Hilton Flash Sale, 50% rabatt i Japan og Sør-Korea

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Dersom du har vurdert ein tur til Japan, Sør-Korea eller Guam kan du no gjera eit kupp hjå Hilton.

Kampanjen varer fram til fredag 24. november kl 06.00. Du kan bestille hotell på datoar heilt fram til 30. juni 2018. Dersom du nyleg har slått til på SAS sin fantastiske poengkampanje er det kanskje på tide å bestille hotell i Japan? For å få dei aller beste prisane må du vere medlem av Hilton HHonors, dette er gratis.

Gode tilbod?

Veldig gode! Sjølv om salsprisane som vanleg er ikkje-refunderbare, so veg prisen mykje opp for denne ulempa.

Ikkje bry deg om prisane som er annonserte, du vil finne mykje betre prisar når du søker. Det er vanskeleg å forstå kvifor Hilton ikkje viser desse i oversikta, det er ein merkeleg måte å promotera eit sal på.

Sjå til dømes Hilton Tokyo Bay, annonsert med «from £121» på salssida

Det er faktisk prisen før du har fått 50% rabatt.

Dersom du føretek eit søk vil du finne desse prisane:

10,500 Yen tilsvarar £71, og dette er framleis ikkje 50% rabatt. Dersom du går inn på detaljerte resultat vil du derimot finne ein endå betre pris:

9,000 Yen tilsvarar £60.50, som er akkurat 50% rabatt.

Du må også hugse å bla deg ned og sjekke dei forskjellege romkategoriane når du søker på Hiltonsida. Av og til er ikkje dei billegaste romma annonserte på toppen av sida.

Salet gjeld også for Executive-rom og suitar. Ein suite med loungetilgang på Conrad Tokyo er tilgjengeleg for ~£250, det er ein god pris!

Til slutt

Dersom du ikkje har noko i mot å leggje ikkje-refunderbare planar er det fleire særs gode tilbod i denne kampanjen!

Vilkår

Limited availability at the discounted rates. Offer is subject to availability at participating Hilton properties across Japan, South Korea, and Guam, for stays booked between 21 Nov 2017, 2pm JST, and 24 Nov 2017, 2pm JST, and completed between 21 Nov 2017 and 30 June 2018. Offer subject to availability. Blackout dates may apply and vary by property. Rates are valid for single/double occupancy and are exclusive of all taxes, incidental charges, gratuities, and resort fees where applicable. Discount is 40% off Flexible Rate (“BAR”) and Bed and Breakfast Rate (“B&B”) across all participating properties. Hilton Honors members will receive an additional 10% off BAR and B&B. Hilton Honors Membership is required to book the Hilton Honors Members rate.

Diskuter gjerne Hilton og HHonors på vårt forum.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Joe Deeney for vår systerside Insideflyer.co.uk.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *