Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Ibis Hotels, eit medlem av Accor-kjeden, har kome med eit interessant tilbod – for alle mellom 18 og 26 år! Tilbodet gjeld i juli og august.
Biletet over viser til prisar mellom 30 og 60 euro, men vi har funne prisar både under og over dette.
Vilkåra nemner heller ingen prisar, uheldigvis.
Det vi derimot veit er at du kan finne veldig gode prisar, so lenge du held deg til følgjande reglar:
- Søk ved hjelp av denne lenka
- Book før 15. mai 2017
- Bu mellom 1. juli og 31. august 2017
- Alle gjestane må vere mellom 18 og 26 år, og du må vere budd på å vise legitimasjon.
Lista over land er stor, alt får Algerie og Benin til Spania og Nederland, via Kina, Mexico og Kasakhstan. Tilbodet gjeld for rundt 40 land, og du kan følgje denne lenka for å sjå om det er nokre land som passar dine planar.
Det er verdt å nemne at vi har funne nokre datoar der 18-26-kampanjen ikkje sto for lågast pris, so du gjer lurt i å sjekke alle tilgjengelege prisar.
Ibis Hotels har ingen hotell i Noreg, men sjekk ut dette tilbodet dersom du er mellom 18 og 26 og skal på sommarferie til ein aktuell destinasjon.
Denne artiklen vart først publisert av Joe Deeney på vår systerside Insideflyer.co.uk
Legg igjen en kommentar