Reisbrev: Eit tobokstavsbonansa frå Finnmark til Sør-Afrika: CT på SK, LH, LX, SA (JE) og ET

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 20. nov 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Flyturen frå helvete: KKN–OSL (SK÷)
    Litt over klokka ni vinka eg adjø til M/S Trollfjord og rusla i retning busshaldeplassen. Der kunne sjåføren ønskje meg velkomen til bussen som går til Høybuktmoen. På engelsk sa han at 'The bus goes to...eh...the airport'. Det er sikkert ikkje så lett å uttale Høybuktmoen på utanlandsk.

    20191120_091731.jpg

    Ved ankomst innsjekkingsskranken startar trøbbelet. WF-dame nr. 1 byrjar å myse mot skjermen og startar avansert tastaturdans. Pulsen min stig.

    Heilt sidan eg kjøpte denne CT-billetten har eg krisemaksimert og tenkt alle moglege scenario der ting kan skjere seg (skodde, uvêr, innstilt båt/fly, forsoving osv.). Det som møter meg i skranken var eg ikkje førebudd på...

    WF-dame nr. 1 myser på skjermen og mumlar noko om eit manglande dokument. Kva faen er det no? Visum? API (advanced passenger information)? Medlemskortet til Blekkulfklubben? Dæven som panikken tar meg!

    WF-dame nr. 1 innser at tastaturdansen hennar fører henne ingenstads og ber om hjelp frå WF-dame nr. 2. Ho er opptatt med ein gjeng froskeetarar som har 3 kg i overvekt og gir korte kommandoar til WF-dame nr. 1 før ho går tilbake til dei som berre kvekker.

    WF-dame nr. 1 følgjer ordrar frå WF-dame nr. 2. No har det gått rundt 10 minutt og eg kjenner surmulande blikk frå ein gjeng sveitserostar bak meg i køa som spør kva problemet er og hintar om at eg stoppar ei heil gruppe reisande....

    WF-dame nr. 1 slit med systemet og huker tak i WF-dame nr. 3. Igjen korte kommandoar og nye forsøk på å lure systemet.

    Problemet later til å vere at WF ikkje greier å sjekke meg inn til CPT fordi systemet krev ein eller annan slags automatisk dokumentkontroll som ikkje er sendt inn.

    WF-dame nr. 2 blir henta inn og no, 15 minutt etter at eg optimistisk og glad leverte pass og sa at eg skal på langtur, står WF-dame nr. 1, WF-dame nr. 2 og WF-dame nr. 3 alle og prøver å sjekke meg inn. Satan, kor nervøs eg er!
     
    Last edited: 22. jan 2021
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    WF-dame nr. 2 må hjelpe fleire froskeetarar og anna skrot som hjelpelaust er stranda i Gokk, eventuelt skylt på land frå Hurtigruten. WF-dame nr. 3 må òg ta seg av nokre andre og WF-dame nr. 1 står åleine igjen og hamrar vilt på eit tastatur som snart ramlar frå kvarandre.

    Sveitserostane bak meg i køa er no nesten litt ampre. Eg kjenner stygge blikk grave seg inn i ryggen på meg. På dette tidspunktet kan eg verken tysk eller engelsk, så eg snur meg ikkje for å svare på spm om kva som er problemet. Skammen er for stor!

    Det har gått 25 minutt sidan eg optimistisk leverte passet frå meg til WF-dame nr. 1. WF-dame nr. 3 er no tilbake og spør om ho skal ta over for WF-dame nr. 1, noko sistnemnde gledeleg seier ja til.

    WF-dame nr. 3 går i gang med infernalsk tastaturhamring og kreative museklikk. Minutta går. Herregud, må eg snu no??? På Høybuktmoen? Faen-faen-faen!

    Kjære vene, eg vil til Cape Town!!!
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    WF-dame nr. 3 er roa sjølv og har stor tru på å få dette til. Til slutt endar det med at bagasjen min blir sjekka inn til Cape Town, men eg som person berre blir sjekka inn til Johannseburg. Gud betre, dette var 30 laaaange minutt!! Ein kan få hjartefeil av mindre...

    Spørsmålet er kvifor dette skjer meg... Fleire her inne hugsar vel den lett nervepirrande avreisa til USA for fire--fem veker sidan... Er det fordi eg flyg for lite at dette skjer?? Har eg tatt over noko av den dårlege karmaen som @Scandipendler hadde? Eg treng svar!

    Til slutt stod eg endeleg med den heilage gral i handa, ombordstigningskortet. Eg tenkte: Herrefred, no er vel tida mi i helvete over? Eller kva?

    Det skulle vise seg: Langt derifrå!!!
     
    Last edited: 20. nov 2019
  4. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,625
    Likes mottatt:
    24,745
    Bonuspoeng:
    183
    Herregud for et drama! Like klikket som moralsk support, håper på en positiv neste post og at det er på plass å ønske en riktig god reise! :)
     
    Kristian liker dette
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Allereie i sikkerheitskontrollen finn vi ut at ombordstigningskortet mitt ikkje lar seg lese av på den maskina der... Manuell sjekk med augo, derimot, fungerte. Likevel er nervane i heilspenn framleis.

