Reisebrev: Midtlivskriseegotur til Slovenia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 25. mai 2024.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Etter fjellturen stakk eg bort til museet i Tržič. Eg tenkte at det mest interessante å sjå her var Slovenias skimuseum, spesielt sidan eg har jobba på Trøndelag folkemuseum som òg har (hadde?) ei skiutstilling.

    20240528_153757.jpg
    Litt av Slovenias skihistorie

    Det var likevel dei andre utstillingane i museet som var det mest interessante! Tržič er nemleg kjent for sin skoproduksjon. Kan hende ringjer det ei bjelle når merkenamnet Peko blir nemnd?

    Skomakartradisjonane går langt tilbake i tid i Tržič og då dette vart eit industrialisert yrke med masseproduksjon tok det heilt av. Millionar av skopar vart produsert ved Peko i Tržič gjennom 1900-talet:
    20240528_151221.jpg
     
    Last edited: 29. mai 2024
    kjeeli, EndreD, Flymunda and 8 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Lærindustrien og tekstilfarging var òg stort i Tržič og eg vart nær sagt overrumpla over kor interessant besøket på vetle Tržiški muzej vart for min del. Eg trudde eg kom til å bruka eit kvarter—tjue minutt her, men tasss rundt i nesten ein heil time!

    Etterpå tok eg turen til Ljubelj. Dette er ein del av Tržič museum, men det er utanfor høgsesongen berre etter avtale. Museumsverten i Tržič var så elskverdig å ringja opp til Ljubelj og deretter køyrte eg 10 km og vandra på same jord som nordmenn før meg:
    Screenshot_20240529_235013_Gallery.jpg
     
    Berlioz, Spielhaug, Flymunda and 9 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Ljubelj var ein konsentrasjonsleir delt i to, ein nordleg i Austerrike og ein sørleg del i Slovenia, på kvar si side av eit fjell. Her vart det i perioden 1943—1945 bygd ein tunnell gjennom fjellet som skulle binda Nazi-Tyskland tettare til dei okkuperte områda ned mot Middelhavet.

    Ljubelj var ein del av Mauthausen konsentrasjonsleirkonglomerat. Mauthausen var sett saman av rundt 50 leirar, dei fleste i Austerrike, men Ljubelj låg altså i Slovenia.

    Som dei fleste veit var det inga kjære mor i ein konsentrasjonsleir. Menneske vart handsama som dyr og følte seg ganske fort som dyr, òg.

    Under er det vedlagt to sitat. Det eine er frå leirkommandanten (om at arbeid er heilt frivillig). Det andre er frå leirlegen som heller gjorde forsøk på dei internerte i staden for å gi dei helsehjelp (ein lokal dr. Mengele):
    20240528_162921.jpg
     
    kjeeli, Flymunda, Henrik and 5 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Sidan dei hadde telefonert til Ljubelj frå Tržič, var eg venta. Ei kvinne stod klar med nøklane og låste opp museumet for meg. Her vart det vist ein kort film om Ljubelj konsentrasjonsleir (Koncentracijsko taborišče Ljubelj) og så kan ein lesa om leiren og sjå vitnesbyrd frå fangar som overlevde.

    Sjølve konsentrasjonsleiren, bygningane og piggtrådgjerdane er det lite igjen av, men eg følte eg gjekk på jord som menneske med uhyrlege smertar hadde opplevd før meg. Kva har ikkje fjella rundt Ljubelj høyrt av fortvilte smertehyl og sett av mennesklege lidingar?
    Screenshot_20240529_235037_Gallery.jpg

    Minnesmerket J’accuse vart opna på 1950-talet og skal heidra ofra i konsentrasjonsleiren:
    Screenshot_20240529_235025_Gallery.jpg

    Screenshot_20240529_235017_Gallery.jpg
     
    kjeeli, EndreD, Berlioz and 12 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Det regna heile tida medan eg var i konsentrasjonsleiren. Det passa kanskje fint, eigentleg. Då eg var ferdig der, fann eg ut at eg var svolten. Det hadde ikkje tatt seg bra ut å koma stappmett til ein konsentrasjonsleir, så eg venta med etinga.

    Etter å ha summa meg litt, fann eg ut at det altså var middagstid. Eg valde Firbc okn som ligg svært nær overnattingsplassen. Her unna eg meg ein hjortefilét og ei sjokoladekake til dessert. Nydeleg!

    20240528_174226.jpg

    20240528_180812.jpg

    Etter dette herremåltidet var klokka nærmare halv åtte, så eg bestemte meg for å avslutta dagen. Så fort eg kom inn, vart eg stuptrøytt og var langt inni drøymeland før klokka var ni... Ferielivet er hardt!
     
    kjeeli, EndreD, Spielhaug and 9 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Onsdag i Slovenia
    Så kom ein ny dag
    med nye nederlag.

    Etter å ha sove i omtrent ti timar følte eg meg utkvilt. På ny kom det ei piknikkorg med frukost. Innhaldet var litt annleis frå dagen før, men det smakte godt denne dagen, òg:
    20240529_080154.jpg
     
    kjeeli, Spielhaug, Flymunda and 8 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Etter frukost køyrte eg til Planina Blato, cirka 1 time frå Tržič ikkje langt unna Bohinj-sjøen. Dette er eit av fleire utgangspunkt for å ta seg ein tusletur til Dolina triglavskih jezer (òg kjent som Dolina sedmerih jezer (Triglavinnsjødalen (Dei sju innsjøars dal)).

    Køyreturen var ganske spennande der vegen bukta seg oppover fjellsida i stadig nye hårnålssvingar. På den eine sida var det ein nær sagt botnlaust juv og på andre sida bergvegg. Ikkje overalt, heldigvis, då hadde hjarta mitt stoppa...

    Vel framme starta rusleturen som følgde godt merka sti heile vegen. I starten gjekk ruta langs ein kjerreveg. Seinare vart det meir stigåing. Terrenget var stort sett lettgått.

    Screenshot_20240530_060829_Gallery.jpg
    Kjerreveg i starten

    Screenshot_20240530_060848_Gallery.jpg
    Utsikt mot høgfjella i Dei julianske alpane
     
    kjeeli, EndreD, Flymunda and 7 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Screenshot_20240530_060834_Gallery.jpg
    Blomar i fjellheimen

    Dei første kilometrane gjekk i skogen, men etter å ha vunne nokre høgdemeter opna det seg opp. Eg valde Dvojno jezero heilt sør i Dolina triglavskih jezer som snupunkt for min vetle tur, då hadde eg gått rundt 8 km. Så med eit eple og ein banan i sekken passa det fint med ein pause.

    Screenshot_20240530_060914_Gallery.jpg
    Sørsida av Dvojno jezero

    Screenshot_20240530_060934_Gallery.jpg
    Pause ved Dvojno jezero
     
    kjeeli, Spielhaug, Flymunda and 9 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Screenshot_20240530_061011_Gallery.jpg
    Den smale sti opp frå Dvojno jezero

    Eg valde ei litt anna rute på retur. Avstanden var nok den same, men tidsbruken var kanskje litt lenger. Totalt vart 16 km på rundt 4,5 timas effektiv gange. Det var fint i fjellheimen:
    Screenshot_20240530_061029_Gallery.jpg
     
    kjeeli, Flymunda, Henrik and 7 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Kart over området eg tusla i:
    20240529_104501.jpg
    Ruta: Planina Blato — Planina pri Jezeru — Planina Dedno polje — Planina Ovčarija — Dvojno jezero — Planina Ovčarija (via Štapce) — Planina Viševnik — Planina pri Jezeru — Planina Blato
     
    paron, Flymunda, Henrik and 6 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Etter fjellturen køyrte eg til Bled og tenkte at eg skulle få dytta i meg litt middag. Eg gjekk nok ikkje på det beste etablissementet, men det var Oštarija Peglez'n som fekk den tvilsame æren av mitt besøk i går. Der gjekk eg for aurefillet til hovudrett og gabanica til dessert. Fisken måtte saltast og peprast, grønsakene under var nok litt dvaske og desserten var litt tørr, men eg vart mett, så det var vel ei slags måloppnåing.

