Stuttfeiten, paraplyen og Singapore.

Tråd i 'Reisebrev' startet av Stuttfeiten, 12. juli 2017.

  1. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    Eg tek i mot alt av tips med takk. Har ikkje vore mykje tid til planlegging. Rakk akkurat å pakke litt før eg gløymde solbrillene og laptopen og sprang ut døra i går kveld. Satsar på å møte @vegardg på fredag og få eit Singapore-101 crash-course av han. Men betre bør ein ber ikkje i bakkjen osv...
     

    Attached Files:

    drsyk, FFlyer, vegardg and 7 others like this.
  2. Shyneno

    Shyneno Okama

    Innlegg:
    2,149
    Likes mottatt:
    1,552
    Bonuspoeng:
    113
    Det er jeg ikke sikker på... Jeg passer fortsatt inn i ett sete Så det skal gå :)
     
    bighc and Stuttfeiten like this.
  3. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    Det er dyrt om ein skal kjøpe slike billettar heilt plutselig...
    Screenshot_20170712-151610.png Screenshot_20170712-151848.png Screenshot_20170712-152350.png Screenshot_20170712-152647.png

    Godt ein kan konsentrere seg om anna. Fikk god mat her. Men tullingane gav meg ei heil flaske Rioja...
     

    Attached Files:

    drsyk, petterel, vegardg and 10 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,544
    Likes mottatt:
    37,057
    Bonuspoeng:
    293
    Herleg å sjå herren på tur! Kos deg!
     
    Stuttfeiten liker dette
  5. Adrian E

    Adrian E Turbulensjeger

    Innlegg:
    1,367
    Likes mottatt:
    3,490
    Bonuspoeng:
    113
    Herlig å ha Stut i aksjon igjen. Kos deg og bælm!
     
    Stuttfeiten liker dette
  6. napue

    napue Nytt Medlem

    Innlegg:
    34
    Likes mottatt:
    30
    Bonuspoeng:
    18
    Meget artig å følge deg på tur! Enjoy!
     
    Stuttfeiten liker dette
  7. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    LRM_EXPORT_20170729_120121.jpg
    LRM_EXPORT_20170729_120119.jpg
    LRM_EXPORT_20170729_120116.jpg
    LRM_EXPORT_20170729_120113.jpg
    Då har eg dusja meg skikkelig og fått fylt kofferten med svarte og sølvfarga badeender.

    Har fryktelig dårlig samvittighet for å sitje her og drikke ei cola med så masse snadder i hyllene, men det er alvorleg mange timar igjen.

    30 min til boarding, og det spøkjer for Viano til flyet. Helga har lagt inn request om Porsche for underteikna hos Aktionskommando, men håpet er ikkje så stort. Men men, eg har blitt køyrt i fin bil før i dag.

    Akkurat no fristar det mest med ein cowboystrekk, men innser at det er dårleg timing.

    Satsar på at FlyNet er i form i dag, så rapporterar eg om køyretøy så snart eg er på nett igjen.

    @CrotchRocket: Lisa er ikkje på jobb i dag. Men eg har lagt igjen helsing og blomsteroppsatsen frå dusjrommet.
     
    Last edited: 29. juli 2017
    drsyk, petterel, LineE and 17 others like this.
  8. CB1

    CB1 Aktivt Medlem

    Innlegg:
    282
    Likes mottatt:
    667
    Bonuspoeng:
    93
    Baldrick liker dette
  9. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    3673 kr i skattar og avgifter, og så litt poeng. Hadde nok aldri kunne løyst ut billettane med cash utan å selge huset. :)

    Toreveir over FRA no, blir nok litt forsinka avgang.

    Aktionskommando bestemte at eg skulle få eigen transport, så då vart det Porsche igjen. Synd at eg er for sein til å levere til kveldens vikinglotto.

    @Henrik Olsen , har vi krøll med eit eller anna på bakrommet? Får ikkje legge inn thumbnails eller full size .jpeg, mens .png funkar fint.

    Note to self: screenshot av bilder i galleriet -> .png, så laste opp. :)

    Boarding completed! Nu kör vi!
     

    Attached Files:

    drsyk, petterel, LineE and 14 others like this.
  10. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,415
    Likes mottatt:
    7,947
    Bonuspoeng:
    183
    Strålende start, riktig god tur videre. Selv om paraplyen er med så får vi tro du slipper å benytte den mye på denne turen :)

    Hvis du har tid og lyst (og liker å oppleve slikt) så er Singapore Zoo vel verdt ett besøk!
     
    Stuttfeiten liker dette
  11. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    Har fått hooka opp på FlyNet. For 17€ bør dette bli bra :) Har komt opp i marsjhøgde ca, og boksopnarane i byssa går på høgt gir for å opne kaviarboksar. Like før det er min tur...
    Screenshot_20170712-195054.png
    Hmm, lo and behold ^^

    Må drikke champagne og ete kaviar. Plutselig tilbake...
     
    Kaffen, drsyk, petterel and 19 others like this.
  12. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    Så nærmar middagen seg slutten. Eg forstår ikkje heilt dei som er misfornøgde med maten til LH, men eg må nemne at eg vaks opp med raspeball og boknasild til middag.

    Litt bær og kanskje ein ostebit no, så tenkjer eg det blir kvelden. Kanskje. Eg er ikkje akkurat famous for å sovne lett på fly. Uansett så begynner FlyNet å streike litt og det nærmar seg 36 timar sidan sist eg sov meir enn to timar i strekk.

    Ha ein fin kveld alle sammen, og takk for selskapet i dag :)

    Edit: Satan så flaks ein skal ha! Read it and weap (hadde visst ein kupong inne likevel):
    Gratis FlyNet! :D
    Screenshot_20170712-213052.png
     
    Last edited: 12. juli 2017
    Kaffen, drsyk, LineE and 25 others like this.
  13. CB1

    CB1 Aktivt Medlem

    Innlegg:
    282
    Likes mottatt:
    667
    Bonuspoeng:
    93
    God natt, vi gleder oss til fortsettelsen:)
     
  14. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    Og så god morgen! Vart vekt omtrent i det vi passerte Vladivostok etter tilsaman kanskje tre timar på auget. Har ellers slappa godt av sjølv om eg ikkje har fått sove heile natta. Det har rista litt stort sett heile vegen, men med berre to korte periodar som eg har registrert med beltelyset på.

    Litt krøkkjete å få i seg frokosten i slik sjøgang, men med ei hand på glaset med juice gikk det greit utan alt for mykje søl. Duken egnar seg ikkje på bilde, men eg berga kle og sete.

    350 km igjen til Tokyo og vi nærmar oss land. Så får eg sjå kva 12 timar der vil bringe av sights and sounds. :)
     
    drsyk, LineE, EgilSk and 12 others like this.
  15. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    Det måtte nesten bli litt krøll og i-landsproblem. Fikk kun sjekke inn til HND i går. Så straks etter landing, mens eg og dei to assistentane var på veg til connecting-flights porten så sjekka eg inn online på flighten til BKK og vidare til SIN. Men fikk kun boardingkort for turen BKK-SIN. For HND-BKK måtte eg henvende meg i innsjekk for å få boardingkort var beskjeden frå nettsida.

    Uten boardingkort kom eg meg ikkje gjennom transfer, og då sjølvsagt ikkje til loungen på avgang. Så då var det å begynne å ringe. Eg på telefon til Thai, SAS og eit forsøk på mobilen til Eivind, assistentane til Ikkje-veit-eg-san. Heldigvis kom det ein supervisor til som også kasta seg på telefonen. Og så kom der til to sikkerhetsvakter for sikkerhets skuld.

    Ei hyggelig dame på Thai prøvde å hjelpe, men måtte gje opp etter å ha gitt meg mob.nr til Thai sin manager i Tokyo. Som ikkje svarte (sikkert vore ute ei stormnatt før).

    Planen var å gå i loungen og kanskje sove ein liten time til før eg laga ein plan for dagen. Men eg gav opp og vart følgd av heile troppen til immigrasjon. Der det sjølvsagt stod 10000 menneske (sikkert, nesten) etter at alle (nesten) dagens landingar skjedde mens vi prata i telefon utanfor transferporten. Heldigvis visste sjefsassistenten råd og losa meg gjennom i diplomatskranken der det var null kø.

