Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Den heilt nye Boeing 737MAX som Norwegian skulle ha teke i mot 13. juni har blitt utsett eit par veker.
Norwegian vert det første Europeiske flyselskapet til å motta 737MAX-flyet – ein ny og oppgradert versjon av det suksessfulle 737-flyet. Dette vil dei feire ved å invitere med seg gjestar på den første flyginga heim frå fabrikken i Seattle til Oslo, der det skal klargjerast for flyging. Billettar til denne turen kan kjøpast på ein auksjon som ligg ute på MegaDo.com, og auksjonane går no fram til 13. juni – den dagen då Norwegian eigentleg skulle ha teke i mot flyet.
Den nye leveringsdatoen er foreløpig ukjend, og det er venta at dette vert annonsert av Boeing og Norwegian innan kort tid. Det er ganske vanleg at nye flytypar vert forsinka, dette skuldast ofte ikkje store problem, men små tekniske problem. Sist denne flytypen vart forsinka var det grunna ei metallskive i motoren som på sikt kunne løsne grunna metallutmatting.
Du kan framleis by på denne turen, og få ein tur i Premium Class til USA med i prisen – sjå korleis her!
Denne artikkelen vart først skriven av Peter Krogh Frausing på vår systerside, Insideflyer.dk.
Legg igjen en kommentar