Marriott Megabonus: Gratis overnatting etter to betalte opphald

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Marriott Rewards har annonsert ein ny kampanje: Marriott Megabonus. Etter berre to opphald kan du få ei gratis overnatting på eit hotell i kategori 1-5.

Dette er ein god kampanje der du ganske enkelt kan skaffe deg ei gratis overnatting.

Marriott Megabonus: To opphald, ei gratis overnatting

Kampanjen er ganske enkel, du må overnatte to gongar på eit av dei deltakande hotella. Desse inkluderar mellom anna Courtyard, Renaissance, (J.W.) Marriott, Ritz Carlton og Moxy, du kan sjå alle vilkåra her. Eit opphald er rekna som ei eller fleire samanhengane netter på hotellet, det vert difor ikkje rekna som to opphald dersom du har to netter på rad. Den gratis overnattinga kan du nytte på eit av hotella som er i kategori 1 til 5. Dette kan til dømes vere det nye MOXY Oslo X, som er eit hotell i kategori 5 og som vanlegvis kostar 25.000 poeng.

Sertifikatet vert lagt til din konto i løpet av 3-5 dagar og er deretter gyldig i seks månadar. Sia det ikkje er krav til tal netter per opphald so kan du oppnå dette sertifikatet allereie etter to netter.

Du kan berre delta i kampanjen ein gong. Når du har fullført kampanjen vil du få eit nytt tilbod, dette er endå ukjent.

For å delta må du registrere deg på denne sida. Dine opphald må finne stad mellom 12. september og 15. januar 2018. Du kan registrera deg heilt fram til 30. november.

Konklusjon: Godt tilbod!

Eg tykkjer dette er eit veldig godt tilbod. Ei gratis overnatting etter berre to opphald er veldig generøst. Det er normalt ikkje so enkelt å opptene 25.000 poeng, so sjølv om du ikkje bur på hotell veldig ofte kan du nyte godt av denne kampanjen.

Dersom du ikkje allereie er medlem av Marriott Rewards er du endå heldigare. Då kan du opptene endå ei natt etter berre to opphald. Dersom du først registrerar deg i kampanjen for nye medlemmar og deretter i Megabonus kan du få to gratis overnattingar!

Del gjerne dine erfaringar med Marriott Rewards på vårt forum, eller les vår vurdering av Singapore Marriott Hotel her.

Denne artikkelen vart først skriven av Sander de Jonge på vår systerside, Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *