Reisebrev: Helgetur for å kryssa av eit nytt land — LUX i sus og dus?

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 17. april 2026.

Tags:
  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Kvelden vart avslutta på restauranten Bella Ciao City i sentrum av byen. Trøffeltagliatellepastaen var god, men fleire hakk under Taverna Lucifero i Roma. Mette vart vi, då!

    20260417_214530.jpg
     
    NoLimit, Henrik, Sonictravel and 18 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    20260418_093211.jpg
    Utsikt frå Place de la Constitution

    Etter ei god natts søvn rusla vi bort til Place de la Constitution. Her var det ein liten marknad der ein kunne få kjøpt både fisk, blomar, syltetøy og mykje anna.

    Vi, derimot, var på Place de la Constitution for å gå under jorda. Bokstavleg talt. Luxembourg er ein over tusen år gamal by og har mykje av si levetkd vore ein festningsby. Utover på 1800-talet mista festningsverka sin betydning og i dag er dei delvis opna for publikum.

    Dermed rusla vi inn i Pétrusse kasematt,
    Casemates de la Pétrusse. Diverre har luxembourgarane gjort litt lite ut av denne kasematten og vi var gjennom på eit kvarter. No veit eg ikkje kva eg hadde forventa, men kanskje noko meir i retning av forsvarsverka i Gibraltar.

    20260418_095712.jpg
    Inne i Pétrusse kasematt

    20260418_095844.jpg
    Inne i Pétrusse kasematt
     
    Last edited: 23. april 2026
    Henrik, Sonictravel, Earl and 13 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Etter Pétrusse kasematt gjekk vi bort til neste forsvarsverk, Bock kasematt, Casemates du Bock. Denne kasematten er større og slik sett litt meir interessant, men her er informasjonstavlene utelukkande på fransk og tysk. Dei har ein liten pamflett på engelsk som du kan plukka med deg før du går inn, då, men så langt tenkte eg ikkje. Så vi vart ikkje så kloke på kva dei ulike delane av Bock kasematt hadde vorte brukt til.

    Det beste med Bock kasematt er igjen ikkje det underjordiske forsvarsverket i seg sjølv, men denne gongen utsikten ut til byen på utsida. Best utsikt er kanskje å finna oppe på gateplan.

    20260418_110739.jpg
    Luxembourg for 900 år sidan

    20260418_111727.jpg
    Ytterveggane av Bock kasematt
     
    Last edited: 23. april 2026
    Henrik, Sonictravel, Earl and 14 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Luxembourg by ligg der elvene Pétrusse og Alzette. Begge elvene ligg i botna av kvar si djupe kløft. Det verdsarvlista historiske sentrumet ligg på eit platå som tronar over desse kløftene som omkransar store delar av byen.

    Det er fint å sjå ut over dalbotna nede i kløftene og det er flust av utsiktspunkt. Vi rusla òg ned i dalbotna og synst det var ålreit. Der er det både by og natur.

    20260418_112056.jpg
    Dalbotna sett frå Bock kasematt

    20260418_105057.jpg
    Byliv langsmed elva Pétrusse

    20260418_122435.jpg
    Ei av mange bruer i Luxembourg
     
    Henrik, Sonictravel, Earl and 15 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Ikkje langt frå Bock kasematt ligg Luxembourg bymuseum, Lëtzebuerg City Museum. Museet skal ivareta historia til den verdsarvlista delen av byen og fortel om økonomisk og politisk utvikling gjennom tusen år fram mot nasjonal sjølvstende og ein viktig faktor i det europeiske samarbeidet. Det synst eg dei greier ganske godt så det kan vera verdt å tusla innom.

    20260418_163115.jpg
    Eit tilfeldig bileteutsnitt frå bymuseet

    20260418_163959.jpg
    De Fiisschen. Reven. Symbolet på luxembourgs litteratur. Frå bymuseet
     
    Last edited: 23. april 2026
    Henrik, Sonictravel, Earl and 12 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    20260418_141517.jpg
    Lønsj på Atmos Sarl

    20260418_151913.jpg
    Dessert på same stad

    Etter å ha vore i dei to kasemattane og rusla litt rundt, så var det tid for lønsj. Vi gjorde ingen førehandsundersøkingar, berre ramla inn på første og beste stad. Den tropiske salaten var god, det same var desserten. Etterpå gjekk turen til bymuseet (som er omtalt like over her).
     
    NoLimit, Henrik, Sonictravel and 11 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Resten av dagen brukte vi i stort til å rusla rundt og sjå på smått og stort. Mellom anna snubla vi over huset med påskrifta "Mir wölle bleiwe wat mir sin" — "Vi vil forbli kva vi er", Luxembourgs nasjonalmotto som uttrykkjer at folket ønskjer å halda på sjølvstende, særpreg og identitet.

    20260418_103809.jpg
    Luxembourgs nasjonalmotto
     
    Henrik, Sonictravel, Earl and 16 others like this.
  8. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,612
    Likes mottatt:
    887,686
    Bonuspoeng:
    293
    Hvordan ligger hotellet i forhold til å utforske byen til fots?
    I tilfelle det ligger i "utkanten", hvordan er det da i forhold til kollektivtransport?
    Hvilken bydel ville du helst ha bodd i?
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Park Inn ligg cirka éin kilometer frå torget i gamlebyen. Det var ei grei plassering for vår del. Det finst hotell i gamlebyen som då er nærmare, sjølvsagt. Unngå området rundt den sentrale jarnbanestasjonen der mange av byens vanskelegstilte heng rundt.

    Elles, kollektivtransport er gratis og avgangane er mange, rundt kvart tiande eller femtande minutt på dei buss- og trikkerutene vi har testa.

    Forhåpentlegvis er dette til hjelp :)
     
    Sonictravel, indahla, Earl and 2 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Det er to torg i Luxembourg, Place d'Armes og Place Guillaume II. Begge plassane er fylt med uteserveringar og kan vel nær sagt bli karakterisert som 'turistfeller'. Vi kryssa over begge torga (fleire gongar) som i og for seg er fine, her Place Guillaume II:
    20260418_155700.jpg
    20260418_155633.jpg

    På mi vandring snubla eg òg over det som eg trur kan bli kalla 'terrasseplassar', altså stader for å ta ein matbit og ein drink samstunde med at ein har litt utsikt, slik som denne plassen (som eg ikkje har namn på, men han ligg på austsida av sentrum med utsikt ned over elva Alzette):
    20260418_170833.jpg
     
    Henrik, Earl, Spielhaug and 10 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    20260418_173751.jpg
    Pescatore, J.P. Foundation

    Etter kvart som eg tusla kom eg til ein plass eg tenkte at her ville eg følt meg heime. Det var staden som er fotografert over her, Pescatore, J.P. Foundation. Det viste seg at dette er ein eldreheim... Så kanskje nok eit teik på at eg er gamal...

    Vel-vel, like ved eldreheimen ligg Ascenseur Panoramique du Pfaffenthal, ein heis som gratis tar deg ned til botna av kløfta (eller opp derifrå). Det er fleire slike heisar i Luxemburg. Praktisk for å unngå dei bratte åssidene (for slike fossil som meg)...

    Screenshot_20260423_203426_Gallery.jpg
    Ascenseur Panoramique du Pfaffenthal
     
    Henrik, Earl, kongenamundsen and 8 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Etter å ha tusla gatelangs ei stund ramla eg inn i eit parkområde. Somme stader der var det folksamt, andre stader berre fine blomar, som til dømes i Parc municipal de Luxembourg.

    20260418_181641.jpg
    Kinnekswiss Park

    20260418_181948.jpg
    Ved Fountain Circle

    20260418_183710.jpg
    Hôtel de Ville, rådhuset i byen
     
    Henrik, Earl, Spielhaug and 10 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Etter kvart var det seint nok til at vi var middagssvoltne. God mat og triveleg vertskap fann vi på Brasserie "Favorite", ein restaurant som serverer kasakhstansk og georgisk mat. Det georgiske kjøkkenet byr, så langt eg veit, utelukkande på nydeleg mat. Eg burde nok ha prøvd ein av dei kasakhstanske rettane, men augo ville ha meir enn magen hadde rom for.

