Gode julekjøp på tax-free

tax-free duty free

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Når ein reiser på tur utanlands, så vil ein ofte fylle opp kvota med godt drikke. Her kjem mine tips til gode julekjøp på tax-free.

Med utvalet som ein finn i Duty Free, spesielt på OSL, så kan det vera vanskeleg å orientere seg. Du kan også førehandsbestille alle varene på fleire flyplassar, og spare tid og frustrasjon ved ankomst.
Dette er ein blanding av favorittar og ny bekjentskap, og det er mykje anna godt til sals!

Bobler

Det er godt med champagne på OSL, og det finnes gode kjøp her. Om du vil ha icon-champagner, så kan du finne toppene frå mange av dei store husa, som til dømes Taittinger, Bollinger, Veuve Clicquot og Dom Perignon.

Henriot Brut Souverain

Henriot Brut Souverain

Duty free: 599,- (twin pack)
Vinmonopolet: 779,80,- (389,90-, per flaske)

Ein god, allround champagne med godt eplepreg og god mousse. Kjem i praktisk twinpack 🙂

Kvite viner

Det finnes mange gode kjøp på taxfree, men eg held meg til nokre klassiske viner.

Laroche Chablis

Laroche Chablis

Duty free: 159,-
Vinmonopolet: 199,90

Ein saftig og god Chablis med aroma av gule eple og eit lett mineralsk preg. Avsluttast tørr. Den har gått ned 10 kroner siden sist, men er fortsatt ein vin å anbefale.

William Fevre Premier Cru Vaillons

William Fèvre Premier Cru Vaillons

Duty free: 289,-
Vinmonopolet: 384,50

William Fevre er ein av mine topp-produsenter i Chablis. Dette er eit steg opp i kvalitet, og her får du ein særs god chablis med eit flott mineralsk preg, men samtidig god, moden frukt. Ein vin som vil utvikle seg over tid. J. Moreau Chablis Premier Cru Fourchaume er også ein veldig god vin.

Wittmann Riesling Trocken

Wittmann Riesling Trocken

Duty free: 109,-
Vinmonopolet: 169,90

Dette er ein god mineralsk riesling med god frukt frå den sør-Tyske produsenten Wittmann.

Robert Weil Up In The Air

Robert Weil Up in the Air Riesling

Duty free: 139,-
Vinmonopolet: –

Denne vinen får du ikkje på polet, men dette er frå ein klassisk, god Rheingau produsent. Ein fruktig vin med kvaliteter frå langt dyrere viner. Passer godt til sushi og rakfisk.

Raude viner

No er med inne i ei tid der det kanskje passar best med raude viner, og eg har valt ut fem viner som passar til litt ulike bruksområda. Det finnes mange gode viner tilgjengelege, men det finnes også ein del som ein bør halde seg vekk frå. Eg har prøvd å finne viner med god kvalitet, men halde dei under 200, men klarte det ikkje heilt.

Cune Reserva 2015

Cune Reserva 2015

Duty free: 129,-
Vinmonopolet: 180,-

Ny årgang siden sist, men fortsatt veldig god. Cune Reserva er ein fyldig Rioja frå Spania, med base av hovudsakleg Tempranillo. Ganske kompleks vin, med god fylde og god, litt moden fruktighet. Passer utmerka til haustens lam og mørke haustkveldar.

Baron de Ley Reserva 2015

Baron de Ley Reserva 2015

Duty free: 139,-
Vinmonopolet: 174,50

Ein gammal travar av ein Rioja og er av det klassiske slaget. Litt bedre fylde en Cune, men balansert. God kompleksitet, og passar også til lam og mørke haustkveldar.

J. Biondi Santi Sassoalloro

J. Biondi Santi Sassoalloro

Duty free: 209,90,-
Vinmonopolet: 299,90,-

Sassoalloro er det ein kaller for ein supertoscaner, som vart laga litt utanfor det satte mønstere av toscansk vin. Og denne vinen held seg godt, og eg var overraska over kor god kvalitete denne har. Er laga på 100% Sangiovese og har er ein ganske kompleks vin med saftige kirsebærtoner. Tåler ganske kraftig mat.

Massolino Barola og Barbera

Massolino Barolo og Barbera

Duty free 329,- og 169,-
Vinmonopolet 360,- og 209,90

Massolino er ein topp produsent i Barolo, og har her produsert ein tørr og kompleks Barolo som kan lagres lenge, og ein fruktig og fast Barbera som passer til ribba. Dei har også ein Nebbiolo som er god til jul

Øl

Det har skjedd ein ølrevolusjon i Noreg, og sjølv om tax-free heng litt etter her, så finnes det fleire og fleire øl frå gode bryggeri her. No kjem også joleølet ut i butikken snart, og da er dette ølet ein god anbefaling.

Kinn Julefred Sterk Skotsk Øl

Kinn Julefred sterk skotsk øl

Duty free: 75,-
Vinmonopolet: 109,90

Ein kraftig øl som godt kan ligge til neste år.

Austmann sjokolad og kirsebær porter

Austmann Sjokolade & Kirsebær Porter

Duty free: 35,-

Navnet seier kanskje alt? Passer best til desserten eller julekakene.

Brennevin

Det er på brennevin du ofte finn dei store innsparingane. I hyllene i tax-freehyllene finner du eit godt utval av dei store, kjente merkevarene og nokre få mindre produsentar.  Eg synes ofte det å anbefale brennevin ofte blir litt som å prate om bilmerka, og det er faktisk mykje kjensler involvert.
Spesielt gjeld dette cognac, og eg må få innrømme at eg ikkje har nokon favorittar som er til sals på Tax-freen på OSL.

No mot jul, så kjøper eg ein akevitt, og då blir det ofte å kjøpe det eg veit blir konsumert eller ein type frå eit nytt brenneri! Eg har funne fram ein av mine favorittar.

Arvesølvet

Arvesølvet

Duty free: 319,-
Vinmonopolet: 404,90 (578,-/1 l)

Dette er ein av dei «nye» akevittene i Norge, og har eit litt fruktigere preg en dei tradisjonelle, men har fortsatt eit karvepreg. God til julemat og i drinker. Arvesølvet har også ein juleakevitt

Gammel Opland

Gammel Opland

Duty free: 299,-
Vinmonopolet: 629,90

Eg kjem frå Oppland, og føler eg er programforplikta, men det er ein ganske rund akevitt som passer til ribba

Også må me ikkje gløyme Portvinen i år heller

Graham's Late Bottled Vintage Port 2012

Graham’s Late Bottled Vintage Port 2012

Duty free: 119,-
Vinmonopolet: 199,50 for 0,75, literpris 266,-

Det finnes mange gode variantar av portvin, og eg bruker alltid å kjøpe med meg nokre Late Bottled Vintage(LBV) for å ha mot jul. Dette er ein perfekt vin til nøtter og jolekaker! Passer også fint for seg sjølv eller til sjokoladedessertar. Det finnes betre LBVar, så finn gjerne noko der du er på reise. Det finnes også nokre gode tawnyer på Tax-free’n, og dei passer perfekt til valnøtter!

Kjelde: Heinemann / tax-free.no

Forsidefoto: Karolina Grabowska / Pixabay 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *