Stuttfeiten, paraplyen og ein halv liter glüwein.

Tråd i 'Reisebrev' startet av Stuttfeiten, 05. nov 2016.

?

Kort eller lang paraply (britiske kjøpmenn har aldri gått heim med ei frøken frå fest på Vestlandet)

  1. Kort

    6 vote(s)
    31.6%
  2. Lang

    13 vote(s)
    68.4%
  1. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Det falt meg inn at det kan vere like greit å berre skrive eit lite reisebrev frå turen/turane sjølv om det alt fins tusenvis av reisebrev frå SAS Go mellom OSL og LHR/TXL. Eit lite problem er at nettet her i LH kantina ikkje funkar i dag.
    Screenshot_20161105-151457.png
    "Tut uns leid und zu weiter..." så det blir ikkje så mykje bilder frå start. Satsar på å redigere inn etter kvart.

    Dagen starta grytidleg langt vest for det store vasskiljet. WF tidleg ein morgon er som regel alltid ei glede, og så også i dag. Trilla koffertene ned til flyplassen i siste liten, men i køen til innsjekk kom eg på at eg hadde lagt igjen notatboka mi. Som de kanskje veit er det ikkje berre paraplyar som står på prioriteyslista mi no for tida. Eg har også ein eksamensbesvarelse som skal leverast inn 15.nov. Og med shoppingtur til London og Berlin + familiebesøk og årsmøte i Gutta Fra Calcutta til mandag 14.nov så er det ikkje mykje ledig tid til å skrive ferdig eksamen.

    10 min til boarding. Inga notatbok. Kva gjer ein? Hmmm. "Unnskyld, eg har gløymt noko heime, det er ikkje boarding før om 10 min, er det?" "Nja, noko slikt omtrent." "Hurra, då rekk eg å spasere heim før å hente boka mi." "Ja, ingen problem, eg skal huske deg om du blir forsinka."

    Etter ein spasertur heim (240+240m=480m totalt) kom eg tilbake til boarding og gjekk ombord nest sist (vart som vanleg plukka ut i "tilfeldig" kontroll av tyttebærpolitiet). Men tidsnok er tidsnok og vi tok av på tid.

    OSL: Full fart til bagasjebandet, ut, og rett på Radisson for tidleg innsjekk og å pakke om før morgondagen. Hadde eit håp om å rekke @anders82 i loungen, men den gang ei.

    Sat lenge i loungen og trudde eg hadde full kontroll, men plutselig var det lang kø i passkontrollen.
    IMAG2173.jpg
    Det ordna seg, og eg gjekk rett ombord og sette kursen mot 11A. Fullt fly, men crew hadde som alltid full kontroll på handbagasje og alle fekk sitje.

    Masse diamantar ombord, og det virkar som alle sit i midtsete. I alle fall han som sit framfor meg, og naboen i B-setet. @Scandipendler: har du stor familie?
    IMAG2182.jpg
    Fekk god service på turen, og koste meg glugg ihjel med musserande og forelesingsnotat. Blir vel å lande om ikkje så alt for lenge. Og då....
    IMAG2180.jpg
    Så skal tax-free shops raidast og ny paraply på plass. Wish me luck?
     
    Last edited: 05. nov 2016
  2. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Har akkurat fått litt god mat, men det virkar som om Angela dansar etter Erdogan si pipe og har stengt internett. Sikkert best å trekke bort mot Singapore si kantine og håpe på betre forhold.
    IMAG2201.jpg
    Drit og dra, har akkurat brukt 30 min på oppdatering, og så simsalabim er den borte vekk. Må ta igjen den her i kveld.

    Edit: Boarding om 45 min, har ikkje tid å laste opp alle bilder på nytt. Prøvar igjen i kveld.
     
    Last edited: 05. nov 2016
    LineE, mhsalv, Upsaker and 4 others like this.
  3. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,305
    Likes mottatt:
    33,876
    Bonuspoeng:
    293
    Tips:
    Når jeg har skrevet mye og er redd for at oppdatering skal feile, så kopierer jeg teksten til clipboard før jeg trykker send :).
     
    Fredrik81 and Stuttfeiten like this.
  4. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,913
    Likes mottatt:
    9,422
    Bonuspoeng:
    183
    Synd det ikke ble treff i lounge. Vi tar det bete gang
     
    Stuttfeiten liker dette
  5. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,913
    Likes mottatt:
    9,422
    Bonuspoeng:
    183
    PS. Fikk du paraply?
     
  6. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    "Rosseland sine tre B-ar": Backup, Backup, Backup! Aldri eit dårleg råd! :)

    Endelig kome meg på hotellet igjen. Fram og tilbake etter ankomst frå LHR for å levere papir og koffert. Slow TV med nordlys, av med sko, og så starte opp igjen med rapport frå LHR...
    IMAG2213.jpg
     

    Attached Files:

  7. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Nei... lang historie... kjem snart :)
     
    anders82 liker dette
  8. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    I alle fulle fall, Stuttfeiten ankom LHR på tid, var hooka opp til gate 3-4 min før rute. Kasta vekk desse minutta på eit toalettbesøk, og var einaste (trur eg) som gjekk rett på Transfer Terminal 2 og ikkje på Arrivals.
    IMAG2176.jpg
    Gløymde å fortelje om at der var trafikkuhell på OSL på veg ut. Ein eller annan stakkar hadde trilla rundt i nærleiken av DHL terminalen. Plenty med cops og brannmenn, men eg var for seint framme med kameraet.

    IMAG2196.jpg
    Verken Mulberry,
    IMAG2197.jpg Burberry
    IMAG2198.jpg eller Gucci hadde paraplyar til ein gamal vestlending i nød. Men heldigvis var John Smith forberedt på besøk og kunne friste med to typar. Vart litt i stuss på om eg burde gå før kort eller lang type, og avtalte derfor etter ein trivelig prat om paraplylengder og areal å kome igjen etter å ha konferert med ho som skal skyddast mot regn og sludd.
    IMAG2199.jpg

    Men så var det at ein oppdateringskåt Stuttfeiten ikkje kom seg på nett i Luftwaffekantina. Himmel, hav og helvete. Tida gjekk fort, og frustrasjonen steig. Eg rakk knapt å ete meg mett på maten frå buffeten.

    Det var absolutt ikkje tid til å traske heile vegen til Singapore sin lounge. I alle fall ikkje så lenge eg ikkje kunne stole på at eg ville få skyss tilbake.

    Så... eg brukte heller timen min på å sjå på fly og drikke musserande.

    IMAG2202.jpg
    IMAG2203.jpg
    Godt utvalg av A380 i ettermiddag.

    Bestemte meg for å droppe paraplykjøp, så tek eg heller ein tur på Nille ein dag. Mulig John Smith sel kvalitetsparaplyar, men eg brukar heller pengane i Berlin i morgon. Blir i utenlandskantina sånn ca frå 12 til 15 i morgon om nokon har gode råd eller meiningar om paraplyareal eller beste krydder i glüwein.

    IMG-20161105-WA0001.jpeg
     

    Attached Files:

  9. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Kaldt og jævligt å kome heim.
    IMAG2209.jpg
    IMAG2207.jpg
    Då varma det litt med brev på bordet når eg kom på rommet igjen. Fekk tidleg innsjekk i dag (10:30) og når eg i kveld ba om utsjekk kl 13 fekk eg beskjed om at det alt var registrert utsjekking kl 18:00 i morgon. Radisson leverar!
     
  10. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,913
    Likes mottatt:
    9,422
    Bonuspoeng:
    183
    Vi venter i spenning på fortsettelsen i paraplysagaen
     
    Stuttfeiten liker dette
  11. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Blir nok ikkje meir fortsettelse før i morgon. God natt + over og ut frå Radisson OSL!

    IMAG2208-EFFECTS.jpg
     
    Robert H and Upsaker like this.
  12. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,168
    Likes mottatt:
    15,473
    Bonuspoeng:
    183
    John Smith selger paraplyer? Kan han være bror til John Lewis?
     
