Qatar Airways med ny reklamefilm om «grenser»

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Qatar Airways har den seinare tid vore råka av flyforbod over forskjellege land i Midtausten grunna ei politisk konflikt. No har dei laga ein reklamefilm som avspeglar deira frustrasjon rundt grenser i luftrommet.

Det populære flyselskapet Qatar Airways opplever massive utfordringar rundt å avvikle flygingane sine om dagen. Eit flyforbod over fleire av nabolanda gjer at selskapet må fly lange omvegar – det kostar dyrt både i tid og pengar.

I ein ny reklamefilm viser selskapet frustrasjon over grenser i lufta, og framhevar at ein bør ha fridom til å bevege seg som ein vil i luft. Dei gjev også utrykk for at dei meiner passasjerane vert haldne som «gissel» i denne situasjonen.

Sjå den 1 minutt lange filmen her:

InsideFlyer har tidlegare skrive om Qatar Airways sine utfordringar med flyforbodet, og vi har forklart korleis dette kan påverke deg som passasjer. Du kan lese denne artikkelen her.

Denne artikkelen vart først skriven av Peter Krogh Frausing for vår systerside, InsideFlyer.dk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *