Sao Tome og Principe: Ei reise til Afrikas nest minst befolka land

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 10. jan 2023.

  1. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    Vi hadde ikkje lagt nokon planar for den første heile dagen på Sao Tome.

    Etter frukost haurde vi med resepsjonen om moglegheitene for å leige ein guide som kunne vise oss nokre plassar, mellom anna Pico Con Grance. Etter eit par telefonar fekk vi kontakt med ein engelsktalande person som kunne stille med dette. Han ville ha 60 EUR per person, og vi aksepterte dette. Turen skulle ta 4-5 timar og guiden skulle møte opp kl 11.

    Kl 11.05 dukka det opp ein ung kar som skulle vere vår sjåfør. Han dreiv og lærte seg engelsk og kunne forsikre oss om at han hadde sertifikat til bil. Utanom eit og anna guideoppdrag tok han utdanning innan cybersikkerheit. Han var ein triveleg kar som kunne fortelje oss forskjelleg om øya og landet.

    På rundturen var vi innom Boca do Inferno, Santana, ei strand og ei elv ved sjøen der dei lokale vaska klede. Laurdag er visst den store vaskedagen so på søndag er det litt betre plass til tørking av klede. Vaskemaskin er foreløpig særs lite utbredt på denne øya. Vi vart også teke innom ein gammal plantasje der to lokale guidar viste oss rundt og vi fekk smake både jackfruit og kakao.

    Etter rundturen stakk vi føta i vatnet på stranda utanfor hotellet. Dette er ei strand der det også var veldig mange lokale. Temperaturen i vatnet var veldig behageleg, men vi holdt oss til vassing. Etter ein sein lunsj/tidleg middag tok vi ein dukkert i bassenget på hotellet. Temperaturen var kaldare enn i sjøen, so det vart berre eit kort bad. Deretter tok vi ei ny runde med tennis.

    I vart det tidleg utsjekk frå hotellet for å rekke flyet til Principe kl 09.00. På Omali hadde vi betalt for halvpensjon, det var ingen som kunne svare heilt nøyaktig på kva dette innebar, men ein medarbeidar sa at vi berre kunne sette måltid på rommet so ville dei sjå på det. Før frukost i dag bad eg om å få ei betalingslenke for summen vi skulle betale (automaten på hotellet tok berre visa). Faktisk var det mogleg å betale med American Express på denne lenka. Summen var slik at eg trur vi har fått trekt ifrå to måltid. Vi skulle iht Expedia Gold også fått ei flaske vin, men det vart aldri til at vi bestilte denne. Det kan godt hende vi hadde fått trekt den ifrå dersom vi hadde kjøpt ei flaske.

    Alt i alt fungerte Omali godt. Det er eit fint hotell, men eg ser fram til å samanlikne med Pestana.

    1C30C60A-267A-40EB-9D05-AF0E986B42C0.jpeg 93DFFEFB-53F3-4575-AF8F-9EEA81D69616.jpeg 703AFEF6-A802-4D70-A2A1-C4E9346CAA21.jpeg 4D92ECAA-3E04-45C5-92E9-CF610A40D496.jpeg 5445B280-F982-45E5-A7B1-2AF1D0FE4CEC.jpeg 4629A2CD-35A6-4D25-98D5-A1E099427B81.jpeg 863BBFE9-7A3B-4CF2-954A-B22289B6C3E9.jpeg CDA4DD9C-D03F-4E9C-9C6F-C761513F077B.jpeg 991D09D4-C87B-41C2-8E5E-95C88C25E7A5.jpeg 77A3F00D-563A-40DC-906E-C692576E34BA.jpeg 8AFDE8F2-EF39-41C8-A7A5-BADC3546F578.jpeg
     
    Scrooge, Sonictravel, Liza and 19 others like this.
  2. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    Flyturen til Principe gjekk veldig fint.
    Ved innsjekk vart bagasjen vegd på ei vekt som ikkje vart digital og begge koffertane våre vart vurdert innanfor grensa på 15 kilo.

    Vi vart tildelt nødutgang og det var ingenting å seie på beinplassen.

    Flyet gjekk på tids og etter ein kort flytur var vi framme på PCP. Vi har no sjekka inn på Belo Monte hotel.

    72D8160B-D0B3-40DB-AC09-B423826B5C19.jpeg 85E23A52-22F9-4ADB-BCC6-04F1254CBD71.jpeg 003FCF45-B5F8-49B9-8D32-3F4D07A282E6.jpeg
    Handbagasjen vart plassert i eit rom bakerst i flyet. 1A6D97D2-19F1-44C3-A109-306CA1C63553.jpeg 5672F7D0-64BB-4045-9943-429B40667F8F.jpeg 66BBCE91-6154-464F-BB71-0CB788C7FC12.jpeg FA773452-110F-4FF0-B226-ABB23CF455AD.jpeg 4DF2FA8D-86E4-41CE-B9AA-1E9F78F0BEEC.jpeg
     
    Scrooge, Sonictravel, Liza and 21 others like this.
  3. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    Det er i alle fall ingen tvil om at Principe har fantastisk fine strender som du får (omlag) heilt for deg sjølv.

    Badetemperaturen er heller ikkje noko å utsetje på.

    Her Praia Banana.

    FA18F7B5-0D1A-47B4-AB00-6D535A2AC782.jpeg 733CDB47-E92D-461A-8409-04C0FF0513B0.jpeg
     
    Sonictravel, Liza, cooolcatz and 19 others like this.
  4. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    Etter tips frå @jonasjonas100 (takk for tipset!) oppsøkte vi dagen etter Praia Boi. Stranda var ein 20-30 minutts gåtur frå Belo Monte. Når vi kom ned til stranda kom det akkurat inn ein båt med turistar, desse skulle ete lunsj her. Etter ein times tid forsvann dei vidare og vi fekk igjen stranda for oss sjølve.
    Ei særs flott strand dette også, og gode moglegheiter for å ha den åleine.
    1838A073-E5E1-40DF-8A52-7510901F1135.jpeg

    På veg heim stoppa vi innom Praia Mocaco, ei strand som har nokre falleferdige, små bygningar. Flott strand men mykje søppel, ikkje nødvendig å oppsøke.
    5B4E274F-F743-4246-BA9E-A01924F5176F.jpeg

    Bølgene var noko større denne dagen og det var difor litt meir utfordrande med bading.
     
    Scrooge, Sonictravel, Liza and 14 others like this.
  5. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    Etter to relativt rolege dagar med mykje strandtid fann vi ut at vi fekk utforske øya litt tredje dagen. Vi booka ein tur til Pico Papagaio, ein 680 meter høg fjellknaus. Dette er ein del av nasjonalparken og det må betalast avgift for å gå der, forsto det også slik at det var påbode med guide. Påbode eller ikkje, det var uansett greitt å ha ein guide for å finne fram.

    Guiden sa at turen opp ville ta 1,5 time. Som ein offensiv vestlending slo eg til med «so we will make it in one hour». Viss guiden klarar å halde følgje med oss, tenkte eg i mitt indre. Vel, guiden sette avstad i eit særs respektabelt tempo og sjølv ein vestlending måtte vedgå at dette var tungt. Temperaturen, kombinert med litt vel mykje vatn i sekken gjorde sitt.

    På eit punkt på stien konkluderte guiden med at vi hadde gått for langt, og at vi måtte gå tilbake. Etter å ha gått tilbake noko som føltes som 50 høgdemeter og nokre minutt fekk guiden endeleg tak i nokon som tydelegvis kjende fjellturen noko betre. Konklusjonen vart at vi måtte gå opp igjen denne høgda og halde fram. Vi nådde toppen etter ein time og tjue minutt, om vi trekk ifrå ti minutt på den feilaktige snuinga, so kan vi vel seie at vi nesten klarte det på ein time.

    På toppen skulle det vere fin utsikt over Santo Antonio, hovudstaden på Principe og over naturen. Skodda låg over byen då vi nådde toppen, men vi fekk sjå Santa Joaquina. Etter kvart opna det seg også slik at vi fekk utsyn over Santo Antonio.

    150E97ED-7867-4F04-B25A-CF72B7036832.jpeg 48E227BC-F733-407B-834B-BE3858467E85.jpeg 1C800FEF-FF94-4E38-8869-DA0FB4DE6114.jpeg
    Alt i alt ein fin fjelltur, som eg er glad for at ikkje var mykje lenger.

    På returen stoppa vi innom Santo Antonio og fekk traska igjennom denne medan vi venta på to hotellbuarar som hadde ete lunsj i byen og som også skulle tilbake til Belo Monte.

    E461DE62-B195-4A7C-9A5B-DE191FB255F0.jpeg 40ED3810-9E6B-49FC-AD43-586FCE9FE5C8.jpeg 92BB13D3-881A-46AF-AF0C-30AD51B6040F.jpeg

    Hotellet tilbyr transport til Praia Banana og etter ein kjapp lunsj tok vi turen ned for ein dukkert. Det var 20 minutts ventetid på bil, so vi spaserte ned. Etter litt bading fekk vi transport opp igjen til Belo Monte og det vart ein tidleg middag før vi skulle ut for å sjå på sjøskilpadder som legg egg.

    På Praia Grande er det ein organisasjon som jobbar med å dokumentere skilpaddebestanden samt legge til rette for at dei skal få gode føresetnadar for å formeire seg. Turen innebar eit museum og dersom det er skilpadder på stranda for å legge egg so får ein sjå på dette. Denne dagen var det fleire skilpadder som var innom og vi fekk sjå på egglegging og tildekking. Prosessen er omstendeleg, først brukar skilpadda 20 min på å finne ein ideell stad for egglegging, deretter brukar den ein time på å lage eit reir. Etter å ha lagt ca 120 egg i 20 minutt skal egga dekkast til. Kor lang tid dette eigentleg tek er eg usikker på, men det var lenge nok til at vi vart litt leie. Vi gjekk difor tilbake litt før skilpadda returnerte til havet. På Praia Grande krydde det av krabbar, so for dei som har ektefellar som ikkje er veldig glade i dette so kan det vere ei utfordring.
    8D25DE94-817E-4253-8468-0F5300027E34.jpeg
    A7DB8FE2-CA78-49C2-9456-A50138F93E44.jpeg
     
    Scrooge, Sonictravel, Liza and 13 others like this.
  6. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    På Belo Monte var det ingen problem med sein utsjekk so vi fekk behalde rommet til flyplasstransporten gjekk kl 14.40 for ettermiddagsavgangen.

    På PCP gjekk det i handskrivne boarding pass og fritt seteval. Valget fall på 1B og dette setet kan eg trygt anbefale til alle. Her får du orkesterplass i forhold til alt som skjer i cockpit. Om du strekk ut foten so kan du vel til og med sørge for at flyet kjem raskare fram (kanskje).

    DC78B7C8-3533-47C3-8AF4-9A758F4D2B65.jpeg 1EABA35E-0090-48AE-9498-12259C017869.jpeg 95EBFF02-B605-498A-9060-A2D7FA953135.jpeg
    F6FDA6AC-72D3-40F5-87B4-DB6FD33D4EA1.jpeg
     
    Scrooge, Kalsnes, Spielhaug and 20 others like this.
  7. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    Då har ein kome seg tilbake til heimlandet etter ei litt lenger enn planlagd heimreise med TAP, dette skal eg kome tilbake til.

    I reisebrevet var vi kome til returen til Sao Tome frå Principe. Denne gongen sto Pestana Sao Tome for tur og eg fekk avtalt med hotellet at dei henta oss på flyplassen. Dei hadde sendt ein minibuss som plukka opp oss og to andre gjester som kom inn frå Principe. Dette Pestana-hotellet ligg lenger vekke frå flyplassen, nærare sentrum av Sao Tome.

    Vi sjekka inn og fekk tildelt eit rom med utsikt utover havet. Det må bemerkast at sengene var veldig harde og ikkje særleg gode. Verken eg eller kona fekk sove særleg godt i desse. Sia vi var kome godt ut på dagen når vi sjekka inn valde vi å gå for middag på hotellet. Her vert det servert buffet kvar dag. Denne viste eg å koste 30 EUR per person. Det var ein heilt ok buffet med ei god gryte av svin og fleire andre alternativ. Også godt utval av dessert og frukt. For denne prisen finn du likevel betre alternativ. Dagen etter var det grilling og underhaldning, so dersom prisen på buffet var den same denne dagen so var nok det betre valuta for pengane.
    E0541B47-678E-401A-BE0D-4173A8BC1532.jpeg

    På middagen hamna vi på bord ved sia av to andre norsktalande turistar, so dette fins også i Sao Tome. Dette var eit særs triveleg pensjonistektepar og vi vart sitjande å prate med dei utover kvelden.

    Dagen etter starta vi med frukost, som definitivt var den beste frukosten på turen. Omelett-kokk og veldig godt utval. Kaffien var god på alle hotella på turen, men kanskje spesielt på dei to på Sao Tome.

    Etter frukost spaserte vi rundt i byen, og tok lunsjen på Papa Fago. Eit godt val, der underteikna gjekk for grilltallerken, det var ingen problem å bli mett av denne. Restauranten verka å vere populær både blant turistar og det eg antek var medlemmer av det øvre samfunnslaget lokalt i Sao Tome.
    2EC71AC9-E6D4-477D-BE66-6A76155347F1.jpeg F71CCF71-83CC-4E26-BA80-AC5F5FB31593.jpeg 06AAD670-3A2F-4C77-9EF4-1C82DBA80C6A.jpeg

    Deretter testa vi bassenget på hotellet. Vatnet var ein del kjølegare her enn i sjøen, so det vart ein kort dukkert.

    Dei andre nordmenna hadde undersøkt med hotellet om det var mogleg å få til tur til ekvator (Ilhéu das Rolas), hotellet hadde informert dei om at dette ikkje var mogleg fordi vegen var blitt for dårleg. Eg spurte guiden som @Lnbre hadde brukt, og han meinte at dette var uproblematisk. Det vart difor til at vi booka tur til ekvator siste dagen. Dette passa også fint sia vi då kunne sjekke ut frå hotellet på morgonen og likevel få utnytta dagen godt. Vi fekk også avtalt at vi skulle få låne eit rom på ettermiddagen for å dusje før vi skulle reise til flyplassen. Hotellet sa at dei skulle ha 21 EUR per person for transport til flyplassen, dette vurderte eg som relativt uaktuelt, men guiden gjekk med på å levere oss på hotellet og deretter hente oss for å køyre oss til flyplassen etter eit par timar. Det var nok tid til å dusje i tillegg til å ete ein hamburger på hotellet.

    Turen til ekvator kan anbefalast, du får sett mykje av det som er verdt å sjå på Sao Tome på vegen dit og du får reist til ekvatorpunktet. På Rolas kan du også få bada på ei fin strand. Vi var einige om at det passa veldig fint å ta denne turen siste dagen, sjølv om det for vår del medførte at turen vi hadde heilt på starten av ferien var relativt bortkasta med at vi no uansett kjaurde forbi dei fleste stadane. Samtidig fekk vi no anledning til å sjå heile Pico Cao Grande, utan skodde på toppen.
    Guiden, Luis, kan definitivt anbefalast for framtidige reisande. Veldig servicevenleg og ikkje minst prata han godt engelsk, betydeleg betre enn alle andre guidar vi hadde.
    Kva hotellet meinte når dei fråråda turen veit eg ikkje. Vegen var dårleg, men ikkje veldig mykje dårlegare enn ellers og den opplevdes i alle fall ikkje som farleg.

    75AF3C8B-788F-4241-AA47-265F8D979A8C.jpeg BEEA75A6-A02B-41F9-8B93-B7274E652917.jpeg 76E65ECF-6F4F-4552-95F5-425EC76A6FF4.jpeg 25FE54B1-A6BF-4805-B755-7A96BE2FA011.jpeg
     
  8. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    Sjokoladen frå Claudio Corallo fortenar kanskje eit eige innlegg.

    Vi var aldri på besøk i produksjonslokalet. Vi var riktignok bortom der det viste Claudio Corallo på Google Maps, men her var i alle fall ikkje noko opent utsal.

    I staden fekk vi guiden som vi hadde til Ekvator til å køyre oss innom ein plass dei selde Claudio Corallo-sjokolade. På supermarkedet CKDO hadde dei bra utval, og vi plukka med oss eit lite lass.

    Etter heimkomst til Norge har sjokoladen blitt testa på både medarbeidarar, familie og vener. Dei fleste er einige om at sjokoladen er god til å vere mørk, nokon har også hevda at den er spesielt god. For min eigen del vil eg vel også seie at den er god, men eg har nok ein preferanse for mjelkesjokolade.

    Ein ting som har blitt trekt fram med denne sjokoladen er at den som mørk sjokolade ikkje har den bitre smaken du ofte får, dette stemmer i alle fall.
    7D836A2F-5074-488B-B463-8585F7560CAC.jpeg
     
    Scrooge, Kristian, EndreD and 5 others like this.
  9. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    So er det vel på tide med ei oppsummering før alt har gått i gløymeboka.

    Eg kan absolutt anbefale ein tur til Sao Tome og Principe! Både eg og kona er einige om at turen hadde blitt mykje fattigare utan eit besøk til Principe, so dette kan definitivt anbefalast. Det kan sjølvsagt vere ei utfordring at flyturen dit kan koste nokre tusenlappar og hotella kostar også litt meir der. Det du får er derimot fantastisk flotte strender med svært få andre besøkande.

    På Principe budde vi på Roca Belo Monte. Om vi ser på hotellet isolert sett vil eg ikkje seie at du får mykje for pengane, vi bestilte full board og fekk tre måltid om dagen inkludert. Maten var stort sett heilt kurant, men ikkje nokon matopplevingar du kjem til å tenke tilbake på. Reinhaldet på romma var ok, servicen derimot var veldig bra! Hotellet tilbyr både gratis transport til og frå flyplassen og dei tilbyr gratis transport til Praia Banana. Det er også fint mogleg å gå til Praia Banana og andre strender i nærleiken av hotellet. Konklusjonen er vel at vi godt kunne budd her igjen, men at eg også ville sjekka kva andre alternativ som fans.

    På Sao Tome budde vi på både Pestana og Omali, der Pestana er einaste femstjernershotellet i landet. Vi likte oss mykje betre på Omali, både rom, senger, mat og service var betre der. Det var nok spesielt den harde og ukomfortable senga på Pestana som vi kjem til å hugse frå opphaldet der. Bassenget var nok hakket betre, men temperaturen i bassenget gjorde det like fristande å bade der. Spesielt etter fleire dagar med herlege temperaturar i vatnet på Prinicipe. Begge hotella har offentleg strand rett ved hotellet. På Pestana må du gå litt utanfor hotellet fordi det er mykje steinar i sjøen der hotellet ligg. Ved neste opphold hadde nok vi vurdert Omali for alle nettene vi ville hatt i byen, eller kanskje aller helst eit hotell utanfor byen.

    I forkant av turen var vi litt usikre i forhold til malaria. Vi enda opp med å ikkje ta med malariatablettar, av dei vi prata med på hotella meinte dei at malaria ikkje lenger var noko problem – verken på Sao Tome eller på Principe. Her får alle gjere sine eigne vurderingar. Svart mamba som var kona si store bekymring var heller ikkje nokon utfordring.

    Til slutt kan eg berre oppfordre alle til å vurdere ein tur til Sao Tome og Principe. Om du er litt tidleg ute går det heilt fint å få tak i bonusbillettar dit, om du no søker på januar 2024 vil du finne åtte ledige seter på dei fleste flyavgangane – sjølv når eg søker heilt frå Ålesund.

    Eit siste tips er å bruke guiden https://luis-saotome.com/ eller ein annan du har funne ut at pratar greitt engelsk. Vår første dag i Sao Tome bestilte vi berre ein guide frå hotellet og vedkomande kunne knapt engelsk. Dette gjorde at utbyttet var noko avgrensa.

    Med dette rundar eg av reisebrevet, og takkar for følget!
     
    Scrooge, Kristian, Spielhaug and 9 others like this.
  10. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    19,289
    Likes mottatt:
    75,547
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for et flott reisebrev!
    Det frister å ta en tur hit. (Men det gjør det jo egentlig til alle steder det skrives om her inne. :p)
     
    afirm and Eddie47 like this.
  11. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,215
    Likes mottatt:
    884,014
    Bonuspoeng:
    293
    Enig med @holmen .. verden blir fristende med alle reisebrevene.
    Reiser gjerne til Sao Tome, men fruen vil ha liggeseter på flyturer lengre enn 3-4 timer ..
     
    holmen and afirm like this.
  12. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,951
    Likes mottatt:
    6,017
    Bonuspoeng:
    183
    TAP flyr A321 med liggeseter på LIS-TMS-ruta.
    OSL-LIS er vel ca 4 timar.
    Har visst ikkje teke eit einaste bilete av desse seta, verken her eller då vi hadde same sete til YUL i fjor.
    Det ser uansett slik ut:
    https://www.premium-flights.com/flight-review-tap-business-class-a321lr-neo/

    C046445D-7248-445C-92DA-FF2594085B9D.jpeg
     
    EndreD, RoadKing, paron and 1 other person like this.
  13. ccurrahee

    ccurrahee Ikke helt statusløs da……

    Innlegg:
    10,644
    Likes mottatt:
    38,770
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for både praktiske tips, gjennom gang av bosted og guidetips og fine forslag til sightseeing og badested

    Dette frister veldig. Så nok en gang 2+ på det jeg leser her det frister utsagnet:)
     
    afirm liker dette
  14. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,923
    Likes mottatt:
    35,094
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen :)
     
    afirm liker dette

Del denne siden