ET846: CPT–ADD (heimturen er i gang) Etter ein roleg tur i loungen står ein no i kø for å stige ombord til etioparane. På ombordstigningskortet står det at boarding er 13:40, men først 14:10 kom 'Go to gate' på skjermane. Allereie 14:15 lyste det opp 'Boarding'. Vi tusla til A5. Eiga C-kø? Nei! Møljeboarding som ville gjort leiinga hos SAS på Frösundavik lange i maska av misunning? Ja!
Avgangstida og flytypen på dette flyginga har vorte endra fleire gongar. Først skulle det vera B777 med avreise 14:45. Så kom det kontra med B787 kl. 14:35. Så B777 kl. 14:45 igjen. I går oppdaga vi at det var kome ei ny endring: B787 kl. 14:40. Siste endring er at avreise skal bli kl. 14:35. No er kl. 14:50 og alle er på. Det må seiast at å snu ein Dreamliner på 60 minutt er optimistisk, men det er akkurat det ET gjer her på Cape Town. Vel-vel, no flymodus!
Setet hos ET C, 2D (B787-8): Beinplassen er det ikkje noko å seie på. Labbane skal ikkje inn i ein katakombe slik hos Singapore Airlines, Swiss eller SAS. Det er òg komfortabelt å sitje i. Det er få plassar å leggje frå seg ting. Ikkje at eg treng mykje, men bok og briller fann eg ikkje rom for... I tillegg er det ikkje hattehyller over midtseta. Sjølvsagt opplevast kabinen større og luftigare, men det er greitt å ha handbagasjen rett over seg. Den største ulempen er at setet ikkje kan leggjast flatt ned. Kanskje ikkje nødvendig på ei dagflyging, men eg håpar at det går på flyet til OSL. Det var vanskeleg (les: umogleg) å finne ei god sovestilling når det skal skje i 45 grader (ikkje ingeniørmålt vinkel)... I tillegg var stolen cirka 50 cm (ikkje ingeniørmålt lengde) for kort...
Serveringa: Salaten til forretten såg uappetitteleg ut for min del, så den rørte eg ikkje. Kjøtet var kaldt og bydde på god tyggemotstand. Det vart med to smakebitar. Til hovudrett valde eg kylling (alternativet var fisk). Menyen oppgav fleire val enn det kabinpersonalet nemnde munnleg. Faktisk vart eg usikker på om vi fekk servering etter menyen som vart delt ut. I etterkant viste det seg at vi fekk servert etter ein annan og mindre omfattande meny. Kun éi servering mellom CPT og ADD. Kyllingen smakte greitt. Grønsakene var ihelkokte...
Sørvis: Nokså upersonleg og rask i vendingane, men du får meir i glaset om du treng. Likevel litt under pari mot det eg kanskje hadde venta i C. Omtrent ingen smil og svært fåmælt ved servering. Det skal seiast at vi hadde litt turbulens under starten av serveringa, noko som kan ha stressa kabinpersonalet då serveringa måtte stoppast eit par gongar. Utover det var det slett ikkje alle som fekk utdelt kvite klutar, til dømes. Så kabinpersonalet var ikkje så veldig på. Då vi gjekk av flyet var det ingen som tok farvel. Ja-ja, det er sikkert slitsamt å fly t/r ADD--CPT...
Underhaldningssystem: Litt som hos SAS. Eit nokså godt utval av filmar frå ulike verdshjørnar (ET har litt fleire filmar, sjølvsagt) og berre to--tre--fire episodar av fjernsynsseriar. Skjermen har grei storleik, litt mindre enn hos SAS, men større enn hos Swiss. Fjernkontrollen er treig og du må sjå reklame før kvar film/fjernsynsepisode...
Landing: Frå vi landa til vi rusla av flyet tok det 40 minutt. Nokon stod i vegen for oss. Kapteinen var sløv på å informere, så i 35 minutt ante vi ikkje kva som var på gang. Eigen buss for C-pax inn til terminalen, så det var jo greitt. Dom: Dette hadde eg ikkje betalt pengar for! Kabinsjefen var triveleg og flink. Resten (av alt) var (godt) under pari...
Mellomlanding på ADD Etter sju lange og sju breie var vi inne i terminalbygget der ein ny sikkerheitskontroll venta. Av med sko, belte og klokke. Deretter rett til utgangen då det var cirka 30 minutt til flyavgang. Sjølve terminalbygget virka oversiktleg, men det var mykje folk overalt. Diverre vart det ikkje noko tid til å gå i loungen. Ombordstigning starta omtrent då vi kom til utgangen. Om ikkje anna var det effektivt med knappe 15 minutt i terminalbygget...
ET714 ADD–OSL (via ARN) Denne gongen var det ei eiga kø for C-pax og *A-gull. Det fungerte bra. Vel ombord fann eg igjen fram til sete 2D i nok ein B787-8. Denne gongen møtt med eit smil frå kabinsjef og veldig triveleg sørvis frå første sekund ombord. Kanskje kunne dette bli ein bra flytur?
Sete: 2D på 787-8. ET køyrer 2+2+2-konfigurasjon. Det er ikkje luksus akkurat. Same sete som på førre fly, skulle ein tru, men dette setet fekk eg flata meir ut enn på førre fly. Det gjorde at eg blunda godt på turen i retning Arlanda.
Servering: Denne gongen var salaten ikkje brun, innhaldet hadde sin naturlege farge. Det er jo eit pluss. Vidare var hovudretten ein katastrofe. Kyllingen var seig som ein sjølvdau gnu og grønsakene var ihelkokte. Ostetallerkenen til dessert var ålreit på denne flyginga som på den førre. Frukosten var ålreit med fleire val (pannekake, omelett og tikka masala eller noko i den dur). Pannekaka ned lønnesirup var god. Det same gjeld resten av frukosten.
Sørvis: Kabinpersonalet var smilande og trivelege. Dei spurde: 'Ønskjer du ditt eller datt til middag, min herre?' Ikkje som ut frå CPT der det einaste dei då sa: 'Kylling eller fisk?' Alt dette i C... No var kabinpersonalet på pletten og verka å bry seg om oss passasjerar. Det betyr jo litt, spør du meg. Sånn sett kan kanskje mi erfaring stemme litt overeins med det andre har skrive om Ethiopian: Hit and miss... Underhaldningssystemet: Ikkje meir å tilføye anna enn nokre ord om hovudtelefonane: Dei dempar ikkje lyd veldig godt og eg synst at lyden frå filmen som eg såg vart litt 'skingrande'. Her stiller SAS C med betre lyd til sine reisande. Dom: Ålreit flyging med rundt fem timars søvn, men at setet ikkje er flatt trekkjer kraftig ned. Heldigvis triveleg personell og nokolunde ålreit mat på denne turen.
Takk for følgjet Dei siste flygingane nordover til Aust-Finnmark har vel ikkje den store interessa. SAS og Widerøe er ikkje det heilt store, men eit teikn på at no er turen snart slutt. Forhåpentlegvis har dette reisebrevet gitt litt innsikt i kva for sørvis ulike selskap tilbyr mellom Noreg og Sør-Afrika -- i kombinasjon med det som @Earl har levert. Som nemnd her og der: Eit reisebrev frå sjølve destinasjonen, Cape Town og Krugerparken, kjem etter kvart. Ei lenke blir kanskje lagt ved når det prosjektet ser dagens lys. Takk for følgjet, folkens! Trøndersk sjåfør på SK4472 i dag B737-700 på KKN