Del 8: Flukta frå storbyen: Kirkjubøur Dei to ferierande inspektørane minte kvarandre stadig vekk på at dei trass alt er kongens sendemenn for å sjå at det står bra til med dei områda som nordmenn har hatt og framleis har interesser i. La oss ta litt kyrkjehistorie (bittelitt): Domkyrkjeruinen på biletet er kanskje det synlegaste provet på at Kirkjubøur hadde ein mektig posisjon, men ved reformasjonen som nådde Færøyane i 1540, vart bispesetet lagt ned. No pågår det eit arbeid for å stoppe vidare forfall av ruinen. Det finst òg eit gudshus med tak over hovudet på Kirkjubøur: Det å ta turen hit frå Tórshavn, var som å kome til ei anna verd. Her var det verkeleg fredeleg og stille. Samstundes var det naturskjønt rundt den vesle bygda. Ikkje var det langt frå hovudstaden heller: Det er mogleg at vi her på Kirkjubøur fann perleporten:
Del 9: Frå Tórshavn til Vágar lufthavn Vi kom til Færøyane på ein onsdag og no hadde vi kome til sundag. Etter frukosten i Tórshavn freste vi ut av byen og i retning flyplassen (bestemt form eintal). Sidan flyet ikkje skulle gå før kl. 1300, valde vi å gjere nokre stopp på veg til flyplassen. Trøllkonufingur (òg kjent som Kongespiret) Den stakkars mannen må ha vore innmari glad i vottane sine, for Trøllkonufingur er ikkje ein sundagstur, akkurat. Denne videoen av nokre gærningar som klatra opp dei 313 høgdemetrane, gir meg høgdeskrekk på flat mark: Vi køyrde til Sandavágur og følgde skilt som hadde symbolet for sjåverdigheit. Det vart ein fin rusletur i forkant av fleire timar på reisefot, men sikten var ikkje på topp. Trøllkonufingur til venstre i biletet: Gásadalur Vi hadde vel eigentleg ikkje planlagt ein tur hit, men for å slå i hel tid, køyrde vi dei ekstra fem kilometrane berre for å sjå. Vi hadde ikkje veldig god tid, men vegen var fin og dei ferierande inspektørane var nyfikne. Gásadalur var såpass fint at vi var godt fornøgde med titten. Og her er køyreruta:
Fantastisk! Som anleggsingeniør med forkjærlighet for veier og tunneler er jo dette nesten som porno. To poster om veier på Færøyene er rett og slett nyyydelig
Eit møte med Gluntan på Færøyane Når ein er ute på vegen, er det jo normalt å lytte litt til radioen. På Færøyane har dei ganske mange radiokanalar. Den aller første dagen hadde sjåføren, juniorinspektøren, nok med å bli vand med korleis ein hybridbil oppfører seg, samt å finne fram i nytt land. Difor vart det aldri gjort noko forsøk på å fine ein passande radiokanal. Då eg endeleg våga å trykke på kanalveljaren på radioen, kom eg straks inn på kanalen R7 Kringvarp og kva for ein melodi var det som straks smaug seg ut av høgtalarane? Jo, denne: Kven skulle trudd at Glutan med 'La oss leve for hverandre' vart det vi møtte musikalsk på Færøyane? Det var utanfor min fatteevne, men det var litt stas òg. R7 speler ei salig blanding av engelsk/amerikansk popmusikk, skandinavisk visesang, svisker og klassikarar samt færøyisk musikk, herunder pop, rock, vise og salmer. Alt. Både Ole Ivars og Vikingarna dukka opp i lag med Vamp, Abba, Justin Bieber, Lynyrd Skynyrd og diverse lokale heltar som eg ikkje fekk med meg namnet på. Kort sagt: R7 har noko for alle! Vi kostar på oss eit lite musikalsk bidrag frå Eivør, visstnok blant dei største artistane på Færøyane. Ho minner meg delvis om vår eiga Mari Boine. Fint å ha på landevegen inniblant mykje anna: For vår del gjekk turen mot slutten og vi tok med oss mange minner ombord i flyet som tok oss tilbake til gamlelandet: Mot slutten litt typisk færøysk landskap: Fjell og sau: Og hugs. 'For livets glade gutter går solen aldri ned': PS Som lova i innleiinga, kjem det etter kvart ein oppsummerande tips- og konklusjonsseksjon.
Den eine posten vart kanskje i overkant kort og aller helst skulle eg vel hatt nokre bilete av tunnellane, men det hadde kanskje ikkje lenger kvalifisert som 'nesten som porno', så her får herren stikke vestover å køyre tunnell på eiga hand (eller noko)
Nokre oppsummerande tips for Færøyane Forhåpentlegvis får eg med det viktigaste her. – PS: Bileta kjem her i ønskereprise... Korleis kome seg til Færøyane (ikkje prioritert liste) 1) SAS frå Kastrup 2) Atlantic Airways frå Kastrup, Keflavik, Flesland m.fl. 3) Smyril Line frå Hirtshals eller Seyðisfjörður Verdt å merke seg som bilførar og bruk av leigebil Busstilbodet har vi ikkje sjekka, men bil er veldig fint. Vi hadde leigebil frå 62°N til knappe tusenlappen per døgn. Undersjøiske tunnellar kostar 100 kroner per passering. Køyrer du leigebil, kan du anten betale eit slikt 'unlimited tunnels' (300 DKK) og alt er fryd og gammen. Om du ikkje gjer det, så blir du trekt 100 kroner per passering i etterkant, slik eg forstår det. Køyrer du eigen bil, betalar du 100 kroner på nærmaste bensinstasjon etter passering (det står skilt). Trafikkreglar og skilting som i Danmark (altså ganske likt Noreg). Litt meir om dette kan herskapet lese i denne posten. Overnatting i Tórshavn Ligg unna hostellet Bládjupi. Det var forsåvidt greitt, men til knappe 1 000 kroner per døgn (per rom), så hadde eg forventa noko meir enn ein rammemadrass med utsikt rett i ein stige som låg på ei uklipt plen. Overnatting i Klaksvík Sjømannsheimen, òg kjent som Hotel Klaksvik, er ålreit. Ingen kjempestandard, men reint og slett ikkje dumt. Eg trur ærleg talt at det ikkje er så mange andre alternativ. Andre overnattingsstader Vi testa Tórshavn og Klaksvík, men eg ser føre meg at Gjógv kan vere ein brillefin stad for overnatting. Hotellet her såg ganske så tiltalande ut. Dessutan serverer dei ålreit mat der. Folk og fe – dei lokale Alle (nesten alle, i alle fall) forstår norsk (legg vekk dei breiaste dialektuttrykka, senk tempoet litt og jobb med litt ekstra med diksjonen dersom du merker at samtalepartnaren blir litt fjern i blikket) og er svært trivelege å prate med. Færøyingane er nok litt som nordmenn, reserverte og ikkje ekstremt snakkesalige. Mitt inntrykk er òg at dei kan virke litt 'mutte', dei tyr ikkje lett til tørr humor (slik vi kan møte i Storbritannia), men dei er glade i ei god historie så smil og latter er slett ikkje fråverande. Dessutan tar dei godt i mot nordmenn. Prisnivå, betaling og valuta Ein mellomting mellom Danmark og Noreg. Nett som Noreg og Danmark er betalingskort mogleg å bruke omtrent overalt. Merk at Færøyane (nett som Skottland) har sine eigne pengesetlar: – 1 færøysk krone = 1 dansk krone. Du kan bruke danske pengar på Færøyane, men du kan ikkje bruke færøyske pengar i Danmark. Veksling mellom desse to valutaane er gratis. Tidsbruk Vi hadde fire netter og fekk sett mykje, men vi var ikkje på dei øyene som berre har ferjesamband fordi vi følte at dette ville kanskje ete opp litt meir tid enn om vi heldt oss til dei ferjefrie områda. Ferjene går ikkje så altfor ofte, så ein må planleggje litt. Det er veldig individuelt, men fire netter er nok til å få sett ganske mykje, synst eg. Samstundes kan ein vel sjå mykje av det same på kortare tid, men òg bruke lenger tid og verkeleg la Færøyane kome inn under huden på seg. Fotturar og utandørsliv Ifølgje guideboka vår, Politikens 'Turen går til Færøerne', skal fotturer vere den beste måten å få sett Færøyane. Guideboka har fleire tips om både korte og lange fotturer. Litt over 20 fotturar finn du òg i brosjyren 'Færøerne til fods'. Tidsbruken som blir oppgitt er utan pause og med svært lett oppakking. Kanskje er brosjyren litt optimistisk, eg følte i alle fall at eg brukte litt lenger tid enn det som turframlegga oppgav. Når det er sagt, seniorinspektøren er eigentleg pensjonist, så tempoet er kanskje ikkje kva det ein gong var. Merk at vêret skiftar heile tida. Du ser regnskurene ei stund før dei kjem. Allvêrsjakke er eit mogleg alternativ, eller av og på med regnjakka i både tide og utide. Færøyane vaskast ofte. Sånn er det berre. Når det er sagt, naturen er vill og vakker. Seniorinspektøren samanlikna han med Svalbard og det er nok ganske riktig (sjølv om Svalbard stiller med ein litt karrigare flora). Kom deg ut på tur og det er mogleg å unngå bratte fjellturar òg. Andre ting – Nyt god mat i Tórshavn (Árstova og Etika til dømes). – Kjenn på roa og stilla i dei små færøyske bygdene Konklusjon: Inspektørane ser det ikkje som nødvendig med snarleg militært innrykk på Færøyane for å sikre folks ve og vel. Øynasjonen ser ut til å bli vel ivaretatt under dronning Margrethe, men vi ber alle notere seg at dette har vore ein prelimenær inspeksjon og grundige undersøkingar kan avdekkje andre ting. Kjenn på ansvaret, folkens, ta turen! Og med solnedgangsbiletet under avsluttar vi dette reisebrevet. Takk for følgjet!
Herlig @Kristian, eg blir heilt varm og glad inni meg av å lese dette. Det nærmar seg 20 år sidan sist eg var i vesterled, og då fikk eg ikkje med meg ein tidel av det vi har fått sjå her (stort sett berre Tórshavn). Det er nok på tide med eit nytt og meir omfattande besøk.
Tusen takk for at vi får være med. Gleden over et velskrevet reisebrev nå, når kvelden glir mot natt på jobb er stor her Og lysten på besøk til Færøyene har økt betraktelig.
Takk for følget! Kjekt å høre at det falt i smak Takk for at herren tok seg tid til å 'bli med' på turen! Kanskje du har litt Súlabonus på lur som kan gje dei ei standsmessig reise med Atlantic Airways? Kven veit kva som ligg inst i kottet Kjekt at reisebrevet kunne lyse opp nattevakta litt
Takk for et fabelaktig reisebrev! Og for at du tar deg tid til å skrive dette på forumet, i stedet for å forfatte en reisebok. Dette er det høy klasse over! Blandede følelser om å reise til Færøyene nå, egentlig. Det ser ut til å være en reise verdt, men etter dette reisebrevet trenger man jo ikke å dra dit..
Dett var dett! Informativt, pedagogisk og velformulert. Slik vi er blitt bortskjemt med fra den karen. Samlede verker kan utgis i bokform, kanskje på IF forlag . Takk for at du tar deg tid. PS Hils nabokatten og Aust-Finnmark. Eks-forloveden takker også! DS
Takk for triveleg tilbakemelding Kan du eigentleg stole på det ein eller annan nisse på Internett har skrive om Færøyane? Eg trur faktisk du må granske øynasjonen med eigne augo. Og om ikkje du gjer det for din eigen del, så ta på deg inspektørhatten og gjer det for konge og fedreland!
Takk for veldig hyggelig lesning og supre beskrivelser av et fantastisk reisemål. Jeg tror nesten jeg må hoppe etter Wirkola og skrive litt om våre opplevelser av mat og Olsok. Resten trenger jeg ikke gjenta. K
Her inne på IF blir det skrive mange fine reisebrev, i somme tilfelle kan ein vel sjå på seg sjølv som ein smågut på bakerste rad, men herrens ord og helsinga frå eks-forloveden varmar. Nabokatten, han som ganske sikkert har pandionkort til mine gemakkar, hadde ikkje tid til å sjå i linsa no, men helsinga derifrå er garantert varm og hjarteleg. Helsinga går både til herren og eks-forloveden: Ikkje spør meg kva dyret skal med tannbørste, men eg har min eigen. Visse ting deler ein ikkje, sjølv ikkje med ein pandion!
Det er mange som har hoppa etter Wirkola -- og hausta medaljar av edle valørar. Så du må gjerne dele! Olai vil eg gjerne høyre/lese litt om