    20260418_211018.jpg
    20260418_205548.jpg

    Brasserie "Favorite" er vel verdt å ta turen innom. Staden er populær så det kan lønna seg å reservera bord. Personellet verka språkmektige der dei veksla mellom fransk, tysk, engelsk, russisk og mogleg endå fleire språk.

    Gode og mette vralta vi tilbake til krypinnet vårt og snorka fredeleg til neste dag.
     
    Henrik, Earl, Spielhaug and 10 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Relativt utkvilte vakna vi til ein ny dag og bestemte oss for å ta bussen til bydelen Kirchberg. Her ligg ei mengde institusjonar knytta til EU. Vi tenkte det kunne vera kjekt å sjå på eit øar maktinstitusjonar.

    20260419_115300.jpg
    Luxembourgs nasjonalemuseum

    20260419_115933.jpg
    Fuglen er fløyet???

    Luxembourg er eit land med cirka 700 000 innbyggjarar, i byen med same namn bur det rundt 140 000 personar. Difor overraska det å sjå så mange gigantiske bygg som vi såg denne dagen. Haka datt nærmast ned på brystkassa!
     
    Henrik, Earl, Spielhaug and 10 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Litt tilfeldig snubla vi over det sivil-militære luftfartsorganet Eurocontrol. Hovudkontoret er i Brüssel, men Luxembourg-kontoret er ikkje kjempelite:
    20260419_122418.jpg

    20260419_140034.jpg
    Eit tilfeldig kontorbygg som vi tusla forbi
     
    Henrik, Earl, Spielhaug and 9 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    EU-parlamentet har òg eit solid fotfeste i Luxembourg med fleire bygg. Det ville vel tatt eit kvarters tid å spasera rundt heile kvartalet det alle EU-parlamentets bygg ligg.

    20260419_135648.jpg
    20260419_140249.jpg
    EU-parlamentet
     
    Henrik, Earl, kongenamundsen and 8 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    20260419_141844.jpg

    EU-domstolen har sitt hovudsete i Luxembourg og held hus i m.a. tre høge bygg. Like ved ligg ein liten park som heiter Jardin du Multilinguisme. Her kan ein læra om EU-domstolens mandat og arbeidsmetode. Vel verdt ein tur innom. I parken ligg òg skulpturen 'Genus', ein mangefassetert steinformasjon som for meg stadfestar at kjønnsuttrykk har mange formar:
    Screenshot_20260423_212453_Gallery.jpg
     
    Henrik, Earl, Spielhaug and 9 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    El Barrio Restaurante y Tapas Bar var ein knallfin plass når svolten meldte seg. Herifrå er det nok skrive mange reiserekningar frå diverse delegasjonar på besøkt til ein av dei mange internasjonale institusjonane i området. Vi fekk god mat og ålreit sørvis!

    20260419_132250.jpg
    Dessert på El Barrio Restaurante y Tapas Bar

    20260419_143125.jpg
    Endå fleire kontorbygg som vi tusla forbi
     
    Henrik, Earl, Spielhaug and 10 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    20260419_142515.jpg
    Den europeiske investeringsbankens lokale

    20260419_160044.jpg
    Avslapping i Vallée de la Pétrusse

    På vår veg mot sentrum ramla vi innom Muerbelsmille, eit museum med ei mølle og ei sennepsutstilling m.m. Det var ikkje all verda, men mest vanskeleg grunna manglande engelskspråklege tekstplakatar.

    20260419_150641.jpg
    Muerbelsmille
     
    Henrik, Earl, kongenamundsen and 7 others like this.
  20. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,473
    Likes mottatt:
    18,769
    Bonuspoeng:
    183
    Litt usikker på om det blir verken bakevarer eller sennep på pølsa for meg når ein ser kvar møllarane i Luxembourg gjerne plasserar hendene sine (kan ikkje sjå noko vask på bildet? ^^).

    Ellers mykje fint å sjå, takk takk! :)
     
    Eddie47 and Kristian like this.

Del denne siden