Nytt europeisk flyselskap startar flygingar til Asia

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Air Belgium har akkurat starta billettsalet for si første flyrute mellom Brussel og Hong Kong.

Flygingane vil gå med ein Airbus A340 i ein tradisjonell tre-klasse konfigurasjon med business-, premium økonomi- og økonomiklasse. Det vil vere plass til 257 passasjerar. Dei vil starte den 30. april med fire vekentlege rotasjonar. Flygingane vil gå frå Brussels Charleroi som ligg 46 km sør for byen. Du kan fly frå Brussel søndag, måndag, ondag og torsdag kl 14.30 med ankomst Hong Kong neste dag kl 07.40. Returen går måndag, tysdag, torsdag og fredag kl 11.40 med ankomst på Brussels Charleroi kl 18.25.

På www.airbelgium.com kan du no booke billettar frå Brussel til Hong Kong. Prisane for ein retur i mai startar på 448 EUR i økonomi, 998 EUR i Premium Economy og 1798 EUR i businessklasse.

I businessklasse har halvparten av radene 1-2-1-konfigurasjon og den andre halvparten 2-2-2, alle er lie flat-seter som har ei lengde på 2 meter. I Premium Economy er konfigurasjonen 2-3-2 med ein seteavstand på 36″, setet kan justerast 18 grader bakover. I økonomiklasse er konfigurasjonen 2-4-2 og seteavstanden på 31″ med moglegheit for å justere setet med 9 grader. I alle klasser er det tilgang på underhandlingssystem med ikkje internett. I businessklasse er det også straumuttak.

Det nye belgiske flyselskapet vil operera direkteflygingar mellom Belgia og Asia. Air Belgium har ein startkapital på 20 millionar Euro, fordelt på belgiske og europeiske majoritetseigarar og asiatiske minoritetseigarar. Hovudkvarteret ligg i Mont-Saint-Guibert i Belgia.

Grunnlagd i 1979

Air Belgium vart opphavleg starta i 1979 som eit charterselskap som flaug fram til oktober 2000.

Sommaren 2017 vart selskapet gjenoppliva, intensjonen var å forbinde Belgia med asiatiske destinasjonar som Hong Kong, Beijing og Shanghai. Den første flyginga til Hong Kong var planlagd til oktober 2017, men vart forsinka grunna ein manglande Air Operator’s Certificate (AOC), som er nødvendig for å operere passasjerflygingar.

Den første kommersielle flyginga fann stad allereie 29 mars i år der ein flaug Surinam Airways PY993 frå Amsterdam til Paramaribo med ein av Air Belgium sine to A340.

I likheit med ei rekke andre lågprisselskap har Air Belgium vald å fly frå Charleoi i staden for Brussels Airport på grunn av lågare flyplassavgifter.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Per Danielsen for vår systerside InsideFlyer.dk.

Kjelde: Wikipedia Foto: Air Belgium

Kunne du tenkt deg å teste Air Belgium? Ta gjerne diskusjonen på vårt forum!

Kommentar

  1. Oyv sier

    To feil i artikkelen:
    Setekonfigurasjonen i business er ikke 2-2-2 mer enn på halvparten av radene. De andre er 1-2-1.
    Hovedstaden i Surinam heter Paramaribo, ikke Paramibo. Geografien bør stemme på en seriøs side for reiseglade 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *