SAS frå TRD til KKN v/OSL – eit slags reisebrev

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 07. nov 2016.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Akkurat i desse dagar er det så mange som er på eksotiske reiser. Eg seier som dei i gode gamle dagar sa på Dagsrevyen: "Og vi skal heim igjen".

    Strekning: Værnes – Gardermoen
    Flygning: SK371 (avgang 16:10)
    Dato: 6/11-16
    Klasse: SAS Plus


    Innsjekk: Manuell. Godt humør på tøtta i skranken. Eg liker manuell innsjekk :) Prio-tag fekk eg òg. Fast track unnagjort på femten sekund. God stemning!
    Bollekantina på Værnes: Fulle bolle- og snurrebrett og ledige sitjeplassar. Knall!
    Ombordstigning: Prioritert ombordstigning fungerte! Nesten fullt fly, brukte framre og bakre utgang, alle på plass på 15 minutt.
    Flyginga TRD–OSL: Ledig midtsete, plassering: 1D. Konge! :D
    Servering og sørvis: Det var lite på menyen som frista, men eg var mett etter ein kraftig lønsj. Venleg og sørvisinnstilt kabinpersonale :)
    Flytid: 50 minutt, inn til OSL sørfrå, landa litt før rute.

    Strekning: Gardermoen – Høybuktmoen
    Flygning: SK4478 (avgang 17:55)
    Dato: 6/11-16
    Klasse: SAS Plus


    Potetgullkantina på Gardermoen: Smekkfull! Som vanleg... :mad: Snudde i døra og furta utgangslangs i avgangshallen. Trefte på kjentfolk og fekk prata skit. Æda-bæda til kantina! :p
    Ombordstigning: Prioritert ombordstigning fungerte. Måtte gå 50 meter frå utgangen til flytrappa. Ingen transport for statuskunder. Skandale! :eek: 122 pax om bord.
    Flyginga OSL–KKN: Ved innsjekk fekk eg plass på 2C som skulle ha vore første rad på denne sida av dette flyet. Dei bytta truleg fly, eg fekk framleis plass på 2C, men hadde ei seterad framom meg :oops: På rad 1 var det totalt seks passasjerar, på rad 2 var det fire. Med andre ord: Ledig midtsete! Konge! :cool:
    Servering og sørvis: Under severing bad eg om å få polarrulle i tillegg til roastbiffsnacken. Snack vart samla inn, rulle delt ut. Nabotøtta som ikkje ville ha roastbiffen fekk både rulle og roast. Kanskje eg var uklår :oops: Pursher verka litt stressa. Heile besetninga plasserte seg bak stengt gardin siste halvdel av flyginga. Gjorde forsåvidt ikkje meg noko, men gardinfolket er eg ikkje så glad i... Kan likevel forstå behovet for litt pause innimellom :)
    Flytid: 2 timar. Inn til KKN nordfrå. Landa i rute.

    Totalvurdering: Det var ein dag det var heilt greitt å fly. Skuff at SAS-bua innanriks på OSL er så forbanna smekkfull. Gardingreia er litt unødvendig. Likevel: Eigentleg ingenting å klaga på frå kabinpersonalet. Dei er jo trivelege :)
     
    LineE, mhsalv, RoadKing and 6 others like this.
  2. Fomp

    Fomp FNG

    Innlegg:
    54
    Likes mottatt:
    41
    Bonuspoeng:
    18
    Jeg flyr OSL-TRD-OSL i morgen. Har vel ingen store forhåpninger om det store utvalget i kantina på gardermoen klokken 06, så mulig frokosten blir i Trondheim i stede. Derimot håper jeg å få prøvd kanelsnurrene på Værnes på hjemturen :)
     
    Berlioz, Kristian and Stuttfeiten like this.
  3. MadsVaHa

    MadsVaHa Veteran

    Innlegg:
    2,508
    Likes mottatt:
    5,541
    Bonuspoeng:
    183
    Flott med slike små skildringer om hverdagsflyvninger :)
    Takk for du tar deg tid til å dele!
     
    Kristian liker dette
  4. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Alltid flott med en liten rapport fra en god, klassisk innenrikstur med SAS. Det er jo alltid flest av disse så fint at noen tar seg tid til å skrive om dem også :)
     
    mhsalv and Kristian like this.
  5. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Flott rapport! :)
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Gløymde to ting:

    Turens irritasjonsmoment: Reiser du i Plus og sit på første rad må du for pokker forstå at du ikkje kan ha veska di på golvet ved føtene. Kabinpersonalet skal sleppe å minne deg på dette og løfte tingene dine opp på hattehylla. Her burde det vere ein bakgrunnssjekk! Ok, kanskje ikkje så ille, då, men hallo, liksom!

    Turens kommentar: Møtte på ein kjenning som såg meg på rad to.
    – Kjenning: Jasså, langt framme?
    – Mitt svar: For mange sjukdomar der bak.

    :D
     

Del denne siden