Stuttfeiten, paraplyen og Singapore.

Tråd i 'Reisebrev' startet av Stuttfeiten, 12. juli 2017.

  1. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Holdt på å gå på ein smell i dag og kjøpe meg antikk LED-lanterne. Ante heldigvis ugler i mosen og bakka ut av butikken når det slo meg at noko ikkje stemte.

    Fyrste del av dagen gikk med i Chinatown, og resten av dagen har eg brukt opp i Gardens by the Bay. Kjempeflott, umulig å ikkje bli i godt humør av slikt :)
     
    Hanen, LineE, Logiflyer and 6 others like this.
  2. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,147
    Likes mottatt:
    869,601
    Bonuspoeng:
    293
    Når begynte man å lage LED lamper i historisk tid?
     
  3. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Er nok ikke lenge til de første blir antikvariske @Eddie47 :).
     
    Stuttfeiten liker dette
  4. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Fikk akkurat tlf frå SATS om at koffert og paraply har landa og blir levert i løpet av kort tid. Huzzah!

    Og så treff ein kjentfolk i loungen også. @peterfox har auger som ein falk, sjølv i ei travel Hiltonlounge :) Trivelig!

    Må ordne meir vin, plutselig tilbake.
     
    LineE, Baldrick, vegardg and 7 others like this.
  5. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,147
    Likes mottatt:
    869,601
    Bonuspoeng:
    293
    LED-lamper og karbid-lamper side om side på museum?
     
    Stuttfeiten and RoadKing like this.
  6. mathiasfe

    mathiasfe Veteran

    Innlegg:
    2,773
    Likes mottatt:
    10,104
    Bonuspoeng:
    183
    Er det SATS Elixia som har handling på Changi?
     
    roundtheworld, LineE, FFlyer and 3 others like this.
  7. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Spørs om det er dei som spring rundt og leverar kofferter ja. Genial forretningsidé. Fyrst fakturere flyselskapet for å finne bagasjen, og så fakturere stakkaren som spring gatelangs i Singapore med kilovis med koffert på ryggen for mosjonen. :)

    https://www.satsbaggage.com
     
    mathiasfe, funkenstein and Eddie47 like this.
  8. peterfox

    peterfox EBD-QR Platinum- HH Gold - Carlson Rewards - Gold

    Innlegg:
    2,144
    Likes mottatt:
    2,214
    Bonuspoeng:
    113
    @alle, @Stuttfeiten - aldri møtt en slik glad gutt !

    Sjefen sjøl hadde endelig fått fatt i kufferten sin. Da kunne han endelig begynne å planlegge transport av div. antall fly-pysjer hjem. Hjertelig møte i Hilton Singapore Executive Lounge.

    Flere slike treff må organiseres, det er jo egentlig hyggelig selv om man har dragen og familien tett på.
     
  9. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Oh, come all ye (alternatively: /old) faithful!
    Screenshot_20170718-224515.png
    Paraplyen var jaffal uskada, men kanskje like greitt at eg kjøpte nye solbriller her om dagen :)
    Screenshot_20170718-224527.png
    KLM altso.....o_O
     
    drsyk, Baldrick, Eddie47 and 8 others like this.
  10. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Stakkars vennen, kvar har du vore alle desse dagane? Kuala Lumpur? Utan meg?
    Screenshot_20170718-230346.png
     
    drsyk, Baldrick, DanH and 13 others like this.
  11. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Det vart dårlig med rapportering i går, men nemnde vel kort at eg delte dagen mellom Chinatown og Gardens by the Bay.

    Chinatown var veldig fargerikt, veldig varmt, og veldig fullt av folk. Surra litt rundt og såg på folkeliv og gode tilbud (som den antikke LED-lanterna), men utan å slå til på noko. Det fyrste som frista var ein hjørnekafe der eg kjøpte ei Blue Lion og noko mat eg ikkje huska namnet på. Eg trur det var kake, men er ikkje heilt sikker. Mulig eg kan finne på å ete det igjen, men utan å huske namnet kjem eg vel kanskje ikkje så langt.

    Etter kvart gjekk eg litt meir systematisk til verks og gjekk bydelen som eit rutenett (som om eg hadde hatt Lincoln Rhyme på blåtann i øyret). Etter at klokka bikka 12 kunne eg med god samvittighet gå over frå å ete frokostar til å starte på fyrste lunchen. Etter å ha konferert med Google valde eg Yum Cha, som i følge 85, eller 185 reviews skulle servere dim sum verdt til ca 3,8 på terningen.

    Maren var for så vidt grei, og ganske god egentlig. Men eg vart småsur og irritert fordi dei gløymde/oversåg meg heile tida. Trur det var 4 bordseter på nabobordet på den tida eg fekk mine to lunchrettar. Mett vart eg i alle fall.

    Men sidan det var så varmt, sidan eg fortsatt var tyrst som ein skogbrann i Slovenia og sidan eg var nesten i området gjekk turen innom Brewerkz på Clarke Quay ein augneblink for å leske strupen. Ein Red Ale seinare tilkalte eg ein Ober for rekninga før eg ringde etter ein Über.

    Gardens by the Bay var ein veldig fin opplevelse. Eg starta i the flower dome der det var masse fantastisk fine blomstrar, svalt i sommarvarmen og med ein alle tiders fargeprakt. Deretter gikk ruta inn i cloud forest. Det var høgdepunktet for meg denne dagen. Det er litt for mykje krøll med å laste opp bilder no, men eg skal prøve å få fiksa ein video om ikke lenge. Kjempeflott opplevelse, og om du ikkje er heilt allergisk mot klorofyll vil eg anbefale å ta turen.

    Etter cloud forest gjekk eg gjennom supertree grove som litt etter kvart er begynt å gro til, sjølv om det nok går nokre år til før alt er dekt av grønt. 22 meter over bakken heng hengebrua Ocbc skywalk. Det er heis i begge endar av hengebrua. Derfrå er det fin utsikt over det meste av parkanlegget.
    IMAG4409.jpg
    No er ikkje eg spesielt plaga av høgdeskrekk, sjølv om eg frys litt på ryggen ved tanken på å treffe asfalten med tenna fyrst i nær terminal velocity. Og eg er kanskje ikkje den som skal rope høgst om folk som slit med vekta. Men, sjølv med all mulig tillit til ingeniørar frå Singapore og England (og Norge, for all del!), så følte eg meg litt smånervøs av dama som gjekk like ved sidan av meg på veg over hengebrua. Ho var i alle fall ein god del større enn meg. Eg synest eg høyrde knaking i kablane brudekket hang i, og stoppa fleire gongar opp, lenge, for å ta bilder slik at vi kunne spre oss litt. Men eit øyeblikk etter gjekk vi ved sidan av kvarandre igjen.

    Etter ein del øl er det ikkje så lett å skjule følelsar, men eg lurer på om ho kan ha feiltolka panikken i augene mine og blanda saman med eit flørtande blikk. For ho kom berre endå nærmare. Eg tok trappa ned. 240 stk stålwire som held eit brudekke tåler nok sitt, men å friste ein enkelt heiswire der og då var eg ikkje i stand til.

    Vel nede frå skywalk-en sette eg eit høgt tempo gjennom resten av parken, litt på kryss og tvers, til Marina Bay, t-banestasjonen og hotellet for å dusje vekk både varm og kald svette.

    Det var ein strøken dag! :)
     
    drsyk, Travellingalf, LineE and 22 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ei av mange formuleringar som får meg til å smile breidt når eg les reisebrevet ditt, gode mann. Og forsåvidt bra at du kom deg unna :)
     
  13. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Så gikk brannalarmen på Hilton. Det var mykje campingsveisar å sjå på veg ned trappene. Fikk med paraply og telefon, men gløymde passet i safen. Men her er ingen røyk eller brannbil å sjå, så ein slepp vel inn igjen får ein tru.
     
  14. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    I går gjekk turen til Sentosa via Mt. Faber. Spaserte ned Orchard mens eg søkte dekning for varmen i fotgjengarundergangskjøpesenter eller vanlege kjøpesenter for å ikkje bli heilt kliss våt på ryggen med det same. Frå Dhoby Ghaut vart det t-bane til Harbourfront og gondolbane.

    Tok fyrst turen opp på Mt Faber der dagens fyrste lunch vært inntatt. Då eg tenkte å ta gondolbane over til Sentosa var det så mykje kø at eg inntok endå ein (flytande denne gongen) lunch mens skuleklasser, speidargrupper og ellers masse anna folk kom seg på bana.

    Det er fin utsikt når ein heng i korga på veg over havna, så eg forstår at folk er villige til å stå litt i kø.

    På Sentosa gjekk eg ganske kjapt ned mot stranda etter ein etappe med den lokale gondolbana på øya. Fin spasertur ned til stranda gjennom vegarbeidsområde som involverte kryssing av sperreband utan at nokon brydde seg noko særlig.

    Veit ikkje heilt, sikkert trivelig å bade der. Men for meg virka det omtrent som om mange andre strender synnjaføre. Trangt, travelt og dyrt. Eg hadde heilt sikkert hatt meir utbytte av berg-og-dalbana :)

    Masse flott skog på øya, og eg håpte på å få sjå apene som det vart advart mot å mate. Men så heldig var eg ikkje.

    Justerte væskebalansen på ein café på stranda før eg spaserte resten av dei 400 mtr til Siloso point for å begynne på gondolbaneturane mot fastlandet. Morsomt å høyre folket i zip-lina som gjekk høgt over strandpromenaden skrike høgt i det dei passerte. Eg tenkte litt på om det hadde vore greitt å ha paraply, men ingen av dei som flaug over meg virka å ha hatt noko slags uhell.

    Turen tilbake over cruisehavna virka mykje lenger og høgre i ein full gondol. Full av store folk. Maks 8 pax stod det på skiltet. Men ingenting om safe working load eller working load limit. Vi kom oss trygt over.

    Kom tilbake til hotellet i halv sju-tida, og var akkurat komt i dusjen då telefonen ringde. Og hurra! Kofferten var lokalisert og på veg. Sette kursen rett i loungen for å feire med buffetplyndring og rødvin. Og straks etter ankomst kom @peterfox og hilste på. Alltid trivelig å treffe kjentfolk. Håpar de kom opp i tide, og at turen heim går bra :)

    På kvelden gjekk kursen mot Clarke Quay igjen, med falaffelburger og øl på Brewerkz til middag, og rødvin og flan (mangoflan av alle ting) på Octapas til dessert. Det vart litt seinare kveld enn eg hadde planlagt, men eg tenkte omtrent som så: ka i all verda, det er ingen ting som hastar, ingenting som brenn.

    Og så gikk brannalarmen på hotellet ca 6:30 i dag tidleg.
     
    drsyk, LineE, Baldrick and 12 others like this.
  15. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Telefonen på rommet klemta til med eit halvt ring fem på seks i dag. Eg søv som regel ikkje så tungt, så då var det gjort. Studerte merkelappane på tastaturet i tilfelle der skulle vere ein ring-tilbake knapp, men fann ingen. Flaks for den som ringde. Fekk ikkje sove igjen, så hoppa i dusjen og hadde akkurat fått på kle og gelé i håret når brannalarmen gjekk. Hoppa kjapt i kleda mens eg tenkte på London og kvifor eg absolutt vil bu så høgt oppe.

    På dei 8-10 meterane til trappa vår det to nabofruer som stakk hovudet ut dørene og lurte på kva som skjedde. "Brannalarm, alle ut, ned trappa!" Korporalrøysta er der endå.

    Det tek tid å springe ned 18 etasjer, men der var lite folk ute til å begynne med. Trur nok mange ikkje registrerte alarmen. Men der var eit par alvorlige tilfelle av campingsveis, så dei som høyrde alarmen var i alle fall kjapt ute av romma.

    Uansett var det falsk alarm, og største problemet fekk vel kjøkenstaben som plutselig fekk veldig mange frokostgjestar lenge før 9:30-innrykket var venta.

    Screenshot_20170719-194157.png
    Ingen røyk å sjå. Mangel på brannbilar er vel også eit godt teikn i ein så velorganisert by som Singapore.
     
    Last edited: 19. juli 2017
    drsyk, LineE, Baldrick and 11 others like this.
  16. phileas

    phileas «Thanks upgrade»

    Innlegg:
    647
    Likes mottatt:
    2,944
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for et flott reisebrev. Veldig artig å følge deg på reise. Elsker selv rene Singapore. Er selv på rundreise nå i Asia og planen er også å besøke Singapore. Du må være en av få karer som pakker med deg en hårføner i kofferten når du skal nyte Hilton livet he he. Syntes selv det er herlig å bo høyt oppe i hotell skyskraperne her i Asia. Syntes du har et veldig godt poeng med at det kanskje ikke er så smart med tanke på det forferdelige som skjedde i London. På den andre siden er jo ofte de beste rommene plassert høyt oppe. På dette forumet er det jo en del som liker litt luksus. Ha et flott videre opphold i byen som du skal være god om du finner søppel. Tenk hvor herlig det hadde vært om det var like rent i byene i Norge.
     
    Baldrick and Stuttfeiten like this.
  17. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Og så har United plassert seg på hat-lista til underteikna. Kor vanskelig må dei gjere det for folk? Ingen sjans å få sjekke inn før om sju timar. :)

    Men, Crowne Plaza er slett ikkje verdas verste venterom. Har plyndra loungen litt her i kveld. Veldig god sushi, og heile tida nye sortar på fatet. Med rødt i koppen og etter kvart kroppen flamma ein god idé opp igjen og eg tok turen bort på terminalen for å speide ut innsjekkingsdisken til United. Berre for å oppdage at flighten til Tokyo straks over midnatt er codeshare med ANA, og dei var ikkje i det minste interesserte i å ta imot noko koffert.

    For så vidt like greitt. Då kan eg sove til 3, dusje, sjekke inn 3:30 og så får eg drikke champagnen litt raskare. First loungen til Singapore i T2 opnar ikkje før 5, men ein kjapp spasertur over til T3 og døgnopen first-lounge i ein times tid kan vel vere det som trengs for å vakne litt.

    No gjenstår berre å bruke opp velferdskupongen eg fekk som IHG-medlem ved innsjekk på ein siste tiger på tanken her på Bar75, og så er det kvelden.

    United Global First i morgon, det må vel berre bli eit nytt høgdepunkt i bonuskarriera? Følg med i morgondagens episode: "Luftwaffe bending their knees".
     
    drsyk, LineE, FFlyer and 13 others like this.
  18. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    He, he, du kommer aldri til å ha med deg check-in koffert igjen ;)
     
  19. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    United tør ikkje stole på at eg ikkje reiser med pass og vil sjekke det før eg får boardingkort... Så då er det berre å vente på at agenten står opp og begynner på jobb før ein sjekkar inn. Koffert eller ikkje :) Boardingkortet mottek eg vel utfylt ved hand. Og meisel. På ei steinplate...
    Du och jag Moses, du och jag.
     
  20. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Godt å se du fikk kofferten før du skulle fly videre :)
    Synd solbrillene var ødelagt, men godt paraplyen overlevde ihvertfall!
     

Del denne siden