Litt oppsummering:
Det var ein fantastisk fin tur. Enkelte små skuffelsar som kan arkiverast med ein kombinasjon av merkelappane i-landsproblem og høge forventningar. Her tenkjer eg fyrst og fremst på turen HND-BKK med Thai i F. Det vart tatt opp bestilling på hovedrett, men serveringa vart amputert og vi fekk kun forrettar (tilsaman to munnfuller).
Det kom ikkje noko forklaring på kvifor, ikkje var der turbulens heller, men eg tok kveldensidan eg var trøtt og hadde bedt om vekking til ein frokost som eg hadde store forventningar til (Stuttfeiten tek frokosten med stort alvor!). Skuffelsen var stor når eg ikkje vart vekt i det heile før det med myndig røyst vart annonsert at hjula står på bakken om 20 min og om ein vennligst kunne feste setebeltet?
Kombinert med innsjekkingskrøll og total mangel på ankomstservice var denne fyrste opplevinga med Thai ein skuffelse rett og slett. Turen i Thai C frå BKK til SIN var mykje triveligare, spesielt med eit smilande crew, tomt nabosete og flightinfo i stereo. Tipp, topp, tommel opp!
United Global First, SIN-HKG. Jækla masse styr i innsjekk, måtte bl.a vise pass tre gongar for å få sjekka inn. Fyrst for å kome fram til innsjekk, deretter ved innsjekk, og så igjen før å sleppe ut av det innegjerda innsjekkingsområdet til United. Innsjekkingsagent nekta å tagge bagasje vidare med LH. Mulig det er sant at dei ikkje har interline avtale med LH lenger, men dei tagga bagasje via Frankfurt i fjor, og ein treng vel ikkje vere sur og tverr når ein svarar?
Service og seter i kabinen var grei. Dei kunne kanskje ha kosta på seg ein meny til F-passasjerane sine, men eit enkelt spørsmål om "fugl eller fisk?" funkar for så vidt også. Så på service og komfort scorar United F nesten like bra som ein tur i SAS C. På bakken får dei ei stjerne av seks for at der var bemanna innsjekk.
Det som virkelig gjorde denne turen til ein av mine finaste var det fantastiske synet av toreveiret over Singapore og sørlege delen av Malaysia denne morgonen. Heilt utruleg flott var det! Synd for alle andre at dei gjekk glipp av det pga stengde blinds i kabinen. Kombinert med stormceller langt over 40000 fot og den heftigaste turbulensen eg har opplevd så var turen eit minne for livet.
Lufthansa F. Perfekt, fantastisk, ei oppleving for livet. Det er vel ikkje meir å seie.
Singapore. Ein flott by. Standarden blir vel sett på flyplassen der ein blir møtt med eit skilt med dødningskalle som minner om at narkosmugling vert belønna med dødsstraff. Eg vurderte eit sekund om eg skulle ditche brettet med Ibux, men tok sjansen. Savna bagasje tjuva litt av tida eg hadde tenkt å bruke saman med
@vegardg, men eg fekk kjapp og god service av SATS.
Billig taxi, dyrt å shoppe, dyre hotell. Fekk varm velkomst på Hilton som gullmedlem. Rein og ryddig by, enkelt å ta seg rundt på metro. (Kjøp MRT-kort.) Om du er i Singapore; uansett kor kort opphaldet er må du ta deg tid til eit besøk i Gardens by the Bay. Eg storkosa meg kvart eit sekund eg var i byen.
Høgdepunkt:
- 3x Porsche til/frå fly på FRA.
- Å reise til Kawasaki utan mål og meining og plutselig sitte på eit hustak i sommarvarmen med ei kald øl og ein frisk kjølande bris.
- "Hei Stuttfeiten!" x2, når medforumistar helsar overraskande utan at ein har sett dei.
- Når Ubersjåføren i Singapore dukkar opp i ein Jaguar.
- Gardens by the Bay.
- Spaserturane i Singapore tidleg på morgonane.
- Då telefonen ringde, "Sir, this might come as a shock to you, but we've located your umbrella and will bring it to your hotel within the next three hours".
- 5 stk *A first class lounger på ein dag.
- Crewet på LH797 HKG-FRA 20.juli 2017.
View attachment 21878
View attachment 21879
View attachment 21880
View attachment 21881
View attachment 21882
View attachment 21883
View attachment 21884
View attachment 21885
View attachment 21886
View attachment 21887
View attachment 21888
View attachment 21889
Tusen takk til alle som har vore med på turen! Paraplyen helsar også
Vis alt...