Utflukt til Vietnam med CA, CX og SQ F

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 01. juli 2019.

  1. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    I dag er dagen då eg igjen skal slå eit slag for miljøet med togtur frå Hue til Da Nang. Toget er foreløpig to timar forsinka. Den miljøvenlege delen av turen har ikkje gått so bra so langt.
    Det fans i alle fall ein cafe i umiddelbar nærleik med forfriskningar og vifte. 20190704_105346.jpg
     
    Last edited: 04. juli 2019
    drsyk, Flyvende_mare, Bernd and 13 others like this.
  2. lMartin

    lMartin Jeg var ung og trengte poengene! InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,975
    Likes mottatt:
    6,293
    Bonuspoeng:
    183
    Supert reisebrev så langt @afirm . Det var vanskelig og velge mellom diit og @haakonks / @Bernd sitt reisebrev, så begge blir mer på nyhetsbrevet denne gangen.
     
    Bernd and afirm like this.
  3. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    SE1: Hue – Da Nang

    Togturen frå Hue til Da Nang skal ta tre timar. Du kan velje mellom fire klasser på toget. 1st Class Sleeper, 2nd Class Sleeper AC, 2nd Class Seats AC og Hard Seats. Forskjellen på første og andre klasse er hhv fire og seks senger i kabinen, på førstnemnde der det også mjuke senger medan det er harde senger på andre klasse. Forskjellen på dei to siste kategoriane er mjuke seter og harde seter, pluss air condition og ikkje air condition. Eg bestilte mine billettar på internett via Baolau.com, der fekk eg også velje seng og eg tok senga nede til venstre i ein kabin i vogn 12. For billetten på denne turen betalte eg VND 211.000, hadde eg bestilt denne på togstasjonen dagen før kunne eg sluppe unna med VND 155.000. Dei knappe 15 kronene hadde eg ikkje noko imot å betalte for å ha dette på plass. Ein skal vel også verdsette tida si ganske lågt for å ta seg bryet med ein ekstra tur til togstasjonen. Baolau.com var betydeleg rimelegare enn dei andre alternativa eg fann på nett, og bestillingsprosessen var smertefri.

    Togstasjonen i Hue låg ein halvtimes gange frå hotellet mitt, litt utanfor byen. Sia Grab ikkje var tilgjengeleg i Hue fekk eg hotellet til å ordne ein taxi. Prisen landa på VND 35.000 for ein sju minutters køyretur. Vel framme på togstasjonen gjekk eg i skranken og fekk dei til å printe ein papirbillett til meg, eg hadde fått tilsendt billetten på førehand, men hadde ikkje teke den ut på papir. Det var heilt uproblematisk å få den printa.
    LRM_EXPORT_46929788642303_20190705_105418127.jpeg LRM_EXPORT_46918310126619_20190705_105406648.jpeg LRM_EXPORT_46940201044718_20190705_105428539.jpeg LRM_EXPORT_46934414156415_20190705_105422752.jpeg LRM_EXPORT_46912425927084_20190705_105400764.jpeg
    Toget var som nemnd knappe to timar forsinka, eg fann meg difor ein cafe og tok livet med ro. Plutseleg stengde denne og eg flytta meg vidare til ein cafe litt bortanfor. Her bestilte eg ei suppe og ei flaske med forfriskingar. Prisen hamna på VND 70.000, eller knappe 30 kroner. Pho er veldig populært i Vietnam og eg har enno ikkje treft på ein plass det ikkje smakar godt.
    LRM_EXPORT_46891055515869_20190705_105339394.jpeg
    LRM_EXPORT_46967216546776_20190705_105455555.jpeg LRM_EXPORT_46884985774527_20190705_105333324.jpeg
    Det var etter kvart tid for boarding og eg fann vogn nr 12 og sete nr 5. Kupeen hadde vore brukt, men var no tom. Ved boarding complete var den framleis tom og eg fekk den difor for meg sjølv fram til neste stopp, og mitt siste stopp som var Da Nang. Etter fem minutt kom togbeteninga innom med nytt sengesett til senga mi. Oppreiinga måtte eg ta meg av sjølv. Heldigvis har eg gjennomført førstegongstenesten, so dette var ingen problem. Eg er dog ikkje sikker på at Lt. Fjellberg hadde godkjent strekken på dette lakenet, sia faren for inspeksjon ikkje var overhengande stor tok eg sjansen på at det gjekk bra.
    LRM_EXPORT_46904647708628_20190705_105352986.jpeg LRM_EXPORT_46947665674752_20190705_105436004.jpeg LRM_EXPORT_46963743559317_20190705_105452082.jpeg LRM_EXPORT_46898498792748_20190705_105346837.jpeg
    Togturen går igjennom Hai Van Pass, som er den mest utfordrande jernbanestrekninga i Vietnam, i alle fall i følgje ein dokumentarserie som gjekk på NRK. Vêret var strålande og ein hadde god utsikt heile vegen. Når vi nådde toppen av passet fekk vi sjå Da Nang i det fjerne. Avstanden frå Hue til Da Nang er berre rundt 100 km. Ti minutt før ankomst Da Nang banka beteninga på døra og sa at vi straks var framme.
    LRM_EXPORT_46957523087552_20190705_105445861.jpeg LRM_EXPORT_46952304941633_20190705_105440643.jpeg LRM_EXPORT_46895492607673_20190705_105343831.jpeg LRM_EXPORT_46877904134840_20190705_105326242.jpeg LRM_EXPORT_46881920448299_20190705_105330258.jpeg LRM_EXPORT_46972545058580_20190705_105500883.jpeg
    Ved ankomst bestilte eg ein Grab til Hoi An. Bilen sto allereie klar når eg kom ut døra på stasjonen og føraren, som såg at eg var på leit etter noko, tok kontakt. Bilen var overraskande bra, ein sjusetar av eit merke og modell eg no hadde håpt at kvitteringa skulle vise… Den var i alle fall komfortabel og ein times tid seinare var vi framme ved hotellet i Hoi An. Prisen kom på VND 387.000. LRM_EXPORT_46908807128779_20190705_105357145.jpeg
     
  4. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,595
    Likes mottatt:
    32,414
    Bonuspoeng:
    293
    Sovevogn for 3 timer?
     
  5. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Færre passasjerar per kvm, er ikkje det akkurat det vi alle jaktar?
    Vart ikkje noko soving, men ein behagelegare tur vart det. Prisforskjellen var heller ikkje rare greiene. Kanskje 90kr vs 45.
     
    lMartin, Earl, mathiasfe and 8 others like this.
  6. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Pysjamasen er på og vi er klar for avreise om kort tid. Ingen wifi på dette flyet. 20190706_002029.jpg
     
  7. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Eg ligg litt etter med reisebrevet, men skal klare å kome ájour etterkvart.

    No er det boarding på JFK om ein halvtime. Tima frammøte på JFK slik at eg skulle vere klar på Flagship First Dining i god tid før dei starta servering av Krug kl 08.00. Hadde trass alt blitt advart mot dette i reisebrevet til @Bernd og @haakonks. Lite visste eg at det fans andre reglar for søndagar. Ingen servering av alkohol før kl 10.00. Kva slags skrekkeleg stat er det eg har besøkt? Her bør Trump rydde opp! Haurde at Trump vart hardt ute mot Mayor Bill de Blasio for ei lita tid tilbake, kanskje det var dette som var saka då.

    LRM_EXPORT_61139764360843_20190707_085814051.jpeg LRM_EXPORT_61142721928533_20190707_085817009.jpeg LRM_EXPORT_61135477495576_20190707_085809764.jpeg

    Maten var god. Uansett, avgang med CX er kl 10.00. Eg er spent på om dei serverar champagne på bakken, eller om vi må vente til vi er i lufta - slik som ein må på Emirates ut frå DXB under ramadan.

    Igjen er vi sett opp med fly utan Wifi, denne gongen B-KPX.
     
  8. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    16,794
    Likes mottatt:
    57,185
    Bonuspoeng:
    293
    Til å være "land of the free" er det jævlig mye regler i USA.. :cool:
     
    afirm liker dette
  9. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Complex of Hué Monuments

    Turens tredje verdsarvplass vart Hué. Hué vart i 1802 hovudstad i det foreinte Vietnam. Byen fungerte som hovudstad fram til 1945, då keisaren abdiserte og den kommunistiske regjeringa flytta landets hovudsete til Hanoi.

