Du som er ein sykkelmann (av den motoriserte varianten) hadde kanskje likt variasjonen av både strake og svingete vegar (alle asfalterte)
Kjedelig at det ikke var servering, synes diamantkortet burde bety at man fikk minst 1 svele innkludert Og ja naturligvis må man gå helt til topps, problemet er nok at Boris kun hører på de som klager på manglende champagne. Virker ikke som om det er sveler eller vafler som gjelder i hans kretser så mulig du hadde fått mer gehør hvis det var champis som manglet Ellers utrolig flotte bilder, ser strålende ut der ute og som om dere tross alt har hatt ganske mye greit vær (noe som absolutt ikke er en selvfølge midt uti havgapet). Godt å se denne delen av krigshistorien tas godt vare på
Tredje dag på Shetland Etter frukost gjekk turen til Sumburgh Head, like ved flyplassen for alle reiser til og frå Shetland, ein liten times køyretur frå Lerwick. Sumburgh Head er både ei fyrlykt, historia om livet i hava som omgir Shetland og eit lite eldorado for diverse sjøfugl som alker, krykkjer og lundefugl. Ein fin plass å rusla rundt på og ikkje minst ålreit kakao! Nokre få minutts gange opp til fyret Lundefugl ved havet Kake og kakao må til
Berre nokre minutt unna Sumburgh Head ligg Jarlshof, ein stad der du kan sjå tydelege spor av menneskleg aktivitet som er fire tusen (4 000!) år gamal. Ei rekke husrestar finst her på Jarlshof frå både neolittisk tid, bronse- og jarnalderen, vikingtida og mellomalderen. Lydguiden du får med inngangsbilletten er informativ, men òg kortfatta nok til at eg synst det var ålreit. Oppslagstavlene omkring er greie, men lydguiden gir faktisk innsikt i det du ser på, noko som ikkje er så altfor sjølvsagt når det er snakk om opptil fleire tusen år gamle hus. To--tre tusen gamle hustufter på Jarlshof Sumburgh Head sett frå Jarlshof
Etter å ha sett oss mette på hustufter frå dei siste fire tusen åra, tok vi turen til Hoswick, eller Husvik på norsk. Her var målet å få i seg litt næring: suppe og scones. Slett ikkje under pari. Ettermiddagen brukte vi på å gå rundt St. Ninian's island. Øya ligg på vestsida av Mainland og har ei flott sandstrand som knytter øya til 'fastlandet'. Vi kryssa stranda og runda heile øya på eit par timar, ein fin tur på rundt seks kilometer. St. Ninian's island med stranda Klippelandskap på yttersida av St. Ninian's island Reisebrevskribenten trør itte i graset, vesle spira lyt få stå
Dagens middag vart inntatt på Fjarå (ja, med å) og for første gong prøvde eg lysing (eng.: hake). Det kan samanliknast med torsk. Svært godt! Lerwick sentrum sett frå kaia ein onsdag kveld i mai Dagens køyretur vist i kart
Lysing er godt, tror ikke den er i Barentshavet eller gokk som mange vil si. Kan ikke huske at vi fikk den inn på «mitt» fiskebruk på Senja
Ifølgje dette internettet som ungdommen er så forgapt i, så finnes lysing nord til Lofoten. I vår trønderske fjordarm ved hytta har vi til gode å få lysing på kroken, men godt var det okke som
Fjerde dag på Shetland Denne dagen hadde vi bestemt skulle bli dagen då vi gjekk 'Shetlands mest utfordrande tur'. Vi tok utfordringa på strak arm. Etter frukost køyrde vi difor ein times tid nordover til Sandvoe på Northmavine. Ifølgje 'reklamen' skulle turen vera på 15 km og ta sju timar. Vi parkerte bilen klokka elleve, men var tilbake allereie litt over klokka tre. Då hadde vi både tatt oss tid til matpause og fotografering undervegs. Sau ved Atlanterhavet Vindfull dag (som vanleg) Mykje av turen gjekk over grøne grasenger som tidvis var ganske fuktige, men returen tok oss gjennom delvis myrlente torv- og lyngheier. Vi surra med returen då stien ikkje var merka på noko vis, men vi kom då fint fram likevel. Med inntak av middag og seinare iskrem gjekk resten av kvelden, òg. Når eg kjem heim skal eg skriva nokre ord om dei matplassane som vi har testa her på Shetland, samt bittelitt om hotellet. I tillegg skal eg få lagt inn lenker til museum og andre ting slik at det blir litt lettare å bruka dette reisebrevet som inspirasjonskjelde seinare. Det får bli etter å ha kome heim til gamlelandet. No skal det slappast av!
Sjette dag på Shetland På morgonkvisten tok vi ein kjapp handlerunde før vi oppsøkte Hillswick for å gå turen som turistbyrået på Shetland meiner er ein av dei mest spektakulære. Turen er åtte kilometer lang og deg gjekk fint å gå på grasengene i lette joggesko. Starten av turen var alt anna enn spektakulær, bortsett frå ein sau med litt spesiell sveis: Hillswick
Etter kvart vart kystlinja meir dramatisk. I dag hadde vi litt regn/yr no og då, så då var det lett å meina at Eshaness er langt meir spektakulær å sjå til fordi der hadde vi nydeleg kveldssol. Likevel er det fint ved Hillswick, òg:
Etter ein alldeles nydeleg middag i Lerwick bestemte vi for å ta turen ut på bygda for å skaffa oss dessert frå eit kakeskap av typen 'honesty box'. Konseptet er svært vanleg på Shetland og fungerer slik at seljar legg ut varer for sal i ein boks/skap/skuff. Kjøpar oppsøkjer boks/skap/skuff, plukker med seg ønska vare, skriv opp i boka og legg att pengar (kontantar) i dertil eigna skuff/eske (gjerne ulåst for å kunne tilby vekselpengar). Høge på sukker avslutta vi laurdagskvelden. Herleg!
Ikkje som eg har eg sett eller lese om. Det lagast gin på Shetland, men mogleg at salet av alkohol er meir kontrollert/regulert enn av egg, kaker og slikt.