Stuttfeiten kjøper seg SIM-kort i Ho Chi Minh City

Tråd i 'Reisebrev' startet av Stuttfeiten, 14. aug 2019.

  1. ina

    ina Senior Medlem

    Innlegg:
    556
    Likes mottatt:
    1,282
    Bonuspoeng:
    93
    Brukte du mopedguide? Eller kjørte du moped i Ho Chi Minh City? Det er jo ingen trafikkregler der.
     
  2. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Det var mopedguida ja, Binh frå A.N.Tours. Booka gjennom Tripadvisor. Turen tok ca fire timar og vi hadde seks stopp. Og nei, om her er trafikkreglar så kan ikkje eg dei. Men eg konkluderte med at eit par reglar må vere gjeldande:
    * Moped har vikeplikt for lastebil/bil.
    * Moped har vikeplikt for raskare moped som køyrer i feil køyreretning og felt, spesielt i kryss.
    * Alle har vikeplikt for mopedførar som skriv SMS.
    * Gåande er fritt vilt.

    Alt i alt så fungerar det, og i løpet av turen såg eg ingen som velta eller vart køyrd over.

    No er det frokost, pho og dim sum, før ein må bråpakke og gjere seg klar for utsjekk. Eg kunne godt ha blitt verande her ei veke eller tre til.
    LRM_EXPORT_1445155166275825_20190819_081140724.jpeg
    LRM_EXPORT_1445156765454626_20190819_081142324.jpeg
     
    pgaa, jgroneng, MilageRune and 19 others like this.
  3. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Litt trasigt å reise frå hotellet i dag. Eg har hatt tre fantastiske dagar i byen. Om ikkje anna så er det nesten personleg rekord i lengde på opphald på eit reisemål. Men det var ikkje så mykje anna å gjere enn å setje seg i bilen (booka transfer frå hotellet).
    LRM_EXPORT_1449699353970598_20190819_102702762.jpeg
    LRM_EXPORT_1449697958322734_20190819_102701367.jpeg
    Ein ansatt på flyplassen venta når bilen kom til terminalen, og han tok meg til innsjekk og så vidare gjennom diplomatslusa i immigrasjon. Avslutning var sniking i køen i sikkerhetskontrollen og eg vart følgd til stolen i loungen. Heilt greitt på ein mandag morgon.
    LRM_EXPORT_1449696260796954_20190819_102659669.jpeg
    Irritasjonsmoment #63 på reise: Folk som okkuperar utsiktstrone ved vindauget i loungen med fri sikt til alt som skjer ute, men som sit med ryggen mot rullebana og les avis eller søv.

    Eg dunka kofferten i stolryggen til den sovande dama (ba sjølvsagt om unnskyldning når ho vakna) og spurte om eg fikk setje meg. Ho virka litt forvirra, og når eg hadde henta meg vin var ho vekk. :rolleyes:
    Eg maktar ikkje meir frokost i dag, sjølv om enkelte saker på buffeten fristar litt.

    Eg trur det var flyet mitt som kom inn nettopp. SQ178 frå SIN, A330 som er flytypen min til Singapore.
    LRM_EXPORT_1450675173949080_20190819_104349270.jpeg
    LRM_EXPORT_1450910824514146_20190819_104744921.jpeg
    Så, då er Stuttfeiten klar for 20t og 20min i fly.
    LRM_EXPORT_1449700592794452_20190819_102704001.jpeg
    Nesten klar i alle fall, men dei har berre London Gin i loungen her. Ellers er det ein grei lounge, SASCO kontraktlounge. Fin utsikt!
    LRM_EXPORT_1451167535454830_20190819_105201632.jpeg
    Saker eg lærte i går:
    1) Å skyte med AK47
    2) Å brette lotusblomst.
    3) Å ligge unna fermenterte bambusskudd i overskueleg framtid, i alle fall så lenge korttidsminnet varer.
    LRM_EXPORT_1451310718769671_20190819_105424815.jpeg
     
    Last edited: 19. aug 2019
    pgaa, jgroneng, geddi and 27 others like this.
  4. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Så står airbussen klar.
    LRM_EXPORT_1455029833923721_20190819_120434323.jpeg
    SQ biz intra-Asia knuser SAS Plus intra-Europa dei fleste dagar i veka.
    LRM_EXPORT_1455032444547053_20190819_120436934.jpeg
    Purser kom og helste på og hadde masse gode tips om kva ein bør få med seg på Jewel resten av dagen (reiser til HKG i morgon, bur på Crowne Plaza på Changi i natt). Ein trivelig eldre herremann som lova å passe godt på meg over Siambukta i dag.

