Reisebrev: Go west! Frå Aust-Finnmark til Washington (SK/UA/Seattle, Ballard, Victoria m.m.)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 15. okt 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    20191013_115534.jpg
    Drakkar, Vardø

    Både vikingar og kvalar reiser langt. No er det min tur!

    Turen går, som trådtittelen seier, frå Gokk til The Evergreen State.

    Dette blir altså eit lite reisebrev som forsøksvis skal haldast oppdatert undervegs. Vi får sjå korleis skribenten oppfyller den lovnaden.

    Dette blir min sjette tur til Seattle-området. Heng med om du vil! :)
     
  2. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,960
    Likes mottatt:
    29,491
    Bonuspoeng:
    183
    God tur, gleder meg til å følge! :)
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  3. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,864
    Likes mottatt:
    64,752
    Bonuspoeng:
    293
    God tur!
    Reisebrev er gøy! :)
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  4. Avixlo

    Avixlo Veteran

    Innlegg:
    1,796
    Likes mottatt:
    8,657
    Bonuspoeng:
    183
    Ha en flott tur over dammen!
    Dette blir meget spennende å følge med på:)
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre harde fakta
    Det er to som skal på tur denne gongen, opphavet (ho mamma) og eg (gutungen). For den tolmodige lesar kjem her ein liten faktabolk om turen vår:

    Vestover: VDS–VAW–KKN–OSL–ARN–LAX–SEA.
    Retur: SEA–SFO–CPH–OSL–KKN––VAW–BJF–VDS
    Flyselskap: WF, SK og UA

    Kart for oss som tykkjer om slikt:
    [​IMG]


    Reiseklasser vestover: SK Biz mellom ARN og LAX.
    – SK Pluss mellom SFO og CPH (oppgraderingsbod lagt inn)
    Pris: 9 800 kr t/r OSL–SEA per snute i SK+.
    – Oppgradering til SK Biz for poeng.
    – Oppgradering til UA domestic first for pengar LAX–SEA.
    – Posisjoneringsflygingar t/r GOKK–OSL: 3 000 kronar i SK+.
     
    Last edited: 16. okt 2019
  6. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,027
    Likes mottatt:
    875,506
    Bonuspoeng:
    293
    Ekstrakostnader for å bo i Gokk
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Løyndomskremmeri
    Ho mamma trur at vi skal reise i SAS PLUS. At eg har bydd på oppgradering til SK BIZ veit ho ikkje. At bodet gjekk gjennom i dag, veit ho i alle fall ikkje. Ho fekk sjølvsagt eit varsel i SAS-appen, men eg sa at det var fordi eg måtte endre setevalet. Ho mamma gjekk fem på og har dermed ikkje peiling i det heile tatt.

    Eg mistenkjer at ho ikkje får snurten i desse krumspringa som gutungen har utførd før ho sit i sete 2H med eit glas med sprudlevatn i handa etter ombordstigning på ARN.

    Pandionkatten humrar bak poten av dette påhittet:
    20191002_182104.jpg
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tsk, tsk, tsk... Å bu i Gokk gir 2x 937 grunnpoeng pluss at Amex-betalinga gir ekstrapoeng. Så dette er lønsamt!!!
     
    watchaddicted, Earl, drsyk and 3 others like this.
  9. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,027
    Likes mottatt:
    875,506
    Bonuspoeng:
    293
    JA
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tidlegare Seattle-erfaring i reisefølgjet
    Ho mamma gjesta Seattle med omeign første gong i det herrens år 1972. Då med mor si. Damene hadde gitt streng ordre til husbond (min morfar) og bror (min onkel) om at karane absolutt ikkje skulle rive hus og ikkje ein gong vurdere tanken på å skaffe hund medan kvinnfolka var ute på vift. Vel, huset stod, men det hadde dukka opp ei ny bikkje då damene kom heim igjen...

    Sidan den gongen har ho mamma vore 'over there' to gongar, så dette blir fjerde gongen. Kanskje blir det siste gongen, òg, seier ho mamma og hintar vel til at ho fylte 70 denne sommaren.

    Gutungen var første gong i Washington state i 2006 og seinare har det vorte fire turar, som gjer at dette, som nemnd, blir tur nummer seks til dette nordvestlege hjørnet av USA.

    20190729_145527.jpg
    Ho mamma startar utflukta frå bartebyen
     
  11. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,364
    Likes mottatt:
    12,513
    Bonuspoeng:
    183
    Som en digresjon. Min mor måtte til VDS for å få jobb etter jus-studiene. Da vi ryddet ut etter min bestefar fant jeg kvittering på en billett til VDS til den nette sum av 4500,- per snute. I 1976-kroner. Da høres ikkje prisen du har betalt for en tur i vesterled så gale ut! Ikkje var det noe opptjening å skryte av heller.
     
    Stuttfeiten, drsyk, Kalsnes and 6 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Føremålet med reisa og eit åtvaring til lesaren
    Føremålet med turen er i hovudsak å treffe slekta. To søstre av ho mormor var på sjukepleiarutveksling 'over there' på femtitalet og møtte nokre kjekke amerianske menn. Etter det har slekta reist fram og tilbake over Atlanteren.

    Avreise er i morgon med overnatting på OSL. Dette blir sikkert ikkje eit veldig hyppig oppdatert reisebrev, ei heller frå veldig spennande attraksjonar, men ein veit no aldri. Per no køyrer eg eit lågterskeltilbod med litt blanding av fjas og inntrykk. Så får vi sjå kva som skjer etter kvart.

    Velkomen skal du vere :)
     
  13. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,027
    Likes mottatt:
    875,506
    Bonuspoeng:
    293
    I den alderen har man flere turer igjen ... doktoren som luftes iblant er 71 og jeg er 66
     
  14. Wiolenze

    Wiolenze Veteran

    Innlegg:
    4,930
    Likes mottatt:
    33,641
    Bonuspoeng:
    183
    Ser ut for at den samme pusen enda ikke har innsett den må bli hjemme
     
    ArthurDent and OttoL like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tanta til ho mamma sa midt på 90-talet at no hadde ho kome heim til Noreg frå USA for siste gong, trudde ho. Ho har no vore heime 30+ gongar etter det og sagt det same kvar gong. No er tanta over 90.
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det har du nok rett i, men sjølv om pandion-for-life-loungen stenger eit par veker, så har dyret tilgang til ein diamantlounge, som rett nok er ganske full, men servering er det...
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det var jo omtrent eit par månadsløner (eller noko i det draget), altså ikkje noko ein gjorde kvar dag... Artig med slike funn, då!
     
    watchaddicted, ArthurDent and OttoL like this.
  18. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,864
    Likes mottatt:
    64,752
    Bonuspoeng:
    293
    Standard IF-reisebrev, der altså. :D
     
  19. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,704
    Likes mottatt:
    25,635
    Bonuspoeng:
    183
    God tur, @Kristian! Ta godt vare på opphavet og oppfør deg fint.

    Vi heime gler oss til å følge reisebrevet.
     
    Kristian liker dette
  20. ArthurDent

    ArthurDent Veteran

    Innlegg:
    1,709
    Likes mottatt:
    5,931
    Bonuspoeng:
    183
    Vi gleder oss, og god tur!
     
    Kristian liker dette

Del denne siden