Reisebrev: Ti dagar i Sør-Afrika (Kappstaden og Krugerparken)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 18. jan 2021.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    29/11-19: Distrikt 6 og Godthåpfestningen i Kappstaden
    Det var fredag og etter ei fin safariveke var vi tilbake i storbyen igjen. Denne føremiddagen tok vi oss tid til å vera turistar i Kappstaden. Først gjekk turen til ein av det mest kjende bydelane – ein bydel som ironisk nok er jamna med jorda. Vi unner oss eit historisk tilbakeblikk.

    00300.jpg
    Litt av bybiletet i Kappstaden, Taffelberget i bakgrunnen
     
    Earl, Upsaker, Flymunda and 3 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Distrikt 6
    Ein av bydelane i Kappstaden går under namnet Distrikt 6. Her budde det frikjøpte slavar, immigrantar, kjøpmenn, arbeidsfolk og lausgjengarar. Etter kvart kom både musikarar, kunstnarar, ballettdansarar, idrettsfolk, pøblar, prestar, lærarar og journalistar hit.

    Apartheidpolitikken vart innførd i 1948 og to år seinare vart det vedteke ei lov som sa at dei ulike rasane skulle bu i ulike område. I Distrikt 6 var fellesskapet fargerikt, men først i 1975 rulla bulldosarane inn og jamna heile bydelen med jorda. Dette skulle bli ein bydel for den kvite mann. Det vart aldri bygd hus for dei kvite i Distrikt 6.

    Fram til bulldosarane kom, hadde Distrikt 6 sin eigen ballett, sitt eige pantomimeteater, kaféar, ja, kort sagt alt som skal til for å ha eit levande byliv. Det visste neppe dei sørafrikanske styresmaktene om.
     
    Last edited: 06. mars 2021
    Earl, Upsaker, Flymunda and 3 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Omvising i Distrikt 6
    Det var ikkje rare rusleturen frå hotellet bort til Distrikt 6. I District 6 museum stod Susan for ei omvising med eit personleg tilsnitt. Ho budde i Distrikt 6 heilt fram til ho vart kasta ut derifrå i samband med at bydelen vart jamna med jorda. Etter mitt syn har det stor verdi å høyra tidsvitne fortelja. I tillegg til omvisinga tok vi oss tid til å sjå oss rundt i museumslokalet.

    00301.jpg
    Museumslokalet ligg i ei tidlegare kyrkje

    00303.jpg
    Raseskiljeskilt

    00302.jpg
    Raseskiljeskilt

    00304.jpg
    Rekonstruksjon av ein privatheim

    Det som slo meg då vi var inne i rekonstruksjonen av ein privatheim, så likna det eg såg der på det som vi kjenner frå norske heimar på 1950- og 1960-talet (samt seinare). Det vart for meg nesten som om Sør-Afrika og Noreg kom litt nærmare kvarandre.
     
    Earl, Upsaker, Flymunda and 5 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Godthåpsfestningen
    Frå Distrikt 6 rusla vi ned mot det som hadde vore vasskanten. Der ligg Godhåpsfestningen. Her kasta vi oss på ei omvising med det som må skildrast som ein lett uortodoks guide, men det var vel verdt dei førti minutta det tok.

    00310.jpg
    Inngangspartiet til Godthåpsfestningen

    00311.jpg
    350 år gamal utsikt frå Godthåpsfestningen

    00312.jpg
    Frå Godthåpsfestningen er det fin utsikt
     
    Earl, Upsaker, Flymunda and 5 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    29/11-19: Lønsj og lyssky aktivitetar
    Med deltaking på to omvisingar gjekk føremiddagstimane fort. Vi luska oss i retning av ein plass som vi håpa kunne gi oss mat. Det skulle visa seg at ikkje langt unna lønsjtilbydaren vår hadde det gått føre seg lyssky aktivitet som involverte norske skattepengar.

    På veg til ein betre lønsjplass via Kompanihagen

    Allereie i 1652 etablerte Det nederlandske austindiakompaniet ein aldri så liten hageflett som skulle forsyna handelsselskapet og passerande skip med grønsaker. I dag er ikkje Kompanihagen lenger via matproduksjon, men fungerer som ein liten grøn oase i storbyen.

    For oss vart Kompanihagen ein fin transportetappe frå Godthåpsfestningen til Kloof street der vi skulle innta ein betre lønsj. På veg gjennom Kompanihagen kom vi over eit minnesmerke tileigna tidlegare nemnde Cecil Rhodes og eit anna minnesmerke tileigna sørafrikanarar som har mista livet i verdskrigane.
     
    Earl, Upsaker, Flymunda and 2 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    00314.jpg
    Luking må til i grønsakshagen…

    00313.jpg
    Krigsminnesmerket i Kompanihagen
     
    Earl, Upsaker, Flymunda and 4 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Allereie tidlegare på dagen hadde vi kome fram til at Kloof street house kunne vera ein passande stad for å dytta litt fôr i trynet. Rett nok surra vi litt før vi fann fram, men ikkje verre enn at det var til å halda ut.

    Det viste seg at Kloof street house er ein populær stad, så det aller smartaste hadde nok vore å bestilla bord på førehand, men slikt tenkte ikkje vi på – før vi stod i lokalet. Heldigvis greidde personalet å finna oss eit bord. Og maten? Nydeleg!

    00320.jpg
    Ein nokså anonym inngang til Kloof street house

    00322.jpg
    Artig med fargerikdom

    00323.jpg
    Artig med fargerikdom

    00321.jpg
    Væskebalanse i fokus!
     
    Last edited: 06. mars 2021
    Earl, Upsaker, Flymunda and 4 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Norske pengar i kampen mot apartheid
    Ikkje langt unna Kloof street house ligg bydelen Tamboerskloof. I denne bydelen har det pågått lyssky aktivitet som det norske diplomatiet har vore med på. Her budde journalisten Barry Streek. Dette var på tidleg 1990-tal. Det kom og gjekk mange i huset der Barry budde. Folk som kom dit bad om pengar til kampen mot apartheid, til helseprosjekt, til såkorn, hus, advokatar og meir til. Og Barry delte ut.
    «Kyrkjepengane» gjekk vidare til kyrkjerådet i Johannesburg eller til den norske generalkonsulen i Kappstaden. Sidan generalkonsulen ikkje kunne dela ut pengane sjølv, for då hadde pengane vorte «statlege» igjen, vart Barry Streek brukt som mellommann.

    Dette hadde skjedd berre nokre få steinkast frå der vi åt lønsj denne dagen.
     
    Earl, Upsaker, Flymunda and 4 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    29/11-19: Ei byvandring og litt countrymusikk
    Vi vart ikkje gjort til mellommenn for lyssky pengeformidling, men det gjorde ikkje noko med humøret. Mette og nøgde tusla vi i retning sjøkanten. Planen var å få fatt i suvenirar som skulle få bli med heim til gamlelandet.

    Via Malaykvarteret og Distrikt 5
    Etter lønsjen vår rusla vi nedover Long street, ei gate som eg nok gjerne skulle ha brukt litt meir tid i, men vi hadde ein plan om å handla suvenirar. Vi rusla inn i det fargerike grannelaget Bo-Kaap, tidlegare kjent som Malaykvarteret. Her bur mange av Kappstadens muslimar og vi såg minst eit par moskear på vår vandring.

    00330.jpg
    Bo-Kaap i Kappstaden

    00331.jpg
    Er det ein minaret vi ser der?
     
    Earl, Upsaker, paron and 4 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Bo-Kaap vandra vi inn i den bydelen som ifølgje byplankartet over Kappstaden heiter Distrikt 5. Alle kallar området for Waterkant. Det var hollendarane som bygde Waterkant. Då apartheid vart innført i 1948 vart det bestemt at den då nedslite bydelen skulle bli eit kvitt område. Då apartheid vart avskaffa på byrjinga av 1990-talet låg mykje til rette for at dette kunne bli ein fargerik bydel.
     
    Earl, Upsaker, paron and 2 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Middag og country
    Vel framme ved Victoria and Alfred waterfront gjekk vi fullstendig bananas i suvenirhandelsrus hos African trading port. Her var det mogleg å finna både dette og hint, så det var berre bagasjerestriksjonane som stoppa oss. Deretter vart det ein betre middag, rå fisk på meg.

    00332.jpg
    Hamnebassenget ved Victoria and Alfred waterfront

    00333.jpg
    Hamnebassenget ved Victoria and Alfred waterfront

    00334.jpg
    Taffelberget tronar over Kappstaden

    00335.jpg
    Rå fisk!
     
    Earl, Upsaker, Flymunda and 4 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det vart drosjebil tilbake til hotellet. Vi kom i prat med sjåføren som fortalde om seg sjølv og om delte sine synspunkt på livet. Han kom frå Kongo til Sør-Afrika som fjortenåring – heilt utan nettverk.

    No, tjue år seinare, jobba han hardt for å brødfø ungane sine og meinte at mange av dei heimlause og narkotikaavhengige hadde seg sjølv å takka for at dei hadde det elendig. «Dropp narko og finn deg arbeid – for jobbar er det nok av», meinte vår sjåfør.

    Kan hende er ikkje løysinga så enkel som vår drosjebilsjåfør framstilte det som, tenkte eg, men samstundes måtte eg innrømma at han nok kjenner det sørafrikanske samfunnet mykje betre enn meg.

    Og countrymusikken? Jo, det viste seg at vår gode sjåfør var storfan av Alan Jackson. Den første kassetten reisebrevforfattaren fekk tak i var med nemnde herr Jackson. Det var god stemning i drosjen – og ingen tilløp til bandsalat!


    00336.jpg
    Kappstaden med Lions head i bakgrunnen
     
    Earl, Upsaker, Flymunda and 6 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    30/11-19: Slaveri, apartheid, ANC og Noreg
    Den siste dagen i november 2019 vakna vi til vår siste dag i Sør-Afrika. Sjølvsagt er landet stort og vi hadde berre vore i Kappstaden og delar av Krugerparken, men eg følte at vi hadde fått med oss mykje på den dryge veka vi hadde til disposisjon. Vi hadde opplevd venlege folk, kunnskapsrike guidar, fantastisk natur og meir til. Det hadde rett og slett vore ein bra tur!

    00340.jpg
    Sør-Afrikas fem nasjonalarvsymbol: Blåtranen (nasjonalfugl), yellowwood (nasjonaltre), springbukk (nasjonaldyr), kongeprotea (nasjonalblome) og galjoen (nasjonalfisk). Fisken og tranen hadde vi ikkje sett, men resten fekk vi eit glimt eller to av...
     
    Earl, Upsaker, paron and 3 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ein tur på Slaveriet
    00341.jpg

    Slave lodge i Kappstaden

    Mange omtalar spøkefullt sin eigen arbeidsplass som slaveriet, men denne siste føremiddagen i Sør-Afrika tok vi turen til Slaveriet i Kappstaden. Dette er blant dei eldste bygningane i byen og husar i dag eit museum med slagordet «Frå menneskefeil til menneskerettar» («From human wrongs to human rights»).

    Slaveriet har fleire utstillingar over fleire etasjar og vegen mellom dei ulike delane av bygningsmassen er ikkje nødvendigvis logisk. Den merkelegaste utstillinga vi kom over var ei som viste sylvtøy og porselen – utan at samanhengen med slaveri vart veldig klokkeklår for min del.

    00342.jpg

    Slaveriet, Sør-Afrikas eldste bygning

    00344.jpg

    Slaveskipet Meermin
     
    Earl, Upsaker, paron and 3 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Utstillinga om slavehandelen var for meg kjent stoff, men den utstillinga som verkeleg gjorde inntrykk var den om apartheid. Denne var svært interessant og eg føler at eg fekk eit godt innblikk i kampen mot dette regimet. Her skal eg vidareformidla to delar av denne utstillinga:

    1) 16. juni er i Sør-Afrika ein offentleg høgtidsdag og går under namnet Ungdomsdagen. Dagen er til minne om Soweto-opprøret som byrja 16/6-1976. Opprøret var ein protest mot apartheidregimet. Sistnemnde gjekk tungt inn for å slå ned opprøret og fleire hundre skuleungdom vart drepne. Bileta av brutaliteten styresmaktene i møte med demonstrantane spreidde seg og førde til at verdssamfunnet byrja å fordømma apartheidregimet.

    00343.jpg
    Til minne om Soweto-opprøret

    2) Mange har nok kjent den nydelege smaken av guavajuice. Eg trur eg presterte å tømma safarileiren vår for nettopp denne juicetypen. Difor sperra eg augo opp då eg på Slaveriet kom over eit dikt skrive av aktivisten og poeten Sandile Dikeni:

    GUAVA JUICE
    shake shake my comrade
    shake that invention of the working class
    shake that unifying medicine before it’s too late
    shake before the time come to pass
    shake that guava juice


    throw throw qabane
    throw that liquid of capitalist invention
    throw the blood of Ntsikane
    throw before they see your intention
    throw that guava juice


    dance dance my hero
    dance around the fire of resistance
    dance at the success of your throw
    dance because the dogs are still at a distance
    dance for that guava juice


    make make my young lion
    make another guava juice
    make another one as strong as iron
    make many more until they beg for a truce
    make those many guava juices


    beg, beg you bastard
    beg that your filthy skin be spared
    beg that your blood does not flood
    beg because we have many guava juices stored
    beg those little dangerous guava juices


    I dette diktet handlar ikkje guavajuice om ein nydeleg leskedrikk. Dette er ein hymne, paian, til molotovcocktailen. Det rytmiske diktet vart ein slags kampsong mot apartheidregimet som hadde myrda forfattarens eiga bestemor.
     
    Upsaker, Earl, Flymunda and 4 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    00345.jpg
    Utsikt mot Taffelberget frå hotellet rett før avreise
     
    Upsaker, Earl, Flymunda and 3 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det første frie ANC-møtet etter apartheid
    Heilt i byrjinga av dette reisebrevet nemnde eg at Sverige og Noreg vart takka på ein partikongress heilt på starten av 1990-talet. Kven takka oss? Kva hadde vi gjort? Vi går 30 år tilbake i tid:

    2. juli 1991. ANCs 48. kongress. Det var over tretti år sidan førre gong. 2 250 medlemmar deltok. Dei hadde alle vore stempla som landsforrædarar av apartheidregimet. No var dei der alle, inkludert Nelson Mandela.

    Oliver Tambo, formannen, oppsummerer med ein «årsrapport». Som ein del av rapporten seier Tambo:
    NRK-journalisten Tomm Kristiansen spurde Nelson Mandela i etterkant av denne talen kvifor Tambo nemnde Noreg all den tid så mange andre land gav raust og var støttande overfor ANC. Mandela svarte:
    Kan hende er det obskurt å leita fram norske spor i utlandet. Finst det ikkje meir interessante ting å oppdaga der ute? Jo, men det kan òg vera interessant at den vetle røysa vår har ein finger med i spelet i diverse land der ute i den store, vide verda.
     
    Upsaker, Earl, Flymunda and 4 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    00346.jpg
    Solnedgang sett frå Taffelberget ved Kappstaden
     
    Upsaker, Earl, Flymunda and 6 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Kjelder og relevant bakgrunnsmateriale
    Følgjande materiale har vore relevant i reisebrevskrivinga:

    Kristiansen, Tomm: Cape Town. I regnbuens tid. Cappelen Damm 2011.

    Kristiansen, Tomm: Det gode håp. Kampen for et fritt Sør-Afrika. Cappelens forlag 1993.

    Kristiansen, Tomm: Mandelas land. En fortelling om frihet. Cappelens forlag 1996.

    Norsk rikskringkasting: Da Nelson Mandela skulle settes fri. NRK 2019.

    Norsk rikskringkasting: Rex-faktor: Ein annan dans. NRK 2021.

    Store norske leksikon.

    Wikipedia.
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for følgjet, gode medforumistar :)
     
    Spielhaug, Earl, RoadKing and 4 others like this.

Del denne siden