    Brukte litt lenger tid på å forklare meg, reiserute og føremålet med besøket i Japan til tollbetjenten. Han spurde ikkje kor mykje pengar eg hadde med. Red-eye much, kanskje?

    Har fått skifta til korterma sidan det er 30 grader her. Straks to kalde innabords, og om litt går turen til Kawasaki så eg kan sjekke inn der på Facebook. Har avtalt oppbevaring av bagasje her for 270¥. Innsjekk opnar i ni-tida i kveld. Håpar å finne tilbake til den tid.

    Ellers alt vel. Flott dag i Tokyo :)

    Edit: Eg lurer på om Thai har fått loungerekningar frå slike som meg før, og om dette kan vere grunnen til at eg ikkje fikk boardingkort? :D
     
    Kaffen, drsyk, LineE and 24 others like this.
  16. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    @CrotchRocket: det var Cuvée Grand Siècle, Laurent Perrier ombord på LH i natt (just FYI).
     
  17. TravelManBiz

    TravelManBiz Veteran

    Innlegg:
    1,708
    Likes mottatt:
    5,116
    Bonuspoeng:
    183
    Siden du har med sønnen din burde du gå på kino på Suntec City. Der har de Gold Class på Golden Village. Koster 29SGD i uken men er hvert alle pengene. Det er servering av mat og drikke både i loungen og under filmen. Dere sitter i lenestoler inne i kinoen og får utlevert tepper. Kjøp popcorn og drikke utenfor inngangen til Gold Class, dere kan ta med dette inn.

    Ønsker du å spise før filmen er det en japansk restaurant som har mye god øl i 1 etasje under kinoen. Der har de også free flow for 90 min for 28SGD

    Ellers så er Oceans World resturangen på Sentosa veldig bra. Bestill lunch og da sitter dere inne i et akvarium. Men er litt dyrt, dere må minimum bruke 150SGD til lunch men det er en opplevelse.

    Gå til Brewerkz på Clarque Key og spis lunch, de har hjemmelaget øl til 5SGD per halvliter. Husk at dere kan ta båtene som går på Singapore River med å bruke MRT kortet deres, ikke betal turist prisene på 25SGD. Men de annonserer ikke dette så dere må si ifra.

    På Orchardgateway har de en veldig bra Steamboat, husker ikke navnet men ligger rett ved biff restauranten der. På toppen har de hotel Jen med kjempefin utsikt og Happy Hour fra 13 til 19:)

    Kos dere, jeg har som sagt vært her i 4 uker nå.
     
  18. JHoNNeY

    JHoNNeY Medlem

    Innlegg:
    74
    Likes mottatt:
    11
    Bonuspoeng:
    8
    Gøy å følge deg på reisen! Kos deg ihjel!
     
    Stuttfeiten liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,544
    Likes mottatt:
    37,057
    Bonuspoeng:
    293
    I mangelen på raspeball og boknasild er vel kaviar ei grei erstatning :D Artig å få følgja deg på tur. Kjipt med krøll etter landing, men forhåpentlegvis blir det nokre brillefine timar i Tokyo :)
     
    Stuttfeiten liker dette
  20. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,438
    Likes mottatt:
    18,502
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen takk for masse gode råd og for at du brukar tid på ein slik write-up! Eg reiser åleine, men hadde booking-hjelp av ei straks tre-årig niese :) Skal absolutt sjekke ut det du fortel. MRT-kort har eg ikkje tenkt på heller.

    Sit på taket av More's i Kawasaki, på Beer Garden. Faktisk ikkje heilt håplaus musikk her. Godt og varmt, men her oppe er det ein liten bris. Om ein ikkje vil drikke øl kan ein plukke og mikse frå buffeten og grille godsakene på bordet. 14 min sidan dei opna, på tide med ny runde. Blir litt tørr i halsen av all springinga.
     
    LineE, FFlyer, Petter B-C and 5 others like this.

Del denne siden