Reisebrev: SK C vs. SQ C -- meir enn berre éin bokstav i forskjell? (disclaimer: reinspikka tøv)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 12. febr 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Utsikt:
    Når ein er ute og flyg er det svært viktig for komforten at utsikten er estetisk vakker, men samstundes ikkje for interessant slik at ein går glipp av servering og slikt fordi ein sit og glor ut.

    Ei reise med SQ C kan tilby utsikt til såkalla humbugskyer og dette er fascinerande saker. Dette førte til at eg nesten gjekk glipp av ei servering:
    20190208_211845.jpg

    Hos SK C er det andre bollar. Her er utsikten såpass oversiktleg at ein får med seg serveringa utan problem:
    20190212_125724.jpg

    Det er mykje som tydar på at det er meir enn berre éin bokstav som skil produkta SQ C og SK C frå kvarandre.
     
    drsyk, Eddie47, Ombo and 8 others like this.
  2. Aussie74

    Aussie74 United Airlines Million Miler

    Innlegg:
    569
    Likes mottatt:
    1,944
    Bonuspoeng:
    93
    Dette e bare dødsbra Kristian! :D
    Når eg e endelig framme i Australia så blir dette det første som leses på hotellet :)
     
    Ombo, Misterix, paron and 1 other person like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Servering:
    SQ C opererer med tilbodet 'Book the cook' (norsk: Kokken Bukk (usikker på om det er ein geitebukk, hjortebukk eller Jens B. Jensen) og dette produktet vart prøvd ut og på fatet dukka det opp fisk:
    20190117_104831.jpg

    Hos SK C får ein servert fisk utan å ha bukka til nokon som helst via Internett i forkant av reisa:
    20190212_130239.jpg

    Igjen ser vi at SQ C er fullstendig parkert av SK C.
     
    drsyk, Insomnia4u, Eddie47 and 9 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Denne typen forsking bør lesast i ro og fred, gjerne med eit glas væskebalanserande attåt!
     
    Aussie74 and ArthurDent like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Follow-up:
    Kabinsjef hos SAS skravlar med passasjer, snur seg til meg og seier 'Unnskuld for pratinga'. Eg seier 'Det går heilt fint'. Kabinsjef seier 'Eg kan kome med 'sov-i-ro' til deg'. Eg spør skeptisk 'I sprøyteform?'. Kabinsjef svarar 'Det skal vi nok få til'. Medpassasjer seier til meg 'Sei 'I love you' til kabinsjefen', noko eg gladeleg gjer. Kabinsjef bryt ut 'Love is in the air!'
     
    drsyk, Insomnia4u, Eddie47 and 4 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    By popular demand:

    Tørkepapir:
    SQ C opererer med klutar på toalettet. Useriøst!

    Hos SK C er det sjølvsagt solid papir som gjeld:
    20190212_133030.jpg

    Igjen er det SK C som bør bli førstevalet!
     
    drsyk, Eddie47, Ombo and 8 others like this.
  7. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,168
    Likes mottatt:
    15,473
    Bonuspoeng:
    183
    Med den nynorskføre trønderens oppvekst(?) i Byåsen, og egen erfaring fra den gang NTH faktisk het NTH, er det lett å forstå at dette forskningsoppdraget bare måtte gjennomføres. Under dagens mangfoldige NTNU-paraply kan det muligens også disputeres til en PhD i f.eks temaet "National vs International Air Traffic Competitivenes". Basert på lesingen så langt venter jeg bare på invitasjon til doktorandmiddagen :), og sier på forhånd takk. For alt!
     
    Earl and Kristian like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Toalettet:
    Hos SQ C er toaletta så digre at du jo kan gjennomføre ein heil orgie og bli der i all æve. Store toalett er rett og slett ei oppmoding til syndig aktivitet.

    Reiser du i SK C, derimot, er toalettet så lite at du må ut for å skifte meining. Dette er i tråd med formaningar gitt av statskyrkja, noko som er eit stort pluss:
    20190212_133105.jpg

    Igjen er SK C best, SQ C er like syndig som det katolske prestekorpset i møte med mindreårige gutar (#dagens_brannfakkel?)...
     
    wilhelm, drsyk, Insomnia4u and 9 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Svært smigrande, unge herr @Berlioz! Du står sjølvsagt på æreslista. Ta gjerne med eksforloveden!
     
  10. jvsandem

    jvsandem Veteran

    Innlegg:
    2,518
    Likes mottatt:
    7,426
    Bonuspoeng:
    183
    Du må ikke skrive sånn, nå sitter jeg med et skrivebord fullt av Coke Zero... :D
     
    Kristian liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Seteplass:
    SQ C tilbyr kvalmande mykje plass. Det er nok difor dei tilbyr tøflar til C-passasjerane sine (slik at ein slepp å trø i alt spyet):
    20190117_092850.jpg

    SK C tilbyr ein meir edrueleg mengde fotplass ved setet:
    20190212_135407.jpg

    Igjen trekkjer SK C det lengste strået i kampen mot SQ C.
     
    Last edited: 12. febr 2019
    drsyk, Insomnia4u, paron and 8 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Grundig forsking og rapportering kjem ikkje gratis eller utan konsekvensar for storsamfunnet!
     
    Last edited: 12. febr 2019
    ArthurDent liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Pustehol:
    For at forskingsrapporten ikkje skal bli ein for tung lektyre, er det på sin plass med litt luft i all teksten:
    20190212_140056.jpg
     
    drsyk, Insomnia4u, paron and 7 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Påminning om kvar du er:
    Reiser du med SQ C må du sjå på utsida av flyet for å forstå kva selskap du flaksar med, ja, eller ta i bruk underhaldningssystemet. Dette er frykteleg tungvint!

    Hos SK C, derimot, lener du deg fram til du har cirka 30 grader svai i ryggen, vrir nakken rundt til cirka 270 grader og vips ser du kva selskap du er kunde hos:
    20190212_140820.jpg

    Her skårer SK C milevis over SQ C!
     
    drsyk, magnusant, paron and 8 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Menykortet:
    SQ C har ein konsistent og spesifisert meny for di flyging. Det er svært irriterande når du veit kva du kan få.

    SK C opererer med eit felles menysett for alle flygingar, men det er visse nyansar etter kor lang flyturen er og kvar du skal. Dette er ypparleg for alle som er på blåtur og/eller har gått på flyet i stupfylla og difor ikkje anar om dei skal til Granka eller Sunnmøre:
    20190212_141637.jpg

    Igjen er SK C heilt eineståande mot SQ C.
     
    drsyk, Travellingalf, paron and 6 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Konklusjon:
    Etter ei samla vurdering av alle parameter som har vore tatt med i denne granskinga, er vi kome fram til konklusjonen.

    Dommen over SQ C interkontinentalt: Buuu!
    20190208_231339.jpg

    Dommen over SK C innanriks: Hurra-hurra-hurra!
    20190212_144130.jpg
     
    wilhelm, drsyk, Insomnia4u and 11 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Framlegg til vidare forsking:
    Ei samanlikning av WF E opp mot LH F er eit forskingsoppdrag nokon bør ta på seg. At dette ikkje er gjennomført allereie er eigentleg litt krise. Gode medforskar, gjer din plikt!

    20190209_081843.jpg
     
    drsyk, paron, Eddie47 and 8 others like this.
  18. kalleballer

    kalleballer Medlem

    Innlegg:
    234
    Likes mottatt:
    213
    Bonuspoeng:
    43
    Kan ikke annet enn å hylle denne triprapporten! Soleklar kandidat til årets reisebrev.

    At man går så vitenskapelig til verks som dette bør være et eksempel til etterfølgelse for mange!
     
    Eddie47, Ombo, Kristian and 1 other person like this.
  19. jvsandem

    jvsandem Veteran

    Innlegg:
    2,518
    Likes mottatt:
    7,426
    Bonuspoeng:
    183
    Da er det avgjort, høstens bonustur går til SVG, BGO, TRD og TOS i SK C. Tar ikke sjansen på dette SQ-greiene, virker veldig oppskrytt.
     
    Kalsnes, Eddie47, Ombo and 7 others like this.
  20. tfo

    tfo Aktivt Medlem

    Innlegg:
    326
    Likes mottatt:
    1,216
    Bonuspoeng:
    93
    Ler så jeg griner... takk!
     

Del denne siden