Reisebrev: I vesterveg: Dublin og Shetland

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 21. mai 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vi tok oss tid til ein kveldstur i Burravoe der vi gjekk langsmed sjøen rundt ei halvøy. Som vanleg eit rikt fugleliv med tjeld og måse, men ein nyfiken sjel titta òg opp av vatnet og undra seg nok over det rare vesenet han såg på land:
    20220524_202409.jpg

    Litt om ferjelivet på Shetland
    Så skulle vi ta ferja heim i retning Lerwick. Der las eg sjølvsagt feil på rutetabellen, så vi fekk ekstra ventetid, men berre knappe tre kvarter...

    Å ta ferje på Shetland er eigentleg veldig ålreit då det er avgangar stort sett kvar time eller oftare, i alle fall mellom Mainland og Yell samt mellom Yell og Unst. Første ferje går i sekstida på morgonkvisten og siste etter ni på kvelden (endå seinare om du bestiller før seks på ettermiddagen).

    Å finna riktig ventefil kan vera litt utfordrande, i alle fall for oss som har litt tungt for det, fordi det er ikkje heilt berre-berre:
    20220524_195233.jpg

    Eg har på kjensla av at kvar ferjerute har sitt eige system, noko som er forvirrande. På toppen av alt er sjølvsagt merkinga av ventefilnummeret i asfalten stort sett nesten skrapt vekk eller tatt av vinden og skilt over filene eksisterer ikkje. Ja-ja, det er mogleg at eg no er pirkete... Eg synst mest at det er litt sjarmerande.

    Betalinga for ferjeturane var òg eit lite eventyr. Vi betalte på første ferja (frå Mainland til Yell), der fekk vi returen òg. Neste ferje (frå Yell til Unst) sjekka ikkje oss i det store og heile verken nordover eller på retur sørover. Så om vi betalte det vi skulle anar eg ikkje, men vi prøvde!

    20220524_204339.jpg
    Kveldssol på ferja frå Yell til Mainland

    upload_2022-9-17_11-7-21.png
    Dagens køyretur vist i kart med utvalde stoppestader
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, NorFlight, kjeeli and 10 others like this.
  2. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,661
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Værstein er fine greier :)
     
    Spielhaug and Kristian like this.
  3. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Ser ut som fine forhold på fergeturen, men det viktigste spørsmålet er ubesvart... hadde de svele? Hvis ikke så er det vel ikke ordentlig ferge ;)
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Her kunne det ha skjedd:
    20220525_121434.jpg
    Ladysmith road, Scalloway, Shetland

    :D
     
    Stuttfeiten, Earl, paron and 3 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Heile kafédrifta var stengt, så verken svele eller vaffelkake var å sjå... Det blir levert klage til Downing street 10...! Å, ja, eg går rett til topps!
     
    Earl and RoadKing like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Andre dag på Shetland
    Etter å ha sjekka vêrmeldinga og ein ferjetabell vart dagsplanen lagt i går omkalfatra etter beste evne. Ein solid dose feilnavigering på toppen av ein blings i planleggingsfasen før avreise ut av Noreg medførte at den nye dagsplanen vart endra på ny.

    Kort sagt hamna vi etter ein køyretur i shetlandsk landskap til Scalloway, den historiske hovudstaden på Shetland før Lerwick tok over. Hit skulle vi eigentleg ein annan dag, men pytt-pytt.

    20220525_120631.jpg
    Scalloway sentrum

    I Scalloway ligg eit fint lite museum som via den seks tusen lange busetjingshistoria i området frå neolittisk tid og fram til våre dager. Særs interessant med sveip innom jarnalderen, vikingetida og tida med skotsk styre.

    For oss nordmenn er Shetlands-Larsen eit kjent namn. Under andre verdskrigen vart sabotørar frakta frå Shetland over til ulike plassar i Noreg, som til dømes Troms, Trøndelag (hit for å ta ut Tirpitz som ei tid låg i Fættenfjorden ved Åsen i Nord-Trøndelag) m.m. Andre vegen vart norske flyktingar frakta.

    Denne svært risikofylte overfarten med båt mellom Shetland og Noreg skjedde under militær leiarskap og kodenamnet for operasjonen vart Shetlandsbussen. Han varte frå 1940 og heilt til 1945.

