Reisebrev: SAS pluss versus SJ premium pluss (Oslo--Trondheim)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 30. jan 2023.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Kva er beste transportmiddel mellom tigerstaden og stiftsstaden?
    Dette blir eit (halv?)hjarta forsøk på samanlikning av SJ nords 'Premium pluss'-klasse og den velkjente SAS pluss på strekninga frå Oslo til Trondheim.

    20230130_134218.jpg
    Lokomotiv med vognsett på Oslo S
     
    Last edited: 30. jan 2023
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ein kort(?) introduksjon
    Etter å ha sikra EBG (gullkort hos SAS, altså) fram til april 2024 så slo det meg at eg kunne prøva eit alternativt transportmiddel mellom hovudstaden og stiftsstaden. Då eg i tillegg oppdaga at SJ nord kunne by på klassen 'premium pluss' slo eg til. Reisebrevet blir oppdatert undervegs på togturen og det kan koma fjas og useriøse sleivspark... På førehand unnskuld!
     
    Sonictravel, RoadKing, chrt and 18 others like this.
  3. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,028
    Likes mottatt:
    875,509
    Bonuspoeng:
    293
    Gleder meg .. !
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Avgangstid, reisetid og pris
    20230130_133506.jpg

    Avgangstid
    SJ har fleire avgangar for dagen frå Oslo S til Brattøra i Trondheim der Jernbanen ligg. Ja, det heiter Jernbanen, ikkje Trondheim sentralstasjon. Brattøra er like sentralt i byen som Ivalo i Finland.

    Frå Oslo kan du ta tog kl. 0802, 1002, 1402, 1602, 1802 og 2250 (nattoget går ikkje alle dagar). Eg valde, som vist på biletet, avreise kl. 1402. Akkurat nok til å få litt ut av dagen før avreise.

    SAS har i dag 12 flygingar mellom Gardermoen og Værnes, m.a. kl. 1435, som nok hadde vore den avgangen eg hadde valt om det var fly eg skulle ta til 'det nordenfjeldske'.
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Reisetid
    I hovudstaden heldt eg hus omtrent tjue minutt unna Oslo S. Med avmarsj frå overnattingsstaden kl. 1305 var eg på togstasjonen alt kl. 1335. Med koffert og ski tok eg det roleg og valde toget i staden for t-banen. Forventa entré på Hotell mor&far er forventa kl. 2115, altså ei reisetid på like over ni timar.

    Skulle eg ha tatt SAS kl. 1435, ville eg truleg ha prøvd å vera på Gardermoen til seinast kl. 1330 (innsjekk osv.), men helst litt før. Det hadde betydd avmarsj frå overnattingsstaden kl. 1230. Dersom SAS-flyet landar på Værnes sånn omtrent i rute, ville eg ha vore framme på overfornemnte hotell kl. 1730, altså ei reisetid på rundt fem timar.

    Tog tek tid, rundt fire timar meir enn fly. Er det verdt det? Vi får sjå!
     
    Last edited: 30. jan 2023
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Pris
    SJ nords 'Premium pluss' er den dyraste SJ-billetten og er berre tilgjengeleg på avgangar som blir betjent av lokomotiv pluss vogner (altså ikkje motorvognsett). Det vil seia at du berre finn kategorien på 1402-toget frå Oslo, 0817-toget frå Trondheim og på nattoga. Meir om billettypen finn du her.

    Ved bestillingsstidspunktet betalte eg 1 899 kr for togbilletten. Då var han refunderbar. Til samanlikning kosta eit tilsvarande billett hos SAS (pluss pro) 1 299 kr. Altså ein prisskilnad på 600 kr.

    Den mest komfortable togreisa er altså ganske dyr. Spørsmålet er om det var verdt å velja toget framfor flyet? Vi får sjå!
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Setet på 'premimum pluss'
    Hos SAS prøver eg vanlegvis å snuska til meg 1D (fordi @Eddie47 har jo slutta å fly), eller til nød 1C, 1A eller 1F. Her er beinplassen litt betre enn lenger bak i skroget. Vi veit alle kva for kyrkjebenkar vi finn hjå SAS innanriks...

    20230130_134412.jpg
    Premium pluss hos SJ nord

    Sidan eg var tidleg på plass fekk eg tatt nokre fotografi av inventaret i toget. Setekartet er slik at på den eine sida av midtgangen er det parvenlege stolorganisering, medan på andre sida er det det som Swiss ville ha kalt 'tronesete'.

    20230130_134418.jpg
    Tronesetet hos SJ

    Setet kan lenast tilbake 45 grader, er svært breidt (eller er eg frykteleg tynn?? (neppe!!!) og det er fotkvilar som 'vippar ut' når du lener ryggen tilbake. Og sidan det er god avstand til setet bak, så slepp du å vera redd for å dundra seteryggen i haka på ein forsvarslaus medpassasjer...
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    20230130_134953.jpg
    God plass hos SJ

    20230130_135336.jpg
    Setereguleringsknappane hos SJ

    Etter å ha testa setet no ein times tid, må eg få seia at dette er svært høveleg og komfortabelt! Eg ser ikkje så veldig mørkt på dei komande fem--seks timane. Vil det endra seg? Vi får sjå!
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Inkludert servering
    Som vi alle veit tilbyr SAS ei kjapp tralleservering på storbytriangelet i Sør-Noreg, men det er jo ikkje rare greiene dei faktisk deler ut. Det er nesten skammeleg...

    Om vi samanliknar med kva BA og Swiss, til dømes, maktar å få levert ut på tilsvarande korte strekningar til sine passasjerar foran gardina, så er SAS rett og slett elendige...

    SJ nord har òg trallesørvis. Her fekk vi utdelt ei flaske vatn som er tappa i Telemark og den urbane og hippe fetteren til polarrullen: ein wrap. Sjølvsagt laksewrap, så kanskje SJ står for 'salmon-jävlar'? Velsmakande var det i alle fall!

    20230130_143603.jpg
    Laksewrap hjå SJ nord

    I tillegg er varme drikkar som kaffi (i ørten variantar) og slikt inkludert. Kakao må vi henta i restuarantvogna fordi automaten er litt sjuk, men det skal ein vel overleva. På toppen av det heile er det både twist og sjokolade tilgjengeleg for oss i 'premium pluss'.

    20230130_135048.jpg
    Her er det berre å forsyna seg

    Så langt må eg seia at eg er fornøgd med serveringa. Det store spørsmålet er kva restauranten har å tilby. Vi får sjå!
     
    Last edited: 30. jan 2023
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    20230130_145121.jpg
    Fin utsikt over Mjøsa frå tronesetet
     
  11. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,867
    Likes mottatt:
    64,767
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig reisebrev så langt! Dette burde deles i mainstream media, så flere enn oss ihuga fly-fans får tilgang. (Litt avhengig av utfallet av "testen" kansje? :p)
     
    themichael, Eddie47 and Kristian like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Litt meir om inkludert servering
    Ved runde nummer to borte i sjølvforsyningshjørnet oppdaga eg lefser! No synst eg det kan vera godt med ei lefse på tur. Og eg er ikkje flau! Ei heller snau!

    20230130_151622.jpg
    Ta til du blir flau!
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for at du slår følgje!
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Vi må nok satsa på Dagen og Resett! :D
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    20230130_152217.jpg
    Mjøsa rett før Hamar
     
    RoadKing, MilageRune, Upsaker and 3 others like this.
  16. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,867
    Likes mottatt:
    64,767
    Bonuspoeng:
    293
    Hahahahahahaha :D

    Resett er "dessverre" lagt ned.
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Huff og huff... Korleis skal balansen i verda bli oppretthaldt no?

    Ja-ja, utan samanlikning for øvrig, men det er godt vi har dette forumet for her er vi alle normale og a4! :):rolleyes::)
     
    Eddie47, Earl and holmen like this.
  18. Flyingdutchman

    Flyingdutchman Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,754
    Likes mottatt:
    23,547
    Bonuspoeng:
    183
    Har i det siste noen ganger valgt tog over fly (skriver jeg mens jeg bruker SAS wifi på CPH-OSL…). I ny og ne gir det faktisk mening :)

    Takk for at du deler!
     
    holmen and Kristian like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, tog er eigentleg fint, men eg forstår jo at folk tar fly for å spara tid. Og når ein skal lenger enn frå Trondheim til Oslo, så er det jo eigentleg uaktuelt, omtrent, med bakketransport. God flytur vidare! :)
     
    Flyingdutchman liker dette
  20. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,867
    Likes mottatt:
    64,767
    Bonuspoeng:
    293
    Da jeg studerte i Trondheim var det raskeste (dør til dør) å kjøre bil. Og jeg bodde 12 minutter fra FBU.
     
    Flyingdutchman and Kristian like this.

Del denne siden