    Så ombordstigning. Standard møljeboarding og igjen vil ikkje maskina lese ombordsstigningskortet mitt. Heldigvis fungerer manuell tastaturhamring for å få folk sjekka inn. Dæven, altså... Kva er det eg har kome ut for? Slepp eg inn i Sør-Afrika?

    Dette teiknar fader meg til å bli mykje meir spennande enn eg hadde som intensjon då dette reisebrevet vart starta... Fy til rakkaren!

    20191120_110557.jpg
     
    Flymunda, Avixlo, Insomnia4u and 18 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Til slutt kan eg endeleg traske ombord i SK4473, men ei heller no går ting etter planen. Og eg har meir i vente frå den dårlege karmaen...

    Vel, då eg bestilte denne CT-billetten var det ikkje ledig foran i bussen. Ikkje opna det seg ledige sete foran heller, så på strekninga KKN--OSL måtte eg prøve økonomiklasse. Det skulle vise seg å bli verre enn eg hadde trudd.

    Spøkefuglen i meg tenkte at her kunne eg tøve litt her på forumet om at i krøtterklasse ser ein folk som slåss, spyr og elles er ufine, type litt sånn charterreise på speed. Det skulle eg aldri ha tenkt!

    Først fekk eg tildelt sete 11B, midtsete ved nødutgang. Ikkje veit eg korleis det skjedde... Sjølvsagt full balje. Alternativet hadde sikkert vore 1B...

    Vel, halvegs ute i serveringa må stakkaren på rada foran tømme mageinnhaldet. Ikkje berre éin gong, men fire--fem gongar. Så får stakkaren oksygenmaske og kabinsjef spør om vi har lege ombord. Dei er redd stakkaren skal svime av.

    Huff, ein kan få klump i halsen av mindre bare i sympati... Om ikkje anna er det ei påminning om at helsa er skjør og vi må ikkje ta henne for gitt.

    Samstundes ser ein at damene og herrene i kabinen slett ikkje berre er servitører og servitriser, for makan til oppfølgjing stakkaren på rada foran får! Dei er verkeleg på og gjer, etter kva eg forstår, sitt aller beste til situasjonen stabiliserer seg.

    Lettrørt som eg er slit eg med å halde tårene tilbake når eg ser sånt. Fy fader, det er godt å sjå folk som er dyktige i jobben sin når det trengst!

    For ein flytur!
     
    Last edited: 20. nov 2019
    Flymunda, Avixlo, Kalsnes and 21 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Og medan stakkaren på rada foran nyss spydde i oksygenmaska si, tikka denne e-posten inn til meg frå SAA:

    Dear Valued Customer

    As result of SAA strike, one or more of your flights has been cancelled. SAA is working on re-accommodating all affected customers for the same date on an SAA Codeshare flight that is operated by Mango. We are in the process of re-issuing tickets.


    Eg seier igjen: For ein flytur!

    Og eg spør igjen: Vil eg kome meg til Cape Town?
     
    Last edited: 22. jan 2021
  8. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,319
    Likes mottatt:
    12,286
    Bonuspoeng:
    183
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Det ser ut til at eg treng all den gode karmaen eg kan få!

    Screenshot_20191120-131931.png
     
  10. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    21,705
    Bonuspoeng:
    293
    Johannesburg er også Sør-Afrika, så dit kommer du iallfall =)

    God tur videre og lykke til!
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  11. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,674
    Likes mottatt:
    32,531
    Bonuspoeng:
    293
    Du verden...
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  12. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,184
    Likes mottatt:
    869,721
    Bonuspoeng:
    293
    Alltid noe styr med deg (og @RoadKing ), men du har i alle fall pass med ... det ligger ikke igjen på bussen.
    Det er jo en god start ..
     
    Avixlo, ArthurDent, Finnks and 6 others like this.
  13. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    Herregud for en start:eek:

    113.jpg

    Til lykke videre @Kristian
     
  14. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,184
    Likes mottatt:
    869,721
    Bonuspoeng:
    293
    Mitt svar er å ta livlege med på tur!
    Hadde med @drsyk sist og da varte tryggheten litt ned i andre champagneflaske
     
  15. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for gode ord @Eddie47 , en ren selvfølge og gledes til neste tur engang i fremtiden:)
     
    ArthurDent, Eddie47 and Kristian like this.
  16. tfo

    tfo Aktivt Medlem

    Innlegg:
    323
    Likes mottatt:
    1,212
    Bonuspoeng:
    93
    Her snakker vi drama og ikke minst skrivekunst. Skulle nesten tro dette er fiksjon og ikke live
     
    ArthurDent, drsyk and Kristian like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Eg skulle ønska det var fiksjon. Tru meg!
     
    ArthurDent, ordnetseg, OttoL and 2 others like this.
  18. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,870
    Likes mottatt:
    9,153
    Bonuspoeng:
    183
    Du må være en av de med dårligst karma hva angår fly @Kristian
    God tur. Jeg krysser litt av hvert for deg
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Nervene er såpass kjørt at den kommentaren førte til panisk leiting i alt av lommer til jeg fant passet (igjen)...
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Takk! Endeleg på plass i gullbua no. Gjør eit tappert forsøk på å roe nervene...
     
    Avixlo, ArthurDent, EndreD and 5 others like this.

Del denne siden