Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Norwegian har eksklusivt informert InsideFlyer om at dei neste veke vil lansere det etterlengta Reward Family. Norwegian vert difor det første av dei nordiske flyselskapa som kan tilby ein familiekonto. Les detaljane her og sjå korleis det kjem til å bli.
I neste veke vil du kunne starte samling av CashPoints frå heile din familie inn på ein familiekonto. Dette betyr at alle Norwegian Rewards CashPoints, som du og din familie opptenar via flybillettar eller kjøp via Bank Norwegian sitt VISA-kort, vil kunne samlast på denne kontoen. Dette kan bli mange i løpet av eit år og moglegheitene for gratis reise er store!
Korleis ser det ut?
Fordi sidene ikkje er heilt ferdige kan vi ikkje vise alle sidene i detalj, men du kan starte familiekontoen via din eigen profil.
Du startar ein familiekonto og kan invitere opp til 7 andre Reward-medlemmar til å bli ein del av familiekontoen.
Dei treng ikkje å vere medlem av Norwegian Reward programmet før du inviterar dei, då dette kan gjerast i forbindelse med invitasjonsprosessen.
Når det første medlemmet har akseptert invitasjonen vil du automatisk sjå din familiekonto og du vil saman starte opptening av CashPoints.
Det vil også gjelde oppteninga for det du kjøper via Norwegian sitt kredittkort. Dette anbefalar vi at du nyttar, då ein familie med 2 vaksne og 2 born ganske enkelt vil kunne opptene nok CashPoints til ei gratis flyreise i året for heile familien med Norwegian.
Dette er eit av dei store argumenta for å starte ein familiekonto. Det gjeld å opptene so mykje CashPoints som mogleg, som deretter kan omsettast til flybillettar. Det er difor ein fordel om du får samla 7 personar og får alle saman til å samle opp CashPoints.
Vi vil kome tilbake med forskjellege rekneeksempel, mellom anna kor enkelt du kan opptene ei reise til USA.
Det vil framleis kunne kome endringar på designet, då ikkje alt er klart heilt endå. Vi har fått bileta frå Norwegian Reward for å kunne vise deg dette før lanseringa.
Korleis verkar det?
Som vi skreiv tidlegare verkar dette ved at du opptener CashPoints på same måte som i dag, enten på flybillettar, kjøp via Norwegian sitt VISA-kort eller via ein av dei mange partnerane som også gjev CashPoints. Du opptenar CashPoints når du:
- Kjøper flybillettar med Norwegian på alle deira flygingar.
- Ved å bu på hotell (booka via Hotels.com)
- På leigebil
- På tilbod frå Norwegian sine mange partnarar.
Oppteninga av CashPoints er følgjande (nokre eksempel):
- Du opptenar minimum 2% på LowFare-billettar og heilt opp til 20% på Flex-billettar.
- Du opptenar 5% på alle hotellovernattingar.
- Ved å betale med Norwegian sitt VISA-kort opptenar du 1% på alle kjøp og 5% på kjøp av LowFare-flybillettar.
Les meir om Norwegian Reward her.
Du kan førebu deg allereie no
Du kan starte førebuingane allereie no ved å leggje til opp til sju personar på kontoen din. Dette vil då i framtida bli familiekontoen, der alle poenga vert samla.
Det vil også vere på den kontoen du kan velje kven som har tilgong til å nytte dei opptente poenga. Med det meinast at ein kan velje at berre eigaren av familiekontoen kan nytte dei opptente poenga, eller at alle eller nokon av dei andre medlemmane også kan nytte poenga på kontoen.
Alle medlemmane av kontoen kan sjå deira eigen aktivitet og poenga som er opptente. Dette er ikkje noko andre kan sjå.
Du må vere merksam på at dersom du melder deg inn i ein slik konto vert du låst til å vere medlem i minst tre månader. På desse tre månadane vil alle CashPoints gå rett inn på familiekontoen og du vil ikkje kunne melde deg ut på denne tida.
For å førebu deg skal du gjere følgjande:
- Gå inn på din Norwegian Reward-profil
- Nederst kan du leggje til andre medlemmar og deira Reward-nummer.
Når dette er gjort er det første trinnet utførd, og du er klar til at sjølve familiekontoen vert lansert neste veke. Fordelen er også at når du gjennomførar ein booking so vil alle detaljane vere klare, og du slepp å taste dei inn på nytt.
Vi kjem tilbake med meir informasjon når det er lansert.
Denne artikkelen vart først publisert av Henrik Olsen på vår systerside, Insideflyer.dk
Legg igjen en kommentar