Sol-måne-sjøen: Ein rundtur Vi kom til Yuchi akkurat då mørket senka seg og etter middag tusla vi rundt i bygda. Ho er ikkje stor, men det vart litt suvernirinnkjøp til jobbkollegiumet. Klokka gjekk og vips var det på tide å leggja seg. Neste dag vart vi møtt av eit nydeleg solskin og tjue fine varmegrader. Det var perfekt for dagens planlagte aktivitet: Ein tre mil sykkeltur rundt Sol-måne-sjøen. Frukosten inntok vi på Starbucks med fin utsikt: Deretter rusla vi ned på kaia og kasta eit blikk utover vatnet:
Vi går til første og beste sykkelutleigefirma som har 'ordentlege' syklar. Vi ser mange som tilbyr jallasyklar (små dekk, nesten slike samanleggbare), el-syklar m.m. Vi vil ha 'vanlege' syklar (ikkje landevegssyklar, men det ser vi heller ikkje). Etter å ha gått to meter frå overnattingsstaden vår ser vi to syklar som passar krava våre perfekt. Etter justering av setehøgde, kommuninasjon via kinesisk-engelsk omsetjingsapp og betaling av ein hundrelapp (i norske kroner) per sykkel, er vi klare for tur! Det er fint sykkelvêr og sykkelføret er ålreit. For det meste går turen etter ein eigen sykkelveg, men av og til går sykkelruta i vegen. Trafikken er ikkje sjenerande stor for vår del og bilistane tar omsyn. Eit par plassar er det trappetrinn i sykkelstien, men det er trillespor på plass. Sjølv om sola varmer er det ein god og svalande bris. Dessutan er mykje av sykkelruta lagt i skuggen frå skogen som omgir Sol-måne-sjøen. Heldigvis er det mange utsiktspunkt:
Rundt innsjøen ligg det fleire tempel, så det er rom for åndeleg føde. Vi, derimot, stoppar heller i Ita Thao for litt gatemat. På dette tidspunktet er vi cirka halvvegs rundt.
Dette er første trampsykkeltur sidan i fjor sommar for min del. Med andre ord: Eit sykkelsete er ikkje det eg er mest vant med å sitja på. Så den siste halvmila eller så er eg ganske mør. Det tar tid å sykla tre mil. Vi starta klokka 10 og var tilbake klokka 15. Det skal seiast at vi fotograferte, tok oss god tid til å eta og stressa ikkje. Så effektiv sykkeltid var vel knappe tre timar, vil eg tru. Reisebrevforfattaren viser fredsteiknet
Overnatting: Taichung: Shin Shei Basi hotel Etter sykkelturen leverer vi leigebilen ved Taichung lyntogstasjon og tar toget i eit kvarter til sentrum av byen. Her har vi vald eit sentralt hotell til dryge 600 kr for éi natt. Det er trangt, men fungerer all den tid vi nesten ikkje er på romma våre.
Ein føremiddag i Taichung Taichung er Taiwans nest største by i innbyggjartal, men den største i arealutstrekning. Vi hadde lyst til å gjesta 921 jordskjelvmuseet, oppkalla etter eit jordskjelv som råka Taiwan hardt i 1999. Dette jordskjelvet medførte eit heilt anna fokus på varsling, beredskap og ikkje minst bygningskonstruksjon med mål om å redda liv (og hus). Jordskjelvmuseet er plassert eit stykke sør av Taichung sentrum, så vi tok ein drosjebil. Han føreslo å venta på oss og sa at han tar seg betalt 500 taiwanske dollar per time. Vi slo til og hadde sjåføren i tre timar, prisen vart 500 norske kroner. Museet gir info om jordskjelv generelt og for Taiwan spesielt. Det som er litt ekstra interessant er at museet ligg rundt ruinane av ein barneskule som raste saman i 1999-skjelvet. Den nye skulen er bygd opp like ved... Det er sterkt å sjå bygningane og bileta som vart tatt like etter skjelvet: Den eine sida av barneskulebygget Toaletta kan vi skimta i ruinane her Skulen har kollapsa totalt Mykje fortviling i Taiwan etter skjelvet i 1999
Vår sjåfør køyrte oss etter museet til Animasjonsalléen. Her er det flust av heltar frå asiatiske animasjons- og animéunivers, men òg nokre kjente heltar for slike som meg som ikkje er så verdsvant: Pusur Ole Brum, Nasse Nøff, Tussi og Tigergutt Supermario Skipper'n og andre Denne synst eg var litt stilig
Når ein stabukk er på tur, så finn han sine vener. Og då må det fotograferast! Her var Taichungs hovudlanterne i samband med geitas år i 2003 etter kinesisk tradisjon
Vi hadde ikkje mykje tid i Taichung all den tid reisefølgjet hadde avgang med Turkish kl. 2220 denne kvelden — frå Taipei. Så etter å ha rusla rundt i Taichung, vendte vi nasen nordover.
