Reisbrev: Eit tobokstavsbonansa frå Finnmark til Sør-Afrika: CT på SK, LH, LX, SA (JE) og ET

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 20. nov 2019.

  1. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,149
    Likes mottatt:
    869,602
    Bonuspoeng:
    293
    De flyr ikke fra deg ..
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  2. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg vil si det er et farlig kraftig signal at SAS ikke er på den oversikten. Kanskje på tide å melde overgang før skuta synker. Og nå som jeg nestener LTEGB. Jaja, sånn er livet.
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Enn så lenge håpar eg at det er trykkfeil i Lufthansa sitt ombordmagasin, men eg tenkjer i same bane som deg...
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    No har dei i alle fall dytta oss ut på stripa og sjåføren jobbar opp turtalet på strikkmotoren. Likevel blir eg jo nervøs. Det sit liksom i kroppen i dag...
     
    Earl and ArthurDent like this.
  5. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Hvis det er en «trykkleif», vil jeg si det er en ganske alvorlig en. På linje med å glemme Nils Arne i soga om RBK...
     
    Earl, ArthurDent and Kristian like this.
  6. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    816
    Likes mottatt:
    3,304
    Bonuspoeng:
    93
    Lurer på om Sun Express berre har slitne fly. 737en vi hadde frå Frankfurt til Oslo hadde også sett sine bedre dager. Jaja, hadde heile første rad for meg sjøl, maten var god og vi kom fram heilskinna. Ingenting å klage på :)
     
    ArthurDent, Upsaker and Kristian like this.
  7. NorFlight

    NorFlight Senior Medlem

    Innlegg:
    1,303
    Likes mottatt:
    2,436
    Bonuspoeng:
    113
    Mangler ikke Brussels også?
    Er det slik det kanskje blir etter at Lufthansa har "spist" SAS og Brussels...
     
    Kristian liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Oppe i lufta serverte Swiss ein liten matbit som smakte svært godt. Gulrot til venstre, couscus i midten og nydeleg dessert til høgre:
    20191120_213710.jpg

    Og drikke, men eg tok ikkje bilete. Alt dette på dryge halvtimen i lufta. Mellom TRD og OSL er det langt mindre triveleg framom papplata...
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Rockestjernelivet på Zürich lufthamn
    Det beste som eg har opplevd på flyreise skjedde no i kveld på ZRH: Vi landa 10 minutt for seint og eg vart møtt ved flydøra av ein kar som tok meg ut i ein bil. Han køyrde meg så til passkontrollen. Deretter køyrde han meg til gaten og passa på at eg hamna i riktig kø for ombordstigning. Rockestjernestil!

    Alt skjedde på under sju minutt, heilt fantastisk. Difor fekk eg god tid til å kose meg med litt sprudlevatn før flyet vart rulla ut på stripa.

    20191120_221810.jpg

    20191120_221246.jpg

    Kapteinen lover flytid på 10 timar og 20 minutt. Inntil då skal eg slappe av her på denne A330-300 i tronesetet 8A:
    20191120_221425.jpg
     
    Last edited: 22. jan 2021
    Flymunda, Avixlo, Bolle and 32 others like this.
  10. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,737
    Likes mottatt:
    21,935
    Bonuspoeng:
    293
    Godt å se at du kom deg trygt tilbake på tronen!
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Frå alpeland til boerland: Swiss business
    Etter det svært effektive rockestjernelivet med privatsjåfør frå det eine flyet til det neste på ZRH (Zürich), fekk eg kjapt dytta eit glas med sprudlevatn i neven. Deretter tok det ikkje så altfor lang tid før vi var i lufta og på veg til JNB (Johannesburg).

    På dene ruta opererte LX (Swiss) med ein A330-300. Sånn sett ein kjent flytype for mange, vil eg tru. Nokre ord om reisa følgjer..

    Litt om setet:
    Komfortabelt å sitje i. God plass til skrotten. Dårleg med lagringsplass til ting utover to stollommer og noko nede ved golvet som gir plass til eit par sko.

    20191120_221429.jpg

    I sovestilling er setet flatt som ei seng, noko anna skulle vel berre mangle. Eg sov godt i drygt sju timar, men med mine 183 cm på strømpelesten fyller eg heile lengda. I tillegg ligg beina inni eit 'avlukke' som krev litt akrobatikk for å snu seg over på sida.

    20191121_084939.jpg

    Det høyrer med til historia at før avreise frå Aust-Finnmark hadde eg blunda berre 3,5 time, noko som kan forklåre kvifor eg fekk sju timar i komatøs tilstand hos Swiss.

    Direkte mjuk er ikkje setet/senga, men det finst innstillinger for dette på kontrollpanelet. Samanlikna med SAS sine sete/seng i C-kabinen vil eg påstå at Swiss er hakket meir komfortabelt.

    Kontrollpanelet er gunstig plassert så lenge du sit. Dersom du ligg flatt, så må du anten leite i blinde etter rett knapp eller karre deg opp i sitjande stilling.

    20191120_231137.jpg
     
    Last edited: 22. jan 2021
    Flymunda, Avixlo, drsyk and 14 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Litt om underhaldningssystemet:
    Trykkskjermen er for langt unna til at eg kan operere denne utan å bøye meg fram i setet. Ingen fjernkontroll som eg kan sjå.

    I tillegg er skjermen liten og kvaliteten er under pari, i alle fall samanlikna med det SAS har i sin C-kabin.

    Utvalet er labert (same nivå som hos SAS (berre nokre få episodar av kvar serie og ikkje altfor mange filmane)).

    For alle praktiske føremål brukte ikkje eg underhaldningssystemet til anna enn å sjå på kartet då eg ikkje orka å bøye meg fram for å klikke på skjermen og fordi eg synst oppløysinga på skjermen og utvalet av filmar og seriar var for dårleg.

    Med matservering og sju timars soving var det okke som ikkje mykje tid til fjernsynstitting. Heldigvis har eg godt lesestoff med meg, så eg sakna ikkje underhaldningssystemet.
     
    Flymunda, Avixlo, Stuttfeiten and 9 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Litt om sørvisen:
    Kabinpersonalet var både tilstades og litt upersonlege. Det er mange i C-klasse (full kabin etter kva eg kan sjå) og det er ikkje tid til småslarving og sånt. Samstundes er dei ikkje gniene og byr på det som måtte finnast i trallene. Sånn sett er det ingenting å utsetje på sørvisen.
     
    Flymunda, Avixlo, drsyk and 10 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Litt om maten:
    Før take-off blir det delt ut meny for både middag og frukost. Frukostmenyen er av det slaget der du krysser av for det du vil ha og så samlar dei inn kortet og deler ut maten på morgonkvisten. Her kan du hake av for så mykje du vil. I ettertid ser eg at eg nok var litt for blyg og smålåten.

    20191120_222911.jpg

    20191121_071839.jpg

    Når det er sagt: Det var ikkje noko problem å få litt ekstra, berre ein spurde pent under serveringa. Spinaten var litt dvask, men resten av frukosten var god.
     
    Flymunda, Avixlo, drsyk and 12 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Middagen var ein trerettars, sjølvsagt. Utvalet var omtrent som det vi finn hos SAS i C-klasse. Ærleg talt var eg litt skuffa over dessertutvalet, men greitt, buksa har sikkert ikkje godt av for mykje sånt...

    20191120_234255.jpg

    Forretten var delvis god. Den lauken (eller det som likna på det) var ikkje heilt etter min smak, men laksen var veldig god. Det meste gjekk ned.

    20191120_234133.jpg

    Til middag valde eg torsk og det var ikkje eit dårleg val. Fenikkelen (det grøne) var diverre overkokt og smaklaust, men resten gjekk ned på høgkant.