    Utstillinga som tar føre seg shetlandsfararane er jamvel skilta på norsk, og er etter mitt syn eit aldri så lite must for å få eit innblikk i vår eiga krigshistorie. Så var det ingen kven som helst som var med på opnings av museet i si tid:
    20220525_110329.jpg
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Upsaker, Flymunda and 8 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    20220525_120832.jpg
    Minnesmerke over shetlandsfararane

    Ved sjøkanten i Scalloway er det plassert eit minnesmerke for å heidra dei som mista livet på oppdrag for Noreg under andre verdskrigen i operasjonen som vart kalla Shetlandsbussen. På 17. mai hadde det vorte lagt ned blomekransar som stod seg fint no litt over ei veke seinare.

    Det er fleire spor etter Noreg i Scalloway, som til dømes eit kaiområde oppkalla etter dåverande prins Olav som gjesta byen i 1942:
    20220525_121755.jpg
     
    pgaa, NorFlight, Henrik and 13 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    20220525_084820.jpg
    Shetlands motto: Med lov skal landet byggjast (setning frå Jyske lov av 1241, same ordlyd finst òg i norske Frostatingslova)

    Etter ein fin liten runde i Scalloway og lønsj på Cornerstone, tok vi turen til Lerwick igjen. Der var vi innom Shetland museum som tar føre seg dei fleste aspekt av historia til Shetland og folket på øygruppa. Museet er vel verdt eit besøk, spør du meg.
     
    pgaa, Lnbre, NorFlight and 10 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Kveldsturen gjekk til Eshaness for ein roleg gåtur på seks kilometer i lettgått terreng, men nokså dramatiske omgjevnader og i solid vind. Eshaness ligg ein liten time frå Lerwick med bil. Vi lar bileta tala:
    20220525_193032.jpg

    20220525_195540.jpg

    20220525_204509.jpg
     
    pgaa, Lnbre, Henrik and 14 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    20220525_211511.jpg
    Ponni Tyler?

    20220525_211650.jpg
    Eggutsal på Eshaness

    upload_2022-9-17_11-9-56.png
    Dagens køyrerute vist i kart
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Henrik, Upsaker and 12 others like this.
  11. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Utruleg flott, fine bilete
     
    Kristian liker dette
  12. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,150
    Likes mottatt:
    869,609
    Bonuspoeng:
    293
    Det er så mange som klager på/til han stakkaren for tiden, ikke lett å få gehør der enten det er for lete svele på fergen eller for mye champagne på festene!
    Stakkars mann …
     
    Earl and Kristian like this.
  13. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,900
    Likes mottatt:
    12,836
    Bonuspoeng:
    183
    Vi er fortsatt takknemlige for fortelling og bilder.
    Med unntak av fergetrafikken får vi en glimtvis følelse av gjensyn fra kjøring langs Varangerfjorden, på nordsiden selvfølgelig.
     
    Kristian liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ekstremt presis! Nesten betre enn Vidar Theisen! :D
     
    RoadKing liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Med mitt diamantkort hos SAS bør eg få prioritet!
     
    Stuttfeiten, Earl and Eddie47 like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, landskapet er fotogent :)
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, men det er mykje meir sau og mange fleire store grasenger her ute i dette havgapet. Fråveret av tre og det store vidsynet gir ei slags kjensle av å vera heime. For ikkje å snakka om vinden som stadig skapar uorden i sveisen! :)

    Eksforloveden hadde kanskje funne trivsel her, forresten:
    20220525_151755.jpg Garnutsal i Lerwick
     
    pgaa, Henrik, Flymunda and 6 others like this.
  18. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,900
    Likes mottatt:
    12,836
    Bonuspoeng:
    183
    Usikker på om jeg skal vise henne dette bildet, men takk likevel :)
     
    Kristian liker dette
  19. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,661
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Må ta en tur til Shetland gitt. Takk for at du deler :)
     
    Kristian liker dette
  20. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,870
    Likes mottatt:
    9,153
    Bonuspoeng:
    183
    Enig!
    Neste ingeniør-tur?
     
    RoadKing and Kristian like this.

Del denne siden