NRK og fleire andre media melder at i dag, 20/10-2020, opna verdas største fjernstyrte tårnsenter i Bodø. Herifrå skal ei rekkje småflyplassar bli styrt i framtida. Gradvis implementering av fjernstyrte tårntenester Allereie i oktober 2019 vart den første vellukka fjernstyringa frå tårnsenteret i Bodø gjennomført, melder NTB. Då landa eit Widerøe-fly på Røst lufthamn i Nordland. Røst – fjernstyrt tårnteneste siden 19/10-2019 Vardø – fjernstyrt tårnteneste sidan 9/10-2020 Hasvik – november 2020 Berlevåg – november 2020 Mehamn – mai 2021 Røros – mai 2021 Rørvik – oktober 2021 Namsos – oktober 2021 Svolvær – desember 2021 Sogndal – desember 2021 Molde – februar 2022 Førde – februar 2022 Bodø (tentativ/ikkje endeleg avklart) – april 2022 Lakselv (tentativ/ikkje endeleg avklart) – juni 2022 Kirkenes – september 2022 Modernisering og effektivisering Avinor melder at dei gjennomfører dette prosjektet for å moderrnisera og effektivisera og opplyser om at mange av flytårna i Noreg er modne for utskifting. Tårnsenteret i Bodø vil gjera at Avinor slepp å bruka pengar på oppgraderinga ute på flyplassane. I tillegg vil éin person i framtida handtera trafikken på fleire flyplassar. Forsvarsteknologi frå Kongsberg Det er systemet Ninox som blir brukt ved det fjernstyrte tårnsenteret i Bodø. Dette er utvikla av Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) og Indra Navia. Teknisk ukeblad melder at denne teknologien no vil bli installert på Menorca lufthamn og kanskje til endå fleire flypassar i utlandet. Teknisk ukeblad skriv ein del om kva slags funksjonar som følgjer med dette fjernstyrte tårnsenteret: Infraraude og elektroptiske sensorar, laseravstandsmålarar, fly eller fuglar kan følgjast automatisk m.m. Fleire detaljar kan du lesa i lenkene som du ser over.
Har du noe info om hvordan dette fungerer rent praktisk? Tenkte kortversjon, så trenger man ikke lese en lang artikkel
Kortversjonen: Magi! Ev. les avsnittet under overskrifta 'Helnorsk' i denne TU-artikkelen: https://www.tu.no/artikler/i-den-ga...thavn-pagar-det-en-luftfartsrevolusjon/396861
Vel, det er jo snart på tide med julefilmer så.. https://www.imdb.com/title/tt00000000099423/ Men fra spøk til alvor, kult prosjekt. Jeg har vært i tårnet på OSL og det er en fantastisk utsikt der, og tror ikke det vil bli like lett å omstille seg til et 360-graders-bilde presset inn på en kvartsirkel eller hva det blir. Tror nok en og annen flygeleder vil gi seg som følge av dette.
Av de femten som er listet opp nå, er kun de tre siste tårnene på listen kontrollerte og bemannes med flygeledere. Resterende 12 er ukontrollerte tårn som bemannes av AFIS-fullmektige. (Kort forklart: flygeledere separerer og AFIS-fullmektige informerer hvor alt ansvar forblir hos pilotene). At en og annen flygeleder vil gi seg eller gå over i annen jobb (f.eks. i utlandet) som følge av dette vil nok garantert skje. Men det handler nok mest om at arbeidsstedet flyttes fra ett sted i landet til Bodø.
Dersom du er fjernstyrt tårnoperatør for eit Haugesund i styrtregn og eit Mehamn i orkan er det best å ikkje bli påminna av solskinnet utanfor kontorveggane