Ein sein ettermiddag i Taipei Lyntoga går fem—seks gongar i timen og verkar å vera punktlege. Dei kostar meir enn lokaltoga. Sidan mange av lyntogstasjonane ligg utanfor bysentra, og du dermed må ta lokaltog eller metrolinje inn til sentrum, så kan det vera verdt å sjekka såkalla ekspresslokaltog som går frå bysentrum til bysentrum. Avgangane med desse toga er sjeldnare og meir folk, rett nok billigare og kanskje jamvel nesten like raskt som lyntoga, men lyntoga ser stilige ut, då:
I Taipei låste vi inne bagasjen vår i eit skap. Alle stasjonar har slike bagasjeskap spreidt litt rundt omkring. Trikset er å velja eit skap du er i stand til å finna tilbake til. Togstasjonen i Taipei er diger då det her er lyntog, lokaltog, fleire metrolinjer og flytog samt bussterminal og drosjehaldeplass — alt i eitt kompleks. Vi valde eit skap ved flytoget der det var roleg og vi var sikre på at vi fann tilbake til. Prisen for tre timar kom på svimlande 20 kroner! Etterpå tok vi turen til Shilin nattmarknad der eg handla nokre suvernirar og vi elles gjekk rundt. Av alle nattmarknadene vi besøkte må eg seia eg likte Ninxia i Taipei best. Dette var det første og kan hende det som difor skapte dei sterkaste inntrykka, men eg fekk ei god kjensle av å vandra i folketrengselen med alle matluktene og synsinntrykka. Shilin nattmarknad er stort, så det var interessant med mykje å sjå, smaka på og ikkje minst mykje å bruka pengane på! Etter Shilin tok reisefølgjet turen til flyplassen medan eg stakk til Ximen. Her vandra eg litt rundt, kjøpte postkort og tok inn dei siste inntrykka av Taiwan for denne gongen.
Overnatting: TPE: Novotel Grunna avreise 0840 påfølgjande dag valde eg å bu på Novotel, det er hotellet som ligg nærmast terminalbygget. Dette var definitivt den dyraste natta i Taiwan med ein pris på nærmare 1 700 kr for éi natt. Heldigvis var rommet fint og senga var god. Det vart ei kort natt, men det var ikkje anna å venta — eg fekk litt lakenskrekk, måtte skriva nokre postkort, reorganisera bagasjen og meir til. Plutseleg var klokka veldig mykje, men pytt-pytt.
Heimreisa: Frå Asia til Europa — BR067, EVA frå Taipei til London Klokka 0445 stod eg opp, fiksa det siste før avreise frå rommet og tok den førehandsbestilte skyttelbussen til TPE terminal 2 kl. 0530. Her fekk posta dei siste postkorta: Deretter sjekka eg inn, ingen kø. Like etterpå vart det sikkerheitskontroll og passkontroll. Eg hamna ikkje i prioritert kø for sikkerheitskontroll så vidt eg kunne sjå, men eg stod kanskje og venta i 40 sekund, så null problem. Passkontrollen var automagisk, eller på automat rettare sagt, det gjekk òg på null komma svisj. Ein kjapp tur i EVA-loungen, eg anar ikkje kva for ein. Eg skulle kanskje til Infinity, men hamna mogleg i Club... Eg sjekka ikkje tilgangen til Garden. Det var ålreite sitjeplassar, om ikkje anna: Deretter rusla eg rundt på flyplassen for å sjå kva dei hadde å by på her på TPE og så var det klart for avgang. Ute var det mange EVA-fly:
Medan eg vandrar rundt på TPE slår det meg at flyplassen står delvis i skarp kontrast til livet i byane i Taiwan. Her på flyplassen er alt ryddig, straumlinjeforma, ordna. I byane er det tilsynelatande kaos: Overalt er fortaua ei forlenging av ei eller anna verksemd som held til i husa langsmed fortaua: det kan vera mopedverkstaden, kålmottaket, kokslageret, fiskerestauranten, systova eller kva som helst. Eller det kan vera at på fortauet pågår det noko heil anna enn i bygninga innanfor. Og som fotgjengar snirklar og snor du deg mellom alt og alle. Det er kaotisk, men samstundes organisert. Og overalt står det parkert slike doningar:
Prioritert ombordstigning er sjølvsagt hos EVA. Vi i dressmafiaklassen har ei eiga kø og eigen inngang. Det er ingen fare for å få bermelus! Her er flyet mitt: Vel ombord finn eg plassen min i 7K. Ja, det er det setet som har eitt, ikkje to vindauga. Det skal eg halda ut. Her er heimen min dei neste dryge sytten timane: Det blir appelsinjuice og vatn som drikke før vi tar av. Med avgang kl. 0840 er ikkje lysta på alkohol til stades. Ombordstigninga er effektiv og serveringa likeså. Og før vi tar av tar flypersonalet i mot drikkebestilling til maten. No blir eg tiltalt som Kristian. Utan mister. Det er i orden for meg, det. Snart i lufta
Vel oppe i lufta er EVA i gang med servering i kjent stil. Det er høflege smil, og dei tilbyr og deler ut. Først ein salr apfertif, deretter ein forrett med laks: Av drikke nøyer eg meg med appelsinjuice, gulrotsaft og vatn. Hovudretten ser ikkje så bra ut, men svinekjøtet med ris attåt smakar godt: Til slutt er det frukt og dessert. Nam! Med bok til selskap går flyginga frå TPE til BKK fort. Det er dei neste timane, frå BKK til LHR, eg er mest spent på.
Under den drygt times lange mellomlandinga i Bangkok priorirterer eg å røra litt på meg framføre å gå rett i loungen. Eg treng ikkje maten denne gongen for erfaringa frå tidlegare er at EVA er rause med maten. Dessutan, det er ei lang flyging eg har i vente. BKK er stor og det er litt å traska på, men eg tar ikkje den fulle runden. Til det er det for varmt og fuktig, men eit par—tre tusen skritt blir det. Elles ser eg at eg flyg ein nokså ny Boeing 777-300ER:
Æ e rusten! Altså, eg greier å finna korrekt utgang og stiller meg i riktig kø. Attpåtil er eg i stand til å skanna ombordstigingskortet mitt sjølv. Kry som ein hane går eg mot flyet! Så inntreffer katastrofene. Ja, fleirtal! Ikkje berre overser eg den dedikerte businessinngangen og går inn bermedøra (brrr!), men når eg går inn uteliggjarportalen så svingjer eg til høgre, ikkje venstre. Her legg eg augo mine på dei skitne plebeiarane, eit syn eg aldri kan sletta frå mitt indre minne. Heldigvis er tre EVA-damer på pletten og får meg geleida i riktig retning tilbake til 7K... Det var like før! No skal eg sjå litt på menyen for å roa nervane!
På reisa frå London til Taipei var det ingen som reagerte på at eg brukte rommet ved setet til å ha nokre ting i, som passet og telefonladaren. No måtte eg rydda rommet heilt under take-off og landing. Eg gjer jo som eg får beskjed om, utan å mukka: