To IT-Ingeniørar på tur til Grefrath for å hente bil!

Tråd i 'Reisebrev' startet av oleredv, 30. juni 2019.

  1. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    824
    Likes mottatt:
    3,501
    Bonuspoeng:
    93
    Utgangspunktet:

    Utgangspunktet for dette reisebrevet er at at underteikna (heretter kalla IT-Ingeniør A (forkorta ITI-A) har som hobby å importere bilar frå hovudsakleg Sverige og Tyskland gjennom eit firma som eg ikkje er sikker på om eg tør å reklamere for her. For nokre veker sidan blei eg kontakta av ein kompis (heretter kalla IT-Ingeniør B (forkorta til ITI-B) som trengde akutt ny bil sidan familen hadde auka til 3 arvingar.

    Etter litt fram og tilbake vart den rette bilen funnen og torsdag 27. juni var dagen då ITI-A og ITI-B skulle avgårde til Tyskland for å plukke opp denne.

    Eg merkar at det kan bli litt lite fly-relatert i dette reisebrevet sidan det er fly kun involvert i turen, mens returen hovudsakleg går med bil, men håpar det er tilgitt!


    Planlegging:

    ITI-A bur i Sunnfjord og i bygdebyen der han bur er det flyplass. Men som den ivrige bonusjegar han er så er det naturleg å velje flyplassen i nabokommunen sidan dette gir bonuspoeng på reisa til regionshovudstaden på solkysten (@Eddie47). Ironien i dette er at flyet som ITI-A då hoppar på i Florø kjem frå Førde (der ITI-A) bur før det landar i Florø og går vidare til Bergen. Slike ting ville folk flest ikkje forstå, men i desse kretsar er slike manøvrar sjølvsagt heilt innafor.

    Det vart tidleg klart at ITI-A skulle legge ut for alle kostnader på reisa slik at ITI-B kunne hoppe på reisa i Bergen og berre segle med på SAS Plus heile vegen frå BGO via CPH til DUS. Hotell vart booka i Hamburg og det vart bestemt at avreise tilbake til moderlandet skulle skje med båt frå Hirtshals til Bergen.


    Sjølve reisa:


    Dag 1:

    Sjølv om vekkarklokka var innstillt på 0600 vakna ITI-A 0555 denne dagen. Dermed var det berre å komme seg i dusjen, kaste i seg litt frukost og begi seg nedover til busstasjonen. På vegen passert han eit smykke av ein Mercedes på ein parkeringsplass som han følte gav ein god start på dagen (tatt i betraktning at store delar av denne turen ville handle om bil).

    [​IMG]

    Ein fullstendig strøken seint 60-tals Mercedes-Benz 280SL med blodrødt interiør utan så mykje som ei skramme! Dette måtte bli ein god dag!

    Kun nokre lange steg frå denne parkeringsplassen gjekk ITI-A ombord i bussen som skulle forflytte han og ei lita handfull andre passasjerar vidare til kystbyen Florø. Vel ombord vart det snart gjort eit par intressante observasjonar. Den første var av ein stakkar som prøvde å komme seg ombord på bussen utan å ha verken pengar eller kort å betale med og til tross for kreative betalingsforslag og alternative metodar vart han ståande att på plattforma når bussen gjekk. Snodig nok skulle denne problemstillinga dukke opp seinare på turen også, meir om det etterkvart!

    Langt verre var det at det viste seg at ein var komt ombord i ei tidsmaskin eller som evt. ønska å holde oss oppdatert på tidssonene rundt om i verden. Men når timevisaren går fortare enn sekundvisaren blir det litt forvirrande og slitsomt å følge med på.

    [​IMG]

    [​IMG]

    [​IMG]

    Etter dobbeltsjekk av arbamdsur oig mobiltelefon blei det konstatert at det klokka på det tidspunkter var 0716 der ITI-A befann seg på det tidspunktet og dette blei raskt bekrefta av bussjåføren sidan han fekk bussen i bevegelse.

    Bussturen gjekk vidare utan den store dramatikken. Det vart forsøkt jobba litt samtidig som det blei observert at det var fleire som gjekk av bussen enn på slik at på eit tidspunkt var det kun ITI-A og bussjåføren ombord. Etterkvart som Florø nærma seg kom det fleire på og det var her det dukka opp nok ein person som ikkje hadde mulighet til å betale for seg. På dette tidspunktet var bussjåføren såpass gjestfri at han tilbydde vedkommande å haike med dei 4 minuttane som gjensto av turen.

    Etter kort venting var det å stige ombord i flybussen og dette var tidspunktet for å ta dagens første og muligens einaste test av fotplass. Ikkje godkjent!

    [​IMG]

    Ved ankomst FRO vart ITI-A smått imponert over antallet PAX som skulle vere med denne avgangen til BGO. Bakgrunnen for dette var eit heilkopter som nyleg hadde frakta slitne oljearbeidarar til lands så desse skulle snart fordelast ut over både innland og utland på veg til sine kjære.

    Etter kort tid ankom flyet frå FDE (doh) og det var straks klart for at flyginga på denne turen kunne starte.

    [​IMG]
     
    Last edited: 30. juni 2019
    drsyk, DanH, Flyvefisken and 16 others like this.
  2. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,240
    Likes mottatt:
    22,460
    Bonuspoeng:
    183
    Gidd du å ta bussen til Florø for 100 grunnpoeng?
     
    Misterix, jgroneng and Eddie47 like this.
  3. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,167
    Likes mottatt:
    869,673
    Bonuspoeng:
    293
    Poeng er poeng ... noen flyr i Go minus og får 100 poeng
     
    anders82, Kristian and Misterix like this.
  4. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    824
    Likes mottatt:
    3,501
    Bonuspoeng:
    93
    Vel ombord på WF103 blei ITI-A sittande ved sidan av ein tysk turist. Det viste seg at han og ein kompis var på tur rundt i Norge med Widerøe sin "Norge Rundt" - billett. Turen så langt hadde gått frå Bergen og innom alle flyplassane i Sogn og Fjordane, samt Volda. Siste natta hadde dei overnatta i telt rett utanfor gjerdet på FDE og sånn sett blitt vekt av den første avgangen Widerøe har derifrå kl 0640. Turen vidare skulle gå frå BGO via BOO til SVJ. Tyskaren lot seg facinere over at målet for ITI-A sin tur var å hente bil i Tyskland :)

    Ein sjokoladebit seinare var vi framme på BGO og ITI-A kunne seie farvel til tyskarane med gjensidig ønske om god tur vidare.

    I påvente av ITI-B sin ankomst venta ITI-A strategisk i bollestova med han sende nokre varme tankar til gjestane som ønska kaffi frå den ødelagde kaffimaskina. Etterkvart vart den reparert og hordane med folk som angivelig sleit med skallebankg og dårlig humør kunne igjen få gjenoppretta normal åndedrett. Det var også muligheiter for å bli ørlite starstruck når sjølvaste Tarjei Strøm dukka opp. ITI-A forholdt seg roleg bak jobb-pcen

    [​IMG]

    Nokre bollar seinare var ITI-B på plass tidsnok til å få slengt i seg ei skål med havregraut og ein kaffikopp og duoen kunne begi seg over til E26 for ombordstigning på SK2875 til CPH. ITI-A hadde tatt ein råsjans på softblock på tredje rad og dette viste seg å fungere til tross for at det kun var to ledige seter i plus på denne avgangen. Kort tid etter var vi på veg ut på 35 og klar for nordleg avgang.

    [​IMG]

    ITI-B som er busett på Mathopen hadde dermed gleda av å bivåne huset sitt frå lufta før vi braut av mot aust og sørover. Etterkvart vart det servert polarrull og øl til ITI-B si store overrasking. SAS Plus var ikkje noko han var vand med.

    Ei relativt lite begivenhetsrik reise seinare var det landing på CPH. Her gjekk det straka vegen til SAS Loungen. ITI-A fekk flashbacks frå reisa han hadde i mars til SIN med SQ i F i det augeblikket han såg trappa opp i gullstova. Men denne gongen måtte han som sølv-medlem fint finne seg i å vere nede. Fair nok det.

    Vi inntok soppsuppe og litt salat samt forfriskingar når det etterkvart begynte å tikke inn varsel om forseinkingar i form av både SMS og appvarsel. For så vidt greit nok så kunne vi gjere unna litt anna arbeid i staden. Det vart bl.a gjort iherdige forsøk på å få printa ut ITI-A sine nyleg ankomne eksportpapir for bilen på gjestepcane i loungen, men her måtte sjølv IT-folk kapitulere. Det blei difor konstatert at ein heller kunne fylle på med næring og ta livet med ro i staden.

    [​IMG]


    Etter ca ein time ekstra venting var det på tide å begi seg ombord på SK627 til DUS. Her var første rad kapra for mest mulig effektiv exit i Dusseldorf, noke som skulle vise seg å vere bortkasta når vi ankom DUS med remote parking.

    [​IMG]

    Lite action ombord her også. Det vart servert norsk laks frå kuben med sjokolade til dessert og purser fekk anledning til å vere vittig når ITI-A sleit med å få lokket på kuben ved innlevering. Kapteinen var gjentatte gonger på høgtalaren for å skylde på at det var stor trafikk på AMS som hadde forårsaka forsinkelsen. Både ITI-A og ITI-B hadde forståelse for dette då begge har hatt runder med venting i taxekø på den flyplassen.

    Etter å ha fått komt oss inn på flyplassen ved ankomst fekk ITI-A straks ein SMS frå sjå¨føren frå Sixt MyDriver som sa at han stod utanfor og venta. Vi blei dermed straks geleida inn i ein splitter ny svart BMW 530d for ein 30 minutters transfer til Grefrath. Ein veldig trivelig og komfortabel opplevelse. Sjåføren var i skikkelig pratemodus så vi fekk diskutert politikk, miljø, bilar og mykje anna.

    ITI-B begynte å få puls når det nærma seg. Det var tross alt han som hadde lagt pengane i bilen og etterkvart som vi nærma oss byrja også ITI-A å bli litt skeptisk. Vi runda hjørnet på eit stort industribygg som kunne sjå ut som det var i Chernobyl og det som møtte oss hadde vi ikkje forberedt oss på!
     
    drsyk, DanH, Travellingalf and 7 others like this.
  5. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    824
    Likes mottatt:
    3,501
    Bonuspoeng:
    93
    Hadde flex-billett, så det gav bedre opptjening enn 100 poeng.
     
    Kristian, Misterix and Sunnfjordingen like this.
  6. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    824
    Likes mottatt:
    3,501
    Bonuspoeng:
    93
    Det som møtte oss var eit øde industriområde med ein gjeng bikers ståande ved ein open garasjeport. Sjåføren vår lurte på om vi var på rett plass,noko ITI-A kunne bekrefte og kort tid etter kom dobbeltgjengaren til Jörgen Klopp stupande ut ei dør for å ønske oss velkommen. På dette tidspunkt vart bilen til ITI-B trylla fram og satt utanfor til begge si store glede, så mens ITI-B gjekk gjennom denne fekk ITI-A gleda av å få ei omvisning i hr Klopp, eh Herr Lommen si bilsamling, Hovudsakleg beståande av eldre mercedesar frå 50-60 og 70-talet.

    [​IMG]
    [​IMG]
    [​IMG]

    Mannen hadde ein veldig forkjærlighet for eldre Mercedesar og dreiv med restauransjon av slike. Det var også diverse andre bilar av anna årgang som det ikkje blei tatt bilde av, men det var ei anstendig bilsamling av høg verdi spredd rundt på området.

    Desverre var klokka masse og dagens mål var Hamburg cirka 450 km unna så vi måtte raskt komme oss ned på jorda og inn i ein av "the moneymakers" som herr Lommen kalla det.

    [​IMG]

    Sjekken av bilen viste at den var som forespegla. Eksportskilt på plass og dokumenta var også på plass. Dermed var det berre å koste avgårde og finne ein bensinstasjon, fylle opp og begi seg ut på A1 nordaustover mot Hamburg.

    Godt undervegs la ITI-A merke til at vi hadde ein bil ganske tett på oss ei god stund. Etterkvart kom denne opp på sida og framfor oss og det viste seg å vere "die Polizei". Kort tid etter kom "follow me" skiltet opp og pulsen steig igjen! Ute på ein rasteplass vart ITI-A og B bryskt bedt om å identifisere seg. Pass, førarkort og vognkort blei levert og dei tre politibetjentane forsvann inn i bilen.Etter ei stund kom dei tilbake og etter å ha forklart at vi var på veg til Norge med bilen samt å ha vist dei dokumentasjon på dette fekk ein i gong ein meir uformell samtale. Eksport var ikkje noko desse politibetjentane forstod vitsen med i utgangspunktet, men etter at ITI-A hadde forklart litt om skattar og avgifter i moderlandet samt vist litt av dei andre bilane som var blitt henta inn opp gjennom åra frå nettstaden sin så var alt ok. ITI-A som på dette tidspunktet var sjåfør vart også spurt om han hadde alkohol eller narkotika innanbords noke han kunne avkrefte og dermed vart det ikkje gjort vidare aksjon på det punktet :D

    Etter dette fortona den vidare turen til Hamburg seg heilt udramatisk. 0230 rulla vi inn på hotellet der to slite IT-folk fekk seg nokre gode timar søvn.
     
    drsyk, DanH, Travellingalf and 9 others like this.
  7. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    824
    Likes mottatt:
    3,501
    Bonuspoeng:
    93
    Dag 2:

    Etter nokre timar på auget og ein kjapp frukost var det klart for dag 2. Denne dagen handla det om ca 500km køyring til Hirtshals der ferja skulle ta bil og IT-Ingeniørar tilbake til Norge.

    Ein prisa seg lukkeleg for å ha passert dei verste vegarbeidsområda rundt Hamburg dagen før om natta for no gjekk rapportane på enorme mengder med kø. Dette såg ein også på trafikken som gjekk sørover. Det var ikkje fritt for at det var vegarbeid på ruta nordover også, men køen flaut nokelunde bra.

    [​IMG]

    Ved grensepassering mellom Tyskland og Danmark var det ein slags utvida kontroll der alle filene blei slusa inn i ei fil og det som ein person og skula på alle bilskilta som passerte. S-Max'en blei vinka vidare utan noken form for oppfølging. Det kan sjølvsagt også tenkast at det var fordi bilen ikkje var spesielt tungt lasta samanlikna med veldig mange andre bilar i dette området. Det var ikkje få bilar vi passerte med ølboksar frå golv til tak i bagasjerommet. Det var også forunderlig mange danske bilar med skaphengarar på vegen i eit lite tidsrom her.

    Å krysse Danmark er ein heller lite begivenhetsrik tur. Det vart stoppa på eit tidspunkt for litt forfriskningar. Til tross for at det var hetebølge andre stadar i Europa var det behagelige 25 grader i området der vi bevega oss. Dog nok til å posere for bildet "Is i sola"

    [​IMG]

    Nokre timar seinare nærma bilen seg Hirtshals. Ein kjapp tur innom tollen her og Ingeniørane kunne ta ein velfortjent prominade i den Idylliske kystbyen før avreise med båten

    [​IMG]

    [​IMG]

    Dårlig med loungeaccess på MS Bergensfjord, men der var både Buffet, Øl og Gin Tonic ombord så ITI-A og ITI-B gav opphaldet ombord heilt klart godkjent!
     
    drsyk, DanH, jgroneng and 8 others like this.
  8. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    824
    Likes mottatt:
    3,501
    Bonuspoeng:
    93
    Dag 3:

    Ein veit at ein nærmar seg heimlandet når dette er synet ein får etter to dagar med skyfri himmel:

    [​IMG]

    I all rettferdigheit skal det seiast at det letta opp nokre timar seinare og ved ankomst Bergen var det flott sommarver. IT-Ingeniørane stoppa i tollen for at ITI-B skulle få bli kvitt 25% mva. Her var det tydeleg diverse andre problemstillingar blant diverse transportørar. Ein tysk lastebilsjåfør hadde feil papir og vart pent bedt om å ordne opp, for alt ein veit står han på kaia endå? ITI-A vart engasjert av tollbetjenten for å forsøke å tolke mellom norsk/engelsk og den tyske passasjeren som hadde med seg ein hund med utgått vaksinesertifikat. Ein håpar at hunden på noverande tidspunkt er ute av karantena den måtte i.

    Moms vart betalt og turen kunne fortsette inn i heimlandet. Her skilde ITI-A og B lag og ITI-A måtte nok ein gong ty til landevegen for heimreisa. Knyttnevetest så vid bestått på denne doninga!

    [​IMG]

    Ganske nøyaktig 2,5 døgn etter at ITI-A passerte Mercedesen på parkeringsplassen kunne det konstaterast at denne no var reist vidare. Ein S-Max hadde skifta heimland, det var blitt køyrt ca 1500 km langs vegen, tatt 3 fly, ei ferge og sove nokre få timar på eit hotell i Hamburg.

    Borte bra, heime best!
     
  9. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,167
    Likes mottatt:
    869,673
    Bonuspoeng:
    293
    Alltid på solkysten!
     
    oleredv and Sunnfjordingen like this.
  10. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,240
    Likes mottatt:
    22,460
    Bonuspoeng:
    183
    Firda Billag?
     
  11. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    824
    Likes mottatt:
    3,501
    Bonuspoeng:
    93
    Nor-Way bussekspress.
     
  12. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,748
    Likes mottatt:
    21,952
    Bonuspoeng:
    293
    Fint reisebrev og fin pagode. Det må være en ganske sen 60-tallsutgave du gikk forbi? De tidligere har frontlyktene "oppned".
     
    oleredv liker dette
  13. Blaa

    Blaa Veteran

    Innlegg:
    1,533
    Likes mottatt:
    2,625
    Bonuspoeng:
    113
    Håper jeg også innen kort tid får tatt turen til Tyskland etter ny bruktbil..
     
  14. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    824
    Likes mottatt:
    3,501
    Bonuspoeng:
    93
    Stemmer det ja. Tippar 1968 eller 1969.
     
  15. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,664
    Likes mottatt:
    32,511
    Bonuspoeng:
    293
    Morsom story! :)
     
    oleredv liker dette
  16. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    "Bil shopping og EB" reisebrev :)
     
    oleredv liker dette

Del denne siden