Reisebrev: Ti dagar i Sør-Afrika (Kappstaden og Krugerparken)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 18. jan 2021.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Ti dagar i Sør-Afrika
    00001.jpg
    Elefant i Krugerparken

    Storby- og storviltsafari
    «Særlig vil jeg takke to land for den støtte vi har fått…og det er Sverige…og så er det Norge». Desse orda vart uttalt ein partikongress i 1991. Kva har så denne fjellrøysa og partikongressen å gjera med dette reisebrevet? Bli med på denne forteljinga om ti dagar fordelt mellom storbyopplevingar i Kappstaden (Cape Town) og safari i Krugerparken, så får du kanskje svaret.

    00002.jpg
    Kongeprotea, Sør-Afrikas nasjonalblome
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Eit avklarande intermesso
    Denne reisa starta med ei delvis kaotisk reise frå Aust-Finnmark som inkluderte iherdig tastaturvald ved innsjekking på Kirkenes internasjonale lufthamn, ei rotte i loungen og ei veldig forvirrande sisteflyging mellom Johannesburg og Kappstaden. Meir om dette kan du lese i reisebrevet 'Eit tobokstavsbonansa frå Finnmark til Sør-Afrika'.

    Sjølve reisa vart gjennomført slutten av november 2019. Reisefølgjet er @Earl, men meiningar og tankar er mine, mange 'vi'-formuleringar er kanskje av rojal art, men dette er litt meir udefinerbart.

    Reisebrevet som du no har framom netthinna skal berre ta føre seg opplevingane mellom ankomst og avreise frå Kappstaden. Det vil sjølvsagt bli nokre historiske sidesprang. Bli gjerne med!

    Første episode: Første møte med Kappstaden og litt om hotellet.
     
    Last edited: 18. jan 2021
  3. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,270
    Likes mottatt:
    60,440
    Bonuspoeng:
    293
    Det gledes!
    Nå fikk arbeidslysten seg et skudd for baugen. Jeg vil heller lese videre i reisebrevet til @Kristian !
     
    Insomnia4u, Kristian and ArthurDent like this.
  4. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,014
    Likes mottatt:
    13,982
    Bonuspoeng:
    183
    Du verden! Fantastisk at noen tar folkeopplysning på alvor :).
     
    Kristian and ArthurDent like this.
  5. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,868
    Likes mottatt:
    32,946
    Bonuspoeng:
    293
    Kristian and ArthurDent like this.
  6. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,411
    Bonuspoeng:
    293
    Ohhhhh reisebrev, gledes, dette er sjelden kost om dagen. :cool:
     
    Kristian liker dette
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Eg ber om orsaking for at eg framover kan koma til å redusera herrens produktivitet.
    Forhåpentlegvis snublar eg ikkje på startstreken!
     
    Last edited: 18. jan 2021
    Berlioz and holmen like this.
  8. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,522
    Likes mottatt:
    871,390
    Bonuspoeng:
    293
    Veldig bra @Kristian , en bra start krever en glimrende fortsettelse!
    Jeg har tatt frem pjolteren og venter ......
     
    Kristian and RoadKing like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Man kan bli mo i knærne av alt forventningspresset!
     
    Eddie47 and holmen like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    21/11-19: Første møte med Sør-Afrika:
    – Flyplassen er en løgn

    Litt fortumla etter ei lang reise var eg endeleg framme på Kappstaden internasjonale lufthamn. Eg visste kvar eg kom frå, men kva hadde eg kome til? Frå Johannesburg hadde flyturen gått over eit tilsynelatande karrig landskap langt der nede. Innflyginga til Kappstaden viste at eg var på veg til ein storby. Å få bagasjen gjekk temmeleg fort, deretter rusla eg ut i det ukjende.

    00003.jpg
    Kappstaden sett frå innflyginga til CPT, Taffelberget i bakgrunnen

    Dette er NRKs korrespondent i Afrika gjennom mange år, Tomm Kristiansen, sine ord. Han skildrar det eg ser der eg blir køyrd frå flyplassen og inn til hotellet. Eg veit ikkje heilt kva eg ser på. Eg ser på slummen. Apartheidregimet bestemte at slik skulle dei svarte bu. Og slik bur dei den dag i dag.