    2+2+2, men her er langt frå fullt. Knyttnevetest bestått...
    LRM_EXPORT_1455033811619084_20190819_120438301.jpeg
    Eg rekk faktisk ikkje bulkhead med tåna så lenge setebeltet er på (sjølv med maks lengde).
    LRM_EXPORT_1455031082195596_20190819_120435572.jpeg
    Fikk også filma litt video av how-to-flush-an-entire-roll-of-toilet-paper-on-a-plane til 5-årig niese heime som er veldig opptatt av flydo etter ein traumatisk opplevelse (tisse på bråkete, svart do) på SAS i sommar. Håpar å kurere skrekken litt.
     
    pgaa, jgroneng, ordnetseg and 26 others like this.
  5. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,685
    Likes mottatt:
    10,234
    Bonuspoeng:
    293
    Som vanlig helt fantastisk å følge deg på tur! Og jeg gleder meg nå, om mulig, enda mer til turen vår i de eleverte klasser til Colombia og Panama i november :)

    Fortsatt god tur!
     
  6. paron

    paron Senior Medlem

    Innlegg:
    521
    Likes mottatt:
    2,693
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for reisebrevet så langt. Fantastisk som alltid!

    Jeg skal bo på samme hotell i november. Hvordan er loungen der?
    Prøvde du Champagne brunsj på hotellet søndag? Skal visstnok være den beste i HCMC i følge rapporter jeg har lest.
     
  7. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    95 dagar igjen :)
    Club loungen er bra, kaffi, brus og øl gjennom dagen, cocktail hour frå 17:30 til 19:30. Greit utvalg i drikke, god mat. Sjekka ikkje afternoon tea.

    Fikk dessverre heller ikkje med meg søndagsbrunch. Kom ikkje igjen frå elva før 13:30, og då såg eg ut som ein moldokse. Men meinar prisen var rundt 1,8 mill vietnamesiske dinarar (ca 600 norske oljedollars). Veit ikkje om det er fri flyt.

    Veldig fint hotell, eg bur der gjerne igjen. :)

    Har sjekka inn på Crowne Plaza på Changi. Tenkjer å ta ein rusletur og sjekke Changi Jewel.
    LRM_EXPORT_1464506278204429_20190819_165630897.jpeg
     
    jgroneng, MilageRune, Liza and 8 others like this.
  8. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Eg trur framleis at Changi må vere verdas finaste flyplass å feriere på.
    LRM_EXPORT_1465813831710441_20190819_172853272.jpeg
    Høgt heng dei, og høyrest ikkje spesielt sure ut. LRM_EXPORT_1465811083008254_20190819_172850523.jpeg LRM_EXPORT_1465807665177578_20190819_172847105.jpeg LRM_EXPORT_1465809128414817_20190819_172848568.jpeg
    Pause og inntrykksfordøying. Jewel er kjempeflott! Men det virkar som om dei i staden for å teikne og bygge før dei planla dei plassering av dei forskjellige attraksjonane - har teikna/bygd, og så ikkje planlagd attraksjonane i det heile? Sperreband og vakter som dirigerar både billettinnehavarar og oss blant bermen gjer det til ein labyrint.
    Men igjen; wow så flott! :)

    Tiger Dragonfruit Lager - ikkje akkurat Hansa pils...
    LRM_EXPORT_1465812542568670_20190819_172851982.jpeg
    ... men drikkandes.
     
    Last edited: 19. aug 2019
    pgaa, jgroneng, geddi and 27 others like this.
  9. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    Dette reisebrevet gjør mandagen overkommelig. @Stuttfeiten dette er bare herlig ;)
     
    Grooo liker dette
  10. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    21,705
    Bonuspoeng:
    293
    Var det bilen fra hotellet eller SQ Biz som ga denne fine behandlingen ?
     
  11. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    For mykje champagne? Går det an då? :D (Flyttar oss tilbake her så eg ikkje rotar til Sonictravel sitt reisebrev meir enn eg har gjort.)

    Det var transferpakke med fast track frå hotellet. Kjendes som ei grei investering når fyrste svettedråpen sklei ned i augebrynet i det vi gjekk forbi køen.
     
    drsyk, Eddie47 and indahla like this.
  12. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Då er det ein time igjen til boarding for flighten til HKG, og det verste problemet Luftwaffe kan melde om er problem med catering til økonomiklasse i Europa. Så då lenar eg meg tilbake med eit glas Laurent-Perrier og reknar med at transfer i HKG blir plankekøyring.

    Eg starta dagen med ein solid frokost i loungen, nudlar, steikt ris, dim sum (rekesak) og ein ørliten omelett med alt. (Beklagar @Sunnfjordingen, men fonen låg igjen på lading.)

    Så, sidan eg hadde rom ved bassenget fikk eg bruna meg ein time på kanten før draget frå SilverKris loungen vart for sterkt.
    LRM_EXPORT_1513308066547010_20190820_130103212.jpeg
    Har faktisk blitt i overkant steikt, sjølv om eg har vore ganske anstendig mesteparten av turen, så her kjem Stuttfeitens reisetips #103:
    Om du går kledd i tynne linkle under sola ved ekvator, så bruk solkrem. Sola skin gjerne gjennom tynt lin.

