Gode kjøp på Taxfree

Duty Free Oslo Lufthavn

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Når ein reiser på tur utanlands, så vil ein ofte fylle opp kvota med godt drikke. Eg prøver å kjøpe inn dette på plassen eg vitjar, men om det ikkje er mogleg så finnes det mykje gode produkt i Duty Free-butikkane på Gardermoen og andre flyplassar i Norge.

Med utvalet som ein finn i Duty Free, spesielt på OSL, så kan det vera vanskeleg å orientere seg. Du kan også førehandsbestille alle varene på fleire flyplassar, og spare tid og frustrasjon ved ankomst.

Bobler

Det er godt med champagne på OSL, og det finnes gode kjøp her. Om du vil ha icon-champagner, så kan du finne toppene frå mange av dei store husa, som til dømes Taittinger, Bollinger, Veuve Clicquot og Dom Perignon.

Henriot Brut Souverain

Henriot Brut Souverain

Duty free: 599,- (twin pack)
Vinmonopolet: 760,- (380-, per flaske)

Ein god, allround champagne med godt eplepreg og god mousse. Kjem i praktisk twinpack 🙂

Kvite viner

Det finnes mange gode kjøp på taxfree, men eg held meg til nokre klassiske viner.

Laroche ChablisLaroche Chablis

Duty free: 169,-
Vinmonopolet: 210,-

Ein saftig og god Chablis med aroma av gule eple og eit lett mineralsk preg. Avsluttast tørr.


J. Moreau Chablis Premier Cru FourchaumesJ. Moreau Chablis Premier Cru Fourchaumes

Duty free: 269,-
Vinmonopolet: –

Dette er eit steg opp i kvalitet, og her får du ein god chablis med eit godt mineralsk preg. Den har fast frukt og god syre.  William Fevre har også ein Premier Cru frå Vaillons som eg ikkje har smakt, men som vert kjøpt inn neste gong eg reiser.


Wittmann Riesling TrockenWittmann Riesling Trocken

Duty free: 109,-
Vinmonopolet: 167,-

Dette er ein god mineralsk riesling med god frukt frå den sør-Tyske produsenten Wittmann.


Robert Weil Riesling Trocken QbaRobert Weil Riesling Trocken Qba

Duty free: 139,-
Vinmonopolet: –

Denne vinen får du ikkje på polet, men dette er frå ein klassisk, god Rheingau produsent. Ein fruktig vin med eit lett preg av mineralitet og roseblad.

Raude viner

No er med inne i ei tid der det kanskje passar best med raude viner, og eg har valt ut fem viner som passar til litt ulike bruksområda. Det finnes mange gode viner tilgjengelege, men det finnes også ein del som ein bør halde seg vekk frå. Eg har prøvd å finne viner med god kvalitet, men halde dei under 220 kr.

Ramos Pinto Duas QuintasRamos Pinto Duas Quintas

Duty free: 109,-
Vinmonopolet: 184,-

Ein enkel portugisisk vin basert på Touriga Francesa, Tinto Roriz og Touriga Nacional. Vinen  kjem i frå Douro og passar til lettare retter av haustens vilt!


Cune ReservaCune Reserva

Duty free: 129,-
Vinmonopolet: 180,-

Cune Reserva er ein fyldig Rioja frå Spania, med base av hovudsakleg Tempranillo. Ganske kompleks vin, med god fylde. Passer utmerka til haustens lam og mørke haustkveldar.


Baron De Lay ReservaBaron de Ley Reserva

Duty free: 139,-
Vinmonopolet: 174,50

Ein gammal travar av ein Rioja og er av det klassiske slaget. God fylte og god kompleksitet, og passar også til lam og mørke haustkveldar.


J. Biondi Santi SassoalloroJ. Biondi Santi Sassoalloro

Duty free: 219,-
Vinmonopolet: 300,-

Sassoalloro er det ein kaller for ein supertoscaner, som vart laga litt utanfor det satte mønstere av toscansk vin. Og denne vinen held seg godt, og eg var overraska over kor god kvalitete denne har. Er laga på 100% Sangiovese og har er ein ganske kompleks vin med saftige kirsebærtoner. Tåler ganske kraftig mat.


Massolino Barbera d'AlbaMassolino Barbera d’Alba

Duty free: 169,-
Vinmonopolet: 225,-

Denne vinen kjem frå den gode Barolo produsenten Massolino frå Serralunga d’Alba i Piemonte. Dette er ein Barbera av det litt kraftigare slaget, og den har god, fast syre med delikate og friske kirsebæraromaer. Passer til middels kraftige kjøttrettar, men kan også gå til pinnekjøttet eller torsk.

Øl

Det har skjedd ein ølrevolusjon i Noreg, og sjølv om tax-free heng litt etter her, så finnes det fleire og fleire øl frå gode bryggeri her. No kjem også joleølet ut i butikken snart, og da er dette ølet ein god anbefaling.

Kinn Vestkyst IndiaølKinn Vestkyst Indiaøl

Duty free: 69,-
Vinmonopolet: 105,-

Eit godt humleprega øl, med godt integrert maltpreg.


Nøgne Ø PorterNøgne Ø Porter

Duty free: 39,-
Vinmonopolet: 49,-

Nøgne Ø begynner å bli ein veteran i bransjen, men leverer framleis gode øl. Deira porter er ein fin øl og ta fram til fine haustkveldar, eller til nøtter og sjokolade.

Brennevin

Det er på brennevin du ofte finn dei store innsparingane. I hyllene i tax-freehyllene finner du eit godt utval av dei store, kjente merkevarene og nokre få mindre produsentar.  Eg synes ofte det å anbefale brennevin ofte blir litt som å prate om bilmerka, og det er faktisk mykje kjensler involvert.

No mot jul, så kjøper eg ein akevitt, og då blir det ofte å kjøpe det eg veit blir konsumert eller ein type frå eit nytt brenneri! Eg har funne fram ein av mine favorittar.

Bruichladdich Bere Barley Single Malt Scotch whiskyBruichladdich Bere Barley Single Malt Scotch whisky

Duty free: 649,-
Vinmonopolet: 1 099,-

Ein av mine favorittdestilleri er Bruichladdich, (the) Laddie blant venner. Dette er eit destilleri som stengte i 1994 og opna opp att i 2000 med nye kvoster. Leverer elegant Whisky frå Isley!

Og til slutt vil eg slå eit slag for portvinen!

Graham's Late Bottled Vintage Port 2012Graham’s Late Bottled Vintage Port 2012

Duty free: 119,-
Vinmonopolet: 199,50 for 0,75, literpris 266,-

Det finnes mange gode variantar av portvin, og eg bruker alltid å kjøpe med meg nokre Late Bottled Vintage(LBV) for å ha mot jul. Dette er ein perfekt vin til nøtter og jolekaker! Passer også fint for seg sjølv eller til sjokoladedessertar. Det finnes betre LBVar, så finn gjerne noko der du er på reise.

Kjelde: Heinemann / tax-free.no
Alle bilete frå Heinemann

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *