Reisebrev: På økonomiklasse til New Zealand via Singapore

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 19. febr 2016.

  1. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    På ettersommaren 2015 begynte det å rykke heftig i bestillingsmuskulaturen og eg kjente eit indre rop om ei reise langt vekk. Etter ei kort stund fekk eg overbevist ein kamerat om at New Zealand (heretter: NZ) kunne bli fint. Turen vart lagt til norsk midtvinter, høgsommar på den sørlege halvkule. Tilfeldig? Neppe!

    map1.gif
    Reiserute: Trondheim – København – Singapore – Auckland.

    Til lesaren
    Å lese andres reisebrev her inne er ei stor glede for meg og difor vil eg prøve å bidra sjølv.

    Mitt reisebrev er ikkje meint å skulle overgå det andre har skrive om same flyselskap og strekningar, men kan forhåpentlegvis fungere som eit supplement.

    Eg set pris på alle tilbakemeldingar og skal forsøke å svare på ev. spørsmål. Så får eg be om unnskuldning for at dette vart langt og kanskje litt tørt i forteljarstilen. Dette er mitt første reisebrev nokonsinne :)

    Hald ut, dette reisebrevet tar slutt – til slutt...

    For den utolmodige er det mogleg å hoppe rett til konklusjonen eit stykke ned her.

    Her er link til reisebrevet frå roadtripen på NZ:
    https://insideflyer.no/forums/threa...gs-påskekrim-eller-eit-slags-reisebrev.5187//

    CIMG5081.JPG
    Morgonmøte mellom SQ og NZ på Auckland.

    Tørre fakta
    Reisestrekningar: Trondheim–København–Singapore–Auckland (og tilbake).
    – Gjennomgåande billett bestilt hos Singapore Airlines med to dagars stopp i Singapore (begge vegar).
    – Valde Star Alliance då vi begge er i EB og for meg førde turen til opprykk til EBG.
    – I tillegg: Separat billett for strekninga Dunedin–Christchurch–Auckland.
    – Vi køyrde bil frå nord til sør i NZ.

    Selskap: Air New Zealand, Singapore Airlines og SAS (eigentleg Cimber som flyg til Køben frå Værnes).

    Klasse: Økonomi (andre klassar var ganske dyre då vi bestilte) og dermed ingen loungebesøk.
    – Trass i dette lidde vi ingen nød.

    Reiseperiode: Tre veker i slutten av januar og i starten av februar (ja, altfor kort tid, men sjefen bestemmer).

    Pris: Like under 17 000 kroner (inkluderer då éi innanriksflyging i NZ).

    EB-inntjening: 24 000 grunnpoeng.

    Flytypar: CRJ-900, Boeng 777-200, Boeng 789-9, Bombardier Q300, Airbus A320.
    – Ein fin bukett av ulike flytypar der altså.
     
    Last edited: 21. mars 2016
  2. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    Strekning for strekning

    Vidare her no skal eg prøve å skrive om kvar strekning for seg. Kanskje det blir rotete, kanskje ikkje.

    Værnes–Kastrup (SAS 2885 – 1 1/2 time)
    Grytidleg om morgonen, klokka litt over fire, starta turen frå heimen på beste vestkant innover til Værnes. Lyden av vekkarklokka var brutal og eg vurderte slegge og meir søvn i staden for å reise til Singapore og New Zealand.

    Vel, omtrent ein time før flyavgang kl. 06:00, var kameraten min og eg på Værnes. Ingen av oss hadde veldig stort behov for å prate. Vi visste vel knapt opp ned på oss sjølve så det lett utydelege biletet under får vise kor groggy vi begge to var denne fredagsmorgonen i januar.

    20160122_053933.jpg

    SK2885 Trondheim – København, Canada Regional Jet 900.

    Sidan eg er A-menneske fekk eg sjølvsagt ikkje sove på flyet, men avisene på den elektriske fjøla (nettbrettet, altså) var jo innhaldsrike nok til å få den knappe halvannan times lange turen til å gå. Dessutan, vi hadde jo ein frekk tolv timars flytur foran oss, så eg hadde eit håp om at eg skulle få mest mogleg søvn der.

    På Kastrup (fem timar)
    I rute, 07:35, landa vi på Kastrup. Der hadde vi innmari god tid. Singapore-flyet hadde planlagt avgang kl. 12:30. Den danske hovudflyplassen er, etter mi meining, betre enn Gardermoen og sjølv om eg er glad i Kastrup er fem timar der leeeenge.

    Heldigvis hadde vi med underhaldning som vi tok med oss opp til ein av dei bordrekkene som er i "andre etasje" mellom A- og B-utgangane. Kortspel får tida til å gå, spesielt når du vinn. Dessutan, kortspeling kan kombinerast med å sjå litt på fly. Familiens sorte får var òg innom Kastrup i dag:

    CIMG4974.JPG
    Det er ikkje mange svarte fly (trur eg).

    CIMG4976.JPG
    UNO var eit knallgodt tidsfordriv – spesielt når eg vann :)


    Kortspelinga var eit så godt tidsfordriv at vi nesten gløymte at vi skulle vidare. Då vi endeleg kom på at vi, for pokker, hadde eit fly å nå, var det berre å setje kursen til passkontrollen, vi hadde nemleg berre tjue minutt til ombordstigning.

    Då vi kom fram dit fekk vi begge lett nervøse rykningar og kasta fleire nervøse blikk på klokka. Det var berre to passkontrollørar på arbeid og køa til passkontrollen var lang. Folk sto sju mann i breidda og køa gjekk i ein slange rundt dei trappene som går ned til etasjen under. Like etter at vi kom hadde bakenden av køa nådd inn til ein av slangesvingane til dei framre delen av køa, noko som enkelte trudde gav grunn til å flette bakerste del av køa inn i dei framre rekkene. Heldigvis oppstod det grynting og peiking slik at vi unngjekk flettescenarioet.
     
    Last edited: 19. febr 2016
    Starflyer, Henrik, Larata and 8 others like this.
  3. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    København – Singapore (Singapore Airlines 351 – 12 timar)
    Som ved eit trylleslag fekk køa fart på seg og passkontrollen var passert, omtrent idét personalet starta ombordstigning. Denne gjekk smidig for seg, streng prioritering, først fiffen, deretter bermen (dei lengst bak gjekk om bord først). I seta våre låg det pute, pledd, det var fotstøtte som kunne justerast i ulike posisjonar og greitt med plass.

    CIMG4984.JPG
    SQ351 København – Singapore, Boeng 777-200.

    Det var to seksjonar i økonomikabinen, vi hadde plassar i den nærmast dressmafiaen, eg mot midtgang og kameraten min inne ved vindauget (sete 37 H+K). Heile vegen var det setekonfigurasjon av type 3+3+3, vi var heldige med at setet mellom oss var ledig i eit ellers ganske fullt fly.

    Vi prøvde å få reist med den nye Premium Economy som Singapore Airlines lanserte hausten 2015, men på ruta København–Singapore var ikkje dette tilgjengeleg då vi reiste. Det er ikkje til å stikke under stol at eg var litt spent på korleis det ville bli å reise med dette selskapet. Eg har høyrt mykje bra om det. Difor var det artig berre å gå om bord og eg forstod at vi skulle ut på eventyr når vi såg alle flyvertinnene i sine litt uskandinaviske uniformer:

    parchn-970x345.jpg
    Dette biletet har eg lånt frå Singapore Airlines' heimeside.

    Turen frå Køben starta med avising. Kontrasten til kva som møtte oss i Singapore kunne vel knapt ha vore større. Der vart vi nesten slått i bakken av bortimot tretti grader og ei luftfuktigheit på ein fantasillion prosent – i alle fall samanlikna med tørr flyluft.

    CIMG4987.JPG
    Avising, ikkje avvising, på Kastrup.

    Nesten før vi hadde fått på setebeltet fekk vi utdelt varme klutar. Min første tanke var: Er det matservering før i tek av? Det viste seg at det var det ikkje. Maten kom, som vanleg, etter at vi hadde nådd marsjhøgde. Meir om det seinare.

    På veg opp i marsjhøgde tenkte eg at eg skulle utforske underhaldningssystemet. Det viste seg fort at dette var frå steinalderen med eit skjermbilete så kornete at det var nesten umogleg å sjå forskjell på kvinnfolk og karar på skjermen. Ok, det var mogleg å sjå på skjermen, men kvaliteten var laber. I tillegg var ei heller lyden så mykje å skryte av (hadde ikkje med eigne høyrelurar (urutinert)). Heldigvis hadde eg med fjøl og bok.

    Av totalt tolv timar i lufta sov eg i åtte, så det eg har skrive her er basert på dei fire våkne timane.

    Ikkje lenge etter at vi var frie frå lenkene (setebeltet, altså) kom det tilbod om drikkevarer, både med og utan alkohylar. Eg gjekk for vatn og ein Singapore sling. Klokka hadde jo passert tolv, så då er det vel ok med ein drink? Dessutan kunne det fungere som hjelp til å finne ut kva eg skulle ha til mat:

    CIMG4988-1.jpg
    Lønsjmenyen på veg frå Køben til Singapore.

    For vår del vart det kylling som smakte veldig godt til flymat å vere.

    CIMG4989.JPG
    Laks i waldorfsalat, kylling med ris og salte kjeks m.m. til lønsj.

    Etter lønsj og ein kornete variant av "The Big Bang Theory" gjekk eg inn i djup koma.

    Då eg vakna igjen hadde vi nyss passert Kaspihavet, omtrent halvvegs i flytid. No kunne mannskapet by på ein liten sandwich. Dette var ingen "höjdare", men alt går i grisen. Meir drikke vart òg delt ut. Deretter konka eg ut igjen – etter ein runde med "The Muppets".

    To timar før landing såg eg at serveringa var igang igjen og då var det berre å gjera seg klar. No var det klart for frukost:

    CIMG4988-2.jpg
    Frukostmenyen i økonomiseksjonen. Heilt ok, varmmat er fint.

    Nyvakna og temmeleg godt inne i ørska åt eg utan å tenke så veldig hardt. Frukosten var inga stor gastronomisk oppleving, i alle fall ikkje ommeletten som var det eg gjekk for. Kameraten min likeså. Han såg ikkje spesielt begeistra ut, men eg er som grisen: Alt går ned. Heldigvis var det både yogurth og litt frukt der som heva måltidet:

    CIMG4990.JPG
    Frukosten, ommelett, yogurth, frukt og diverse anna.

    Flyvertene og flyvertinnene var svært effektive i serveringa si. Det var ein fryd å sjå på. Samstundes kan ein påstå at effektiviteten gjekk utover "personleg sørvis", men på ein nesten full økonomiklasse kan ein kanskje ikkje vente det.

    Sitjekomforten opplevde eg som svært god. La meg samanlikne: Då eg flaug med SAS Plus i gammal kabin til Japan i fjor fann eg ingen gode sitjestillingar og hadde vondt i ryggen godt uti den første veka etter flyturen (ok, eg begynner å dra på åra). Hos Singapore Airlines' gamle økonomikabin sat eg svært så godt. Ei heller kom det hint om kranglevoren murring frå ryggen.

    Mat- og drikkeserveringa hos Singapore Airlines var det ikkje noko sparsommeleg over. To varme måltid, mellommåltid og det at ingen av mannskapet rynka på augebryna dersom eg bad om meir drikke enn dei delte ut (anten det var alkofritt eller med alkohylar) fekk meg til å minnast den tida då det var likeins i SAS økonomi. Dette er vel nokre år sidan no. Etter det eg har lese meg til er det i dag berre éin drikke inkludert på interkontinentale reiser i SAS Go, men hos Singapore Airlines kunne sjølv ein dromedar drikke seg utørst i løpet av dei mange serveringsrundene med juice, vatn, vin og andre ting. Det var ingen som reagerte om eg bad om både vatn og juice eller meir sofistikerte drikkevarar.

    Sørvisnivået hos Singapore Airlines i økonomi ligg vel på nivå med SAS Plus (kanskje tek eg feil) og sjølve komforten er på høgde med, og kanskje betre enn SAS Plus i gammal kabin. Korleis den nye kabinen til SAS Plus er, veit eg ikkje, men eg ville ikkje nølt veldig med å ta ein ny tur med Singapore Airlines.

    Det største minuset var underhaldningssystemet om bord. Skjermen var kornete og lyden så som så. Dersom dette er din hovudmåte å ta livet av tid på, så ville eg ha lasta inn filmar og spel på ei elektrisk fjøl og stilt med eigne (h)øyrepluggar.

    20160211_215137.jpg
    Etter kinesisk tradisjon er det no "Apas år".

    Klokka 07:15 ein laurdagsmorgon hadde vi bakkekjenning, eit kvarter seinare var vi parkert ved utgangen. Deretter var det berre å finne vegen gjennom terminalbygget og "ut i det fri". Det var eit lite stykke å gå, men det var ikkje det verste etter eit halvt døgn om bord i eit fly. Passkontrollen gjekk superkjapt, bagasjen kom etter maks fem minutts venting og tollvesenet hadde fri. Vi såg i alle fall ikkje snurten av tollarane :)

    På Singapore lufthamn, Changi
    To dagar seinare, ein måndagsmorgon rundt klokka 06:00 tok vi t-banen (MRT) frå hotellet vårt i Singapore og ut til flyplassen Changi. Der, på terminal 3, venta NZ281 på å ta oss til Auckland, NZ, kl. 08:50. Vi var begge litt slitne av den varme og fuktige lufta i Singapore og såg fram til å reise til kaldare strøk.

    Vel framme på flyplassen sjekka vi inn bagasjen. Ikkje noko kø der. Deretter gjorde vi oss klare til sikkerheitskontroll og det vanlege regimet, men neidå, her var det berre utreisekontroll der vi vifta litt med passet og ingen Securitas-vakter som ville leike med bukselinningane våre. I staden var kontrollen plassert ved utgangen og denne opna omtrent ein time før planlagt avreise, i vårt tilfelle kl. 07:45.

