Godt nyttår og takk for eit flott 2017

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Teamet bak InsideFlyer vil gjerne nytte årets siste dag til å takke for eit faktisk 2017. Det har vore vår fornøyelse å bringe dykk nyhende, reisedeals, tips og triks kvar dag. Takk for at du følgjer med.

InsideFlyer har hatt eit forrykande år der vi enno ein gong har bevist at vi er den største og beste sida i Skandinavia for frequent travelers og andre med interesse for reising. Våre daglege artiklar vert lest av fleire og fleire og vi ser månad for månad at nye lesarar kjem til. Det er nettopp difor vi lovar å publisere relevante artiklar på alle årets 365 dagar. Redaksjonen tek ikkje ferie og du kan vere sikker på å finne nye artiklar kvar dag.

Vårt aktive forum

Forumet vårt er også veldig aktivt. Her finn du mange ekspertar, og folk med mykje reiserfaring, som dagleg delar av sin kunnskap. Der kan du som lesar får gratis svar på spørsmål og det er ikkje mange ting du ikkje kan få hjelp til på forumet. Ta gjerne ein tur innom og delta på det største reiseforumet av sin art i Noreg. Alle er klare til å hjelpe og det kostar deg ingenting utover tida du brukar.

Våre samarbeidspartnarar

InsideFlyer vil nytte høvet til å takke alle våre samarbeidspartnarar som vi har eit aktivt og godt forhold til. Utan desse ville vi ikkje kunne kome med nyheiter, vekentlege reisedeals, deltaking på inargural flights eller andre interessante arrangement som er av interesse for deg som lesar. Vi lovar at du også neste år vi kunne bli med på spennande arrangement – so det er berre å følgje med på sida og forumet.

Spesielt er vårt nye og tette samarbeid med Norwegian Reward ein milepæl. At eit av dei største flyselskapa i Norden inngjekk eit samarbeid med InsideFlyer viser at vi no har kome på eit nivå der våre medlemmar og artiklar får meir fokus og stemmene betyr meir i det daglege mediebilete.

Årets beste reisejulekalendar

Våre samarbeidspartnarar var også grunnen til at vi i år igjen kunne lansere årets klart beste reisejulekalendar med det største tal gåver nokon gong. Desse kom i form av både flybillettar, hotelovernattingar, gull- og sølvkort, leigebil, goodie bags, bonuspoeng og anna.

I årets julekalendar har vi gjeve vekk gåver for meir enn kr 50.000 og vår mest spennande premie var to flybillettar med Singapore Airlines sin eksklusive Premium Economy-kabin til ein valfri destinasjon i deira store nettverk. Vi hadde også ei luke som inneheldt to flybillettar med Norwegian i deira Premium-kabin og ytterlegare ti flybillettar i form av gåvekort og bonuspoeng. Du kan lese om premiane og kven som vann dei her.

Igjen vil vi rette ein stor takk til sponsorane av vår julekalendar:

So gler vi oss til å halde fram inn i 2018 der vi framleis vil halde deg oppdatert på kva som skjer og kva som vil ha innflytelse på din kvardag som reisande.

Alle dei erfarne skribentane og bloggarane bak InsideFlyer lovar å halde fram med å kome med relevante artiklar der blandinga av nyhende, reisedeals og tips og triks vil gje deg ein fordel når du skal ut å reise.

Med ynskje om eit fantastisk nyttår og so sjåast vi igjen i morgon, når vi sjølvsagt har nye artiklar klare til deg.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *