Reisebrev: I vesterveg: Dublin og Shetland

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 21. mai 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det trur eg på! Men vi overlever som berm, eg trur ikkje eg skal satsa tungt på klanpoeng i Loganairs bonusprogram berre for å føla at eg tilhøyrer dei 'eleverte klassar' neste gong eg skal til Noregsveldets utpostar i Nordsjøen/Atlanterhavet. Ikkje for det, ein veit aldri... Men *A-loungen skal kanskje få besøk neste gong :)
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    No er vi snart 70 minutt forseinka. Det er trøbbel med traktoren som skal dytta oss ut på stripa, sjølvsagt... Overskrifta til dette avsnittet der eg brukte ordet 'forviklingar' vart meir sann enn eg hadde håpa på... Det høyrast ut som om det står ein mann og røskar hardt i festet der traktoren skal gripa tak i flyet... Ja-ja, vi har framleis god tid på ABZ før flyet til LSI (Sumburgh på Shetland) går...
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Endeleg framme på ABZ, Aberdeen. Det regnar. Kjapp passkontroll og uthenting av bagasje for fortolling. Innsjekken for reisa over til Shetland opnar ikkje før kl. 1630. Så då er vi ofre for det Skottland kan tilby av gourmetmat ute i avgangshallen (to pizzavariantar: haggis eller margarita):
    20220523_151519.jpg
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Kommentar frå innsjekkinga på Aberdeen: Don't talk to me about Dublin. Useless airport!

    No skal alt vera i orden for tur til Shetland. I Aberdeen er det grått, men vi har trua på sol på Shetland -- eller opphaldsvêr i det minste...!

    20220523_161251.jpg
     
  5. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,168
    Likes mottatt:
    15,473
    Bonuspoeng:
    183
    Dette ble en fin høytlesningstund for eks-forloveden, som etter etterhvert som fortellingen skred frem ble lysere og lysere til sinns. Ikke pga din lett problematiske og opplevelsesrike tur, men fordi vår egen start i HAM i dag plutselig virket som plain sailing. Glemt ble utrolig lang og treg sikkerhetskontroll, og tilhørende sure ansatte.

    Måtte dere vederkveges bare lykkelige stunder videre på ferden! Og takk for alle detaljer.

    PS
    Din eminente nynorsk ble nok litt skjødesløst behandlet av leseren. Unnskyld.
    DS
     
    Last edited: 25. mai 2022
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Og takk for trivelege ord. Måtte kvelden bringa ro i heimen! :)
     
    Berlioz liker dette
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Her held forviklingane fram, nesten like endelaust som fjernsynsserien 'Forviklingar'. No har vi fått i oss mat ute blant bermen. Loganair vil ikkje lenger fly kl. 1800. Flyet er forseinka til 1900... Ifølgje webkameraet er det strålande vêr på LSI (Sumburgh, sør på Shetland)...
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Flyet vårt, G-LMTE, ein småfrekk ATR-72 starta som LM026 i Newquay, mellomlanding i Manchester før Aberdeen og vidare på same rutenummer til Sumburgh (LSI). No er det endeleg på plass her i Aberdeen:
    20220523_185749.jpg
     
    pgaa, NorFlight, Stuttfeiten and 10 others like this.
  9. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,928
    Likes mottatt:
    12,293
    Bonuspoeng:
    183
    God tur til Shetland, artig flyplass Sumburgh.
    Sjå opp for nakne kvinnfolk, for som sjåføren me hadde sa: «Behind every tree on Shetland there is a naked woman»
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Åj-åj-åj! Så bra det ikkje er så mange tre på Shetland, då :D:D:D
     
    snus_mumrikken liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Endeleg på plass i flyet. LM025 skal snart ta av, drygt halvannan time forseinka. På denne ATR-72-en er A vindaugesete på venstre side og D på høgre side. Nakkestøttelappen er òg her i solid tweed:
    20220523_192733.jpg

    No får vi håpa at sjåføren finn vegen til Shetland!
     
    pgaa, NorFlight, kjeeli and 13 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Forresten, frå DUB til ABZ baud Loganair på servering av kaffi/te/vatn og kjeks/kjekssjokolade til alle. Ikkje all verda, akkurat:
    20220523_140915.jpg
     
    Stuttfeiten, Henrik, Upsaker and 6 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Same servering frå ABZ til LSI som frå DUB til ABZ. Omtrent to timar forseinka fekk vi leigebilen vår og eg gjorde eit par uelegante byks ut av parkeringa med Kia-leigebilen og turen gjekk inn mot Lerwick.

    Det snurrige med Sumburgh er at her må ein kryssa flystripa med bil for å koma seg ut av flyplassområdet. Det var jo stilig. Om bommen var automatisk? Nei, ein kar lukka og opna manuelt:
    20220523_210721.jpg

    Reisebrevet går no over i Shetland-modus. Oppdateringar kjem i ny og ne.
     
  14. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,027
    Likes mottatt:
    875,506
    Bonuspoeng:
    293
    Da må du fly med Lufthansa eller Swiss .. for SAS betaler ikke for kontraktlounge.
     
    Kristian liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Første dag på Shetland
    Vi bestemte oss for å gjera Shetland utrygg frå nord til sør. Som sagt, så gjort. Vi dundra nordover i vår svarte Kia og etter to ferjeturar var vi framme ved Hermaness på øya Unst. Målet var ein rusletur i landskaps- og naturvernområdet som ligg lengst nord på Unst (to øyer nord av Mainland (der Lerwick ligg)).

    På Hermaness fekk vi sjå lundefugl, storjo, havsule, krykkje og fleire andre rakkarar som okkuperte både luftrommet og diverse svaberg og bratte fjellsider i eit nokså røft landskap.

    20220524_134708.jpg
    Lundefugl på Hermaness, Unst

    20220524_141847.jpg
    Hermaness, eit slags grønkledt nordkapplatå?
     
    pgaa, NorFlight, kjeeli and 14 others like this.
  16. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,168
    Likes mottatt:
    15,473
    Bonuspoeng:
    183
    Det er vel og bra med fugl og grønn mark, men har de sett noe til politifolkene i krimserien som har gitt navn til øyriket? (Eller var det motsatt?)
    Uansett, ha en fortsatt fin tur.
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Turen gav òg utsikt til Storbritannias nordlegaste fyr: Muckle Flugga. Her tok vi ein matpause og lot augo kvila på fyret, fuglane og Atlanterhavet:
    20220524_142716.jpg

    Ifølgje 'reklamen' for turen rundt Hermaness burde vi setja av tre--fem timar, men sjølv etter matpause og mange fotostopp var vi ferdige på 2,5 timar. Lengda var vel på 8 km.
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Enn så lenge har vi ikkje sett politiet, men kanskje ved kakekjøleskapet på vestsida av Mainland. Dit går turen innom i dag, kanskje :)
     
    Berlioz liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Etter Hermaness køyrde vi eit lite stykke sørover til Bobbys busskur. Her var det installert fjernsyn, trone og meir til, samt at det var mogleg å setja på seg krone eller tiara. Sjølvsagt valde eg sistnemnde. Ein artig fotoseanse oppstod, det mest uskuldige biletet deler vi her:
    20220524_161253.jpg
     
    pgaa, kjeeli, Stuttfeiten and 11 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ikkje langt unna Bobbys busskur var det eit langhus og ein kopi av Gokstadskipet. Nok eit kort stopp der før vi kom fram til ei kaffisjappe der du sjølv skriv opp kva du kjøper og puttar pengane i ei skuffe. Glimrande opplegg:
    20220524_165001.jpg

    Like ved var det ein svært avansert vêrstasjon:
    20220524_165428.jpg
     

Del denne siden