Reisebrev: I vesterveg: Dublin og Shetland

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 21. mai 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Den andre dagen vart avslutta i området Temple Bar. Middagen på Smokin Bones var nydeleg, sjølv om det tok veldig lang tid før maten kom på bordet:
    20220521_194913.jpg

    Det siste eg hugsar frå kvelden er live-musikk på den originale Temple Bar, der det denne laurdagskvelden var tjåkfullt (eit ord eg ikkje kan å stava), men fin stemning:
    20220521_204807.jpg

    Inntrykket er at nesten alle barar eller pubar i Dublin med respekt for seg sjølv har live-musikk kvar kveld. Når du går i barstrøket høyrer ein fort at det er flinke folk i gang, så ein kan berre gå til ein finn noko som fell i smak og så slå seg ned med neven omkring eit glas. Ganske så ålreit, spør du meg (som verken er spesielt drikkfeldig eller superglad i utelivet)!
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 15 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tredje dag i Dublin
    Etter ein solid frukost gjekk turen til Kings Inn park der vi skulle sjå på eit svoltent tre. Der er det slik at eit tre har vekse slik at ein benk no står delvis inni trestammen:
    Screenshot_20220522-225656_Gallery.jpg

    Like ved møtte vi på ein triveleg kar som heilt tilfeldig og uoppfordra snakka om dette og hint. Han var jurist innan internasjonal rett, men kunne fortelja om pubar som spelte reggiemusikk til langt uti dei små timar og mykje anna.

    Etter den trivelege passiaren, tok vi ein pause frå realitetane og gjekk på National Leprechaun museum. Her fekk vi plass på ei omvisning som starta få minutt seinare (berre tilgang med guide).

    Museet formidlar irsk folklore med fokus på irske legender og eventyr om magiske vesen frå underverda. Guiden vår fortalte levande og varmt om alle dei ulike vesena som finst i dei irske folkeforteljingane og attfortalte fleire for oss. Vel verdt ein time av livet, spør du meg.

    20220522_110915.jpg
    National leprechaun museum
     
    Last edited: 17. sept 2022
    Avixlo, kjeeli, Stuttfeiten and 13 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vi hadde planar om å ta turen til Kilmainham Gao, eit fengselsmuseum, som m.a. tar føre seg historia til Irland og kva folk har vorte straffa for opp gjennom tida. Det viste seg at her måtte vi delta på omvisning for å få tilgang, og alt var bortbestilt då vi sjekka.

    Planverket vart kjapt justert og vi rusla bort til EPIC, utvandrarmuseet. Opp gjennom åra har millionar av irar utvandra til land over heile verda. EPIC er via dei som vandra ut og er ei interaktiv utstilling.

    20220522_140713.jpg
    Inngangspartiet

    Museet var slett ikkje dumt og det er mogleg å slå i hel mykje tid der om ein vil sjekka alt det interaktive som finst.
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Henrik and 8 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    20220522_151558.jpg
    Kanalen gjennom Dublin

    Deretter gjekk turek til det irske whiskeymuseet. Her var vi med på omvisning. Igjen var guiden skikkeleg flink og fortalte levande om historia til irsk whiskey. Etterpå var det ein smaksseanse.

    To problem med opplegget: gruppa på omvisning var for stor og smaksrunden var litt prega av at eg ikkje likte tre av fire whiskyar som vart servert. Den siste var ålreit, men Teeling som eg smakte på dagen før var betre.

    20220522_180526.jpg

    Alt i alt ein fin dag i Dublin. Og heilt utan nedbør!
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dergvale hotell i Dublin
    Overnattinga var ålreit. Hotellet Dergvale hotell kosta cirka tolvhundre kroner natta og låg rundt femten minutts rusling unna kanalen. Alt utanom flyplassen er vel i gangavstand.

    Grunna koronapandemien var frukostserveringa stengt, Irland hadde fjerna påbodet om munnbind berre dagar før vi kom, men det var fleire ålreite tilbod rett i nærleiken, så det gjekk greitt.