    CIMG5075.JPG
    Innsjekkingshallen på Singapore flyplass. Fotografen var litt morgongroggy, så òg biletet.

    CIMG5078.JPG Grei boltreplass etter sikkerheitskontrollen.

    I påvente av sjekk og ombordstigning vart det tid til eting og slikt. Det var vel òg eit par butikkar her og der, så det er mogleg å justere pengebehaldninga på kontoen for dei som vil. Då klokka nærma seg avgang, tassa vi til utgangen og der vart vi effektivt og greitt slusa gjennom sikkerheitskontrollen. Kjapp ombordstigning etter status/klasse og seterad.
     
    Last edited: 19. febr 2016
  4. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    Singapore – Auckland (NZ281 – 10 1/2 time)
    Å gå inn i flyet til Air New Zealand var som å gå inn i ei ny verd. Kvifor? Vel, for det første var flyet relativt nytt, ikkje ulikt dei fleste Dreamliner-flya. For det andre var uniformane til flyvertinnne ganske så snasne. Eg har lånt eit bilete frå heimesida til flyselskapet:

    sq-business-premier-787-9-flight-attendant-980x300.jpg
    ANZ-uniform (lånt).

    Avgang på rutetid og vel oppe i marsjhøgde var det tid for frukost. Igjen gjekk eg for eggeretten og synst det var ganske så godt. Som mellommåltid fekk vi ein alldeles nydeleg sjokoladeis (veldig svak for sjokolade og is, innertiar for min del) og til middag kunne vi velgje mellom fisk i fancy variant (saus og greier) og kylling masala.

    CIMG5085.JPG
    Frukost (egg, pølse, spinat, yogurth og frukt).

    CIMG5086.JPG
    Is (sjokoladeekstase (eit passande namn!)).

    CIMG5087.JPG
    Litt småhard is, så måtte avvente etinga litt.

    CIMG5089.JPG
    Middag (kylling, salat, brød, kjeks, ost).

    Vi på bermeklasse kunne alle velgje mellom to varmrettar. Hos Singapore Airlines kom tilbodet i skriftleg variant, medan hos Air New Zealand vart det opplyst om alternativa berre over høgtalarsystemet. Eg kunne tenkt meg å få det skriftleg, men dét er vel eit I-landsproblem.

    I tillegg til det som vart servert kunne vi bestille mat via skjermen i seteryggen foran oss. Lista over mat, snacks og drikke var ganske så lang. Kabinpersonalet serverte med eit smil og alt var inkludert i billetten. Med andre ord: Ingen grunn til å ha lommeboka lett tilgjengeleg ei heller hos Air New Zealand.

    På dette flyet var underhaldningstilbodet av moderne klasse og skjermen viste bortimot HD-kvalitet. Sidan dette var ei dagflyging såg eg fleire fjernsynsseriar innimellom boklesinga. Filmtilbodet var òg ganske oppdatert, så for dei som ikkje greier å sove om bord i fly, skulle det gå greitt å slå ihjel tid. Eg sov berre to–tre timar, så for min del var det greitt å ha noko å sysselsetje seg med.

    CIMG5090.JPG
    Kabinen med dempa lyssetting. Lilla lys funka greitt både for å sjå og å sove.

    Denne gongen vart det klemt inn tre personar på rekka vår. Konfigurasjonen var 3+3+3 fordelt over to økonomikabinar. Eg fekk plass inne ved vindauget på 63K, min kamerat hamna i midten. Flyet var heilt fullt, trur eg. Eg kunne i alle fall ikkje sjå nokre ledige sete.

    Når det gjeld sitjekomforten vart vi begge skeptiske då vi sette oss ned. Både pute og pledd var på plass, men seteryggene var så rette at vi ikkje greidde å sitje spesielt godt. Heldigvis kunne vi fort lene setet litt tilbake og det var som natt og dag. Berre ein liten centimeter bakover og det var alt straks mykje betre. Sidan vi hadde ein vegg bak oss, kunne vi makse bakoverleninga utan problem.

    Vi landa på Auckland flyplass i rute kl. 23:45. Både pass- og tollkontrollen var unnagjort på knappe halvtimen. Den heftigaste sjekken var biokontrollen. Her ville dei attpåtil sjekke turskoene mine i tilfelle det var jordrestar på dei. NZ ønskjer å unngå (fleire) framandelement i floraen og faunaen sin, så difor er biosjekken ganske så grundig. På flyet fekk vi eit deklarasjonsskjema og der fylte eg ut både at eg hadde med sjokolade (mjølkeprodukt) og turtøy. Dama i kontrollen var i godt humor og vi spøkte og lo, så det gjekk greitt.

    Ein halvtime og 83 lokale dollars seinare var vi vel framme på hotellet i Auckland, litt smågira over å vere i NZ.

    Her kunne eg ha pøst på med bilete og skildringar frå køyreturen vår gjennom NZ, men dette reisebrevet er vel allereie langt nok, så eg skal halde meg til flyturane denne gongen. Kven veit kva som dukkar opp ved eit seinare høve.

    Kortversjonen kjem her: NZ er superdupert! Skrap saman tid og pengar og kom deg av garde!

    20160129_173652.jpg
    Sauebeitingslandskap på Nordøya, NZ. Tre veker med +25 grader. Herleg!
     
    ruby1968l, LineE, Fnate and 7 others like this.
  5. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    Dunedin – Christchurch (NZ8086 – 1 time)
    Etter 260 mil i ein liten Toyota Corolla fordelt over to veker var det på tide å finne seg eit fly igjen fordi vi skulle til Singapore igjen. Flyet fann vi i NZs eldste by, Dunedin og avgang derifrå var kl. 16:00 ein måndagsettermiddag i februar.

    Innsjekkinga vart gjort på automat, men ein triveleg og litt underarbeida kar frå Air New Zealand gjorde mesteparten av trykkinga for oss. Vi skulle eigentleg til Singapore og karen sa at han kunne sende bagasjen vår til Singapore, men sidan vi ikkje hadde gjennomgåande billett hadde han ikkje lov til det. Det betydde at vi måtte sjekke inn på nytt i Auckland før vi reiste vidare til Singapore. Vel, vi hadde greitt med tid i Auckland, så det var ikkje noko problem, eigentleg.

    For første gong etter 9/11 skulle eg oppleve å gå om bord i eit fly utan å ha vore gjennom ein sikkerheitskontroll. Det skjedde på Dunedin flyplass. Vi trudde at vi skulle bli sjekka like etter bagasjeinnsjekken, men neidå. Difor slo vi oss til ro med at kontrollen skjedde ved utgangen. Vel framme der vart vi losa rett om bord i flyet etter å ha vist fram ombordstigningskortet. Vi var sjokkerte begge to, men dei lokale såg ut til å meine at fråværet av handbaggasjesjekk var heeeilt normalt. Det skal seiast at dei som reiste med JetStar sin avgang omtrent til same tid som oss måtte gjennom sikkerheitskontroll. Gudane veit kvifor det var ein forskjell.

    Vi hadde god til til eting og kortspeling på flyplassen, men reelt sett treng du ikkje meir enn 40–45 minutt på denne flyplassen. For vår del hadde vi berre ein halvtimes mellomlanding på Christchurch lufthamn, så vi valde å ta lunsjen på Dunedin flyplass. Sjokolademilkshaken var ikkje noko å trakte etter, forresten. Elles greitt tilbod.

    CIMG5476.JPG
    Innsjekkingsområdet til Air New Zealand på Dunedin flyplass.

    CIMG5478.JPG
    Avgangshallen med eit par butikkar og matsjapper.

    CIMG5487.JPG
    NZ8086 Dunedin – Christchurch, Bombardier Q300.

    CIMG5488.JPG
    Flyet er ganske likt Widerøes fly av same type innvendig.

    Vel om bord i flyet som skulle ta oss til Christchurch følte eg meg heime. Det var som å reise med Widerøe. Nemnde eg at eg er litt over snittet glad i propellfly? Lydane var dei same som hos Widerøe. Både aksellerasjonen i motoren som får bagasjen til å skli oppe i hattehylla, sjølve motorduren og alt var veldig kjekt. Akk...! I tillegg fekk vi både vatn og ei sjokoladekjeks på den times lange turen til Christchurch. Eg storkoste meg. Kameraten min sov seg gjennom det meste av den turen.
     
    Starflyer, kiev and CrotchRocket like this.
  6. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    Christchurch – Auckland (NZ542 1 1/3 time)
    Vi hadde 35 minutt til å nå flyet, det gjekk greitt. På Christchurch flyplass vart vi overraska over at vi faktisk måtte gjennom sikkerheitskontroll. Vi hadde håpa å sleppe unna. Med så kort mellomlanding gjekk vi omtrent rett om bord i ein Airbus A320 som skulle ta oss til Auckland. Turen var like lite spennande som ein døll tur mellom Gardermoen og Værnes. Vi fekk både drikke (vatn/juice) og sjokoladekjeks av eit strålande blidt Wellington-basert crew. Slik sett var det jo ei grei flygning. Avgang kl. 17:30 i rute gav ankomst i rute kl. 18:50.

    På Auckland flyplass
    Sidan bagasjen vår ikkje var sjekka inn heilt fram til Singapore, måtte vi pent plukke han opp frå bagasjebandet. Vi venta vel kanskje i fem–ti minutt og så var det å tasse bort til utanlandsterminalen. Dit går det buss kvart kvarter, men gåturen er på berre eit lite kvarter, så med tanke på at vi skulle fly i ti timar tok vi beina fatt.

    CIMG5489.JPG
    Ankomst innanlands.

    Innsjekkingsautomatane ville ikkje finne oss, så då gjekk vi i skranken. Fysaken der trur eg hadde hatt ein lang dag, for han sa knapt eit ord og verka litt småirritert over å måtte sjekke oss inn manuelt. Med ombordstigningskort i handa, tassa vi gjennom utreisekontrollen. Akkurat som på Singapore flyplass er sikkerheitskontrollen plassert ved utgangane.

    CIMG5495.JPG
    Matområdet på Auckland flyplass.

    Vi hadde god tid for flyet skulle ikkje gå før kl. 01:15 natt til tysdag. I etterpåklokskapens lys ser vi at vi burde ha vald dagflygingar, men då vi bestilte billettane tenkte vi ikkje så nøye over det. Jaja, ein lærer så lenge ein (har) lever.

    Det kjipe med flyplassen i Auckland er at mattilbodet var litt magert. Altså, det er vomfyll å få, men det var mykje hurtigmat og få, eller ingen, ordentlege restaurantar der ein kan få seg eit litt gjennomarbeida måltid. I alle fall greidde ikkje vi å finne noko. Dei seier at augo er det første ein blir blind på, så andre kan ha hellet med seg.

    Ein annan ting var at det tok veldig lang tid før skjermene viste kva utgang flyet vårt skulle gå ifrå. Tilfeldigvis kom vi over ein butikkinnehavar som hadde smugkika på ein skjerm borte ved ein ubemanna transferedesk og der stod det kvar vi skulle. Kontrollen gjekk greitt og etter litt venting var det klart for ombordstigning etter status/klasse og seterad.

    CIMG5496.JPG
    Venteområdet etter å ha gått gjennom sikkerheitskontrollen.
     
    Last edited: 19. febr 2016
    LineE, kiev and RoadKing like this.
  7. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    Auckland – Singapore (NZ282 – 11 timar)
    Då dette var ei nattflyging fekk eg ikkje tatt så mange bilete. Eg skal òg prøve å unngå å gjenta det eg alt har skrive.

    Denne turen vart nok ein Dreamliner-tur. Vel oppe i marsjhøgde fekk vi eit varmt måltid (to val) som gjekk ned på høgkant. Serveringa var svært effektiv utan at det vart utriveleg. Vi fekk ein tresetar for oss sjølve, eg mot midtgangen på 49C, kameraten min inne ved vindauget. Toalettet var rett bak oss, men det var ikkje forstyrrande.

    Etter matserveringa gjekk eg inn i koma og vakna tre timar før landing, akkurat tidsnok til å sjå heile James Bond-filmen "Spectre" på ein fin-fin HD-skjerm i seteryggen foran. Lyden i dei utdelte (h)øyrepluggane var heilt grei, men det kan vere greitt å ta med eigne. Undervegs var det hyppige drikkeserveringar og det var berre å klikke seg fram på skjermen for å bestille både noko å tygge på og noko å fukte strupen med.

    Eit par timar før landing vart det servert varm frukost (igjen to val) med yogurth og slikt. Ingen "höjdare", men, som nemnd, alt går i grisen.

    Like før klokka 07:00 ein tysdags morgon landa vi i Singapore og la i veg inn til byen for å finne hotellet og slappe av litt. Vel, innsjekk var ikkje før kl. 14:00, men det gjekk greitt. Kvelden vart roleg, i alle fall.

    CIMG5497.JPG Snapshot av økosete på ANZ Dreamliner.

    På Changi
    CIMG5076.JPG
    Pyntekreasjon/leikeslott på Singapore lufthamn.

    To dagar seinare, ein torsdag, var det duka for heimreise. Flyet til Køben skulle ikkje ta av før kl. 23:55, så vi hadde i prinsippet heile dagen på oss til å utforske Singapore. Kameraten min valde å ta turen ut til flyplassen for å slappe av. han fann seg ein avslappingslounge som var open for alle og ein kinosal som det òg var fritt fram for bermen å besøke. Sjølv tok eg turen ut til ein av strendene på Sentosa og slappa av der. Det gjorde ikkje vondt akkurat.

    Nærmare kl. 21:00 kom eg ut til flyplassen og etter innsjekk svidde eg av dei siste singaporske dollarane eg hadde på mat. Eg var mest ivrig på å komme meg heim, så Changi appellerte ikkje til meg sjølv om eg noterte meg at det var mange fine butikkar og fleire gode stader å ete mat.

    Ombordstigninga begynte ganske seint, type eit kvarter etter det som var sagt. Streng prioritering er heilt ok, men denne gongen var det ein maktkåt nisse som ikkje ville la folk frå bermen gå i businesskøa sjølv etter at alle i dressmafiaen hadde gått om bord. Då han endeleg innsåg dette, fekk berre dei med dansk pass gå i busineskøa. Dersom blikket mitt kunne drepe... Maktsjuke folk gjer meg forbanna og eg vurderte å lappe til nissen, men så kom eg på at eg ville heim, ikkje i fengsel.
     
    ruby1968l, LineE, Starflyer and 3 others like this.
  8. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    Singapore – København (SQ352 – 13 timar)
    Kjære lesar, dersom du heng med enno så er du søren meg god! Tusen takk! Vi begynner å nærme oss slutten her no.

    Under denne flyturen fekk eg ikkje rota meg til å ta bilete, men det var ingenting spesielt som skjedde. Som sist gong fekk vi varme klutar før vi tok av. Vel oppe i marsjhøgde vart maten effektivt servert og fortært før både flyet og eg gjekk i nattmodus. Midtvegs vart det servert frukt som mellommåltid, men eg var for komatroll til å ete. Fem timar før landing vakna eg og brukte fjøla til å lese aviser og leste litt i boka mi. Underhaldningssystemet var som nemnd frå steinalderen, så eg orka ikkje å myse på den skjermen. To timar før landing kom det frukost på plass, varmmat her òg. Etterpå slokna eg og vakna ikkje før vi hadde bakkekontakt like før kl. 06:00 etter 13 timar i sete 44C.

    Siste rest
    Vi hadde sju timar frå landing til flyet til Værnes gjekk. Vi tok frukosten inne i byen, men vi var ikkje heilt med. Då vi bestilte billettar var det ikkje mogleg å få andre avgangar med kortare ventetid på Kastrup. Vi brukte nettsidene til Singapore Airlines og det er mogleg at dei ikkje kunne vise alle alternativa. Uansett, vi kom oss til Værnes til slutt, med SK2882 som blir trafikkert med ein CRJ-900.

    CIMG5007.JPG Motiv frå Singapore.

    Konklusjon
    Det er på tide å konkludere og her er det langflygingane som blir vurdert, ikkje dei to korte innanriksflygingane i NZ.

    Sett under eitt var det to ting som trekte ned:
    1) Dei lange mellomlandingstidene på Kastrup (fem og sju timar). Det er mogleg at vi kunne ha leita oss fram til betre alternativ, men vi bestilte via heimesidene til Singapore Airlines og der var det ingen betre variantar då vi bestilte.
    2) Underhaldningssystemet om bord til Singapore Airlines som var frå steinalderen. Ta med eiga nettfjøl.

    Dei positive tingene gjer at det negative nesten er uviktig:
    1) Raust tilbod om mat og drikke om bord både hos Singapore Airlines og Air New Zealand, alt inkludert i billettprisen.
    2) God sitjekomfort hos begge, hos ANZ først etter å ha vippa setet ein centimeter eller to bakover.
    3) Effektivt kabinpersonale både i matutdeling og innhenting av søppel i etterkant.
    4) Stort sett god mat (til flymat å vere).

    Eg er frista til å samanlikna med SAS på interkontinentale flygingar. Etter mi meining er både Singapore Airlines og Air New Zealand betre i økonomi enn SAS Plus med gammal kabin, både med tanke på komfort og kva du får av mat og drikke undervegs. Eit viktig moment her er at med SAS Plus får du vel tilgang til lounger på flyplassen (?), noko du ikkje får med økonomibillett med SQ eller NZ (om du ikkje er har litt høgare status enn det vi hadde). Korleis SAS' nye kabin er, har eg ikkje fått utforska enno, men her kan andre kanskje ha samanlikningsgrunnlag.

    Vi var påpasselege med å bestille ein tur som gav EuroBonus-poeng (både SQ og NZ har klasser som ikkje gir bonuspoeng). Begge vegar kom poenga ganske fort inn, type etter ein tre–fire dagar og 24 000 grunnpoeng er jo ganske raust, men vi betalte nesten 16 000 kroner for flybillettane. Det er vel mogleg å fly billegare, men likevel.

    Kort sagt til slutt: Singapore Airlines og Air New Zealand er det ingen grunn til å styre unna, spør du meg.

    :)
     
    ruby1968l, LineE, Starflyer and 12 others like this.
  9. RoadKing

    RoadKing Senior Medlem

    Innlegg:
    2,702
    Likes mottatt:
    2,038
    Bonuspoeng:
    113
    Flott reisebeskrivelse, og jeg vil si meg enig: New Zealand er et fantastisk reisemål, om enn dyrt.
     
  10. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    2,445
    Likes mottatt:
    2,442
    Bonuspoeng:
    113
    Tusen takk for flott reisebrev! Du skriver veldig bra og det var en fornøyelse å følge dere på tur. Håper du kommer tilbake med nytt reisebrev fra roadtrip på NZ :)
     
  11. mhsalv

    mhsalv 242 and counting!

    Innlegg:
    127
    Likes mottatt:
    109
    Bonuspoeng:
    43
    Herlig reisebrev og takk for rapport fra Singapore på eco! Har kikket langt etter Singaporefuglen ex antall ganger på Kastrup og lurt på hvordan mon det hadde vært. Supert :)

    Edit: Sleng gjerne inn noen bilder fra NZ, det kan umulig skade!
     
  12. WannaBeFrequentFlyer

    WannaBeFrequentFlyer EBD

    Innlegg:
    478
    Likes mottatt:
    319
    Bonuspoeng:
    63
    Veldig bra! Leser også gjerne et eget reisebrev om roadtrip'en i NZ! :)
     
  13. MadsVaHa

    MadsVaHa Senior Medlem

    Innlegg:
    832
    Likes mottatt:
    908
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for et knall reisebrev :) Artig om du også lager en liten rapport om oppholdet på New Zealand (hint-hint)
     
  14. CrotchRocket

    CrotchRocket Fernweh...

    Innlegg:
    544
    Likes mottatt:
    1,599
    Bonuspoeng:
    93
    "...stikke under stol.." Bra! Ikke mange som klarer å skrive det korrekt.

    Flott rapport, og enig med de som vil ha mer bilder fra NZ.
     
  15. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    Takk-takk :) Ikkje billig, men det var verdt kvar daler og eg skal tilbake :)

    Så bra! Takk! :)

    Forhåpentlegvis får du sjansen til å reise med SQ sjølv snart og "føle det på kroppen" :)

    Takkar og bukkar :)

    Så bra at det reisebrevet fall i smak :)

    Per Egil Hegges språkspalte i Aftenposten er den delen av avisa eg les grundigast, så eg er vel bittelitt språknerd :)

    Gratulerer til alle som så langt har overlevd lesinga av dette monsterlange lesebrevet :)

    Eg er svak for press, hinting og lokking så kanskje roadtripen snart blir skildra. Eg har jo både dagboknotat og bilete ganske lett tilgjengeleg :)
     
  16. rkvalvaa

    rkvalvaa Senior Medlem

    Innlegg:
    283
    Likes mottatt:
    329
    Bonuspoeng:
    63
    Dette var helt topp :) Vil også gjerne lese mer om bilturen på NZ
     
    Kristian liker dette
  17. RemiWM

    RemiWM EBS

    Innlegg:
    171
    Likes mottatt:
    134
    Bonuspoeng:
    43
    Takk for en flott og fyldig rapport.
    Herlig å se et reisebrev som ikke bare inneholder biz og champis! Tommel opp på begge hendene herfra.
     
    Kristian liker dette
  18. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    Takk-takk :) Skal gjere mitt beste for å hoste opp eit reisebrev frå bilturen :)

    Godt at du overlevde det kanskje i overkant lange reisebrevet. Takk :)
     
    AndersWE liker dette
  19. Earl

    Earl Aktivt Medlem

    Innlegg:
    360
    Likes mottatt:
    242
    Bonuspoeng:
    43
    Takkk for et god skrevet reisebrev. Virker som en flott tur, særlig Air New Zealand imponerer skjønner jeg :)
    Må si meg enig med flere andre her om at jeg gjerne leser om turen New Zealand på langs også!
     
    Kristian liker dette
  20. Kristian

    Kristian Senior Medlem

    Innlegg:
    284
    Likes mottatt:
    572
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for det :) Merker presset for å få publisert litt om NZ på langs òg :)

    For ein kar som reiser meste med Widerøe og SAS innanlands (pluss ein og annan tur ned til kontinentet eller dei anglosaksiske øyene) er det jo stas når flyvertinna gir deg alt du peiker på og attpåtil spør om du vil ha endå meir – sjølv om du sit på heilt ordinær bermeklasse :)

    Når flyet og utstyret om bord er splitter nytt som hos Air New Zealand, så er det jo det flottare enn når ein skranglar av garde i noko tilsvarande ein Skoda frå 70-talet (ok, litt overdriving her no). No vil eg tru at mi positive oppleving òg hadde bittelitt å gjere med at eg gleda meg veldig til å sjå NZ :)
     
    AndersWE and Earl like this.

Del denne siden