Jeg lurer mer på hvorfor Stuttis sender bagasje for en ukestur til Swingspore? (spesielt på First med endless carry-on allowance, golfbiler, og assistants.)
Hadde kun ein kabinkoffert tilgjengelig, så då gikk resten i Samsonite-en som er litt stor sjølv for hyllene i F-kabinen. Eg har vel heller aldri pakka ein koffert halvfull, når eg fyrst pakkar koffert, så fyller eg den. Har bl.a med hårfønar og seks Jack Reacher bøker.
Lamborghini, McLaren F1, Bentley, Maybach... dette er nett som på eit mafiahotell i Bloody Beach, Bulgaria. Heime er ein storkar med ein BMW 318, han som hadde ein Alfa Romeo Giulietta sat som konge på haugen frå 2010 til vinteren 2013/14 då der var eit uhell i forbindelse med omskåk av juleølet.
Dagen starta tidleg i dag. Vakna 06, klar som eit egg og litt klam i hakket (aklimatiseringa går litt kjappare utan AC), så det vart ein kjapp dusj før kursen med stødige skritt vart sett mot frokostsalen. Kokken diska opp med god omelett, og masse anna godt vart lokalisert og lagt på minne til seinare. Tok t-bana til Marina Bay og starta morgenpromenada der. Dette er ein temmelig strøken by, og i løpet av morgontimane var einaste rusket eg såg ei tom vassflaske i trappa ned frå ei fotgjengarbru over New Bridge rd. Skilpaddesafari ved Clarke Quay. Etter å ha surra litt rundt og blitt småsvett i panna sit eg no på Brewerkz på Clarke Quay (a tip of me hat to @TravelManBiz ) og har fått meg steikt hyse til lunch. Veldig godt øl her, den fyrste (men truleg ikkje siste) halvliteren her, jubileumsølet deira, har ein smak av Dublin og Hophouse 13. Billig er det også (Singapore-billig). Absolutt verd eit besøk for den som slumpar til å vandre forbi. Vanskelig å gå feil her. Dei har masse nyttige opplysingskilt her faktisk. Det gjeld ellers også overalt i heile byen sjølv om det kan vere ei utfordring å krysse gatene i "kjøpesenterundergangane". Ellers kan eg nemne at eg har kome ned på fire sider med uleste innlegg. Utrulig kva ein god søndagslunch kan gjere for arbeidslysta.
Her er det mange fine og finurlege formuleringar, må seie at eg humrar i skjegget stadig vekk Og det er godt å sjå at vansmektingsnivået blir heldt på eit minimum!
Og så hamna vi på... igjen. Uber til 6 S$, eller UberExec til 21 S$ tilbake til hotellet for å hente solkrem, that's the question. Skulle berre ut og spasere litt før sola tok skikkelig tak. No har eg blitt solbrent på høgre underarm (stakk visst litt ut frå under kalesja). #urøynd #urutinert #Stuttfeiten_på_tur
Og så er eg nede i tre sider med uleste innlegg. For dei som er bekymra for paraplyen: *Update! This just in* Dear Sir, I'm calling you to inform you that we still have no news on your missing luggage PIR no# "thisandthat", but we are working closely with tracing teams in other countries and will call you back as soon as there are any developments. Må stoppe i resepsjonen og kjøpe endå eit par boxer virkar det som. Er ein og annan regndrope i lufta no. Spennande!
Er så fett å få beskjeden om at "vi aner ikke hvor vi har rotet bort tingene dine, så vi bare leter rundt i blinde og håper vi treffer" Men din opplevelse virker bedre enn min da AC rotet bort mine kofferter. De har outsourcet alt til India og de på kundeservice der er ikke a-laget hva gjelder engelsk.. Ellers herlig lesbing
Her er det nesten på tide med en internasjonal støttekonsert! Har hørt at Bono&Sting er rimelig lette å be...
Fin tur tilbake til hotellet for ein dusj og litt TLC for den solbrende høgrehanda. UberExec funka som snus. Litt mindre mindreverdighetskompleks når ein blir skyssa heim i ein Jaguar enn når ein skal spasere forbi Ferrariane i innkøyrsla til hotellet. På Brewerkz held dei på rekninga mi til eg får dusja litt og er tilbake. Der er lotteri om ein handlar for meir enn S$ 150, og eg tenkjer å vinne. Må sei eg er litt forundra: "are you sure you'll be back for the bottle of Proseco?", eg hadde ikkje tatt risikoen som kelner. Herlig plass det her.
Tilbake på Brewerkz, mulig eg må slite litt for det vinnarloddet, men har ikkje tenkt å gje opp. Her: Japanese Satay w/cucumber. Herregud, dei køddar ikkje med krydderbøssa i denne byen.
Og så, etter 10 timar bikka rekninga S$ 150 og eg kan gå herifrå i visshet om at eg straks kjem til å vinne ein masse flyreiser og hotellopphold. Oppfatta ikkje heilt korleis dei kontaktar vinnarane (meg) sidan eg aldri vart spurt etter verken epost eller tlf, men reknar med at det ordnar seg. Så snart den øsne kelneren snur seg er eg out of here. Dei syns det var stas at eg fikk lodd på rekning for ein. Nu er det ta mig fan dags at sova.
Godt jobbet å få lodd på en regning for 1, men det er sånn det skal gjøres! Synd bagasjen fortsatt er borte, selv har jeg alltid paraplyen i håndbagasjen, tar ikke sjansen på å sende den avgårde (kjøp på Marks and Spencer for £9 så det er en skikkelig britisk paraply, muligens made in ett eller annet tidligere koloniland )
Så virkar det som om der er ting på gang. Har ikkje fått noko beskjed frå handlingagenten her, men når eg sjekkar Worldtracer har der dukka opp forwarding info. Kan det vere at paraplyen er på plass før eg sjekkar ut av hotellet??
Avgang SIN med United F fredag morgon kl 06. Kan eg sjekke inn torsdag kveld og spasere rett i loungen? Eller må eg vente til etter midnatt (same-day-flight)?
Berre kofferten håpar eg. Thai bekrefta to gongar at den var i Tokyo, men det kan virke som om den har vore i AMS sidan fredag? Forhåpentligvis kjem den med avgangen i kveld, så eg har den i løpet av morgondagen.