Reisebrev: Frå Trondheim vest til Finnmark aust

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 21. aug 2017.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Endeleg skal ein ut og fly igjen. Og no synst eg det har vore litt for mange eksotiske destinasjonar på reisebrevfronten. Som dei sa på Dagsrevyen i gamle dagar: Vi skal heim igjen. :D

    Vi prøver på ei såkalla live-oppdatering. Heng med, folkens!
     
    Upsaker, Travellingalf, DanH and 5 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Hotell mor og far
    Under mitt besøk i Bartebyen denne gong fekk eg gleden av å gjeste Hotell mor og far på Byåsen. Dette er ein stad som eg har frekventert i fleire tiår.

    No skal eg ikkje prøve meg på ei grundig analyse, men opp gjennom åra har det skjedd gradvise oppgraderingar slik at eg vil seie at dette er eit høgst oppegåande premiumprodukt.

    20170821_121315.jpg

    På den teknologiske fronten har det skjedd massive endringar. Siste skrik er DAB-radio, så no er NRK P1 bytta ut med NRK P1+. Dette er eit stort framskritt og gjer overgangen til SAS Plus lettare.

    Som avreisegåve fekk eg denne hypermoderne saken:
    20170821_120557.jpg

    Slikt verdset eg høgt og gir meg ein god grunn til å komme tilbake.

    Meir kjem plutseleg.
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Hotell mor og far tilbyr transport. I dag kunne eg velgje mellom å bli levert på Værnes eller på Jernbanen. Tilbodet kan skreddarsyast og det er sjeldan kapasitetsproblem. Grei og fin sørvis frå dagens sjåfør, ho mor sjølv.

    20170821_143708.jpg

    Det er alltid stas å ta tog, så då vart det til at eg bad om transport til Brattøra og Jernbanen. Offentlege styresmakter insisterer på at dette heiter Trondheim sentralstasjon, men fader om eg er med på den. Hadde togstasjonen vore ved torget eller domkyrkja, så kunne eg ha vore med på at det er sentralt, men Brattøra? Det er jo ikkje noko anna enn ei grusfylling uti Trondheimsfjorden! o_O
     
    Upsaker, SAJblue, DanH and 9 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    NSB jarnokse: Frå Brattøra til Værnes
    Akkurat i rute rusla ein dieseldoning laga for skinnebruk av garde i retning Steinkjer. Eg hadde billett til Værnes. No kunne eg sjølvsagt ha flydd frå Røros, men det er liksom ikkje like praktisk.

    20170821_144200.jpg

    Av ein eller annan idiotisk grunn kan eg ikkje taste inn Værnes på NSBs billettautomatar, men må velgje Trondheim lufthamn. Eg irriterer meg grenselaust når ein på fly blir ønska velkommen til Oslo eller Trondheim (og alle andre flyplassar). I begge (nemnde) tilfelle landar ein jo for fader i eit anna fylke! Kva er feil med å bruke flyplassnamnet?! :mad:
     
    Upsaker, SAJblue, DanH and 9 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    20170821_150431.jpg

    Etter utblåsinga over, har eg roa meg litt ned. Det hjelper med haustgule kornaks og eit blikk utover Trondheimsfjorden :)

    Elles har SAS sendt meg tekstmelding med reisedetaljar, så det blir òg stas. Neste stopp er bollebua på Værnes!
     
    Upsaker, DanH, tommy777 and 4 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Elles stille og roleg i NSBs stillevogn, har ei heil rad for meg sjølv. Vi får sjå kva Bolaget kan gi meg, men eg mistenkjer at det er meir folk der enn her...
     
    Eddie47 and RoadKing like this.
  7. knutfin

    knutfin Medlem

    Innlegg:
    362
    Likes mottatt:
    290
    Bonuspoeng:
    63
    Flott start fra hjembyen min!

    På appen kan man forøvrig skrive Værnes, i tillegg til at den er 100 ganger smoothere i bruk enn de automatene.
     
    tommy777 and Kristian like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Sit på 1D hos Bolaget. Sorry @Eddie47 dersom eg tok plassen, men eg satsar på at du står han av
     
  9. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,014
    Likes mottatt:
    13,972
    Bonuspoeng:
    183
    Til dagsorden:
    Det kan tenkes at for mindre innvidde personer (her tør jeg ikke komme med forslag) er det mer logisk å søke på "Trondheim lufthavn" enn "Værnes", et sted de ikke engang aner at eksisterer.
    Forøvrig: Takk for at du igjen tar deg tid til å underholde oss. Vellykket, som alltid.
     
    DanH and tommy777 like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Joda, du har eit poeng, men då kan ein operere med både med flyplassnamnet og bynamnet. Det handlar òg om ivaretaking av namnetradisjonar og her kan alle yte sin skjerv. Kan hende var det dagens brannfakkel, men eg er ikkje i Trondheim når eg landar på Værnes. Hrmpfh!

    #kverrulant-eg?
     
    Finnks liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Værnes lufthamn
    Innsjekk var superkjapp, eg var einaste person i mils omkrets.

    Med hurtigløp gjennom sikkerheitskontrollen har ein god tid i bollebua.

    20170821_153348.jpg

    Av bakverk ser du på biletet kva SAS bollebu har å tilby i dag. SK371 er førebels eit kvarter forseinka, så no skal bua tømmast! :D
     
    Upsaker, SAJblue, DanH and 6 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Mykje folk, men roleg stemning i bollebua. No er det berre å gle seg til å tømme tralla ombord i SK371, men først min favorittdrikk: Appelsinjuice blanda med ein femdel passoguavajuice, høver perfekt til kanelsnurre

    20170821_155233.jpg
     
    Last edited: 21. aug 2017
    Upsaker, SAJblue, Are and 4 others like this.
  13. funkenstein

    funkenstein Senior Medlem

    Innlegg:
    1,062
    Likes mottatt:
    6,942
    Bonuspoeng:
    183
    Uh-oh... utskeielser i loungen kan fort føre til utagerende adferd ombord (jaffall i følge Ryanair), så fortsettelsen på reisebrevet kan fort bli dramatisk...;)
     
    tommy777, Earl and Kristian like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    SK371 frå TRD til OSL
    20170821_160908.jpg 20170821_155845.jpg
     
    Upsaker, DanH, Petter B-C and 3 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, eg gjekk verkeleg bananas i dag! Meir om det straks...
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Som nemnd var SK371 forseinka, vi snakkar rundt femten minutt. Då eg sjekka inn via Internett, var det smekkfullt framme i Plus-delen og tre-fire ledige rader lenger bak i Plus-delen (totalt 12 rader). Heldigvis sat det ein EBD på 1F, sjølv er eg EBG, så 1E var ledig, takk og pris.

    Ombordstigninga skjedde etter det velkjente saueflokkprinspippet. I mangel på sauebilete, får desse geitene med tilhald ved Jølsetra i Trollheimen duge:

    20170814_090058.jpg
     
    Upsaker, Travellingalf, DanH and 9 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Det vart ikkje ein gong prøvd på å overhalde prioritert ombordstigning. No var vi ikkje så mange, så kanskje var det grunnen. Eg kunne i alle høve slå i bordet med ombordstigningssone A. Ikkje at nokon brydde seg om det :rolleyes:
     
    Last edited: 21. aug 2017
    Petter B-C and Eddie47 like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Vel oppe i marsjhøgde kom tralla og eg forsynte meg grovt, men ikkje verre enn at dagens drake spurde om eg ikkje ville ha endå meir.

    20170821_163818.jpg

    Jada, du ser bilete av Ringis rabarbarajuice. Han var søt, men så er eg mest vand til å ete rabarbara rå, rett frå hagen.:confused: Eg får forsyne meg grovare frå neste tralle! :D
     
    Upsaker, SAJblue, DanH and 5 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Forresten, brukte det ikkje å vera fire kabintilsette ombord hos Bolaget før? Snakkar fram til i fjor eller året før. No er det aldri meir enn tre på innanriks (eller intra-Europa)... Kan hende ser eg feil, for eg ser aldri bakover der bermen sit. Kva godt skulle det føre med seg?
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,656
    Bonuspoeng:
    293
    Alt i alt ein heilt grei flytur frå Værnes til Gardermoen, vi landa omtrent eit kvarter etter rute fordi ein nisse meinte at vi skulle lande sørfrå. Ikkje for det, det humpa godt inn over sørenden av Mjøsa, så kanskje var det ein god grunn til den innflyginga. Jaja, SAS suppekjøken neste!
     
    Petter B-C, Eddie47 and RoadKing like this.

Del denne siden