Touchdown! Flaks at diamond ikkje er velkomen i SAS lounge ved ankomst med *A lenger. Så kan ein heller vente på skyssen i Peppe's Pizza lounge i staden.
Jepp. Vi var nok for dyre i drift, og pengane kunne brukast på ein betre måte på city lounges i Stockholms stad. Huskar ikkje heilt kortid tilgang frå *A vart fjerna, 1,5 år sidan? Edit: Kjære SAS, om eg kunne velge hadde eg heller gått i loungen etter 48 timar reise frå SGN enn etter 50 min frå Bergen...
Då nærmar det seg 60 timar sidan heimreisa starta frå SGN og eg er komen i hus. Har nok litt underskudd når det gjeld soving, så det er mulig det blir tidleg kveld i dag. Har starta med utlevering av badeender og sjokolade frå taxfree, og i morgon ventar siste etappe ut mot havet igjen. Fikk to tuber La Prairie handkrem av purser straks før landing i dag, så med litt kreativ bokføring har eg nærast gått i pluss på denne turen. Endelig oppsummering kjem seinare tenkjer eg. Kan i alle fall konstatere at kofferten var fornøgd med turen.
Velkommen hjem, for en herlig tur det har vært få følge deg på tur! Aldeles både ypperlig, elegant og ikke minst artig. Dette var gøy, gledes til HKG og neste reisebrev Må nesten anbefale deg å bestille en ny tag, som @Schlandy påpeker, eller er det et minne en ikke vil forlate, ikke minst er det enda plass til flere stickers
Takk for nok en flott rapport, og velkommen hjem! Sitter igjen med kun ett spørsmål: Hva kosta sim- kortet?
Kofferten skal på tur til helga igjen, så eg rekk nok ikkje bestille ny tag. Men kanskje eg skal plukke ein av pri-boarding-jakka som eg brukar når eg reiser frå Trondheim? Eg lurer på om det var 275 eller 290 000 dong, 75-90 kr(?), for 10GB data. Leverandøren var Viettel, og eg hadde god dekning alle plassar eg bevega meg. Ja det hadde vore trivelig, det er begynt å bli ei stund sidan sist. Eg har eit par frihelgar i høst, så kanskje vi skal planlegge litt fly&øl i Trondheim? Om vi får med @Baldrick så kan vi alle saman bu på suita med han? Han får som regel rom med god plass. Ellers har vi vel ein doktor og ein heksedoktor som ivrar for loungerun på LHR. Kanskje vi får vere med på eit slik om vi spør fint? Så er ein heime og i jobb igjen, og eg har så vidt fått samla tankane. Då kan det vere greitt å oppsummere litt. Nei, Lufthansa First Class er ikkje eit "rævaprodukt". Satay og IPA på Brewerkz er framleis veldig godt. Vietnam er spennande, kaotisk, fantastisk. Verda er ikkje så stor, og menneskje i andre land og kulturar er ikkje så skumle som vi trur. IC i Asia leverar framleis varene. Fast Track er alltid verdt kostnaden. Søknad om visum til Vietnam kan ta lenger tid enn dei 48 timane (opp til 72) som blir oppgitt på søknadsida på nett. Men med norsk pass treng ein ikkje visum for opphald på inntil 14 dagar. Ein bør alltid legge turen innom Changi om ein kan. Flytypar som har blitt brukt i dette reisebrevet: A321, A380, B772, A333, B787-10, A346 og A320. Høgdepunkt: * Planlegging, telefon og booking, pakking av koffert i løpet av ein ettermiddag og kveld. Så gå til sengs, late att augene, glise litt og tenkje: "Jaggu, i morgon skjer det igjen!" * Bursdagsfeiring på FCT og på LH F. * Heftig turbulens i heftige fly. * Innflyginga over Ho Chi Minh City. * Båttur opp- og nedover Saigon-elva. * Moped/mattur på kryss og tvers i HCMC * Lysshow i Jewel på kvelden. * Rockestjernefølelsen når ein går ut av bilen ved flyet heim til Oslo. Tusen takk for følgjet på turen! Og uansett kor fint vi kan ha det på bakken, så husk at champagnen smakar alltid best på 36000 fot. This is Stuttfeiten, signing off..
Vel blåst og velkommen heim! Det ser ut som om du har hatt det trivelig. Det har i alle fall vi som har fulgt reisebrevet ditt hatt!
Takk for enda et fantastisk reisebrev, og gudbenådede formuleringer som jeg tror ville gitt deg anerkjennende nikk og hikstende humring selv fra salige P.G. Wodehouse