    Romma var ålreite:
    20220520_140243.jpg
    20220520_140221.jpg
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Avixlo, kjeeli and 13 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit oppsummerande hjørne med litt språknerding
    Dublin har vore eit hyggjeleg møte. Om eg skulle ha gjort noko litt annleis var det å sjekka litt grundigare kva som krev førehandsbestilling og ikkje. At vi vart med på omvisingar gav meirverdi til besøka då guidane var flinke og formidla godt og med humor. I tillegg ville eg kanskje ha lagt opp løpet slik at vi besøkte ting som ligg nært kvarandre i staden for å vandra heile byen på langs og tvers. Ikkje for det, Dublin er ikkje så stor, så det har gått fint. Det blir nok ein tur tilbake, men då òg for å sjå andre delar av Irland.

    Overalt i Dublin er gateskilt, museumstekstar og namn på offentlege bygg skrive på irsk, eit keltisk språk. Det er heilt klårt eit minoritetsspråk i landet og engelsk er nærmast totaldominerande, men for meg som er glad i språk er det fint å sjå at ein prøver å synleggjera eksistensen til irsk. Dersom vi kvar dag rundt oss ser eit minoritetsspråk, gløymer vi ikkje at det finst og det kan vera eit lite skritt på vegen til å hindra at språket døyr ut, trur eg, ein tanke som eg meiner kan overførast til alle typar minoritetar (og meir til), ikkje berre språklege då vi som menneske kanskje har lettare for å forstå og godta det vi ser rundt oss enn det som er feidd under teppet. Poenget i dette reisebrevet er at det var kjekt å sjå irsk overalt, ei fin påminning om at engelsk ikkje er einaste offisielle språk i Irland.

    20220521_132513.jpg

    Med dette går reisebrevet frå storbymodus over til øyhoppingsmodus. Frå Dublin går turen til Shetland, av nordmenn tidlegare kalla Hjaltland.
     
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 16 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Irland til Shetland -- med forviklingar
    Det er det nasjonale skotske flyselskapet Loganair som får æra av å fly oss frå Irland til Shetland. Diverre er både reisefølgjet og eg statuslause og har null klanpoeng i deira bonusprogram. Vi er rett og slett berm!

    Sjølvsagt skulle ikkje turen frå Dublin i Irlsnd til Sumburgh på Shetland gå utan forviklingar. Det største problemet oppstod då det ved datamaskina oppstod ein gigantisk brukarfeil.

    Underteikna hadde glad og nøgd bestilt flybillett frå Værnes til Dublin med SAS. Då eg bestilte hos Loganair synst eg det var rart at dei flaug frå ein annan flyplass enn SAS landa på i Dublin, men eg pønsja gjennom bestillinga og var i ekstase over å driva med reiserelaterte saker.

    Etter nokre timar i ekstatisk lykkerus bestemte eg meg for å sjekka dette flyplassopplegget. Har Dublin verkeleg to flyplassar? Internett gav eit rungande NJET til svar.

    Til slutt vakna hjernecella litt meir til liv: Eg hadde ikkje bestilt billett frå Dublin til Shetland, men frå Belfast til Shetland... Det er jo sjølvsagt at DUB og BEL ikkje er same by... Heldigvis hadde eg bestilt fleksible billettar (pandemien herja jo framleis i starten av februar), men det var flaut å gå inn å fiksa seg ny billett. Er det mogleg, liksom? Tydelegvis...

    Screenshot_20220523-072207_Opera.jpg

    Nokre veker seinare, rundt to månader før avreise, oppstod nok eit problem. Då varsla Loganair at dei ikkje skulle fly tysdag 24. mai mellom Dublin (eller Belfast som eg liker å kalla byen) og Aberdeen. Difor fekk vi ny avreise måndag 23. mai, men med 26 timar stopp i Aberdeen og ikkje berre fire. Så då måtte vi på ny inn på Loganairs nettsider. Heldigvis var det mogleg å senda inn førespurnad elektronisk og vips sat vi med billettar frå Dublin til Sumburgh på same dag.

    Og som den årvakne lesaren du er, så har du skjønt at det er i dag turen går frå Irland til Shetland. Dersom det er noko spesielt å melda, kjem det sikkert ei oppdatering eller to. Eit par bilete av Loganairs fly skal eg vel òg få til å knipsa.

    Vil du vera med, så heng på!
     
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 16 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, men eg er sikker på at flaksen min er brukt for lang tid framover, så no er det den smale sti som gjeld... :oops:
     
    Eddie47 liker dette
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! Det er kjekt å vera i Utlandet igjen! :cool:
     
  10. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,870
    Likes mottatt:
    9,153
    Bonuspoeng:
    183
    Gøy! Her har @Eddie47, @RoadKing og jeg fått nyttige tips til årets Ingeniørtur i Vesterled.
    Guiness gjorde vi sist, så det kan fort bli bilder fra samme steder om en tre ukers tid :)
    God tur videre
     
    Eddie47, RoadKing and Kristian like this.
  11. Spielhaug

    Spielhaug Veteran

    Innlegg:
    3,152
    Likes mottatt:
    7,896
    Bonuspoeng:
    183
    Bang for the bucks? :D:D
    Alltid kult å lese reisebrevene dine, fulle av små gode detaljer
     
    Kristian liker dette
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    På Dublin lufthamn er det ingen som har høyrt om Loganair. Så kjentfolket vil senda oss til innsjekksområde 14 på terminal 1, to etasjar ned. Heldigvis dukkar plutseleg flyet vårt opp på skjermane og seier vi skal til innsjekkområde 11. Der er det kø ut av eit anna helvete og ingen skjerm med Loganairs logo på...

    20220523_102925.jpg
     
    Avixlo, Stuttfeiten, Henrik and 7 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Innsjekkinga på Dublin tar vinter og vottar av tid. Dama i skranken veit ikkje kor Aberdeen ligg og trur vi skal vidare til Shetland med tog. Ikkje veit ho at Aberdeen ligg i Storbritannia heller...

    Det meste vart vanskeleg, men vi fekk ombordstigningskort til ABZ. Neste må vi henta ut før neste fly. Heldigvis har vi tre--fire timar på Dyce Aberdeen lufthamn...

    Effektiv tryggingskontroll, då. Alle sluser opne, ikkje som hos Avinor der alltid helvta er stengt... No skal vi finna loungen... Nei, vent litt, det har vi ikkje tilgang til... Korleis skal dette gå??
     
    Last edited: 23. mai 2022
    pgaa, Avixlo, Upsaker and 6 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Bermen sit på stolar i eit felles venterom og ser folk og fly. Nesten det same som ein lounge. No satsar vi berre på at Loganair er i rute og at sjåføren veit kor Aberdeen er...:
    20220523_113258.jpg

    20220523_113217.jpg
    Aer Lingus har mange maskiner her på DUB

    20220523_112850.jpg
    Mange avgangar!
     
    pgaa, Avixlo, kjeeli and 11 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Sånn, då er ombordstigning i gang. Det vil seia, éin person vart sjekka for ti minutt sidan. Deretter gjekk skrankedama til naboutgangen. Så vi andre står som ei lita blomeeng og ventar... Informasjon over høgtalar, per e-brev eller sms? Ikkje sett eller høyrt... Men no kom oppropet -- endeleg!
     
    Avixlo, Stuttfeiten, Upsaker and 6 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Og halvvegs i ombordstigninga stoppa det heilt opp... Systemet vil ikkje lesa passet til ein passasjer. Så då tok det rundt nye ti minutt ekstra, men no er vi på plass i ein 22 år gamal rakkar av ein Embraer E145:
    20220523_124810.jpg

    Og det er hovudputer av tweed ombord! Skottland neste!
     
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 12 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Planlagt avgang var 1220, no er klokka 1310. Piloten ber om orsaking for at vi er seint ute og skal fly det remmer og tøy kan halda. Han påstår at det er rett fram frå DUB til ABZ... Billetteringssystemet og innsjekkingsfunksjonane fungerte visstnok ikkje optimalt på Dublin i dag, difor tok det tid. I tillegg var flyet ein halvtime etter rute inn til DUB (det kom frå ABZ.

    Screenshot_20220523-115356_Flightradar24.jpg

    20220523_130755.jpg
     
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 9 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takkar! Haha, det var nok valuta for pengane, ja. Heldigvis (?) lite bang-bang...dersom det er lov å seia...:rolleyes:
     
    Spielhaug liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk og god tur til ingeniørlauget når seniorsjefsoveringeniøren kjem seg heim frå andre sida av dammen! :D
     
    Last edited: 23. mai 2022
    anders82, RoadKing and Eddie47 like this.
  20. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,147
    Likes mottatt:
    869,601
    Bonuspoeng:
    293
    *A loungen på DUB er ikke all verden ..
     

Del denne siden