    Screenshot_20240530_063623_Gallery.jpg

    Screenshot_20240530_063658_Gallery.jpg
     
    EndreD, paron, Flymunda and 7 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Sidan eg allereie hadde over 25 000 skritt i bagasjen, så vart det ikkje noko av den joggeturen rundt innsjøen Bled. I staden rusla eg rundt. Det var berre seks kilometer og tok vel ein knapp halvannan time. Det var ein fin tur i kveldssola!

    Screenshot_20240530_063708_Gallery.jpg
    Blejsko jezero

    Screenshot_20240530_063730_Gallery.jpg
    Ganske idyllisk ved breidden av Bled
     
    kjeeli, paron, Spielhaug and 11 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Og etter tips frå @Eddie47 heldt eg augo opne for spor etter svensk påverknad i Bled. Det fann eg. Ein fin plakett og ein ålreit liten park (som var rik på insektsliv i timen før solnedgang):
    Screenshot_20240530_063752_Gallery.jpg

    Screenshot_20240530_063747_Gallery.jpg
    Blejski grad (Bled slott/festning) over innsjøen

    Då klokka nærma seg halv ni var det på tide å venda nasen tilbake til Tržič. Det var ein ålreit køyretur som tok knappe halvtimen. Vel framme vart det nokre rolege timar med utsvaring av gebursdagshelsingar og litt reisebrevskriving.
     
    kjeeli, paron, Flymunda and 8 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Torsdag i Slovenia
    Ny dag med ny frukostkorg. Det er ei fin løysing, synst eg. Og korga er innhaldsrik, men grunna tidspress måtte eg i dag la yoghurten stå urørt:
    20240530_075649.jpg

    Tidspress på ferie, spør du? Vel, planen var å gjesta grotta Postojnska jama ved Postojna sør av Ljubljana. Her var det tilrådd å ha kjøpt tidsavgrensa billett på førehand.

    Med køyretid på under ein time frå Tržič tenkte eg at kl. 1030 var perfekt for grotteinngang. Etter å ha fått billettane såg eg at oppmøtetid var 30 minutt før og ombordstiging var 15 minutt før, altså kl. 1015...

    For å gi litt ekstra puls såg eg at Google påstod at køyretida frå Tržič til Postojna var på 1 time og 25 minutt på morgonkvisten i dag... Det var godt frukosten kom litt før tida i dag!
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Eg svinga ut på vegen kl. 0840 og var raskt ute på motorvegen der fartsgrensa stort sett er 130 km/t. Håpet var at trafikken rundt Ljubljana skulle ha løyst seg opp i løpet at frukostetinga, men det kunne eg skyta ei kvit pil etter...

    Nett som i Noreg er sommarhalvåret vegarbeidstid òg i Slovenia. Fleire plassar inn mot Ljubljana var det full stopp på motorvegen. Og då ein av tunnellane forbi Ljubljana var stengt, tenkte eg at no ryk grotteturen...

    Samstundes var det ikkje mogleg å køyra så veldig mange omvegar. På eit tidspunkt såg eg at eg hadde 15 minutt på meg til å nå 'ombordstigingstida', medan Google la opp til ei køyretid på 24 minutt...

    Dette vart ein kamp mot klokka og for å roa nervane tar vi litt dessert. Så kjem eg etterpå tilbake til om eg fekk koma inn i Postojna-grotta eller ikkje...

    20240530_121538.jpg
    Kremna rezina. Ein slags napoleonskake
     
  16. Froland

    Froland Nytt Medlem

    Innlegg:
    13
    Likes mottatt:
    13
    Bonuspoeng:
    3
    Flott rapport. Jeg og kona var i Slovenia på Søndag - Tirsdag (som en del av en lengre rundtur fra Italia -> Sveits -> Liechtenstein -> Østerrike -> Italia -> Slovenia -> Italia). Selvfølgelig ikke nok til å se hele landet, men en god smakebit. Kom inn i landet fra Italia (Tarvisio) over de Julianske Alpene og ned til Ljubljana på ettermiddagen. Kjøreturen oppe i Alpene og landskapet der var helt fantastisk. Var innom Bled, men må si jeg ble skuffet sammenlignet med en del av sjøene i nord Italia og vet ikke helt om jeg forstår hvorfor Bled innsjøen er en av de store turistattraksjonene i Slovenia. Ljubljana var også en veldig flott by med et lite kompakt sentrum (gamlebyen).

    Turen vår fortsatte så til Piran (var innom Postonja grotten på veien ned). Piran var bare helt fantastisk flott, kan absolutt anbefales. Vi la om turen ned til Piran etter å ha hørt på Globus Rulletten med bl.a. Gunnar Garfors og angret ikke ett sekund.

    Må si at jeg ble mektig imponert over Slovenia på de få dagene vi var der. Meget hyggelige mennesker, gode priser (kan ikke huske sist jeg betalte €25 for en middag for to med 0,5l øl og 0,25l vin) og et utrolig flott landskap.

    Slovenia anbefales sterkt for de som ikke har vært der.
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Så, eg skulle altså vera på plass for innslipp kl. 1015. Cirka 1025 slamra eg att bildøra og 1029 var eg ved sperrebandet. Eg viste billetten, forklårte kjapt det med vegarbeid og saktegåande trafikk og fekk koma inn. Pjuh!

    Tanken var nok at eg skulle vera med ei engelskspråkleg gruppe, men eg fekk ein engelskspråkleg audioguide og vart sendt med ei tysk- og slovenskspråkleg gruppe.

    Alt gjekk i huj og hast og vips var eg på plass i grottetoget som skulle køyra meg og resten av bølingen innover i Postojnagrotta. Vi må ha vore 100 personar på det toget!

    Screenshot_20240601_170355_Gallery.jpg

    Screenshot_20240601_170433_Gallery.jpg
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Det er eit fascinerande stort grottesystem, 24 km lange gangar. Til fots utforska vi ein liten brøkdel, men omvisinga tok rundt ein halvannan time. Og såpass måtte det vera, følte eg.

    Screenshot_20240601_170442_Gallery.jpg

    Screenshot_20240601_170453_Gallery.jpg
    Screenshot_20240601_170527_Gallery.jpg

    Screenshot_20240601_170601_Gallery.jpg
    Diamanten i Postojnagrotta
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Berre 10 km unna Postojnagrotta ligg Grotteslottet (Predjamski grad). Eg tenkte at det kunne vera interessant å sjå og difor kjøpte eg ein kombibillett for Postojnagrotta og Grotteslottet.

    I Predjamski grad har det budd folk og slottet er innreia slik ein trur det såg ut for nokre hundreår sidan. Ein informativ audioguide fortel om dei ulike romma og kva dei vart brukt til, i tillegg til om slottet reint generelt.

    Slottet ligg altså framføre inngangen til eit grottesystem og det er spesielt å sjå. For meg var dette noko nytt og litt spennande å oppleva, men sjølvsagt litt antiklimaks etter å ha vore i Postojnagrotta like før.

    Screenshot_20240601_171648_Gallery.jpg
    Eit slott som er vanskeleg å erobra

    Screenshot_20240601_171657_Gallery.jpg
    Festsal

    Screenshot_20240601_171706_Gallery.jpg
    Ei av mange trapper

    Screenshot_20240601_171726_Gallery.jpg
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Like ved Predjamski grad vart det gjennomført eit minislektstreff. Det var triveleg:
    Screenshot_20240601_171631_Gallery.jpg
     

Del denne siden