Icelandair introduserar Boeing 737-øl

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

I forbindelse med introduksjonen av Icelandair sin nye Boeing 737 MAX førre veke har flyselskapet lansert ein ny øl.

Det nye ølen er brygga av det irske Boyne Brewhouse og har fått namnet 737 Transatlantic IPA. Namnet er ein klar referanse til den nye flytypen som Icelandair no skal nytte på ruter både til USA og Europa. Ølen er brygga på ingrediensar frå Europa og frå det nordvestlege USA der Boeing produserar flya.

Ølen vart først servert på ei spesialflyging over Reykjavik der Icelandair feira at dei hadde motteke det første av 15 Boeing 737 MAX.

Du må vente litt før du kan smake

Sjølv om ølen vart servert i lufta førre veke so vert den først introdusert på ordinære flygingar den 30. mai. Då vil du også finne den i selskapet sin Saga Lounge på Keflavik lufthamn. Den vil berre vere tilgjengeleg i fire månadar.

Er du ein av dei heldige som får smake denne ølen vil du oppleve ein frisk øl med ein god og fruktig smak. Alkoholprosenten vil vere 7,37.

Icelandair har kutta i rutetilbodet til Norge, men du kan framleis få testa ølen på flygingar frå landet vårt. Icelandair har nyleg annonsert endringar i klassene sine, dette kan du diskutere på forumet vårt.

Foto: Icelandair & Travel+Leisure.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *