O, hellige Julemarkedstid!

Julemarekdstid

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

 Me har tippa november, og ute er det vått og kaldt, og nokre plassar kvitt. I butikken har det allerede ei stund vore julekaker, julebrus og julepynten begynner å titte fram. Nett no har Vinmonopolet lansert juleøl som ein for fyrste gong kan betale med American Express!

Alt tyder på at me nærmar oss den mørkaste tida på året, og kva er vel då meir fornuftig en å ta ein flytur(eller for all del bruke andre framkomstmidler om det passar for deg) for å få fram litt julestemning, saman med Glüewein, marsipan, medister og blinkande lys. Det er julemarkedstid!

I Nurnberg oppsto julemarkedet allerede i 1610, og sjølv om det er i ein ganske annan form no, så merker ein at julestemninga er til å ta og føle på. Og over heile Tyskland, og reisten av verda ser det ut til, så sprett det i desse tider opp julemarknadar som opnar opp etterkvart som november modnast. Vår lille familie har som tradisjon å vitja ein del av desse marknadane, og dette har blitt ein viktig del av julekosen. Eg klarer ikkje å presse alle marknadane inn i ein post, og kjem framover til å presente ein del av mine og andre frå IF sine favorittar, samt mine draumemarknadar. Det kjem også til å avslutningsvis komme ein rapport frå nokre litt meir eksotiske julemarknadar down under!

 

Men fyrst: Ei oversikt over viktige julemarknadar og denne lista vil bli fylt på etterkvart som eg får tips og finn dei sjølv!

 

  • Brussel: 30 november til 6 januar
  • Budapest: 27 november til 2. janauar
  • Chicago:  Christkindlmarket, 16 november – 24 desember
  • Gøteborg: Jul i Liseberg, 16 november-30desember
  • København: jul i tivoli: 17 november til 31 desember
  • Køln: 26 november til 23 desember
  • London: Winter wonderland 22 november til 6 januar
  • Moskva: 18 desember til 14 januar
  • New York: 15 november – 24 desember
  • Nurnberg: 30 november til 24 desember
  • Oslo: Spikersuppa, 17 november til 30 desember
  • Praha: 1. desember til 6 januar
  • Stockholm: Gamla Stan: 24 november til 23 desember
  • Tallin: 24 november til 6 januar
  • Wien: 17 november til 24 desember
  • Zagreb: 1 desember  til 6 januar

Bilete er pressebilete frå Praha, Tivoli i københavn og Winterwonderland

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *