Eg kjøper som regel direkte med flyselskapet. Har brent meg på å ha kjøpt sjølv via seriøse reisebyrå som Berg-Hansen når det oppstår krøll.
Scenario 1:
Det er vesle julaftan på kvelden. Du skal heim til By C til jul. Du er i By A og skal reise med SAS via By B på ein billett kjøpt på eit reisebyrå. Flight A-B blir forsinka og deretter kansellert. Så du ser på tavla og søkjer på nett og finn ut at det går fly til By D og vidare til By C om 35 min. Du spring til gate for flight A-D og forklarar problemet og spør om dei kan booke deg om. "Nei, beklager, men reisebyrået har lagt inn en reservasjon/blokkering mot endringer. Vi kan ikke røre denne. Du må ringe reisebyrået ditt og be om å bli booka om."
Så då ringer du til nettreisebyrået og blir kanskje møtt av ein telefonsvarar som opplyser om åpningstid mellom 09-15 (09-18 om du har kjøpt servicepakken til 500 kr), eller så har du kjøpt via eit litt meir seriøst reisebyrå og får svar av ein konsulent. Som seier: "Beklager, men flight A-D har avgang om 31 minutt. Det er for kort tid til at vi kan booke deg om via By D. Men vi kan selge deg en ny billett A-D-C for 13 000 kr? Da rekker du flyet A-D!?"
Flaks at ein sparte 400 kr ved å handle billett på shadytickets.com. Så har ein i alle fall til eit glas rødvin til julefrokosten på hotellet.
Scenario 2:
Som scenario 1, men du har kjøpt billett på sas.no. Du går til gaten for flight A-D og forklarar. Personen i gate seier: "Simsalabim, her er det nye boardingkortet ditt, siste ledige sete 23E. Du får nytt boardingkort D-C i By D. God jul!"
Kort oppsummert: Bruk OTA og ha pengar til overs til å nyte fin vin og god hotelljulefrokost, eller kjøp billett direkte med flyselskapet og et knekkebrød og drikk melk ved ditt eige kjøkkenbord på julaftan.
Vis alt...