TEST: Qatar Airways Qsuite frå London til Doha

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

For ein månad sia fekk eg sjansen til å teste Qatar Airways sin Qsuite frå London til Doha, kort sagt: eg er imponert!

Qatar Airways annonserte Qsuite på årets ITB-messe i Berlin. Første flyet ut med denne konfigurasjonen var passande nok ein Boeing 777 med registreringsnamn A7-BED som har gått på ruta QR7/QR8 mellom London og Doha. Dei neste destinasjonane med Qsuite er Paris og New York.

Dagens fly, A7-BEL, hadde berre vore i drift tre dagar, og dette var den andre rotasjonen mellom Doha og London.

Lounge

I London har passasjerar i business- og førsteklasse tilgang på Qatar Airways Premium Lounge. Statuskundar som reiser i økonomi er må klara seg med Plaza Premium Lounge, denne ligg i etasjen over. Det er ingen tradisjonell skranke i denne loungen, i staden vert du teke i mot av beteninga og forklart kva loungen har å by på. Det er ingen stor lounge, men det er heller ikkje veldig mykje folk der. Loungen har eit business-område, eit stort område med gode stolar der ein kan slappe av, eit uformelt restaurantområde og eit litt meir formelt restaurantområde. Det fins både buffé og ein á la carte-meny. Eg var der rundt lunchtider og bestilte lunch frå menyen.

Flyturen

Når det var tid for boarding kom beteninga i loungen og informerte oss om dette. Det var kort avstand frå loungen til dagens gate. Når eg kom meg om bord vart eg raskt vist til sete mitt. Flyverten som skulle ta vare på meg gjennom denne turen var kjapt på plass og introduserte seg. Eg hadde booka sete 6B og fann meg godt til rette her. Mine høge forventningar til produktet vart ikkje gjort til skamme, og eg leg meg raskt imponera over kabinen. Eg fekk tilbod om varm klut og velkomstdrink og gjekk for rosé champagne. Qatar Airways har nyleg skifta champagne i businessklasse og det vert no servert Lanson, både brut og rosé. Eg er ingen ekspert, men denne var i alle fall god nok til å tilfredstille meg.

Velkomstdrinken er på plass

Når vi nærma oss take off kom flyverten min bort og beklaga, han hadde lova å spørje om eg kunne vere villeg til å bytte til eit sete som var «feil veg». To eldre damer frå Midtausten sat saman i 5E/F og kunne helst tenkt seg eit sete som var vendt framover. Eg spurte kva seter som var ledige, og fekk til svar at det var 5E/F, 1A og nokon andre seter. Eg sa at eg kunne prøve 5E, då eg ville få begge desse midtseta for meg sjølv. Etter take off fann eg ut at det ikkje var noko spesielt med å sitje her åleine, og eg bestemte meg for å flytte meg til 1A. 1A var eit heilt fint sete, i Qsuite-kabinen er det seta som er vendt feil veg som er nærast vindauga.

Etter take off vart det servert varme nøtter, og eg heldt meg til rosé champagne.

Maten

Sia eg flytta meg til nytt sete vart menykortet mitt liggjande igjen i det gamle. Det vart ikkje til at eg bad om å få eit nytt og eg fekk difor lagt fram rettane munnleg før eg bestemte meg. Qatar Airways har «dine on demand»-konsept, og du kan difor bestille rettane frå menykortet når du vil i løpet av flyginga.  Eg gjekk for meze og kylling ved starten av flyginga, med is til dessert. Før landing var eg ikkje særleg svolten, men eg fekk anbefalt ein liten scampirett, den var veldig god. Saman med scampien kom også ein pai. Som vanleg var det god mat hjå Qatar Airways.

Setet og tilbehør

Qatar Airways delar ut støykansellerande hovudtelefonar til sine reisande i businessklasse, desse fungerar godt. I setet låg det også eit teppe, dette vart ikkje testa. For å setje fokus på brystkreft delt vart det i oktober delt ut rosa amenity kits frå Brics.

Setet i Qsuite kan sjølvsagt leggjast heilt ned og er behageleg å sitje i. Det har også innebygd massasjefunksjon. Oppbevaringsplass er det også rikeleg av rundt setet.

Kort oppsummert: Qsuite er eit strålande produkt som definitivt kan anbefalast.

Oversikt

Fordeler

Veldig privat sete
God lounge på LHR
Mykje for pengane

Ulemper

Få avgangar med dette produktet

Service

Underholdning

Kabin

Mat

Verdi

Overall Rating

Konklusjon

Qatar Airways leverar eit unikt businessklasseprodukt i sine Qsuites. Alle seta er avskjerma, og du kan nesten få følelsen av at du reiser i første klasse. Mat og drikke står heller ikkje tilbake for mange andre businessklasseprodukt. Med tanke på alle dei gode kampanjane Qatar Airways køyrer so kan du får veldig mykje for pengane om du treff på dette produktet. Dessverre er det framleis få destinasjonar som opererar med Qsuite, men desse vil bli fleire etterkvart. Eg kan i alle fall trygt anbefala Qsuite, du kjem ikkje til å angre om du bestemmer deg for å teste den.

4.5

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *