Lufthansa Group med nye flyruter til Ålesund og Bodø

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Flyselskapet Discover Airlines opnar to nye ruter sommaren 2025: Frankfurt–Ålesund og München–Bodø. Begge rutene vil ha to vekentlege avgangar.

Norge opplever aukande fokus og interesse frå internasjonale ferie- og fritidsreisande, og Tyskland er vår viktigaste marknad i Europa. At Ålesund- og Bodø-regionen blir knytt til denne marknaden med direkteruter frå henholdsvis Frankfurt og München, har stor betydning for lokal og regional utvikling. Desse besøkande har høg betalingsvilje fordi regionane byr på unike opplevingar av høg kvalitet.

Nina Julianne Jensen, ruteutviklar i Avinor.

Frankfurt–Ålesund

Frankfurt–Ålesund blir operert frå 3. mai til 29. september med to vekentlege avgangar på onsdagar og lørdagar. Ruta blir operert med flytypen Airbus 320.

Dag Retning Avgang Ankomst Reisetid 
OnsdagFRA–AES 07:1509:4502:30
OnsdagAES–FRA10:3012:5002:20
LørdagFRA–AES 07:1509:4502:30
LørdagAES–FRA10:3012:5002:20

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er svært glade for at Discover Airlines vel å satse på regionen, og gler seg over at samarbeidet med Avinor for å få fleire direkteruter til Ålesund lufthavn, Vigra, gir resultat.

Vi ønsker å få fleire tyske gjestar til å besøke regionen vår, og med direkterute frå Frankfurt vil Sunnmøre bli mykje meir tilgjengeleg og dermed også meir attraktiv for potensielle besøkande. Frankfurt er dessutan eit svært viktig knutepunkt i Europa, og gjestar frå heile verda mellomlandar der. Denne direkteruta vil difor vere viktig også for å få gjestar frå andre land til å velje å besøke regionen vår.

Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

München–Bodø blir operert frå 2. juni til slutten av oktober. Ruta startar med ein vekentleg avgang på måndagar og utvidar til to vekentlege avgangar frå 30. juni. Då vil det gå fly både mandagar og torsdagar. Ruta blir operert med flytypen Airbus 320.

Dag Retning Avgang Ankomst Reisetid 
MandagMUC–BOO10:0013:1003:10
MandagBOO–MUC14:1017:2503:15
TorsdagMUC–BOO10:0013:1003:15
TorsdagBOO–MUC14:1017:2503:15

Bodø ligg i ein spennande region der Lofoten er merkevaren som også driv opp interessa for Salten og Helgeland frå Europa. Etter kvart som Bodø gjennom eit større regionalt samarbeid aukar fokuset og investeringane i dei viktigaste utanlandsmarknadane, forventar vi at interessa for og besøket til regionen vil auke i åra framover.

Nina Julianne Jensen, ruteutviklar i Avinor.

Aukar kapasiteten i Noreg

I tillegg til dei to nye rutene aukar Discover Airlines kapasiteten for sommarsesongen 2025. Frankfurt–Evenes vil både få lengre sesong og gå frå to til tre vekentlege frekvensar. Totalt vil Discover fly til fire destinasjonar i Noreg: Ålesund, Bodø, Evenes og Alta.

Discover Airlines er eit flyselskap i Lufthansagruppen med basar i Frankfurt og München. Selskapet opererer ein flåte på 14 Airbus 320 på kort- og mellomdistanse-rutene.

Foto: Avinoir / Discover Airlines / PR

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *