Reisebrev: SK C vs. SQ C -- meir enn berre éin bokstav i forskjell? (disclaimer: reinspikka tøv)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 12. febr 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Meir venting:
    TRD har fått fire snøkorn på rullebanen, det skal dei bruke 25 minutt på å samle saman og få vekk før flyet mitt får ta av. Det betyr reduksjon av loungetid på Gardermoen der eg i utgangspunktet berre hadde 40 minutt.
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Informasjonsflyt:
    SQ C tilbydde konsistent og samsvarande informasjonsflyt heile vegen. Kjedeleg!

    SK C tilbyr modstridande info. SMS seier ei forseinking på 10 minutt, noko som allereie er passert. Kapteinen seier ei forseinking på 25 minutt. Dette er sånn vi likar det, no haldast vi i ein limbo! Guri, kor spanande!

    Igjen høvlar SK C over SQ C!
     
    drsyk, magnusant, lMartin and 12 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Side track:
    Kabinsjef hos SAS snakkar med alle om bord. Han lærer opp ung flyvertinne: Det er viktig å skjemme bort ungane, seier kabinsjef til ung flyvertinne. No spør han om ein ung elev har o-fag på skulen... Mystisk nok måtte kabinsjef seie ordet 'o-fag' fem gongar før han rett og slett måtte forklåre faginnhaldet...
     
    Last edited: 12. febr 2019
    Ombo, Earl, Misterix and 3 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Avising:
    SQ C gjennomførte ikkje avising i det store og heile. Kjedeleg!

    SK C, derimot, skal no avise vengjer og skrog. I tillegg legg eg merke til at SK C er så høfleg av seg at DY får lov til å avise seg først.

    Igjen er SK C i ein klasse for seg samanlikna med SQ C!
     
    Ombo, Earl, Misterix and 5 others like this.
  5. sutenai

    sutenai Not throw away...

    Innlegg:
    633
    Likes mottatt:
    3,131
    Bonuspoeng:
    93
    Svakt. Dette burde SQ tenkt på før de valgte å basere seg i tropiske strøk.
    Er du heldig rekker kanskje rullebanen å bli stengt pga snø igjen mens det avises? :D
     
    Ombo, ArthurDent and Kristian like this.
  6. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,028
    Likes mottatt:
    875,509
    Bonuspoeng:
    293
    Du verden ... dette er spennende ...!
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det hadde vore noko. I utgangspunktet hadde eg 40 minutt mellom flya på Gardermoen, det er per no redusert til --5 minutt, så igjen viser det seg at ei reise i SK C stiller i særklasse! SQ C trur eg slit med å halde eit så jamt nivå...
     
    Ombo, Earl, ArthurDent and 3 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Verdsvev i lufta:
    SQ C tilbydde 30 MB gratis snegleinternett. Dette gir rom for digital detox.

    SK C, derimot, tilbyr høgfartsinternett som om ein var på bakken. Ei kraftig ripe i lakken til SK C:
    20190212_112147.jpg

    No jamnar det seg ut mellom SQ C og SK C her!
     
    magnusant, Ombo, Earl and 6 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Grundig, sakleg og faktabasert forsking er gjerne det! Takk for triveleg tilbakemelding!
     
    Last edited: 12. febr 2019
    ArthurDent liker dette
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Frukostservering:
    All eting før 12, er frukosteting. Basta.

    SQ C kunne servere dette samansuriet av bær, saus og varm vaffelkake med belgiske anar:
    20190209_110008.jpg

    SK C, derimot, serverer eit jordnært produkt:
    20190212_112933.jpg

    Kva er det med SQ C? Tulleprodukt! SK C any day for min del, altså! Eh, det var ikkje ein konklusjon!
     
    Ombo, Earl, Misterix and 6 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Side note:
    Kabinsjef hos SAS yter ekstrasørvis til toalettbesøkande: Alle blir minna om å låse døra til toalettet.
     
    Travv, Ombo, Earl and 3 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Side track:
    Kabinsjef hos SAS tilbyr kjærleikskaffi til tøtta som flørta med kabinsjefen trass i at ektemannen sat i setet ved sidan av. Nydeleg ekstrasørvis!
     
    drsyk, Ombo, Earl and 6 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Forseinking:
    SQ C landa før rutetid ved alle fire avgangar.

    SK C tilbyr 40 minutt forseinking ut frå TRD som blir koordinert med ei 30 minutt forseinking ut frå OSL. Dette er ein type sørvis som er heilt eksepsjonell!

    Igjen ser vi at med SK C får vi levert varane, medan SQ C kjem hanglande etter som ein sveitt klut som ikkje har snøring på kva det vil seie å levere kvalitet!
     
    Ombo, Earl, Misterix and 6 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ombordstigning:
    Med SQ C var det streng rekkjefølgje for ombordstigning og attpåtil eigne inngangar for dei eleverte klassane. Makan til diskriminering!

    SK C, derimot, køyrer møljeombordstigning både på TRD og på OSL. Alle passasjerar brukar same inngang. Slik skal det vere:
    20190212_121320.jpg

    Igjen bli SQ C utklassa av SK C!
     
    wilhelm, SKDAAP, magnusant and 8 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Side track:
    Forseinkinga frå TRD kom som følgje av fire snøkorn på stripa der. Forseininga ut frå OSL er fordi piloten trengte nytt sete, så då vart det nytt fly. Omtenksamt!
     
    Ombo, Earl, Wiolenze and 4 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Lounge:
    No kunne eg ha testa SK-loungen her på OSL, men grunna forseinkingane, utgjekk det med skyhøge kneløft, hornmusikk og flaggborg. Dette er bra for midjemålet. Det var ikkje denne loungematen som eg fekk tilgang til då eg reiste med SQ C:
    20190209_064731.jpg

    Igjen ser vi at SK C går av med sigeren mot SQ C. Barneskirenn!
     
    Ombo, Earl, Misterix and 4 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Side note:
    Kabinsjef hos SAS spør om eg skal vidare frå Alta. Eg svarar 'Ja, med Widerøe'. Kabinsjef svarar 'Widerøe har kansellert alle avgangar i dag. Det er jo tysdag'. Eg blir lang i maska, men hentar meg fort inn og seier 'Er ikkje det berre i oddetalsveker, no er det partalsveke, eller var det omvendt?'
     
    Last edited: 12. febr 2019
    wilhelm, drsyk, magnusant and 12 others like this.
  18. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,310
    Likes mottatt:
    33,887
    Bonuspoeng:
    293
    He, he, en anerledes trip report :)
     
    Ombo and Kristian like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Dønn seriøs forsking, @RoadKing. Dette gjer eg for at du seinare skal ta riktig val når det rykkar som verst i bookingfingeren. Ta gjerne notat!
     
    Ombo, OttoL and RoadKing like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    By popular demand:

    Bestikk:
    SQ C tilbydde ein flora av bestikk så rik at sjølv bestemor med sølvtøy til 32 mann og ørten ulike rettar hadde gått i surr om kva som skal brukast når.

    Hos SK C blir det delt ut fingermat utan bestikk og igjen viser SK C seg å vere det ultimate valet for frekvente reisande i dei eleverte klassar!
     
    drsyk, Earl, Misterix and 5 others like this.

Del denne siden