    Hué vart skrive inn på verdsarvlista i 1993, og innskrivinga omfattar mange objekt. Eg valde å fokusere på Hue-citadellet. Då Vietnam vart delt hamna Hué heilt nord i Sør-Vietnam, nesten på grensa til den demilitariserte sona. Byen fekk difor gjennomgå mykje under Vietnamkrigen, og det meste vart øydelagd. For dei som har sett Stanley Kubrick sin Full Metal Jacket so handlar mykje av denne filmen om gjenerobringa av byen etter Tet-offensiven.

    Hue-citadellet er eit stort og imponerande kompleks. Det er ganske langt ifrå å vere gjenoppbygd, men dei jobbar med saka. Fleire bygningar er på plass og det var arbeid på andre bygningar som nesten sto ferdige. Citadellet er definitivt verdt eit besøk om ein skulle befinne seg i nærleiken.

    LRM_EXPORT_59558498807273_20190709_163152809.jpeg LRM_EXPORT_59553825779431_20190709_163148136.jpeg LRM_EXPORT_59549030625203_20190709_163143340.jpeg LRM_EXPORT_59544540940976_20190709_163138851.jpeg LRM_EXPORT_59540955619286_20190709_163135266.jpeg LRM_EXPORT_59538529936442_20190709_163132840.jpeg LRM_EXPORT_59535165565175_20190709_163129476.jpeg LRM_EXPORT_59529748157409_20190709_163124058.jpeg LRM_EXPORT_59525265620374_20190709_163119576.jpeg LRM_EXPORT_59516714539457_20190709_163111025.jpeg
    LRM_EXPORT_59520810447223_20190709_163115121.jpeg
     
  10. Darkcho

    Darkcho Veteran

    Innlegg:
    2,390
    Likes mottatt:
    3,327
    Bonuspoeng:
    113
    Herlig rapport. Besøkte Vietnam i fjor sommer, fantastisk reisemål.
     
    afirm liker dette
  11. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,645
    Likes mottatt:
    21,690
    Bonuspoeng:
    293
    Reise til Vietnam med 7 dager der er booket til mars 2020. Herlig å lese dette reisebrevet med inspirasjon.
     
    afirm liker dette
  12. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Ulideleg varmt i Da Nang

    Snapchat hevdar at det er 40 grader, eg veit berre at det er noko varmt for ein vestlending.

    Eg landa på tida med Cathay Dragon i går og tok ein Grab inn til hotellet, for anledninga Four Points by Sheraton. Dette kosta 109.000 lokale pengar eller ein knapp femtilapp. Effektiv innsjekk og eg fekk eit rom i 27. etasje. Rommet har ein enkelt bakong og utsikt mot stranda, som ein ikkje treng å vere eigedomsmeklar for å seie at ligg eit steinkast ifrå hotellet. I Hue og Hoi An budde eg på hotell som sto utanfor internasjonale kjedar (skal kome tilbake til desse), servicen her er noko heilt anna, men eg tykkjer også det til tider kan vere litt behageleg med meir upersonleg service.

    Rommet har alt ein kan forvente av eit hotellrom på eit hotell av denne standarden. På taket er der basseng og det er også ein bar i tilknytning til denne.

    I dag er det altså nærare 40 grader, heldigvis er det litt vind. Midt på dagen er det uansett lurt å halde seg i nærleiken av air condition, ei vifte eller eit basseng.

    I morgon går turen vidare til Ho Chi Minh City, der er det heldigvis berre meldt 30 grader. Igjen skal eg få testa VietJet. På to turar med selskapet har eg fått fem eller seks e-postar med endring i rutetid. Foreløpig er avgangen flytta frå ca kl 09.00 til kl 12.30. Med mitt veldig avgrensa erfaringsgrunnlag vil eg nok halde ein knapp på Vietnam Airlines. Eg trur også det er slutt på Vietjet sine Bikini Flights, som kanskje kunne kompensere noko for alle manglar på produktet. Eg har uansett ikkje fly vidare frå SGN før dagen etterpå, so foreløpig bør det gå veldig bra. Det fins uansett avganger med Vietnam Airlines seinare på dagen, so fram skal eg klare å kome meg uansett.

    LRM_EXPORT_61221518976469_20190709_165935829.jpeg LRM_EXPORT_61236158948420_20190709_165950469.jpeg LRM_EXPORT_61244294785529_20190709_165958605.jpeg LRM_EXPORT_61232577950422_20190709_165946888.jpeg LRM_EXPORT_61239059998379_20190709_165953370.jpeg LRM_EXPORT_61253092003561_20190709_170007402.jpeg LRM_EXPORT_61225434934158_20190709_165939745.jpeg LRM_EXPORT_61213189681321_20190709_165927500.jpeg LRM_EXPORT_61218091629933_20190709_165932401.jpeg LRM_EXPORT_61209453957785_20190709_165923764.jpeg LRM_EXPORT_61228371014887_20190709_165942682.jpeg
     
    drsyk, TravelManBiz, Lnbre and 14 others like this.
  13. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,080
    Likes mottatt:
    68,766
    Bonuspoeng:
    293
    Kunne klart lidd meg gjennom en Bikini Flight.
    Herlig tur!
     
    afirm liker dette
  14. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,910
    Likes mottatt:
    10,274
    Bonuspoeng:
    183
    Dette er svært bra Lars - flotte bilder og gode beskrivelser.
    Stao pao ! :p:D:D:p
     
    afirm liker dette
  15. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Cathay Dragon
    DAD-HKG
    KA227 - A321Neo
    Sete: 11A (business)

    Då har vi kome til den vesle utflukta til USA, som eigenleg var hovudmålet med turen. Turen starta med Cathay Dragon. @haakonks og @Bernd hadde allereie skrytt av av dette produktet, og eg er delvis einig.

    På flyet er det 2-2 konfigurasjon i business. Businesskabinen var litt over halvfull og eg fekk ikkje ledig nabosete. Før avgang vart det servert ein pre departure drink, eg valde å ta eit glas champagne. Etter avgang fekk vi valget mellom to hovudrettar, kylling eller fisk. Eg gjekk for kyllingen, men denne var ikkje noko særleg. Det var lite saus og mykje ris, noko som ført til at det vart mykje tørr ris. Til dessert vart det servert is. Denne var knallhard, og det tok rundt 5 minutt før den kunne etast. Denne kunne med fordel ha vore teke ut av frysen litt tidlegare.

    LRM_EXPORT_76749227728861_20190709_214237026.jpeg LRM_EXPORT_76745980960979_20190709_214233779.jpeg LRM_EXPORT_77061697079214_20190709_214749495.jpeg LRM_EXPORT_76851295845980_20190709_214419094.jpeg LRM_EXPORT_76790830683908_20190709_214318626.jpeg LRM_EXPORT_77072584314360_20190709_214800382.jpeg

    Elles var flyturen heilt grei, setet er meir enn godt nok for 1,5 time i lufta. Hadde maten vore noko betre so hadde dette vore eit fint produkt. Etter veganerkuben eg fekk til LHR for ei veke sia, so burde eg vel uansett ikjke klage for mykje..
    LRM_EXPORT_77041485883883_20190709_214729284.jpeg LRM_EXPORT_77211883109761_20190709_215019681.jpeg LRM_EXPORT_76818384238619_20190709_214346182.jpeg

    Før landing fekk eg skifta simkort til mitt vanlege. I Vietnam har eg nytta Mobifone, dei skulle ha ca 80 kr for 14 dagar med 2 gb 4G kvar dag. Det har fungert heilt fint alle stadar eg har vore, sett vekk ifrå noko avgrensa dekning nokon stadar i Ha Long Bay.
    LRM_EXPORT_76803593828668_20190709_214331392.jpeg

    Når vi landa fekk vi tildelt bussgate. Eg hadde allereie ein kort connection på HKG, no vart denne ytterlegare kutta med 20 minutt. Det var ikkje eigen buss til businesspassasjerane. Vi kom etterkvart inn til terminalen og eg kom meg kjapt igjennom transit. Rakk 10 min i The Pier før eg måtte trekke mot gate.
    LRM_EXPORT_77163065960988_20190709_214930864.jpeg LRM_EXPORT_76916024632934_20190709_214523823.jpeg
     
  16. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Cathay Pacific
    HKG-YVR
    CX888 - B777-300ER
    Sete: 1K (First)

    So var vi komne til del 1 og del 1,5 av det eg såg mest fram til på denne turen. På vegen til New York hadde eg altså vald ruta som går via Vancouver og eg fekk difor ei bonusnattflyging frå YVR til JFK. Cathay Pacific har 1-1-1 konfigurasjon i First på desse flya og eg hadde sete 1K heile vegen, dette er vindaugssete på rad 1.

    LRM_EXPORT_76834792715454_20190709_214402591.jpeg
    LRM_EXPORT_77233708405322_20190709_215041506.jpeg

    Før avgang vart det servert champagne og nøtter ganske kjapt. Månadens champagne var Taittinger Comtes de Champagne bdb 2007, som er ein strålande champagne. Det vart ikkje tilbud om påfyll av champagne, sjølv om vi venta ganske lenge på avgang. Vi fekk også utdelt pysjamas og eg skifta til denne med ein gong. Etter avgang gjekk eg for internasjon meny og starta sjølvsagt med kaviar og champagne. Dette er ein ting som aldri kan gå feil. Etter at kaviaren og mesteparten av tilbehøret var sett fram måtte eg likevel vente eit par minutt før det dukka opp blinis. Dette var kanskje mitt andre teikn på at crew ikkje var heilt "på". Den middelmådige servicen varte heilt fram til YVR, det tok dels lang tid mellom rettane og det tok også lang tid før retten vart rydda vekk etter at eg var ferdig. Crew var for all del hyggjelege, men det var truleg ikkje den mest erfarne betjeninga i første klasse.

    LRM_EXPORT_77031478894121_20190709_214719276.jpeg LRM_EXPORT_77150765165343_20190709_214918562.jpeg
    LRM_EXPORT_77120960587595_20190709_214848758.jpeg LRM_EXPORT_76896379742602_20190709_214504178.jpeg LRM_EXPORT_77095345894075_20190709_214823144.jpeg LRM_EXPORT_76928323952887_20190709_214536122.jpeg

    Etter kaviaren var neste rett ei blomkålsuppe, denne var veldig god! Deretter følgde ein rett som besto av krabbe og vannmelon, ein interessant kombinasjon som ikkje fall i smak hjå meg. Til hovudrett gjekk eg for lam, denne retten var heilt grei. Samla sett fall måltidet middels i smak og serviced var noko under middels, i alle fall i forhold til kva ein ventar i første klasse. Eg har fått betre service i relativt fulle businessklassekabinar enn kva som vart prestert her. Det var rett nok full kabin med seks pax, men med tilsynelatande tre crew til å ta seg av first passasjerane so burde det gå veldig fint.

    LRM_EXPORT_77173389454558_20190709_214941187.jpeg LRM_EXPORT_76997964738798_20190709_214645763.jpeg LRM_EXPORT_76885312201648_20190709_214453110.jpeg

    Avgangen var seint på kvelden og eg tok kvelden ikkje so lenge etter mdidagsservering, eg hoppa også over desserten. Matserveringa fram til hovurdetten var ikkje ferdig før over to timar etter avgang. Vakna nokre timar før landing og bestilte etterkvart frukost. Gjekk denne gongen for dim sum, denne var relativt god. Opplevde også noko betre service på denne enden av flyginga.

    Fram til dagen før avgang (minst) var det eit ledig sete i first. Om ein skulle dømme objektivt kven av oss i kabinen som hadde råd til å betale kva det kostar å fly i denne kabinen på denne strekninga so ville eg kanskje peika på han. Om han har kjøpt billett i siste liten eller fått ein op-up er ukjend. To andre pax var med heile vegen frå DAD, ein av desse vart med heilt til JFK.

    Vi landa på YVR omtrent på tida, eg gjekk igjennom transit som første mann og brukte maks fem min frå fly til lounge. Kunne klart det på fire viss eg faktisk hadde lest på lounge voucheren kvar loungen låg. I loungen kunne eg fort gått på ein smell, eg sjekka boardingpasset for boardingtid og det sto 23.50, dette var sjølvsagt boardingtid i HKG. klokka passerte 22 og eg såg at han som var med frå DAD hadde forsvunne sjekka eg skjermen. Der sto avgang 22.50 (eller noko slikt) og boarding. Eg fann difor ut at eg fekk trekke mot gate, der vart det 10 min venting før boarding starta noko over oppgjeven tid. CX startar alltid boarding med dei som treng assistanse pluss familiar. Familiar er ikkje vidare definert, med praksis ser ut til å vere at alle som har med seg barn under 18 år kan nyte denne prioriteten. På ei av flygingane var det truleg 50 pax som boarda før First.

    LRM_EXPORT_77198122760617_20190709_215005921.jpeg
    LRM_EXPORT_77008971609637_20190709_214656769.jpeg

    Fram til dette tidspunktet var eg ikkje vidare imponert over CX, det var ein heilt ok flytur frå HKG til YVR. For prisen eg hadde betalt var det sjølvsagt strålande, men eg hadde nok følt meg litt snytt om eg hadde betalt fullpris. Ting gjekk oppover etter dette.

    Det er godt å ha ein plass å klage på slike i-landsproblem som at ein berre er sånn passe fornøgd med flygingar i first.
     
    Last edited: 10. juli 2019
    Insomnia4u, Kvalvaag, drsyk and 8 others like this.
  17. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Cathay Pacific
    YVR-JFK
    CX888 - B777-300ER
    Sete: 1K (First)

    Det vart etterkvart boarding på det siste strekket, YVR til JFK. Eg vart teke godt imot av nytt crew og ført til setet mitt. Champagne og ein varm handduk kom kjapt på bordet. Det følgde ikkje med nøtter denne gongen. Det skal forøvrig CX ha, dei er stort sett kjapt på plass med varm handduk, både før avgang og før og etter alle måltid. Det vart også delt ut ny pysjamas og tøfler.

    LRM_EXPORT_77085177859967_20190709_214812975.jpeg LRM_EXPORT_76986286718268_20190709_214634081.jpeg LRM_EXPORT_77138619022236_20190709_214906417.jpeg

    Eg gjekk igjen for internasjonal meny. Starta med laks, ein rett som var heilt grei. Deretter følgde ei suppe som var god og ein biff som var enno betre. Sjølv om eg ikkje hadde vore vaken so lenge før denne flyginga tok eg kvelden etter hovudretten, det var trass alt ei nattflyging. Vakna litt før nedstiginga og fekk servert ein kopp kaffi.

    LRM_EXPORT_77110420807141_20190709_214838219.jpeg LRM_EXPORT_76906921534748_20190709_214514720.jpeg LRM_EXPORT_76740396453252_20190709_214228195.jpeg LRM_EXPORT_77051879918260_20190709_214739678.jpeg

    Hard produktet og forsovidt også soft produktet til CX er utvilsomt bra, men som med alle andre selskap er ein også avhengig av at crew er bra. Businessklasse er stort sett bra nok hjå dei aller fleste selskap og eit av dei største fortrinna til førsteklasse, i tillegg til oppgradert catering og betre sete, er nettopp betre service som skal følgje av færre pax pr. crew.

    Denne flyginga var ikkje meir enn fem timar, men det var fem behagelege timar. Crew var veldig på og matserveringa gjekk unna effektivt og greitt. Vi var no berre tre pax i Firstkabinen. Vi landa på JFK tidleg på morgonen og immigration gjekk kjapt. Automaten las namnet mitt feil og det vart difor feil på papirlappen men det var ingen problem. Han som sat i skranken stempla meg igjennom på 15 sekund utan spørsmål.
     
    drsyk, Kristian, jgroneng and 7 others like this.
  18. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Turen går mot slutten, men på veg heim satsar eg på eit par turar i TPR og truleg ein kjapp tur inn til Singapore. Mellomlandinga er på sju timar.
    20190711_111145.jpg
     
    Insomnia4u, Kvalvaag, drsyk and 5 others like this.
  19. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    The Private Room

    Vi landa trygt på SIN og eg hoppa på Airtrain til T3, ved ankomst loungen vart eg eskortert rett til The Private Room. Her er det fri flyt av Dom Perignon 2009 og elles ein heilt grei meny med mat.

    Ikkje minst trefte eg på @Are med kone, særs triveleg - som alltid!

    LRM_EXPORT_5009013208724_20190711_164223092.jpeg LRM_EXPORT_5146504234587_20190711_164440582.jpeg LRM_EXPORT_5127071696716_20190711_164421150.jpeg LRM_EXPORT_5069361045950_20190711_164323439.jpeg
     
    drsyk, Lnbre, jgroneng and 11 others like this.
  20. veeegard

    veeegard Veteran

    Innlegg:
    1,725
    Likes mottatt:
    9,287
    Bonuspoeng:
    183
    Var det alkoholfritt på @Are?

    Strålende brev forøvrig! Veldig fint om du gidder legge ut meny på SIN-CPH da jeg skal fly den om tre uker :)
     
    afirm liker dette

Del denne siden