon fra dette reisebrevet:)
     
    Kristian liker dette
  17. tfo

    tfo Aktivt Medlem

    Innlegg:
    325
    Likes mottatt:
    1,215
    Bonuspoeng:
    93
    Henger meg på i det som allerede er sagt/skrevet. Beskrivelsene dine gjør at vi som leser på mange måter også er med på turen.
    For min del har det å følge med også vært en kilde til frustrasjon da jeg planlegger en tur down under i januar. Hadde jo noen tanker innledningsvis om hva og hvor, men det er mer kaos nå. God kaos... Takk for turen og at for du tar deg tiden til å dele
     
    Kristian liker dette
  18. paron

    paron Senior Medlem

    Innlegg:
    529
    Likes mottatt:
    2,743
    Bonuspoeng:
    93
    Fantastisk nok en gang Kristian !
    Hvert innlegg ble lest med fryd og glede.

    Jeg bøyer meg I hatten...;)
     
    Kristian liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    Takk skal du ha for at du heldt ut :)

    Du snakkar om brillefin iskrem, sant? Om eit par månader ramlar eg ut døra på Værnes, så vi kan jo ha ein intensjonsavtale :)
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,129
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det, takk for det. Bok er litt stress, forum er meir lågterskel – noko som passar meg midt i blinken :)
     
    Avixlo liker dette

Del denne siden