    Og så kan eg følje på med saker og ting som irriterar Stuttfeiten på reise #46:
    Folk som sluttar å bevege seg rett før eller i det dei trakkar inn på rullebandet og som absolutt må stå side ved side.
    LRM_EXPORT_1513961645425563_20190820_131156791.jpeg

    Høgdepunkt frå i går:


    Edit: Må nesten ha med denne også (VVW):
     
    Last edited: 20. aug 2019
    pgaa, jgroneng, Insomnia4u and 21 others like this.
  13. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    21,705
    Bonuspoeng:
    293
    Pris ? :)
     
  14. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,241
    Likes mottatt:
    22,478
    Bonuspoeng:
    183
    Du er tilgitt. Changi ser jammen flott ut.
     
    drsyk and Stuttfeiten like this.
  15. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    75+50 Trump$, transfer og fast track.

    35 grader i SIN, heilt greitt å ha vore innandørs siste timane. Litt smånervøs for å reise med fly med Boeing (787-1000, 9V-SCM, vel ein mnd gamal), men eg trøystar meg med at om vi går i bakken så blir det med lukta av ny kabin i nasa (ev blanda med lukt av parafin, oppkast og svette, men så pessimistisk skal ein helst ikkje vere).

    Har komt oss opp på 9400 meter etter å ha venta litt på nokre fly som ville lande. Her slit dei litt med prioriteringane sine synest eg. Fly landar som regel uansett, mens eg får mindre og mindre tid i F-loungen dess lenger vi må vente. Vi ligg likevel an til å lande 19 min før rute. Håpar gate er klar, ellers vil dei siste 10 vekene bleikne mot mine høglytte protestar.

    Har bestilt and,
    LRM_EXPORT_1519400044809739_20190820_152651476.jpeg
    men har ikkje bestemt meg for kva for ein Chianti eg vil ha. Treng hjelp frå sommelieren tenkjer eg.
    LRM_EXPORT_1519401382440624_20190820_152652813.jpeg
    Charles Heidsieck før avgang vart siste glaset champagne på nokre timar, med mindre ei av the Singapore Girls har ein boks bakepulver i veska si.

    +i boka til Singapore Airlines for endelig å ha innsett at Wi-Fi bør vere gratis for InsideFlyers.
     
  16. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Så er maten innabords.
    Rekene kunne eg både drept eller døy for. Og hadde eg fått nok vin kunne eg ha overlevd ein månad på (edit: ubegrensa tilgang på) kvitløksbrødet.
    LRM_EXPORT_1520907123082080_20190820_161038658.jpeg
    And med sprøtt skinn er ikkje kvardagskost for min del, og i alle fall ikkje på fly (Hör ni meg Rickard?). Kjempegodt!
    LRM_EXPORT_1520908431454476_20190820_161039966.jpeg
    Og så jordbæris! :)
    LRM_EXPORT_1520909772412600_20190820_161041307.jpeg
    Og så ein ostebit. (Og Chiantien, Nippozani, var veldig god her.)
    LRM_EXPORT_1521455059984736_20190820_162005048.jpeg
    [meme type=siberian husky]Me, when someone disses SIA for poor service or food.[/meme]
     
    Last edited: 20. aug 2019
    pgaa, jgroneng, Insomnia4u and 18 others like this.
  17. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,181
    Likes mottatt:
    869,718
    Bonuspoeng:
    293
    Servert av en dansk drage som ser ut som om du stjeler fra hennes egen lommebok? Samtidig som hun fnyser når du ber om påfyll av vin?
     
    veeegard, phileas, EgilSk and 7 others like this.
  18. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Nope. (Har fått rikelig med vin. Takkar nei no framover. Og no delar dei ut meir sjokolade enn vi får på Swiss F.)

    Som George Orwell sa så fint i Animal Farm: "All women are created beautiful, but some women are created more beautiful than others." :) Eg sparar frieriet til Luftwaffe-flighten i kveld, berre i tilfelle, kun i håpet.

    SQ872, på veg mot horisonten:
    LRM_EXPORT_1522735398202216_20190820_170238985.jpeg
    Og uansett kva ettermælet til Boeing blir: dei kan å lage komfortable fly, ypperlig til dagflight jaffal. (Setet har ikkje plass til meir enn maks to av meg i breidda, men er overlevbart likevel.)
    LRM_EXPORT_1522923980713603_20190820_170547567.jpeg
     
    Last edited: 20. aug 2019
    pgaa, jgroneng, Insomnia4u and 19 others like this.
  19. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,181
    Likes mottatt:
    869,718
    Bonuspoeng:
    293
    Tenkte vel mer på om Richard i Frøsundavik hørte deg og SAS skulle begynne med sprøstekt and ...
     
    Stuttfeiten liker dette
  20. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Ah, bomull mellom øyrene i dag :D
     

Del denne siden