  13. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Det er slett ikkje umulig. Ei anna forklaring kan vere at eg var aldri så lite sveiseblind og rota med namnet på butikken. Var det John Lewis? Det spørs om Stuttfeiten må ta seg ein ny dagstur for å dobbeltsjekke namnet og såleis kvalitetsikre opplysningane :)

    Men det får bli ein annan dag. I dag står Berlin på programmet.

    Har fått meg ein god frokost og skrive ein del på eksamensbesvarelsen. No nærmar det seg at det er på tide å dusje og pusse skoa før eg set kursen mot loungen og lunch. Reknar med å vere på plass om ein liten time.
     
    LineE, Robert H and Kristian like this.
  14. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,168
    Likes mottatt:
    15,473
    Bonuspoeng:
    183
    Dette finner vi ut av, en eller annen gang. Eventuelt ikke, uten at det gir negative langtidsvirkninger. De positive langtidsvirkningene av reisebrevet derimot, de vil bestå. (Her skulle det ha vært en smiley , men den hopper av ved publiseringen. Sjenert, antagelig)
     
    geddi, Stuttfeiten and RoadKing like this.
  15. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur Moderator

    Innlegg:
    5,701
    Likes mottatt:
    10,255
    Bonuspoeng:
    293
    Atter ett fornøyelig reisebrev fra den kanten. Må forresten skyte inn at jeg først stemte på kort paraply siden jeg synes det er mest prakatisk å ta med seg, men ombestemte meg og stemte på lang siden det ser best ut for en mann i sin beste alder (1974!) og da har man jo også noe å bruke som støttestag når man er ute og flanerer i vindkastene på Vestlandet.

    Fortsatt god tur!
     
    Robert H and Stuttfeiten like this.
  16. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Sånn! Då er eg på plass i loungen. Litt etter planen, men eg var litt småkald tidlegare, så eg tok likeså godt og tappa i badekaret og tok med rødvinsflaska som stod og frista. Det er trass alt søndag og ingenting som brenn (og over ei veke til eg skal køyre bil igjen).

    No er det tid for lunch, og det var med lettelsens tårer i augene eg kunne konstatere at her er laks i dag også. Best å legge inn ein solid porsjon, det er ikkje sikkert at det er lett å finne i Berlin, og det kan bli lenge til neste gong.

    IMAG2214.jpg
    Om nokon er i området i ettermiddag så kan eg gjeste inn og hente laks. Flaskene med musserande er på plass i kjøledisken...
     
    LineE, Robert H, Kristian and 2 others like this.
  17. KRS

    KRS Senior Medlem

    Innlegg:
    766
    Likes mottatt:
    4,170
    Bonuspoeng:
    93
    For paraplyer er det James Smith (& sons) som gjelder, ikke John Lewis eller John Smith... :D

    [​IMG]
    james-smith.co.uk

    Kjøpte en paraply der for noen år siden, men den ble stjålet etter bare et par uker... :(
     
  18. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Trasige greier. Ein kjenner seg ikkje heilt klar til kva som helst utan paraplyen i handa. Det er liksom litt tryggare når ein veit at ein er rusta både for regn og hooligans.

    No hadde eg tenkt å google litt for å finne ut kva butikk det var eg besøkte på LHR i går, men brennevinet var plutselig sett fram, så eg vart opptatt.

    Skarnes-tequila (akevitt med salt og sitron) varmar ei frosen sjel heilt inn til beinet.
     
    Chrisbgg and Henrik like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Artig reisebrev :) Ser fram til meir!
     
  20. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,426
    Likes mottatt:
    8,025
    Bonuspoeng:
    183
    Morsom tur så lang, ser fram til mer :)

    Ettersom du var på T2 på Heathrow var det nok John Lewis eller Paul Smith du var innom... eventuelt hvis du har bommet helt på John og Smith kan det ha vært Ted Baker ;)
     

Del denne siden