SAS: Fornying av kuben og bort med varme klutar
I det daglege strevet med å bli meir miljøvenleg reduserer SAS no innhaldet i kuben og sluttar med utdeling av varme klutar i Europa. Det skriv ombordmagasinet Scandinavian Traveler (tidl. Scanorama).
Redusert kube
No i november får matkuben hos SAS ein ny utsjånad. I same slengen blir innhaldet redusert:
- Ikkje noko salt og peppar
- Ingen våtserviett
- Ut med tannpirkaren
SAS grunngjev innhaldsreduksjonen med at desse tinga sjeldan blir brukt.
Frå plast til papir i kuben
I tillegg gjer SAS sitt beste for å redusere plastikkbruken i kuben ved å mellom anna ta i bruk papirprodukt. Plastikkboksen inni kuben blir no laga av ein spesiell type papir. Bestikket vil ikkje lenger vera pakka inn i plast, men i ein papirserviett.
SAS uttrykkjer at dei er svært stolte av kuben og at denne utgjer fyrtårnet i ombordsørvisen. Den nye kuben som blir lansert i november er ein del av prosessen med å gjera selskapet meir berekraftig, skriv Scandinavian Traveler.
Slutt med varme klutar
Grunngjeve med at SAS ønskjer å bli meir miljøvenlege er det no bestemt at det ikkje lenger skal delast ut varme klutar for reisande i SAS Pluss på Europa-flygingar.
Andre berekraftige endringar
Scandinavian Traveler nemner ei rad endringar som skal gjera SAS meir miljøvenleg:
- Spørja reisande om dei kan bruka same plastglas til fleire drikkar for å redusera plastavfall
- Førhandsbestilling av mat for å redusera matsvinn og flyvekt
- Frå plast- til trepinne i drinkane
Alt dette kjem i tillegg til satsinga på biodrivstoff, elektriske fly og modernisering av flåten.
Les meir i novemberutgåva av Scandinavian Traveler.
***
Kommentar
Det som 'alle' ønskjer å bli kvitt (kuben) blir vi tydelegvis ikkje kvitt.
Det som 'alle' elskar (varm klut) blir forbetra bort.
Er det rart vi drikk?
Last edited: 14. nov 2019