    20191121_000639.jpg

    Til dessert var det altså eit kakestykke. Plomma til venstre stod eg over, men kaka var nydeleg.

    20191121_002022.jpg

    Totalt sett meiner eg at SAS stiller med betre mat i business. Samstundes er det mange faktorar som påberkar slik synsing, m.a. dagsform, tidspunkt for servering osv. Kl. 2330 er ein sjeldan middagssvolten. Likevel, greitt fornøgd med maten, altså.

    EDIT:
    Swiss deler ut ein liten boks med hygienesaker:
    20191120_231127.jpg

    Headsetet testa eg faktisk ikkje:
    20191120_230639.jpg
     
    Last edited: 21. nov 2019
    Flymunda, Avixlo, drsyk and 18 others like this.
  16. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,899
    Likes mottatt:
    12,829
    Bonuspoeng:
    183
    Støtter den reisende i at LX service er upersonlig/nøytral og at maten er sånn passelig, dette vurdert fra kun en tur til BKK. Neste BKK-reise valgte vi BR, bl.a. basert på omtale her på IF, og LX ble slått langt ned i støvlene.
    Fortsatt god tur, og takk for oppdateringer.
     
    Earl, ArthurDent and Kristian like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Det omvendte av rockestjernelivet (JNB)
    Etter å ha landa på O. R. Tambo lufthamn, Johannesburg, var ein ettertrykkeleg berm -- igjen. Etter ein effektiv passkontroll måtte eg hente ut bagasjen. Denne skulle sjekkast inn på ny hos South African Airways (SAA).

    Problemet var berre at sidan flyet mitt var kansellert, var det ikkje lenger SAA som skulle sjekke meg inn. På nettsidene hadde eg fått billett hos Mango Airlines. Så då gjekk eg til Mango-skranken. Feil skranke, sjølvsagt. Prøv etasjen over, fekk eg råd om.

    Etasjen over var diger og eg såg såpass månebedotten/himmelfallen ut at eg var 'kapra' av ein portør som skulle hjelpe meg. Før eg fekk sukk for meg stod eg i billettkjøpskøa hos SAA.

    I SAA-køa stod eg lenge og vel og kjende på Afrika-tid. Eg var nummer to i køa rundt 20 minutt. Då fekk eg nok og tusla bort til SAA-bagasjeinnsjekkskøa. Dei fann meg ikkje i systemet og bad med sjekke med Mango (ikkje skranken i første etasje, men her oppe i andre).

    Hos Mango Airlines' innsjekkingsskranke kunne ikkje dei heller finne meg, så då måtte eg slukøyra gå tilbake til SAA si billettkontorkø. Der stod same gjengen i kø, ingenting hadde skjedd, men vips tok nokon grep og plutseleg stod eg med ein Mango-billett i handa.

    Denne lappen tok eg med til Mango-gjengen og ikkje lenge etter stod eg med eit ombordstigningskort til mi første JE-flyging. Då hadde det gått halvannan time sidan eg gjekk ut døra frå Swiss-flyet...
     
    Last edited: 22. jan 2021
    Flymunda, Avixlo, drsyk and 12 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre bilete
    Eg postar nokre bilete her.

    Innflyging til JNB:
    20191121_090820.jpg

    Det nærmaste eg kom SAA, men @Earl sit på dette flyet som stod parkert ved sidan av Swiss-flyet eg kom av:
    20191121_101719.jpg

    Godkjentstempel og nytt land på lista:
    20191121_125728.jpg

    Ein bitteliten is fortener eg:
    20191121_125122.jpg
     
    Flymunda, Avixlo, drsyk and 16 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det! Håpar spenningsnivået no er nede på eit akseptabelt nivå for herren (med eksforlovede) :)
     
    snus_mumrikken and ArthurDent like this.
  20. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,899
    Likes mottatt:
    12,829
    Bonuspoeng:
    183
    Nå går det bra med oss.
     
    ArthurDent and Kristian like this.

Del denne siden