    Ja, eg blir køyrd. Av ein svart mann. Joda, han får betalt, men knapt nok til å leva av, i alle fall sett med norske augo. Eg spør kvar sjåføren kjem frå. Det blir fleire spørsmål. Begge vegar. Kort sagt ein triveleg passiar i bilen.

    Sjåføren kom til Sør-Afrika frå Kongo tretten år før vårt møte. Tanken var at han skulle studera. Han skulle bu i lag med bror sin. Før studia kom i gang døydde broren. Utan nettverk i eit nytt land måtte alle planar leggjast på is. Det kom nokre vanskelege år. Det vart betre etter kvart. Om det nokosinne blir bra – slik vi i Noreg forstår ordet «bra» – det gjenstår å sjå.
     
    Last edited: 19. jan 2021
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Litt om hotellet:
    DoubleTree by Hilton Hotel, Upper Eastside, Cape Town

    Frå skura ved flyplassen til eit nokså overdådig hotell i sentrum av Kappstaden. Vel framme må eg sjølvsagt passa på å ikkje bli dehydrert. I tillegg møter eg endeleg reisefølgjet som har hydrert seg nokre timar all den tid det berre var eg som fekk flyet mitt kansellert grunna streik.

    00004.jpg
    Ein liten drink på hotellet


    Reisefølgjet har eit edelt medlemsskap i hotellkjeda Hilton. Difor fekk eg før avreise opplyst at innkvarteringa skulle skje på DoubleTree by Hilton Hotel, Upper Eastside, Cape Town.
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    I etterpåklokskapens lys viste det seg å ikkje vera så dumt å lita på reisefølgjet denne gongen. Reisefølgjet hadde nemleg hosta opp eit krypinn som var til å halda ut.

    00005.jpg
    00006.jpg
    Slett ikkje det verste badet som er å oppdriva

    00007.jpg
    00012.jpg
    Daglegstova var sånn passeleg stor

    00010.jpg
    Reisebrevforfattarens sovealkove

    00013.jpg
    Utsikt frå balkongen


    I reisenotata har eg notert eitt ord om hotellet: Gigarom!

    Då reisebrevforfattaren med reisefølgje visiterte hotellet hadde dei fleire gode fasilitetar: Middagsserveringa var det ingenting å seia på. Utvalet av drikkevarer var etter mitt ringe syn framifrå. I tillegg hadde hotellet tilbod om transport til bydelen Victora and Albert waterfront. Med tanke på kor godt eg sov, tydar ting på at køya ikkje var så altfor ille. Frukosten var heller ingenting å klaga over.

    Neste episode: Kapphalvøya rundt.
     
    Last edited: 18. jan 2021
  13. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,373
    Likes mottatt:
    7,631
    Bonuspoeng:
    183
    Godt å se at reisefølgets valg av hotell fungerte bra. "Kommer alltid langt ved å stole på folk med gullkort", gammelt jungelordtak ;)

    Hyggelig mimring tilbake til denne turen, føles altfor lenge siden etter at 2020 ikke bød på særlig utenriksfart. Samtidig veldig glad det var høsten 2019 vi var på tur, hadde vært ille hvis vi hadde planlagt tur høsten 2020...
     
    Sonictravel, Berlioz, kjeeli and 4 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    22/11-19: Kapphalvøya rundt – del 1
    Etter å ha sove som ein stein og ete ein ålreit frukost på hotellet vart vi henta av Matthew, vår guide for dagen. Han skulle ta oss med til Kapphalvøya. Matthew er frå Kappstaden og har mykje på hjarta både om det vi ser rundt oss og meir til. Vi hadde bestilt via African blue tours.

    Første post på programmet vart eit svipp innom Camps Bay, den mest populære stranda for innbuarane i Kappstaden. Dette vart eit reint fotostopp. Ikkje at vi klaga på det, vêret var jo ikkje så aller verst.

    00017.jpg
    Stranda i Camps Bay og fjellrekka Dei tolv apostlane
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Slum og ANC
    Kappstaden har est ut og meir og meir av villmarka er no bygd ned. Somme bustadar er for folk med mykje pengar. Andre for dei som knapt eig nåla i veggen. Sistnemnde bur gjerne i område som vi kan kalla slum, men i Sør-Afrika blir slike område kalla township. Dette er område som fram til avskaffinga av apartheid var bustadstrøk for ikkje-kvite menneske. I praksis er det slik framleis snart 30 år etter at apartheidregimet fall.

    Guiden vår, Matthew, ein kvit mann med hollandske anar, meiner at den økonomiske segregeringa i dag er like sterk som rasesegregeringa var under apartheid. Er du fødd i ein township må du gå på dårlege, statlege skular. Allereie i ung alder mistar du i praksis sjansen til å lukkast: Lausarbeid og ran er kanskje den einaste framtidsutsikta di. Og for evig og alltid bur du i slummen.

    Folk med økonomiske midlar sender ungane sine til gode privatskular. Dette legg så grunnlaget for å lukkast med høgare utdanning. I sin tur er det avgjerande for at du kan få ein jobb som gir ei inntekt du faktisk kan leva av. Til gjengjeld bur du omtrent i ein festning for å hindra at dei som ikkje har noko som helst å leva for og av kjem og stel frå deg.

    Sjølv om guiden vår var svært glad i landet og byen sin, var han slett ikkje nøgd med verken føregåande president Jacob Zuma, han gjekk av i 2018, eller med partiet Den afrikanske nasjonalkongressen, ANC. Både presidenten og partiet var gjennomkorrupte og brukte mesteparten av tida på gjera seg sjølve rike framfor å skapa arbeidsplassar og eit godt utdanningstilbod for alle. All ære til ANC for å ha fått slutt på apartheid, men no måtte andre få makta, meinte guide Matthew.
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Chapmans Peak
    Neste post på programmet var for alle praktiske føremål nok eit fotostopp. Chapmans Peak er oppkalla etter John Chapman, los på eit engelsk skip som kom til området i 1607. I dag er staden eit obligatorisk stopp på ei vegstrekning som vart høgd ut i fjellet i perioden 1915–1922.

    00015.jpg
    Chapmans Peak

    00016.jpg
    Chapmans road

    00014.jpg
    Skogbukta (Hout Bay) sett frå Chapmans Peak
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Kapp det gode håp
    Matthew ønskte å koma fram til Kapp det gode håp så tidleg som mogleg. Hans erfaring var at om ein berre kom litt seinare på dagen, ville køane bli omfattande. Sjølvsagt hadde han rett. Vi var tidleg ute og opplevde inga kø nokon stad, men vi observerte at på veg ut av Kapphalvøya nasjonalpark var det mange som stod og venta på å få betalt entré då vi var på tur ut.

    00018.jpg
    Ein slektning av reisebrevforfattaren?

    00019.jpg
    Stor pipp-pipp (struts)
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    00020.jpg
    Utsikt ved Kapp det gode håp


    00022.jpg
    Skiltet ved Kapp det gode håp

    00021.jpg
    Kart over køyreruta denne dagen
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Ikkje langt unna Kapp det gode håp ligg Cape Point. Dette vart vår fjerde stopp på denne turen rundt Kapphalvøya. Her fekk vi fri frå guiden vår til å rusla rundt i området på eiga hand. Det mest naturlege er å tassa opp til fyret, men på vegen er det fleire ting som ein kan gløtta litt på.

    00024.jpg
    Stien ned til parkeringa ved Cape Point

    00027.jpg
    Kapp det gode håp sett frå Cape Point
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,480
    Likes mottatt:
    36,658
    Bonuspoeng:
    293
    Det er ikkje sjølvsagt at det er kortbukse og t-trøye som gjeld når ein er på Kapphalvøya, men vi var svært heldige med vêret og var glade for at vi hadde kledd oss lett. Vi var både oppom det gamle fyret som står på toppen av odden som Cape Point ligg på, men vi tok oss òg tid til å rusla litt rundt i nettverket av tilrettelagte stiar som finst der. Vi kom oss ikkje ut til det punktet der det nye fyret ligg, men ut dit er det eit lite stykke og Matthew venta på oss.

    00025.jpg

    00026.jpg
    Cape Point og eit møte mellom Indiahavet og Atlanterhavet
     

Del denne siden